lørdag 31. desember 2011

Nyttårsaftan 2011

Dei tre yngste og eg gjekk ein lang tur med hundane i skogsvegen medan det var dagslys. Eit tynt lag nysnø gjorde verda mykje lysare enn den har vore siste dagane, og hundane set stor pris på litt snø å rulle seg i.

Barnefaren tok seg av det meste av matlaginga, det vil seie alt utanom sausen. På menyen stod kalkun med fløtegratinerte poteter, sopp, rosenkål, blomkål, brokkoli, druer, tyttebærsylte og min sjølvkomponerte (og gode) saus, som mellom anna inneheldt balsamicoeddik og karamellsaus.

Etter middag har dei to yngste gjort seg klare til å gå nyttårsbukk.

Eg vil med dette ønskje alle blogglesarar ei triveleg nyttårsfeiring!

fredag 30. desember 2011

Bok 90 2011: "Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede" av Jan Wiese

Årets siste fullførte leseprosjekt var denne vesle boka av Jan Wiese. Den kom først ut i 1990, og etter mi meining har den noko typisk 90-tals over seg. Fleire historier vert fletta saman, mykje fordi ein i rammeforteljinga møter ein bibliotekar som les gamle skrifter frå Vatikanet, og fordi desse skriftene vert vevde inn i kvarandre. Det er til dels svært gripande historier, og dei minner meg både om asiatisk og latin-amerikansk litteratur eg har lese tidlegare.

Eg likte boka godt, men vart freista til å lese den ein gong til. Det plar vere eit kvalitetsteikn, men det kan òg bety at eg trur eg har gått glipp av noko undervegs.

6. juledag: feriekjensle







I dag rusla ungane og eg ein tur og såg på fleire spor etter orkanen Dagmar. Ho har verkeleg feia med seg mykje og sørga for utsikt mot havet der det før var tett granskog.

Resten av dagen har vi sløsa med vatn og straum etter beste evne - ungane har kosa seg med data og PS medan Gamla har lese bok. Det var slik store delar av romjula skulle bli, men no fekk vi i alle fall EIN roleg dag. Ikkje alle har vore så heldige.

Bok 89 2011: "Alene mot ondskapen" av Jack Cavanaugh

Eg lånte ein trilogi på biblioteket før jul - mest fordi eg såg hakekorset på omslaget. Ei skumlesing av vaskelappen sa meg at det heile handla om tysk motstand mot nazismen, og det høyrdest interessant ut.

Opplesaren brukte ei æve på å fortelje om boka og forlaget, mykje fordi han las ufatteleg sakte. At lydbokforlaget "KABB" stod for "Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte" gjorde meg etter kvart rimeleg skeptisk. Opplesaren las ikkje berre sakte, men med ein pussig setningsmelodi som verka forstyrrande på lesinga.

Ein ven seg til det meste, og etter ei stund irriterte eg meg mindre og konsentrerte meg meir om sjølve boka. Det er ei spennande, litt sentimental historie om ein prest som vil arbeide mot grusomheitene til nazistane, og som dermed set sitt eige og andre sine liv i stor fare.

Boka har noko stereotypiske karakterar og klisjéfylt handling, men det er ikkje så gale som eg først frykta. Kristen litteratur er ikkje ein sjanger eg kjenner til anna enn frå barndomen, og eg har truleg fleire fordomar enn naudsynt.

torsdag 29. desember 2011

5. juledag: mykje lys, noko varme - og meir oppvask




Dei to små og eg gjekk ein runde på garden og fotograferte før vi tok med oss hundane i skogsvegen. Der var ein del knekte tre, men ikkje så ille som mange andre stader.

Vi fekk endeleg gladmeldinga om at straumen var komen att i heimen vår, og vi reiste heim med godt mot. Varmepumpa hadde slått seg av fordi ein sikring var gåen, men ein panelomn i stova varma litt. Vaskemaskina og komfyren kom fort i bruk, men så viste det seg at også i dette huset var oppvaskmaskina gåen. Og her var lite varmevat, så eg måtte til å koke vatn både til vask og skylling. Oppvaskmaskina hadde vore under oppfylling i ei veke, så det vart ein del å vaske. Så heldt eg varmen på hendene medan huset vart gradvis varmare.

