Viser innlegg med etiketten hund. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hund. Vis alle innlegg

søndag 1. februar 2026

Gjengen samla



Førre helg passa eg "barnebarnet" Albert, og gjengen fekk herje på heile helga. Det var nydeleg vintervêr, og laurdag fekk vi gå tur i strålande sol.

mandag 25. august 2025

Søndagsbesøk


 Laurdag ettermiddag sende Veslejenta melding og lurte på om det var slik at dei skulle få kome på søndagsmiddag hos meg. Det hadde eg ikkje handla inn til, så då inviterte ho meg på søndagsmiddag i staden. Ho og kjærasten har leigd eit heilt hus, og dei har hatt ein enorm jobb med å male og flytte inn. Resultatet er veldig bra, og utsikta fantastisk! Middagen var "Marry me Chicken", som er ein rett eg berre har sett oppskrifta til før, men som var fantastisk smakfull og god! No har eg invitert dei m.fl. på søndagsmiddag hos meg komande søndag, så får vi sjå om eg kjem på noko godt eg kan lage. Dette var ein kjekk, ny tradisjon!

fredag 22. august 2025

Turmål i Syvde

 


Gode, gamle Charlie Hund har hatt problem med halting heile sommaren, og han har derfor ikkje gått så lange turar. Etter ei veke utan antydning til halting, tenkte eg at han skulle få gå ein litt lengre tur, så vi pakka med oss hundane i ein lånt elbil, klare for ein lang biltur med ein liten spasertur som del av opplevinga. Då vi kom til Eid, fekk vi problem med å lade batteriet, som ikkje var så fullt som det burde vere. Det enda derfor med at vi tok ein kortare biltur over til Åheim og vidare til Syvde, der vi gjekk ein tur rundt eit vatn i Røfsdalen, der det fanst eit Stikk-ut-mål som heiter Nyestøylen. Turen var knapt fire kilometer lang, så det var ikkje så gale for Charlie, som var overlukkeleg og ikkje fekk nokon problem etterpå. Tvert imot hadde han det heilt hivens, spesielt då vi møtte ei jente som var over middels begeistra for hundar. 

lørdag 19. juli 2025

Brundalen revisited


Eldstejenta kom og var her nokre dagar, og sidan det var nydeleg vêr gjekk vi oss ein tur i Brundalen. Der bada jentene med dei to unghundane, for Charlie fekk vere att heime. Eg vassa ein del, og vatnet var veldig lunka. Brundalen og setrevatnet der var barndomen deira sitt paradis, og det er noko heilt spesielt med staden. 

lørdag 22. mars 2025

Lisjedalen 22. mars

I dag kom våren attende, med tosifra temperatur og sol frå blå himmel. Eg bestemte meg for å gjere trimmen kortreist, og gjekk heimanfrå til Lisjedalen og innover skogsvegen langs vatnet. Det vart noko oppoverbakke, og det er som kjent då det går oppover - også med forma. Eg møtte fleire kjende på turen, blant andre ein tidlegare kollega eg ikkje hadde sett på 25 år, trur eg. Note to self: sjølv om du berre skal gå ein tur i nærmiljøet, kan det vere greitt å sjå ok ut, i tilfelle ein treff på folk ein sjeldan møter. 



fredag 21. mars 2025

14. mars: tur til Bremanger

Eg har ikkje så mange fri-fredagar, men denne gongen klaffa det med at Bladfyken også hadde fri, og vêret var fint. Sidan Veslejenta skriv master, enda det med at Bladfyken og eg for på tur saman med små-hundane, medan Charlie og Veslejenta vart att heime. Vi køyrde til Måløy og tok ferja til Oldeide, og derifrå køyrde vi til Grotlesanden. Der var utruleg fint, og eg kan godt tenkje meg å reise attende dit. Ved den gamle kyrkjegarden på Grotle kom vi i snakk med ein lokal bonde, og han kunne fortelje oss mykje om turmoglegheiter i nærleiken, om krigen og om orkanen Dagmar. Det vart ei bonuoppleving. Etter kvart køyrde vi til Kalvåg, der eg ikkje hadde vore før. Ingen kaféar var opne, dessverre, så også dit vil eg gjerne attende i sesongen. Det er mykje dårlege vegar på Bremangerlandet, så vi enda med å ta ferja til Måløy på heimvegen òg, sjølv om vi eigentleg skulle køyre til Isane. Frå Måløy er det autostrada inn til Eid, og då er det kjekkare å slappe av og prate. På Eid stoppa vi og handla med oss pizza heim til studenten.













