torsdag 30. mai 2019

Konfirmasjon

I dag har vi vore på Eid i konfirmasjon. Det var ei fantastisk underhaldande preike og eit triveleg selskap med mykje god mat og prat. Av omsyn til dei frammøtte skal eg ikkje publisere bilete frå selskapet, men eg foreviga mine tre søte småbarn då vi kom heim. Det er veldig kjekt å halde kontakt med slekt, og ikkje minst set vi pris på å bli inviterte. Det var yngste barnebarnet på onkelen mi si side som var konfirmert i dag - på vår side har vi to yngre på Kongsberg.

onsdag 29. mai 2019

Veslejenta 19 år

I dag er det fødselsdag i heimen, men hovudpersonen har ikkje kome heim enno. Ho har fått seg jobb på butikk, så ho blir nok der ei stund før ho kjem. Eg har planar om å bake ein ny sort kake, men det blir ikkje noko storfeiring i og med at vi skal i konfirmasjon i morgon.

Det har vore tre gode dagar på jobb, der motovasjonen har vore svært varierande blant elevane. Veslejenta held på å øve til songeksamen, og så skal ho ha eksamen i musikkteori allereie på tysdag. Russetida er overstått, og snart ventar nye eventyr og eit år utan skule, prøver og karakterar. Det ser ho fram til, medan mora ser fram til å ha dottera buande heime, etter tre år på hybel.
Rosaruss 2006

Raudruss 2019

Bok 15 2019: "Farmor har kabel-tv" av Tore Renberg

Arve og Jonas er to unge gutar som i 1986 skulle ønske dei hadde tilgang til utanlandske musikk-kanalar med musikkvideoar på. Ein dag møter dei farmora til Arve, og han kjem på at ho nok har kabel-tv i blokkleilegheita si. Dermed begynner dei å besøke henne, noko den einsame gamle dama set pris på.

Dette er ei nydeleg bok, verken meir eller mindre.

tirsdag 28. mai 2019

Bok 14 2019: "Videogutten" av Tore Renberg

I denne boka blir vi kjende med Hillavåggjengen då dei var svært unge, sett utanfrå av dei noko meir vanlege gutane Hasse og Pål. Jan Inge er svært oppteken av valdelege videofilmar, og dei to gutane blir dregne inn i verda hans med fascinasjon og spenning. På eitt eller anna tidspunkt må ein bestemme seg om ein vil ta del i dette miljøet, med alt det inneber.

søndag 26. mai 2019

Bok 13 2019: "Huset på prærien" av Tora Seljebø

Denne vesle boka er ei samling kortprosatekstar som er fragment av ei forteljing, så det er ikkje ei bok ein bør haste sg gjennom, men lese sakte og kanskje fleire gonger for å forstå den. Den namnlause eg-personen lever, ikkje ulikt Laura i det opphavlege "Huset på prærien", noko i skuggen av den eldre systera. Forholdet mellom dei er nært, men dei er òg rivalar. Ein hestetemmar dukkar opp, og eg-personen er oppteken av at han skal foretrekke henne framfor systera.

Eg likte boka, men den er litt for komplisert som underhaldningslektyre etter min smak.

Bok 12 2019: "Størst av alt" av Malin Persson Giolito

Ei ung jente sit på tiltalebenken anklaga for å ha tatt del i ei skuleskyting der både kjærasten og bestevenninna døydde. I romanen får vi følgje rettssaka parallelt med forhistoria til massakren. Eg skal ikkje røpe meir, men kan innrømme at eg likte boka og var veldig gripen av den originale komposisjonen, men så synest eg ikkje at slutten innfridde heilt.

Sjangermessig er ikkje romanen så lett å plassere, då den ikkje heilt passar inn i kategorien krim. Det er like mykje ein oppvekstroman.

lørdag 25. mai 2019

Hageliv

Denne veka har vore ekstremt travel, med jobb og møte og dermed lite fritid til å kvile seg ut i. Buskene som eg kjøpte måndag har dermed blitt ståande ute i påvente av energi.

Fredag ettermiddag/kveld tok eg meg på tak og rydda eit bed som har vore overgrodd av ugras og avblomstra snøklokker, og planen var å plante buskene laurdag.