Eg sette meg til med facebook og denslags etter oppvasken, men brått vart datamaskina mørklagd. No sit eg her og skriv på maskina til ungane, og så håpar eg på å få fiksa minst ei av maskinene i morgon. Eg trur eg heller vil vaske opp for hand enn å vere utan dataen min, men det er neppe opp til meg å velje.

4. juledag: Klimaflyktningar på turné

Då vi vakna i Volda, kjende eg at eg ikkje var heilt klar for å reise heim til eit mørkt og kaldt hus. Vi fekk frukost og dusja dessutan etter tur før vi tok oss ein tur til Ørsta, der vi fekk middag. Då eg kjørte Eldstejenta heim ut på sein ettermiddag, fekk eg telefon om at straumen no var komen att, deretter kom ei ny melding om at dei fleste på hi sida hadde fått att straumen, men ikkje vi. Då var vi allereie på veg over fjorden.

Barnefaren hadde fått att straumen, så vi for dit. Der var tv-signal og telefon-samband, men ikkje internett. Oppvaskmaskina hadde dessutan takka for seg, så då fekk eg gjort noko nytte for meg i tillegg til å stormfyre i begge omnane.

3. juledag: Broadline på Rokken

Nok ein mørklagd morgon, og temperaturen på stova var no nede i 7 grader!

Vi pakka det mest nødvendige og rømde til Volda, der besteforeldra skulle passe dei tre yngste medan Barnefaren, eg og Eldstejenta var på Rokken.

Broadline var det første bandet Barnefaren spelte i, tidleg på 80-talet, og denne kvelden var det duka for deira tredje store reunionskonsert. Billettane har vore utselde lenge, så dette er populært - spesielt blant oss som hugsar 80-talet.

Det vart ein kjekk kveld, og mange blant artistar og i publikum hadde stort behov for å tenkje på noko anna ein kveld, i staden for å gremme seg over mangel på både det eine og det andre.

2. juledag: familietreff i Ørsta

Det er ein tradisjon i familien å samlast hos besteforeldra i Ørsta 2. juledag. Vi vakna i eit mørkt og kaldt hus, og skunda oss av garde til hybelen til Eldstejenta, der vi dusja og kledde oss før turen gjekk vidare.

I Ørsta hadde vi ein triveleg dag saman med slekta, og det store samtaleemnet var sjølvsagt vêret. Då vi kjende det begynte å blåse opp att, vart vi noko rastlause og reiste heim. Der var straumen framleis borte, og det var 10 grader i stova. Vedomnen på loftstova virkar fint, så vi la oss der alle saman, i seng, på sofaer og madrassar på golvet. Temperaturen kom på kokepunktet, og vi fall i koma og sov godt alle saman.

1. juledag: stormen Dagmar

Sidan det var meldt storm om kvelden, gjekk vi oss ein lang tur med hundane i skogsvegen medan det var nokolunde lyst. Til middag hadde vi restar frå julaftan, slik vi plar. Ungane og eg sanka saman tinga våre og sette av garde heimover, og vi kom akkurat i hus tidsnok til å få oppleve at straumen gjekk. Med elektrisk vasspumpe forsvann også alt vatn, både varmt og kaldt.


Ungane tok det heile sporty og kosa seg med lego (Minstemann) og spel. Vi fekk testa ut nokre brettspel, lese nokre julehefte og hatt allsang med kassegitar innan det var på tide å legge seg. Stormen herja fælt ute, og det var bekmørkt, så vi fann ut at det beste var om dei to eldste låg i senga mi medan dei to små låg på flatseng i stova der Gamla heldt stearinlysvakt i godstolen. Det vart ikkje mykje søvn, men heller ikkje mange øydeleggingar her hos oss. Pipehatten fauk av og landa like ved bilen, men traff den ikkje. Då vi neste dag såg korleis det såg ut andre stader i nærmiljøet, skjøna vi at vi var heldige, trass alt.

søndag 25. desember 2011

Årets julefilm

Julaftan 2011

Vi har feira ei tradisjonell jul med julefrokost, gudsteneste, pinnekjøt, nisse og pakkar. Alt har vore vellukka og utan stress, og vi har i år vore ekstra glade for å vere samla rundt bordet alle saman. Ikkje alle er like heldige, anten dei har familie som må arbeide, har valt å feire jul ein annan stad eller har falle frå.
På frokostbordet hadde vi mellom anna varm sjokolade med marshmallows, spekemat, røykelaks, eggerøre, syltaflesk, tomatsild og sursild.






fredag 23. desember 2011

23. desember: vesle julaftan


I familien vår har vi tradisjon for å ete graut med mandel til middag vesle julaftan. Deretter pyntar vi juletreet - i år var det ikkje eit tre henta frå eigen skog, men ei edelgran kjøpt i butikk. Ungane måtte bort for å knipe på det og forsikre seg om at det ikkje var laga av plast.

