søndag 30. november 2008

1. søndag i advent





Så er adventstida i gang. Etter ein del styr og ein heil del arbeid fekk vi hengt opp dei tradisjonelle 24 pakkane ute i gangen (min idé om å erstatte pakkane med flaxlodd vart nedstemt mot stemma til Eldstejenta), vi har tent det første lys (Minstemann) og vi har vore på julegrantenning og spelt/lytta til korpsmusikk. Ja, vi har til og med "børi ved". Det blir vel jul i år òg.

lørdag 29. november 2008

Vel overstått 5-årsfeiring







Minstemann har hatt bursdag og blitt feira litt sporadisk i år, men i dag var det skikkelig barneselskap. På grunn av ein vekkreist og to sjuke gjestar vart dei berre ni til bords, og nokre av dei som stilte som gjestar var i største laget (Eldstejenta, til dømes). Elles var det koseleg med tre mødrer på besøk òg. Nummer 2 er på overnattingstur i kyrkja denne helga, men storesystrene stilte opp og laga skattejakt for dei minste. Selskapet gjekk fredeleg føre seg - heilt annleis enn dei vårlege uteselskapa vi har hatt flest av.

fredag 28. november 2008

Snart jul?

Noko av det verste ein kan gjere mot ei overarbeidd firebarnsmor på denne tida av året, er å fortelje at ein er ferdig med å handle julegåver. Nesten enda verre er utsegner om kva som "må til" av heimelaga mat for at det skal bli skikkeleg jul. Her i heimen er vi ekstremt seint ute i år, og eg kjenner at stresset sig innover. Då er det greitt å ha noko unnagjort, og eg kan endeleg seie meg ferdig med ei totalt usmakeleg utsmykking av denne bloggen. No er det berre resten av heimen som står att.

torsdag 27. november 2008

Siste julefest i barnehagen







Minstemann går siste året i barnehagen, og i kveld var det julefest med dramatisering av "Rødhette" og song av "Nede isen" og diverse julesongar. Minstemann var ein dyktig jeger som berga Rødhette og bestemora ut av magen på ulven, han svinga rundt i dans med diverse jenter og fekk vere nissen som delte ut godteposar til borna. Han var kjempeflink! Gamla hadde trudd at dei tre eldste ville verte heime i år, men då alternativet var å vaske romma sine, vart dei to midterste med på festen i staden. Der var fleire på deira alder, så det er tydeleg at god mat, brus og herjing i gymsalen enno har ein viss appell.

Yrkesmesse

Eldstejenta går i tiande, og eg er kontaktlærar på vg1. I dag var vi samla på yrkesmesse i Herøyhallen, der vi skulle få mange tips om kva ein kan bli når ein blir stor. Nokre av oss lærarane fann raskt vegen til kaféen etter etterlengta mat og kaffi - det var vel slik vi enda opp som lærarar i si tid.

tirsdag 25. november 2008

Farfar 68


Vi gratulerer farfar med dagen i dag! Det er tett mellom dei store dagane i november, så derfor slår vi saman og har ei stor familiefeiring.

"Jeg overlevde Auschwitz. Blanche Major forteller" av Oddvar Schølberg (41)


Bok nummer 41 er ein av dei biografiane vi kjøpte på Polenturen tidlegare i haust. Det er ei lita, lettlesa bok, men igjen må eg seie at Schølberg har ein merkeleg springande skrivestil. Det er vanskeleg å sjå kva som er tema for boka, for her er både storpolitikk og historie blanda inn i den personlege lagnaden til Blanche Major og familien hennar.

mandag 24. november 2008

Brannstasjon, bacon og brownies



Eg nemnde i førre innlegg at vi ikkje skulle feire Minstemann i dag, men det var sjølvsagt ikkje bokstaveleg meint. Han fekk pakke før frukost (som de ser av biletet var han skuffa i byrjinga over denne pakken òg, så her må det øvast før jul), fekk bestemme middagsrett sjølv og ei kake som Eldstejenta hadde baka.

