mandag 26. august 2019

Bok 41 2019: "Fortielsen" av Jørgen Jæger

I førre bok begynte Cecilie å irritere seg over at kjærasten hadde så mange løyndomar. I denne boka får ho vite at han har teke livet av seg, men då ho får sjå liket, vert ho svært overraska. Kva har skjedd, og kvifor? Samtidig får vi høyre historier om ei ung kvinne som blir prostituert og ein mann som arbeider meir eller mindre som slave. Kven står bak? Spørsmåla er mange, og Ole og Cecilie arbeider på sidelinja, då politiet i Drammen gjer ein slett jobb.

Eg likte denne boka svært godt, og er eigentleg litt lei for at der berre er ei bok til i serien.

søndag 25. august 2019

Valkamp på søndag

Søndag fekk eg med meg born og hund på tur på Bjørkedalen, der vi la brosjyrar i postkassene. Vi køyrde til nokre av husa, men gjekk langs vatnet, slik at vi fekk oss litt trim òg.

Valkamp på laurdag


Laurdag stilte eg først på stand på Grodås, i det som enno er Hornindal kommune. Der var det dansegalla denne helga og ein god del folk, og dei fleste eg snakka med ville stemme på sine lokale kandidatar - uavhengig av parti. Etter ei stund reiste eg til Volda og deltok på standsaksjon der. Det blir mykje prat med andre politikarar slike dagar, men det er interessant og meiningsfullt det òg - sjølv om målet sjølvsagt er å vinne fleire veljarar.

mandag 19. august 2019

Første skuledag

I dag begynte Minstemann på vidaregåande, på musikklinja, og eg fekk ta imot 28 splitter nye førsteklassingar på ST. Vi hadde begge ein hektisk og spennande dag, men han var litt meir kledd og frisert enn meg.

søndag 18. august 2019

Tur på programmet

I dag begynte eg distribusjonen av partiprogram i heimbygda saman med Charlie. Det kan fort ta nokre dagar til fots, men det var ein miljøvenleg og hyggeleg måte å drive valkamp på.

Valkamp 2019

Etter ei lang planleggingsveke, med fem heile dagar på jobb, var det laurdag tid for ny standsaksjon i Volda sentrum. Som vanleg vart det mykje tid til å snakke med andre politikarar i eige og andre parti, men det vart òg gode diskusjonar med folk som kom forbi. Det er viktig for alle å nytte slike høve til å bli kjende med kvarandre, anten ein skal vere folkevald eller veljar, og begge partar har godt av å lytte til kvarandre.

Dei viktigaste sakene som vart diskuterte, var turveg, kulturhus og kommuneøkonomi.

Bok 40 2019: "Monster" av Jørgen Jæger

Ei høggravid kvinne lever på landet saman med mannen og dottera. Det viser seg at dei har ny identitet, etter å ha vunne fram i sam mot den valdelege eksmannen. Ein dag er dottera tydeleg prega av å ha blitt skræmd, om mannen i huset forsvinn. Er det mogleg at eksmannen har kome ut av fengsel utan at dei har fått vite det, og at han no har klart å oppspore dei? Samtidig slit etterforskaren Cecilie med at sambuaren har løyndomar for henne, og ho begynner å tvile på heile forholdet. Lensmann Ole Vik er framleis under restitusjon etter hendingar i førre bok.

Eg likte denne boka veldig godt, sjølv om den vart litt langdryg mot slutten.

mandag 12. august 2019

Bok 39 2019: "Ridderkorset" av Jørgen Jæger

Ein treåring og ei ung kvinne vert funne døde. Kjærasten til Cecilie driv vektarselskap, og vert rana i det han skal fylle på pengar i ein minibank. Kollegaen vert drepen under ranet. Nokon i nærmiljøet er svært høgreekstreme. Finst det ein samanheng? Og kva rolle spelar Jens Stoltenberg i boka? Denne boka var ganske spennande, sjølv om eg gissa kven dei skuldige var ved introduksjon også denne gongen.