mandag 20. januar 2025

Vår i januar




Laurdag 18. januar var ein nydeleg, mild dag (om lag 10 grader). Vi bestemte oss for å gå ein lengre tur, og derfor enda vi opp med å køyre opp til skisenteret i Volda (Reset) og parkere bilen. Dette er det eine endepunktet for vegen over fonnvernet, den såkalla "Panoramavegen". Det var nesten flatt å gå veldig lenge, men plutseleg kom vi til nokre bratte nedoverbakkar. Då fekk vi den same idéen samstundes, at vi hadde ein bil til nede i Volda sentrum. Vi gjekk dermed heile Panoramavegen, som verkeleg har ei nydeleg utsikt over Volda og fjella rundt, og så gjekk vi gjennom byggefelta ned til sentrum. Det går mange stikkvegar frå Panoramavegen til ulike bustadområde, og det var mange som gjekk der denne dagen. Det var fin sol innimellom, men ein del skyer òg. 

Etter turen skulle vi handle litt, og vi var svært stolte av å ha vore så spreke (vi gjekk i nesten tre timar). Vi var dessutan svoltne, og brått hadde vi hamna på Burger King, der dei serverte påfyll av kaloriar.

søndag 12. januar 2025

Søndagstur på Bjørkedalen etter første veke på jobb i 2025


Første jobbveke etter jul var passeleg travel når det gjaldt jobb, og det var ingen politiske møte eller andre aktivitetar i fristida, bortsett frå at vi jobba inn ein planleggingsdag ved å jobbe til 18.30 på måndagen. Pangstart, med andre ord. Det store stresset vart at bilen fuska veldig med å starte, og torsdag og fredag måtte Veslejenta køyre meg til ferjekaia om morgonen og hente meg der om ettermiddagen. På hi sida vart det delvis skyss, og delvis gjekk eg til og frå kaia. Fredag etter jobb køyrde vi til Eid for å kjøpe startkablar og diverse, og laurdag morgon starta bilen min straks, så vi tok den med på tur til Eid for å handle mat, hundemat o.l. Også i dag, søndag, starta bilen, og no håpar eg at den startar i morgon, slik at eg får tatt den med til verkstaden i Volda. Anten er det noko gale, eller så treng eg ein motorvarmar. 

Laurdag kveld hadde ei nabovenninne kalla inn ein gjeng til lystig lag med mat og drikke, og det var veldig hyggeleg! Det blir mykje jobb og familieliv på oss alle, og ein møtest altfor sjeldan til sosiale samkome. Vinklubben er eit unntak, men det er no kjekt at karane òg kan vere med av og til.

Veslejenta og eg gjekk ein lang tur på Bjørkedalen i dag, og det var nydeleg med 0 grader og vintervêr. Meldingane handlar om mildvêr, storm og regn, så det var berre å nyte medan vi kunne. 

Vel heime laga eg brennsnut der eg putta oppi ein kveil julemôr og pinnekjøtrestar. Veslejenta rydda ut resten av julepynten medan eg laga mat, så no er vi attende til kvardagen interiørmessig òg. 

søndag 5. januar 2025

Godt nytt år!


Det viktigaste ønsket mitt for det nye året er sjølvsagt at det må bli fred på jorda. Det seier seg sjølv. Elles håpar eg sjølvsagt at folk slepp å vere sjuke og triste, sjølv om eg innser at det ofte er ein del av livet. 