Laurdag tok Veslejenta og eg oss ein shoppingrunde på Eid, for ho hadde nokre ærend og eg måtte handle mat. På matvarebutikken eg plar handle på har dei utstilt hageblomar utanfor inngangen, og det vart sjølvsagt til at eg handla litt til å setje i krukke og i bed. I tillegg kjøpte eg eit par inneblomar, så det vart lite plass til mat i handlekorga.

Vel heime planta eg i krukka, deretter planta eg dei to buskene og ti tagetes i bedet eg rydda i går. Ein rododendron står klar til å sprette ut, den planta eg i forfjor. Ved sidan av står den eg kjøpte i fjor, som ser meir taslete ut i bladverket, men som har nokre små knoppar. Eg gledar meg over alt som overlever, og eg har stor glede av å styre på utandørs, lytte til ei krimbok på telefonen og la masteroppgåva ligge på vent.
Rododendron planta i forfjor

Dagens hagehandel

Resultatet av dagens planteøkt

tirsdag 21. mai 2019

Bok 11 2019: "Du er så lys" av Tore Renberg

Då Eldstejenta var heime sist, vart vi einige om å skaffe oss "Storytel" på deling. Ho hjalp meg med nedlasting og viste meg korleis det virka, og så deler vi abonnementet. Dette gjer at eg no har eit langt større utval av lydbøker tilgjengeleg, men det kostar altså litt. Det er òg lettvint å laste ned bøker og legge dei offline på telefonen, og då kan eg lytte til bok anten eg er ute, i bilen eller inne.

Den første boka eg har lytta til, er ei bok av Tore Renberg, lese av forfattaren sjølv. Eg likte boka svært godt, sjølv om den var annleis enn eg hadde forventa. Den la nesten opp til å vere ein slags kriminalroman, og det gav romanen ei spenning som dreiv lesinga framover.

Forlaget skriv: "Kva kan vi eigentleg vite om livet til dei andre? Det er eit nytt år i den lille bygda. I gata til Jørgen og Vibeke kjem det glede og endring når ein familie på tre flyttar inn i nabohuset. Faren Steinar er noko for seg sjølv, det står liksom ein eigen vind om han. Dei to familiane blir gode vener, men når fedrane reiser på fotballtur til London saman, får Jørgen sjå noko som gjer han uroleg. Det viser seg at Vibeke kjenner på den same uroa. Kven er Steinar? Kva held han på med? Kva er det som gøymer seg i krafta hans Du er så lys er Tore Renbergs trettande roman. Det er ei nervepirrande og gripande bok om det vi ikkje får auge på. Sjølv om det utspeler seg like framfor oss."

Jobb og møte i sommarvarmen

Måndag var eg først på jobb, og så hadde eg organisert hundevakt så eg kunne sleppe å fare heimom før møtet på Aasentunet klokka 17. Dermed vart det litt jobbing i tida fram til møtet, og eg var rimeleg gåen og mødd av varme då eg skulle til møtet. Med ti minutt ekstra å gå på vart det ein svipptur innom Plantasjen. Mamma hadde sagt at ho hadde kjøpt ein rosa potentilla/buskmure der, og eg har ønskt meg ein oransje eller rosa potentilla (eg har fleire gule frå før). Sidan eg ikkje greidde å bestemme meg for kva som var finast av oransje og rosa, kjøpte eg like godt begge to.

Møtet handla om mangt og mykje, og det varte i over tre timar til saman, så eg var temmeleg øydelagd då eg kom heim. Det er mange viktige og vanskelege saker på agendaen, i tillegg til valkamp, så det gjeld å ha hjernen klar for å finne gode løysingar.

No ser eg fram til å kunne tenkje på anna enn politikk og/eller jobb, og heller styre litt i hagen eller gå på turar. Det går mot ferie, men det er mykje som står att før den tid.

Søndagstur til Kile

Søndag gjekk vi ein liten tur med hundane innover forbi Kile. Lasso har ikkje vore heilt i strøk i det siste, men kvikna til ein del etter vasseturen laurdag, og også søndag likte ho å rusle tur og vasse litt. Ho er gamal no, i sitt fjortande år, men ho hadde ei fin helg med mykje uteliv på tur og i hagen, og ho fekk godbitar både hos oss og hos naboane.

søndag 19. mai 2019

Botnasanden

Gamle Lasso har blitt frykteleg skrøpeleg og gamal i det siste. Ho har vore hos oss nokre dagar, og i dag gjekk vi ein tur inn til den lokale badestranda. Der vart ho i fyr og flamme då ho kunne vasse i sjøen og snuse rundt i skogen. Eg var redd ho overanstrengte seg, men tenkte at ho i tilfelle hadde hatt ein fin dag.