Låvefest for vinklubben

Laurdag 10. august var det tid for den årlege låvefesten hos ei av vindamene. Ho serverte, tradisjonen tru, nydeleg fiskesuppe, og elles hadde vi med vin og denslags sjølv. Vi hadde ein svært triveleg kveld, og Gamla gløymde å ta bilete. Irriterande, men sant.

torsdag 8. august 2019

Bok 38 2019: "Stemmen" av Jørgen Jæger

Helten i krimserien vert påkøyrd og vert liggande i koma i starten av boka, så i denne romanen er det kollegaen Cecilie som får mest merksemd. Mannen som valdtok henne i ei tidlegare bok kjem attende på jobb, og ho reiser til eit anna politidistrikt. Der vert ho angripen, og det skjer mykje på kort tid. Sentral er også "Stemmen", som er kodenamnet på ein gjerningsmann.

Denne boka var veldig spennande ei stund, men eg syntest den flata ut litt mot slutten.

lørdag 3. august 2019

Laurdag 3. august

I dag tok eg først turen til Hornindal, der eg deltok på politisk stand på dei lokale kulturdagane. Det var nydeleg sol og god stemning der, og det vart nokre interessante diskusjonar undervegs.
Eg hadde frykteleg lyst på sushi i dag

Vi var nesten aleine i lokalet i kveld

Etter kvart avslutta vi, og eg reiste av stad og henta Veslejenta på jobb. Minstemann var heime og rydda og klipte gras, og etter å ha kvilt oss litt tok vi turen til Eid for å ete middag på kinarestauranten der. Det var siste kveld hos Gamla denne sommarferien, så det passa godt å markere det.

Bok 37 2019: "Karma" av Jørgen Jæger

I denne boka møter Ole Vik att systera si, som er tørrlagd alkoholikar og har gjort stor suksess med eige firma. Kriminalgåta opnar med at ein mann vil ta livet av seg, men ein annan mann oppdagar det og prøver å hindre han. Då politiet kjem til åstaden, er den eine død og den andre borte. Mykje skjer undervegs i boka, og det er vanskeleg å halde følgje til tider, men gåta blir løyst til slutt. God underhaldning er det i alle fall.

fredag 2. august 2019

Kvardagar i ferien

Så fekk vi nokre nydelege, varme dagar der det skjedde lite og inkje. Eldstejenta reiste søndag, dei to mellomste jobba og Minstemann og eg slappa meir eller mindre av, gjorde nokre ærend og liknande og vatna mykje i hagen. Onsdag regna det, så då vart det handel og ærend.
Hundedagar

Ny leike

Den rosa buskmuren blømer no

Torsdag hadde eg planlagt hagearbeid, men så kom gutane dragande med 11 flyttekasser frå faren. 9 av dei inneheldt bøker og album, så dei var både tunge og vanskelege å flytte på plass. Dermed for dei og henta dei hyllene som vi hadde avtala at eg skulle få med på kjøpet (dei var "arv" frå foreldra mine uansett). Då torsdagen (i dag) kom, monterte Minstemann først opp hyllene, og så sorterte vi og sette på plass alle album og bøker i kassene. Nokre bøker vart kasserte, andre vart eit kjært gjensyn. Det vart òg ein del støvtørking, og så nytta eg høvet til å rydde og sortere ein del i papir eg hadde liggande. Brettspel og viktige papir har fått plass i den nye kommoden som enno står på stova, og nokre papir vert samla i kasser og sett til side. Eigentleg burde eg ha venta til masteren er levert med slike storprosjekt, men dei 11 kassene hadde ikkje fått plass i nokon av bodene uansett. No er 9 tømde,  og dei to siste får stå i ei bod inntil vidare.
Puslespel av hyller (BBB-reol)

Ferdig montert

Ferdig sortert og plassert