Eldstejenta fekk mandelen i år, og premien var ein stor mjølkesjokolade som ho måtte dele med oss andre. Straffa var å måtte ete mandelen...


God jul til alle blogglesarar der ute!

Bok 88 2011: "Vann til elefantene" av Sara Gruen

Dette er ein artig roman, fylt av romantikk og spenning. Ein mann på 90 eller 93 (han er ikkje heilt sikker) ser attende på ein periode i livet då han som ung veterinærstudent vert med eit omreisande sirkus. Vi får eit innblikk i denne eksotiske verda, der intrigar og dramatikk står sentralt. Forfattaren har lese seg opp på historia til togsirkusa i USA på 1920- og 30-talet, og mykje av dramatikken i romanen er basert på verkelege hendingar. Boka er underhaldande lesing, og eg ser no fram til å få sjå filmatiseringa.

22.desember: siste innspurt

I dag hadde eg eit par julegåver att som skulle kjøpast. Dessutan skulle eg handle litt mat og diverse, sjå litt i interiørbutikkar og andre koselege ærend. Det enda som vanleg opp med at eg fekk meg middag, denne gongen i Starevegen.

I dag er det 18 år sidan vi flytta inn i nytt hus i Ulsteinvik med Eldstejenta som 9 mnd gamal baby. Det er litt rart og vemodig, for mykje har skjedd sidan den gong både av godt og gale. Uansett er eg glad for at eg ikkje har stresset med å flytte akkurat no, for desse bonusdagane før jul er nødvendige for å roe ned til høgtida.

I morgon begynner det tradisjonelle juleopplegget i familien, og vi kan senke skuldrane når det gjeld aktivitetar og innkjøp.

torsdag 22. desember 2011

21. desember: øy(s)hopping

Første juleferiedag, og eg tok turen under sjøen til Ulsteinvik for å handle hemmelege greier til store og små. Sidan eg var på øya, vart det ein tur til Hareid for å sjekke ut julebaksten og bytte presangar. Personleg blir eg meir sliten av nokre timar på shopping enn av til dømes ein fjelltur, og eg vart nesten skuffa då eg såg at skritt-teljaren hadde stoppa på 6500...

tirsdag 20. desember 2011

20. desember: siste skuledag før jul


Elevar og lærarar møtte til første time i dag - mange av russane framleis iført juleballantrekk (for å få eitt eller anna i luene i mai). Første timen var vi samla klassevis på våre respektive klasserom, deretter tok vi turen ned i gymhallen, der rektor talte og vi gjekk rundt eit mikroskopisk juletre. Vidare gjekk turen i kyrkja, der det var julegudsteneste og songinnslag ved musikklinja. Eg kjørte nokre frostige russejenter heim for å sove, deretter for eg på jobb att, for å feire juleferien saman med kollegaer.

Som om ikkje dette var nok, gjekk eg på café saman med nokre kollegaer etter arbeidstid.

Vel heime har eg gått ein lang tur på glatta, og no kosar eg meg med diverse inneaktivitetar som kan kombinerast med å lytte til lydbok.

Ei varm helsing til alle som får velfortent ferie no!

mandag 19. desember 2011

Bok 87 2011: "Den glemte hagen" av Kate Morton

Det har teke si tid å høyre gjennom alle dei 17 cd-ane, men lesinga har vore ei rein fryd. Vi fyl tre parallelle historier frå fortid og notid, og det heile utviklar seg til litt av eit drama. Eg vil ikkje røpe noko av handlinga, men berre anbefale boka på det sterkaste for dei som likar mysterium. Eg likte godt "Tilbake til Riverton" av same forfattar, men lurer på om eg ikkje likar denne litt betre. Den minner om både "Den løyndomsfulle hagen" og "Lille lord Fountleroy", men historia er sjølvsagt tilpassa vaksne og stilen ein smule meir realistisk.

