søndag 31. juli 2016

Bok 58 2016: "H for Homer" av Ismail Kadare

To irske Homer-forskarar besøker ein avsides dal for å forske på dei lokale eposa. I dalen bur mellom andre den vakre, barnlause kvinna som kallar seg Daisy, som dagdrøymer om at noko må skje. Ho vil gjerne bli gravid, og fantaserer om dei to irane. Elles i bygda er folk usikre på kva dei to mennene eigentleg gjer, og dei vert mistenkte for å vere spionar.

Boka er ei fornøyeleg forteljing som handlar mykje om korleis ein ser på nokon som er annleis og kjem utanfrå inn i eit etablert miljø. Eg likte boka best av dei Kadare-bøkene eg hittil har lese.

Maleprosjekt del 8

Mellom slaga og bygene har eg flikka litt her og der, klipt ned nokre busker langs husveggen, vaska med kraftvask på muren og hatt på primer. I dag skunda eg meg ut og fekk på eit første strøk med murmaling før et skya over og begynte å regne. Det hadde vore lurare å velje ein lysare farge, for dte skal bli eit pirk å få vekk all den lyse fargen der muren er ruglete. tanken min var å ha ein farge som minte om sement, slik at det ikkje synte så godt viss og når malinga begynner å flakke av att. Det var nokre flekkar med avskala maling på muren frå før, og det såg ikkje bra ut.

Eg er svært nøgd med dagens innsats, og kviler no på mine laurbær. Det er ingenting så godt som å kvile etter å ha gjort ein god jobb!

fredag 29. juli 2016

Bok 57 2016: "Ser hodet mitt stort ut med denne?" av Randa Abdel-Fattah

I denne ungdomsboka blir vi kjende med Amal, ei ung australsk jente som har etnisk bakgrunn som palestinsk muslim. Ho bestemmer seg for å begynne å gå med hijab, og mykje av boka handlar om problemstillingar knytt til problemstillingar knytt til islam og fordomar mot muslimar tidleg på 2000-talet. Men boka handlar òg om vanlege jenteting, som skule, kviser, slanking, mote og gutar. Vi blir dessutan presenterte for nokre bipersonar som har merkeleg åtferd og haldningar som vi seinare får forklaring på. Boka er skriven med ein overtydande ungdommeleg stil, og den har mykje humor i seg.

Dette er verkeleg ei god ungdomsbok, spesielt for jenter, og eg skulle ønske vi hadde den som klassesett på engelsk så eg kunne bruke den i undervisninga om emnet "multicultural societies".

Bok 56 2016: "Silkeormen" av Robert Galbraith

Eg har lenge tenkt at eg skulle lese krimserien til "Robert Galbraith", og av ymse årsaker begynte eg på nummer to. Dette er tradisjonell krim med ei mordgåte som er lettfatteleg, og som har ein etterforskar som er lett å bli kjend med. I denne boka er det ein forfattar som døyr på ein makaber måte, og menneska rundt han vert skildra så det er lett å halde frå kvarandre. I tillegg er opplesaren svært dyktig. Eit lite minus for at løysinga kom lit brått på; plutseleg visste etterforskaren korleis alt hang saman, utan at vi fekk følgje tankerekkja.

In the middle of nowhere

Onsdag kveld regna det, men vi ville ut og lufte oss litt likevel. Turmålet var usikkert, men vi gjekk ut frå den gamle postvegen, i retning av Bjørhovdesetra, i følgje eit skilt. Vi fann ikkje setra, og ikkje noko anna spektakulært heller, men vi fekk frisk luft og mosjon og vart våte på beina.

torsdag 28. juli 2016

Bok 55 2016: "Avbrutt april" av Ismail Kadare

Forfattaren har også i denne romanen valt å skildre og problematisere gamle albanske skikkar og lover, spesielt reglane rundt blodhemn. Ein vaktmann kjem i skade for å drepe ein annan mann, og det vert då gjort klart at det er mange og strenge reglar som må følgjast. Først må han stille opp i gravferda til mannen han drap, deretter får han ei slags karantenetid på ein månad før han er fritt vilt for dei som skal hemne drapet. Mannen får stadig meir angst i høve det som skal skje med han, og det vert eit lyspunkt for han å møte ei svært vakker kvinne. Ho, på si side, er nygift, men møtet mellom dei to gjer inntrykk også på henne. 