Minstemann 5 år


Unge Indiana vart fødd, ti dagar på overtid, ein månad før jul i 2003. Han var ein skikkeleg skrikarunge den første tida, noko som har medført at han styrer familien med humør og leggetider. Til dagleg er han blid og underfundig, og han kjem stadig med kommentarar og livsvisdom som underheld oss hine. Eldstejenta er favoritten blant søskena, men dei to andre står òg høgt i kurs. Det var Nummer 3 som lærte han å lese, for eit halvt år sidan. Nummer 2 er flinkast til å herje, sjølvsagt, og dei har ein eigen fellesskap i det å vere gutar. Minstemann har alltid vore oppteken av menn, og på samankomstar har han fleire gonger gått bort til framande menn og sett seg på fanget deira og tatt ein mannfolkprat. Som mor er eg litt bekymra for at veslebarnet mitt skal begynne på skulen til hausten, i ein alder av 5 1/2, men sjølv er han motivert - i alle fall for å gå på SFO. Det blir ikkje feiring anna enn i barnehagen i dag, på grunn av stramt tidsskjema i går, men vi tek det att ved høve. Gratulere kan vi no gjere uansett!

søndag 23. november 2008

Hæin Lars va på Hamar med slakt


Dårleg utteljing for hundane i helga; flate raude sløyfer til begge to i Vikingskipet. Bau er no heime hos familien sin att, og det er vi glade for.

"Kviledag"?




I dag var det den årlege haustframsyninga for ballettskulens jazz, contemporary og hiphopdansarar. Våre tre eldste deltek i fire parti innan desse sjangrane, så i dag møtte besteforeldre, Veslebror og Gamla mannsterke opp for å nyte synet av våre og andre sine håpe- og talentfulle ungdomar. Første del av showet var "Evolution", som contemporarydansarane sette opp på vårshowet også. Det er ei vakker og poetisk framsyning, og Eldstejenta er veldig glad i denne dansesjangeren. Andre del av showet var "Vampyrens ball", der både musikk og innhald var morosamt og litt skummelt. Eldstejenta skulle vere litt "rampete" kledd, og hadde vore i mora sitt klesskap der det finst nokre bomkjøp av typen "altfor høge hælar" og "altfor djupe utringingar". Kjekt at bomkjøpa kan brukast til eitkvart! Alle tre dansarane gjorde ein flott innsats på generalprøve og to framsyningar. Etter siste framsyning (og åtte timar på Kulturhuset) kjørte vi til Besta og Besten, der vi fekk middag. Dei hadde teke seg av Minstemann før og etter dei var på ballettshow, og han kunne nøgd konstatere at det var urettferdig for dei tre hine at han fekk vere hos besteforeldra. Elles sov han seg gjennom "Evolution" for andre gong - denne gongen somna han før lyset vart sløkt.

lørdag 22. november 2008

Let it snow





Etter den stormfulle gårsdagen var det fantastisk å vakne opp til ein nydeleg vinterdag. Gubben er på veg til Hamar med Bianca, og eg tippar han får ein vakker, men langdryg tur. Morgondagen skal han tilbringe i Vikingskipet, medan vi hine skal på ballettshow frå tidleg morgon til ut på kvelden. Personleg er eg glad i snø, berre den ikkje ligg der eg skal køyre. Ungane kosar seg med akebakke på oppsida av vegen og nesten uavgrensa plass til å boltre seg på. Dessverre har hundane prioritet denne helga, så eg sit att med det gamle kameraet.

Nokre blogglesarar vil kanskje legge merke til at Minstemann går kledd i ein rosa vinterdress. Han har bursdag på måndag, og då blir det andre fargar som gjeld, takka vere økonomiske transaksjonar frå Ørsta.