19. desember: Vardefest

Så gjekk årets juleball av stabelen, og i år var Eldstejenta russ med ballkjole og tøfler. Ho deltok dessutan i programmet saman med andre danseglade russejenter (dei får noko i russelua for å delta i programmet) og vart kåra til "Årets danseløve". Gamla måtte ein snartur på dansegolvet ho òg, for å sikre noko anna i lua til dottera.

søndag 18. desember 2011

18. desember: Let it snow...



Fjerde søndag i advent vart nok ein roleg heimedag med tur ut på slapsete vegar og tradisjonell familiemiddag. Vi har tent det fjerde lyset og roa ned før den siste innspurten til jul.

lørdag 17. desember 2011

17. desember: Winter Wonderland


Etter ein lang og sein frokost tok eg med dei tre yngste og hundane på ein tur i skogsvegen. Det var berre vanleg overskya då vi begynte å gå, men medan vi var i skogen begynte det å snø ganske kraftig. Å vere i granskog medan det snør kan gi fin julestemning, men snøen var så våt at vi vart meir opptekne av å kome oss heim og tørke enn av å kose oss med julestemning. Noko tid vart det uansett til gøyme-og-leite med hundane i "Trollskogen" og ein aldri så liten snøballkrig.

Resten av ettermiddagen har vi brukt til hus- og klesvask, rydding og anna husarbeid. Eg har heldigvis nokre feriedagar før julaftan, så det er ikkje så mykje stress med julegåveshopping før ut i veka. Vi høyrer julemusikk og tek livet ganske roleg - enn så lenge.

fredag 16. desember 2011

16. desember: Snødronninga

Etter ein relativt lang jobbdag, ein roleg cafédate og middag i Ørsta tok eg med jentene på ballettframsyninga "Snødronninga" på Ørsta kulturhus. Litt uvant å gå på ei danseframsyning utan å sitje og speide etter ungane sine, men absolutt ei flott framsyning med mykje vakker dans, lyssetjing og kostyme. Veslejenta dansar ikkje klassisk i år, men ho vurderer sterkt å begynne på att til hausten. Det støttar eg - det er nydeleg å sjå på, sjølv om jazz er artigare og har meir fengande musikk.

Meir informasjon om framsyninga finn du her

torsdag 15. desember 2011

15. desember: Lommerosk på juleball

Medan småungane og eg har hatt ein roleg kveld i heimen, er Storegut på juleball i Volda. Bandet han spelar/syng i er ein del av underhaldninga på festen, og er spent på å høyre korleis mottakinga har vore. I natt skal han overnatte i leilegheita til Eldstejenta.

Barnefaren møtte opp på lydsjekk - han har eit par band på gang sjølv, og synest det er stas at poden går i hans (og farens) opptrakka spor.

Video her

onsdag 14. desember 2011

14. desember: storhandel med småungane

Minstemann hadde tannlegetime på denne vekas fri-onsdag, og då høvde det godt å få unna litt julehandel saman med dei to yngste. Vanlegvis er eg glad for at ungane mine har vener, men akkurat det med venegåver til jul har eg lett for å gløyme/fortrenge. Vi enda opp med mellom ti og femten gåver, og i kveldinga har Veslejenta pakka inn alt saman. Ho er mykje flinkare enn meg til å pakke inn fint, og ho har full kontroll på kva som skal stå på lappane.

Storegut har kvilt på sine laurbær i kveld, i og med at han skal opptre på juleball i morgon.

Minstemann og eg har berre kvilt. Det er fantastisk å vere ferdig med julerettinga, og eg kan eigentleg seie eg er ferdig med julebaksten òg, i og med at eg ikkje har tenkt å bake ei einaste småkake i år. Vi har handla ferdig klede til jul, og berre nokre få gåver står att. Eg ser fram til nokre rolege dagar i neste veke!

tirsdag 13. desember 2011

13. desember: julefest på Folkestad skule

Ein av dei mange fordelane med å bu i ei lita bygd, er at skulen her er tilsvarande oversiktleg. Dei fleste elevane går på same skulen i ti år, men nokre frå Bjørkedalen går på friskulen der nokre år først. Vi har i fleire år hatt tre ungar på skulen; Eldstejenta gjekk ut av tiande våren før Minstemann begynte i første klasse. Ho ville gjerne kome for å delta på festen og møte gamle kjende, og kanskje aller mest for å sjå søskena opptre.