Boka er interessant med tanke på at ein lærer mykje om gamal skikk og bruk i Albania. Sjølve forteljinga er òg god, men dessverre skjøna eg ikkje slutten, så det vart ein liten nedtur.

tirsdag 26. juli 2016

Vallahornet (833 moh)

Dagens fjellfie





Saudehornet, der eg har gått ein gong 
I dag gjekk Eldstejenta og eg på eitt av dei fjella som har vore ein del av livet mitt, då det ligg rett bak barndomsheimen min på Vallabøen i Ørsta. Det vart både sleipt og gjørmete på turen,men vi fekk ei fin stund og mykje frisk luft og mosjon.

Etter turen besøkte vi foreldra mine, og der fekk vi helse på tanta og onkelen min òg. Det vart ekstra bonus på ein kjekk dag!

Bok 54 2016: "Farvel, Syria. Om eit folk på flukt" av Emil André Erstad

Den tidlegare leiaren i KrFU har og har hatt mange verv og har utdanna seg innanfor samanliknande politikk. Han bør med andre ord ha greie på det han skriv om, og han verkar òg svært reflektert. I boka skriv han om Syria, om norsk og internasjonal flyktningpolitikk og om dei næraste nabolanda til Syria. Det er ei svært lærerik og dagsaktuell bok som balanserer fint mellom det kjensleladde og det meir fornuftsprega. Dette er ei bok som mange bør lese.

Svedahornet, Veten og Torsethornet

Etter å ha arbeidd hardt med maling og hagearbeid heile laurdag, heldt vi kviledagen heilag og reiste til Sande for å gå på tur søndag. Der rakk vi eit lite hattrick i disig, varmt sommarvêr før det kom ei skoddebyge som gjorde at vi snudde før vi eigentleg ville.

Turen var nydeleg, med svarberg og tydelege stiar, passeleg flatt terreng og nydeleg utsikt i alle retningar.
Svedahornet, utsikt mot Syvdsfjorden

På Svedahornet. Utsikt mot Syvdsfjorden, Veten i det fjerne




På Veten, utsikt mot Syvdsfjorden


På Veten

Utsikt mot Veten, frå Torsethornet

På Torsethornet, der vi snudde pga skodde og regn

fredag 22. juli 2016

22. juli-tradisjon: plante roser i hagen

I dag var det fem år sidan bombinga i Oslo og massakren på Utøya. Eg feller framleis tårer med tanke på dei tapte liva den dagen.

Mi personlege markering av dagen skal vere å plante roser i hagen, det har eg bestemt meg for. I dag tok eg derfor turen til tettbygde strok, og eg nytta òg høvet til å stikke innom foreldra mine.

Vel heime planta eg rosene, og etterpå heldt eg fram med å luke og styre i pøsande regn. Eg er glad i å arbeide, som eg så slagferdig sa til foreldra mine før i dag, og eg synest det er god terapi og meditasjon å styre med slikt som syner godt att etterpå.

Rosene eg kjøpte i dag var av typen "bunndekkende", og dei fekk bu i den store skråninga vi delvis laga til i fjor.

Eg kjøpte ei av desse, som ikkje er fylte. Rosaraud farge.