For min eigen del håpar eg på eit meir aktivt år reint fysisk, for det har blitt mykje stillesitjing både på jobb, i politikken og hobbymessig. Påfunnet mitt om å lage ein motivasjonskonto der eg set inn tilsvarande spart ferjebillett dersom eg ollke tek med bilen over fjorden, skal vidareførast så snart det ikkje er glatt på vegane. Eg er ikkje glad i vinter med det den inneber av holke, kulde, isskraping og snømoking, så eg håpar det ikkje blir for gale med denslags. Samstundes er dette små problem i ein større samanheng, og eg lever eit godt liv og er nøgd med det. Kvardagen kjem sigande på, og det er greitt etter ein lang ferie med mykje rangling og god mat. Det har vore fint å ha flokken samla, men også deilig å roe ned aleine. 

torsdag 10. oktober 2024

Folkestadsetra

 Rundt vatnet på Folkestadsetra går det veg og turveg, dermed kan ein gå tørrskodd når regnet bøttar ned. Med tre vaksne born heime blir det mykje mat, prat og sofaliv, derfor vart det nødvendig å gå ein tur òg. "Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårleg selskap".



søndag 8. september 2024

Kornbergveten 577 moh






Laurdag 7. september var òg ein nydeleg dag, og Veslejenta og eg tok med oss alle tre hundane på ein lengre tur. Kornbergveten er ikkje eit høgt fjell, men turen er ei mil lang (tur+retur). Den er ikkje spesielt bratt, men med den traséen vi vel, er det nesten ikkje skog og veldig fin utsikt det meste av tida. Vi møtte både folk og dyr, spesielt ved "Galten" på veg opp. Det var vindstille og varmt med strålande sol, så vi hadde for lite vatn med oss, men vi fann heldigvis nokre søyler med vatn til hundane undervegs. Det var litt disig luft, ikkje så klår luft som det plar vere om hausten, men det er vakkert å sjå fjordane møtast og dei vakre fjella i syningom. Turen tek eit par timar kvar veg.

Tur til Runde, Kvalsvik og Fosnavåg

 Fredag 6. september var min første fri-fredag i haust, og vêret var strålande. Veslejenta hadde også fri, og ho hadde sete heime med pensumlesing det meste av veka, så utferdstrongen var stor. Vi reiste derfor til Ørsta og henta mor/mormor, og så køyrde vi til ytre strok. Planen min var å køyre til Nerlandsøy, men på grunn av manglande kartlesing enda vi først på Runde. Der var varmt og fint, men havskodda var ufatteleg tjukk somme stader. Dette gav øya eit trolsk preg. Vi tok oss ein bruspause på kaféen på miljøsenteret, og så hadde vi ein litt spennande tur over brua på veg innover. Deretter køyrde vi til Nerlandsøya, der det er mange fine turar ein kan gå og mykje å sjå. Eg ville sjå storbåra bryte mot land, men det var så vindstille og fint at det vart dårleg med denslags. Eg gjekk ut til fyret på Golleneset, men dei hine stogga då stien vart vanskeleg å gå på.









Svoltne (og våte på beina) reiste vi deretter til Fosnavåg og åt middag på kinarestauranten der. Mamma vart dårleg etterpå og frykta matforgifting, men vi åt alle det same og berre ho vart dårleg.

Så kom sommaren - i september

Etter ein mildt sagt regnfull august, vakna vi 1. september opp til ein nydeleg sommardag. Dette var konfirmasjonssøndag i bygda, så det passa svært godt. Sjølv hadde eg diverse som skulle gjerast både ute og inne, men hundane fekk seg ein tur i Mjeltvika. Slike dagar er balsam for sjela!


søndag 4. august 2024

Bjørnasethornet (739 moh)










Då Veslejenta fekk ein fridag, tok vi med oss hundane og gjekk på fjelltur i nærområdet. Det var ei stund sidan sist eg var på Bjørnasethornet, og stien var langt tydelegare enn eg hugsar frå tidlegare. Både folk og fyr storkosa seg på toppen, der utsikta er fantastisk utover Voldsfjorden.

søndag 21. juli 2024

Svartedalsvatnet

Laurdagen kom med nydeleg sol og varme, og det vart svært varmt i hagen. Etter ein krevjande handlerunde på Eid vart det derfor til at vi gjekk oss ein tur frå Postvegen (den mellom Bjørkedalen og Harpefossen) opp til Svartevatnet. Vi hadde vore der før, og denne gongen tok vi med eingongsgrill og mat, for det passa med middagstid akkurat då. Turen er verken lang eller vanskeleg, men med varme og sekk vart det ein trimtur like fullt. Vi kom ikkje heim før etter solnedgang, og då var det svalt og fint å sitje på terassen.