Stormfull jubilant


I dag var det ein ny jubilant på gang, ei av "heksene" frå Halloween, og planen var at vi damene skulle gå ut på "Dance with a stranger" i Volda. Først var vi på kinarestauranten "Landscape", der vi fekk eit bedre måltid. Deretter kom vi til "Rokken", der vi vart møtte av ein plakat der det stod at konserten var avlyst. Berre halve bandet var på staden på grunn av det dårlege veret, og då gadd ikkje resten å spele heller. Salen var full av kjekke folk som tok det heile med ei viss fatning, sjølv om det var irriterande å reise den lange vegen i uvêret.

torsdag 20. november 2008

Bok 40: "Mørkemannen" av Unni Lindell


Denne boka fann eg varm omtale av på Systa sin blogg, men EG vart IKKJE imponert. Etter å ha kika litt på bokmeldingar her og der, fann eg ei på nrk som oppsummerte omtrent det eg tenkte. Det er ikkje truverdig nok, ikkje verken psykologisk eller noko anna. Det einaste eg fatta interesse for i boka, var skikkelsen Marian Dahle (og hunden hennar). Mot slutten blir ho også overforklart, og då vart det også kjedeleg. Sorry - denne traff ikkje meg, ortentrovaag.

onsdag 19. november 2008

"Fri" onsdag


I dag var det ein av dei store jobbedagane. I bloggande stund har eg fått skrive ein IOP, laga ein presentasjon om "Moderniteten som epoke, del 1, frå 1750 - 1900" og lese gjennom 22 elevmapper. Eg har dessutan brukt ein del tid på å laste ned 26 elevnoveller, lagre dei med nytt namn og formatere fleire av dei til OpenOffice. Alt dette arbeidet ligg på dataen, så det er ikkje rart at Minstemann trur eg spelar data eller er på youtube heile dagane (eg er der sikkert meir enn eg burde, men det er ei anna sak). Slike arbeidsdagar må borna gå på sjølvstyr, og i dag hadde dei det kjekt med aktiv uteleik. Trudde eg. Men så sladra Minstemann om at Nummer 3 hadde prøvd å lage bål og brenne rusk ute, og at ho ikkje hadde fått fyrstikkene til å virke skikkeleg. Då vart det Lego resten av dagen.

søndag 16. november 2008

Basarsøndag


Ja, så var det basar igjen, og denne gongen hadde nokon spurt Eldstejenta om ho ville halde eit foredrag om Polenturen. No er ikkje ho blant dei som seier nei til slikt, og ho hadde verkeleg lagt seg i selen og laga ein god presentasjon som summerte opp heile turen. Sidan Polenkvelden på skulen hadde ho blitt langt flinkare til å snakke i mikrofon, og til å snakke tydeleg.

Stylist 2


Seinare laurdag skulle eg på fest i Volda for å feire nok ein super kollega - denne gongen ein førtiåring. Eg hadde med meg kamera i veska, men gløymde visst heilt å ta bilete under festen, som må seiast å vere svært vellukka med mange kjekke folk og god prat. Det vedlagde biletet tok dei av meg ved avreise heimanfrå, og som de ser måtte krøllane vekk denne gongen òg.

lørdag 15. november 2008

Novemberselskap





Dagen før Minstemann vart fødd, hadde vi fåreribbe til middag. Akkurat det hugsar eg svært godt. Seinare har det blitt ein tradisjon at vi feirar bursdagen hans med ein slags julemiddag, og at vi pyntar til advent i det høvet. I år feira vi han noko tidleg, og det vart derfor ikkje pynta med anna enn lyslilla. Maten var upåklageleg med fåreribbe og morr frå Ørsta og heimesteikt svineribbe (Gubben var kokk). Seinare vart det diverse kaker (som vanleg mat nok til eit selskap til). Gjestane var besteforeldre, Tanta på Hareid og dei to yngste borna derifrå. Alle tre novembergutane fekk pakkar, og gladast av alle var Minstemann, som gjekk rundt og kyssa på ei øske med Indiana Jones-lego. Vi takkar hermed gjestane for denne gong!

fredag 14. november 2008

Basix


I serien min om kjekke aktivitetar som ein som lærar utruleg nok får betalt for å vere med på, kjem no eit nytt innlegg. Dagens "happening" var ein skulekonsert med ei dansk gruppe av menn som song a capella. Det var både underhaldande og eit kvalitetsmessig godt arrangement som traff ungdomane (og lærarane deira) på ein utmerka måte. Sikkert meir enn engelsktimen ville ha gjort, i alle fall.