Eg kjøpte to av desse. Der var roser på dei, og dei er raude (biletet lyg altså)

torsdag 21. juli 2016

Bok 53 2016: "I krigen. Et vitnesbyrd fra Syria" av Francesca Borri

Borri er ein relativt ung, uredd, italiensk journalist, som har vore oppteken av krigar og konfliktar, spesielt i Midtausten. I denne boka fortel ho om opplevingar i Syria. Forteljemåten er ganske spesiell, då ho har ein kortfatta telegramaktig skrivemåte, men òg nedlatande og kritiske kommentarar. Eit døme kan vere at ho kort fortel om ein samtale med nokon som i ein replikk seier det er frykteleg med krigen i Syria, og som i neste replikk kommenterer vinen dei får servert, eller når nokon seier at dei var begeistra for boka hennar om Irak, og ho kort kommenterer: "Den handlet om Kosovo".

Innhaldet er mest små skildringar av episodar som til saman gir eit inntrykk av korleis situasjonen var i Aleppo i 2012/2013. Eit døme her kan vere den tuberkulosesjuke 25-åringen som budde i eit avløpsrør med dei tre borna sine, til ho ein dag vart skoten av ein snikskyttar. Slike historier er det mange av, og boka er såleis meir ein stemningsrapport enn ein samanhengande analyse av konflikten. Forklaringar av historie og politikk kjem langsmed.

Eg likte boka godt, sjølv om den var sterk og fæl å lese.

Tour de Folkestad

I dag kom varaordføraren over med ferja for å få ei omvising på Folkestad - ei bygd ho kjende lite til, anna enn ferjekaia. Vi gjekk ein runde og såg på skulen, butikken, fotballbana og meir før vi tok turen opp på setra. Der gjekk vi rundt vatnet, før vi avslutta med vassing i setrevatnet. Ein triveleg dag med mykje prat om smått og stort, med spesielt fokus på livet på bygda.

onsdag 20. juli 2016

Bok 52 2016: "Det niende prinsipp" av Gert Nygårdshaug

No har eg lese nummer fire i serien til Nygårdshaug, og det kan bli fleire, viss ikkje eg finn meir interessante og freistande lydbøker. Eg har framleis ikkje heilt sansen.

Frå omtalen til forlaget:
"Fredric Drum er i Egypt. Tilsynelatende helt uten grunn vikles han inn i et mysterium som truer med å drive ham fra all fornuft. Det blir et drama på liv og død, over antikk historie, Kheopspyramiden, mumier og uforklarlige mord. En klassisk Nygårdshaug-roman, fortettet med mystikk, eksotisk viten og spenning til siste side."

Maleprosjekt del 7

I dag vart det ein nydeleg sommardag, og eg nytta høvet til å male i skuggen. Ein blir i alle fall ikkje solbrend... Fargen i dag var kvit, og eg fekk mala heile gripelista på verandaen + 11 vindu, ei verandadør og utedøra nede. Det går framover her, sjølv om det går sakte! No skal det regne fram til neste fredag, så eg får nokre rolege dagar med andre aktivitetar.

tirsdag 19. juli 2016

Bok 51 2016: "Den døde hærs general" av Ismail Kadare

Denne romanen er den første forfattaren skreiv, i 1963, men den kom ikkje ut på norsk før i 1997.

Boka fortel historia om ein italiensk general som fleire år etter at landet har vore på den tapande sida i andre verdskrig vert send til Albania for å hente restar av sine eigne landsmenn som fall i krigen. Det er ei merkeleg bok som mest av alt skal seie noko om det albanske folket, men med ein satirisk og makaber undertone.

mandag 18. juli 2016

Tur frå Langedalsbroe til Vasslida

Det vart berre ein liten kveldstur i kveld, mykje fordi vi møtte ein flokk med unge kyr som var litt for nærgåande og interesserte til at det vart hyggeleg å gå på tur med hundane der.



Maleprosjekt del 6

I dag var det opplett att, og Bladfyken og eg måla vidare. Resultat så langt: to strøk på rekkverk og veggen på nedsida, i tillegg til halve veggen mot den store verandaen. Over overbygget har Bladfyken måla eitt strøk, så der trengst eit strøk til før vi begynner på dei resterande to veggane.