lørdag 18. mai 2019

17. mai vart i år ein strålande vakker dag, med varme og sol frå tidleg til seint. Vi feira med tog på Folkestad, deretter reiste vi til Ørsta og henta Mormora, så ho fekk vere med til Volda for å sjå folketoget, der mellomanna Veslejenta tok del som russ. 













fredag 17. mai 2019

16. mai 2019

Tradisjonen tru: på jobb feira vi siste dag med russen ved å samle alle klassene til taudraging, volleyball, dans og fotball i Voldahallen. Som vanleg hadde alle klassene laga fane til innmarsen til taudragingslaga, og eg synest sjølvsagt at klassen vår skulle ha vunne. Vi måtte nøye oss med heiderleg omtale, noko som sjølvsagt er stas det òg.


søndag 12. mai 2019

Bygdepride 2019

Laurdag 11. mai vart det arrangert parade i høve Bygdepride, ein tradisjon som vart starta i fjor. I år hadde lokalpartia, bortsett frå "De Kristne" og "Voldalista" stand i Propellhallen, og vi gjekk under eigen fane, laga av AUF. Oppslutninga var stor i år òg, trass i det elendige vêret.

mandag 6. mai 2019

Atlanterhavsvegen

Søndag åt vi ein nydeleg frukost på hotellet før vi pakka tinga våre og reiste. Sjølv om vêret var ufyseleg, fann vi ut at vi skulle reise via Atlanterhavsveien. Der ute er det no spektakulært uansett vêr, men det var surt og kaldt å gå ut av bilen.



Fylkesmønstring i UKM

Laurdag kveld skulle "Migraine" spele på ei av dei fem framsyningane på fylkesmønstringa. Fanklubben, som ved dette høvet bestod av foreldra til trommeslagaren, systera til bassisten (Veslejenta) og mora til bassisten (meg), møtte sjølvsagt opp og heia på dei håpefulle. Dei gjorde ein flott innsats og var eitt av dei beste nummera i denne framsyninga (litt subjektivt sett). Songen dei framførte var den sjølvlaga "Are you all right?". Gutane hadde ei kjekk helg, etter det vi forstod, men ingen av dei er særleg meddelsame.

Vi heiar sjølvsagt på gutane og håper dei kjem vidare, men det medfører i tilfelle ein del utfordringar, då det er bestilt konsertbillettar og ferieturar akkurat den helga i juni. Det kjem nok til ei ordning, men vi kan seie vi blir glade uansett utfall.
Dette biletet er henta frå nettstaden til UKM

Alle deltakarane i framsyning D

Varden og Vanndamman

Laurdag gjekk vi oss ein tur til Varden, og deretter hamna vi i turområdet rundt Vanndamman (litt utilsikta då ein viss person fann ei alternativ nedatt frå Varden). Der var mange fine stader, og vi kunne ha rusla rundt mykje lenger, men vi hadde andre planar òg. Eit høgdepunkt var då ein mann med hund gav seg til å forklare at hunden hans var snill, og at den ville leike med oss då den la frå seg ballen på bakken. Eit anna høgdepunkt var den nydelege påfuglen (og den litt mindre fargesterke kona) ved "Bestemors hage". Der var mange som ville ta bilete og studere den vakre fuglen, men ungane som var der var meir opptekne av å beundre Veslejenta og be om russekort.




Er det dette dei kallar storbyjungel?


Så reiste vi til Kristiansund

Fredag reiste Veslejenta og eg til Kristiansund. Minstemann og bandet reiste same vegen, men i ein annan bil. Dei overnatta på ein skule, i sovepose, medan Veslejenta og eg la oss inn på hotell i Storgata. Det var veldig surt og kaldt i byen, men vi gjekk oss ein tur og såg oss rundt i byen, mellom anna til kaia der vi såg på statuer og minnesmerke.




onsdag 1. mai 2019

1. mai 2019

Dagen vart feira på tradisjonelt vis, med folkefest saman med Ap, Sv, AUF, LO og Amnesty. Der vart det gode talar og appellar, i tillegg til eit flott kulturelt innslag. Etter festen for vi på Kinarestaurant, slik vi har hatt som tradisjon nokre år no.