Pappa 72



I dag er det tid for å gratulere pappa med 72-årsdagen! Han held seg ung og sprek i kropp og sinn, så eg måtte til å sjekke årstala for sikkerheits skuld. Det er mykje ein kan seie om faren sin, men eg hat lyst til å drage fram noko som eg synest er spesielt beundringsverdig med min pappa. Han har vore svært flink til å fylle dagane sine med hobbyar og andre gjeremål, også i tyngre periodar i livet. Politikken har vore viktig for han, og eitt av mine barndomsminne er at han og eg såg valsendingane hausten 1981. For dei ti barnebarna er han ein kjær morfar/farfar, og her i heimen kjem han alltid til å bli heidra som oppfinnaren av leiken "ooops". Gratulerer, pappa - vi feirar både deg, Svigers, farsdag og Minstemann med familiesamling her i morgon.

torsdag 13. november 2008

Foreldremøte

I dag har eg hatt 11 foreldresamtalar, og kort oppsummert var dette hovudbodskapen:
  • kvar og ein har ansvar for læringsmiljøet i klassa - viss klassa er uroleg, har alle ansvar for å rydde opp i situasjonen
  • dersom ein gruar for noko, som til dømes å svare på spørsmål i klassa, er det lurt å dele det opp i mindre delar - som å førebu seg på å svare ein gong i ein undervisningstime
  • arbeidsmoral er noko ein må ta ansvar for sjølv før eller seinare - det krev ein innsats å unngå tv, msn og facebook i undervisninga og når ein skal gjere lekser

onsdag 12. november 2008

Frionsdag igjen





Det vart tur i Brundalen i dag òg. Gradestokken viste +1,5, og det var fint å gå på frose underlag. Ungane hadde mykje moro med isen som låg som flak på vatnet, og ingen var tørre eller varme då dei kom heim. Bakteriar hadde dei fått i seg i rikeleg monn, det er eg sikker på, så kor sunt det er å gå tur er noko uvisst. Men kjekt er det i alle fall.

tirsdag 11. november 2008

The slave becomes the master


Eg har alltid vore glad i musikk, og spesielt i gode songtekstar. I barndomen lærte eg mykje engelsk ved å lese utanpå innercovera på Beatlesplatene i heimen, og i vaksen alder har ofte tekstane vore avgjerande for kva musikk eg har hørt på. Dette er likevel ein regel med mange unntak. Eit favorittband er Whitesnake, og tekstane deira er temmeleg enkle variasjonar over eitt tema. AC/DC er heller ikkje kjende for å ha djuptpløgande poesi. Deep Purple, The Doors og Aerosmith har derimot mange vakre og poetiske tekstar. I fjor hørte eg mykje på My Chemical Romance, og det sjokkerer meg litt at ein kan lage så fin musikk med så dystre tekstar ("Cancer" er eitt døme). For tida hører eg mykje gammal musikk på youtube, og då slår det meg at musikken frå min oppvekst ikkje er så nær knytt opp mot musikkvideoen som dagens musikk er. Eg må berre le av ein del videoar frå 1970- og -80-talet, og til tider tenkjer eg at band som Nazareth aldri ville ha slått gjennom i ein mediesituasjon som den vi lever i no, og kanskje heller ikkje Queen. For tida hører eg mykje på den siste plata til Metallica, eit band som har hatt suksess utan å sjå særleg bra ut. Tekstane har eg nesten ikkje fått med meg. Av og til er det berre eit litt sårt "gitarriff" som skal til for at ein skal bli gripen.

søndag 9. november 2008

"Visittar"

No har eg greidd å legge inn noko som skal telje kor mange som er innom bloggen. Blir det 0 veldig lenge, skal eg snarleg slutte å blogge. Eg skal dessutan også slutte med skritt-teljar, facebook og anna fjas som er ein naturleg del av kvardagen.

Meanwhile, in Denmark...


Bau er på turné igjen, og i dag vart han Best i Rasen, Nordisk vinnar, dansk champion, fekk Cacib m.m. på ei utstilling i Danmark. Vi er sjølvsagt svært fornøgde!!!