For å sitere eitt av borna: Det einaste du mangla e et skilt ved inngangen der det ste "Arbeit macht frei"

søndag 17. juli 2016

Årets bursdagsgåve frå tanta på Hareid

Denne kofta blir god å ha på kalde skuledagar! jenta fekk velje mønster og farge sjølv, og tanta har strikka og montert. Ikkje verst å ha ei så flink og snill tante!

fredag 15. juli 2016

Bok 50 2016: "Dødens codex" av Gert Nygårdshaug

Frå bokomtalen til forlaget:

"Gert Nygårdshaugs mat- og vinelskende helt, Fredric Drum, befinner seg denne gang i Italia. På oppdrag fra Romauniversitetet skal han tyde en gammel, gresk tekst. Men plutselig er han viklet inn i et drama på liv og død, der ingrediensene er antikk filosofi, svart middelalder og en kynisk, usynlig morder som etterlater seg sine ofre uten tegn på ytre vold.
En typisk Nygårdshaug-roman, fortettet med mystikk, eksotisk viten og spenning fra første til siste side."
Sjølv er eg ikkje like begeistra, men det var ok underhaldning. Eg får ikkje heilt sansen for kombinasjonen av fag og drama, men reknar med det er mitt problem. No begynner eg på fjerde bok i serien, men det blir nok den siste eg les.

torsdag 14. juli 2016

Maleprosjekt del 5

Vi maler og vi maler og det blir så fint og flott, når vi bruker...grått...

Ein nyanse mørkare (ikkje akkurat 50 shades), og vi er snart ferdige med første strøk på nedsida og i solveggen. Dei to sidene er mål for årets maling, så eg ligg godt an (sjølv om vinduslister og denslags tek meir tid enn ein trur. I dag var det berre dei to yngste og eg som var heime, og vi held ut omtrent like lenge. Det har vore mykje pirkearbeid så langt, spesielt med rekkverket på verandaen, og det ser ut som om vi får eit visst arbeid med andre strøk òg.

onsdag 13. juli 2016

Familietreff på Hareid

I dag var det familieselskap på Hareid. Mora og faren min hadde alle barn og barnebarn samla, i tillegg til nokre svigerbarn og -barnebarn. Vi fekk servert nydeleg suppe til middag, og diverse kaker og dessertar etterpå. Det viktigaste var likevel at vi møttest, og det vart ein minneverdig dag. Pappa blir 80 i november, og det er ikkje like lett å samlast til feiring då.

Eg legg berre ut bilete av meg sjølv, søsken og foreldre, sidan den yngre garde ikkje alltid er like glade for å bli offentleggjorde.

Stor takk til vertskapet!

tirsdag 12. juli 2016

Straumsdalen og Jutelen (om lag 650 moh)

Turen i dag gjekk til Straumsdalen, langs Straumsvatnet og opp på Jutelen frå baksida. Det vil seie: vi er ikkje heilt sikre på om vi var på toppen (vi fann fleire aktuelle topp-kandidatar i området). Det vart ein lang tur (17 000 skritt), og det gjorde godt i kropp og sjel.





Bok 49 2016: "Sjur Gabriel" av Amalie Skram

Denne romanen har eg lese mange gonger før, så denne gongen var det mest på grunn av borna at eg valde den til underhaldning i bilen. Boka er berre fantastisk dramatisk og gripande, og lydbokversjonen frå 1967 er fantastisk god. Eilif Armand les både bergensdialekt og strilemål ganske overtydande, og boka vert dermed meir lettlesen for den oppveksande generasjonen. Eg har tidlegare brukt lydboka i norskundervisninga, og det kan eg anbefale andre å gjere òg. Då får ein ei gripande fellesoppleving av forteljinga, og det kan vere ein stor fordel.