Festen opna på tradisjonelt vis med at første og andre klasse kom syngande inn i Lucia-tog. Deretter song dei ein song til, om alfabetet. Tredje klasse, der Minstemann går, song saman med fjerde klasse "Stopp, ikkje mobb" og "Himmel på jord". Femte og sjette klasse, der Veslejenta går, song "Forelska i lærer'n". deretter framførte jentene ein eigenkoreografert dans. To jenter frå tiande klasse dansa òg, etterfølgt av diktlesing frå sjuande klasse. Deretter spelte "Lommerosk" to eigenkomponerte songar. Åttande klasse song "Home for Christmas", og niande song "Stjernesludd" med Storegut som solist. Til slutt song og mima tiande klasse til "Johnny be Good" og "I was made for loving you".

Etter programmet vart det buffet med "mat på fat".

Ein triveleg førejulskveld med flinke elevar og lærarar!

mandag 12. desember 2011

12. desember: the nightmare before Christmas is finally over!

I dag hadde eg ein relativt sløv dag på jobb når det gjaldt undervisning, men ein nyttig gjennomgang av oppgåvene i den siste bunken min. Eg begynte på den langtekkelege jobben med å lese gjennom alle svara ein gong til, skrive kommentarar og setje karakterar - noko som eg har fullført no i kveldinga.

Etter jobb brukte vi ein time til å handle inn besteklede til gutane, i tillegg til eit par julegåver.

Mitt største førejulsstress er å rette tentamensbunkar, og når det no er overstått ser eg fram til å kunne bruke dei resterande dagane til andre aktivitetar!

søndag 11. desember 2011

11. desember: tredje søndag i advent

Barnefaren skulle vere vakt på Reset i dag, og dei to små vart med dit. Storegut skulle på fotballtrening, av alle ting, og Eldstejenta tok seg ein shoppingtur til Moa. Sjølv sat eg det meste av dagen og retta tentamenssvar - no har eg ikkje meir enn kommentarskrivinga att, så er eg i mål før jul! Ein tur etter vegane vart det både tid til, og behov for. Det beste med fridagar denne årstida er å få vere litt ute i dagslys.

Då gjengen var på retur frå skibakken, sende dei ei melding om at eg kunne setje på potetene. Eg laga klar middagen, som var ovnssteikt aure/ørret med crème fraîche, mandelpoteter og grønsaker. På potetene hadde vi litt ekstra meierismør - "krisa" i landet gjer at ein får litt ekstra lyst på smør. Til dessert blei det fruktsalat og krem, etter ønske frå Veslejenta.

lørdag 10. desember 2011

10. desember: juleverkstad i Kilsfjord kyrkje




Ein hyggeleg tradisjon i bygda er å samlast til juleverkstad i kyrkja ei laurdag i adventstida. Ungane fekk lage mykje fint, og på kjøkenet vart det baka verdas beste lussekattar til glede for born og foreldre. Ikkje alle i barneflokken min er like ivrige etter å drive på med formingsaktivitetar, men det er ikkje produkta som tel. Reint bortsett frå at eg fekk eit nytt sortiment med kjøleskåpsmagnetar; akkurat det eg ønska meg.

fredag 9. desember 2011

9. desember: meir om bunkar og pakkar, faktisk, og litt om film

På jobb i dag fekk eg delt ut bunke nummer 2 i advent, og eg sit no att med kun EIN tentamensbunke. Elles vart det litt film, litt fredagssong, litt julesong og ein vikartime på tampen.

Av jobbrelaterte juleførebuingar går det mykje i gjenbruk, men i dag viste eg for første gong bonusmateriellet som ligg ved filmen "A Christmas Carol". Det er utruleg interessant å sjå korleis filmen er laga, etter å ha sett den ferdige filmen først. I neste veke skal eg sjå den eit par, tre gonger - litt av eit strev å vere engelsklærar! 

Etter jobb var eg først på den etter kvart så innarbeidde tradisjonen med fredagscafé, og så for Eldstejenta og eg på ein effektiv shoppingrunde med påfølgjande middagsinvitasjon hos foreldra mine. På menyen stod svineribbe, noko som førte til lite mathandel etterpå.