torsdag 30. juli 2009

Nytt turmål: Sulvassdalen















Det er ikkje så ofte heile familien er samla på tur lenger, men i dag la vi i veg i samla flokk til Heida og Sulvassdalen. Det pøste ned då vi kom til Lisjedalen, så vi måtte vente litt med å gå. Vi hadde dessutan ein del problem med å finne råsa. Men det vart både bading, fisking og grilling - og til og med litt sol på veg heim.

onsdag 29. juli 2009

Tilslørte blåbær til kvelds



Kokekunst er ikkje mi sterkaste side, det heller, men eg er ganske god på rettferdiggjering. Blåbær er sunt, blåbærtur er frisk luft og det er eit kjent pedagogisk triks å gi løn for innsats. Når ein i tillegg har huset fullt av krem, is og "flødeboller", er det berre å drage fram og invitere til bords.

Princess Leia?


Sidan Minstemann no har pensa seg inn på Star Wars, og skyt med imaginære laserpistolar i blåbærskogen, må mora innfinne seg med at rolla som Catwoman vert lagt på is. Poden godtok imidlertid kjapt Gamlas forslag om no å få gå inn i rolla som Prinsesse Leia, og det var ikkje noko dårleg byte. Eg var ikkje så verst nøgd med transformasjonen, heilt til Nummer 3 spør veslebroren om korleis ho der prinsesse Leia ser ut - eigentleg. "Hekje peiling", sa Minstemann, "ej he aldri sett ne!"

Akk ja - eg som trudde eg fekk rolla på grunn av slåande likheit...

For ordens skuld legg eg til at illustrasjonsbiletet er henta frå Internett - det er ikkje Gamla i kostyme. Eller i sivil, for den saks skuld...

Berre blåbær






Vêret skal eg ikkje nemne eingong, men noko må ein no finne på. Blåbærplukking, til dømes. Med fire born og fire blåbærplukkarar burde det gå raskt å raske ihop nokre liter, men berre i teorien. Minstemann brukte blåbærplukkaren sin til gitar (medan mora måtte synge svisker frå "Skrimmel skrammel"), Nummer 2 plukka bær med plukkaren og tømde dei i munnen, og etter fargen å dømme var det ikkje mykje effektiv plukking på Nummer 3 heller.

Det var folksomt i skogen, for nokon har blåse liv i dei usynlege venene til gutane - nokre lesarar vil hugse Viggo og "kona mi, han Per". No har i tillegg Nummer 3 fått to hemmelege venninner som heiter Gunnhild og Malena, og Minstemann har den nye venen Peder. Morosamt er det òg at 12-åringen no har ein fantasivenn som heiter Johannes, og han heldt eg på å kjøpe kinobillett til sist tysdag!

Det blir mykje latter, sang og moro på slike turar - bær vert det mindre av. Men bær finst faktisk å få kjøpt dersom det blir for lite.

Dagens dikt


Dette er mitt ellevte bud:
Du skal rydde rommet ditt
Hilsen Gud

I staden for ein lang, lat dag i solveggen vart det tur i skog og mark





Skodda hadde letta såpass at eg tok sjansen på ein ny tur til Norddalen i kveld. Denne gongen gjekk eg råsa frå Austefjorden, noko som er ein lettare tur enn den eg gjekk sist. I alle fall oppover, då mykje av råsa gjekk over berg. Då eg kom opp til setra, begynte det å regne, så nedover vart stien sleip og glatt somme stader. Der var dessutan fullt av padder - noko som sette ein støkk eller to både i meg og bikkja. Eg skjønar meg ikkje på folk som bekymrar seg over at denne arten kan bli truga av vegutbygginga - dei er rett ut sagt ekle!

mandag 27. juli 2009

Vêret innbyr til hauststemning, og i haustferien skal eg til London og sjå Mamma Mia!!!

Utruleg glade i camping?


Etter to netter med overnattingsgjester i campingvogna har dei tre yngste enno ikkje fått nok. No insisterer dei på at dei tre skal ligge der i natt og sjå film til dei somnar - noko dei har gjort nesten kvar kveld sidan vi kom att frå Sverige. Yndlingsfilmen no er "de Utrolige", og det passar no bra. Eg synest det er utruleg at nokon gidd å sjå den same filmen omatt og omatt slik dei gjer.

Minstemann synest det er litt urettferdig at ein ikkje får snacks og godis sjølv om ein ikkje har kompisar med seg i vogna, og han har heilt klart eit poeng.

søndag 26. juli 2009

Mitt nye liv som Catwoman


Etter eit år som Indiana Jones har Minstemann no lagt hatten på hylla for godt, ser det ut til. Det betyr òg at min karrière som Marian (den minst fjollete dama i filmane) er avslutta, og vi unngår kanskje å springe beina av oss i skogsvegen fordi "kula kommer, vi må løpe!".

Ex-Indiana har rett nok funne seg ein ny helt, og stiller no som Batman. Nummer 2 er the Joker, Nummer 3 er Batgirl, hunden Bau er Twoface og Gamla har fått sitt livs hittil beste rolle.

Var det nokon som lo der ute?

NB: det vedlagde biletet er ikkje av meg...

Together again

Eldstejenta er heime att - trøytt, men heil. Mora konstaterer etter fem minutt at jenta er småsjuk, utrangla og ikkje så strålande blid som vi hadde forventa. Vi håpar det meste blir betre i morgon...

Drageløperen


Eg har hatt denne dvd'en liggande i fleire månader, men først i kveld hadde eg nok aleinetid i stova til at eg kunne sjå den. Boka om drageløparen er svært god, sjølv om slutten nesten vart litt for lukkeleg, men filmen var betre akkurat når det gjaldt sentimentalitet. Mykje er annleis i fantasien enn på film, og tilhøva i Afghanistan er såpass framande at filmversjonen er meir korrekt. I dette tilfellet ser eg fordelen med å ha lese boka, men vil òg hevde at filmen er minst like god. Og vesle Hassan var no berre skjønn!

lørdag 25. juli 2009

Upretensiøs laurdagskos


I kveld har eg, i tillegg til mine eigne tre yngste, to kjekke karar i heimen. Det vil seie; avtalen er at storegutane skal ligge i campingvogna på tunet i natt, så eigentleg har eg det stille og fredeleg i huset. No har eg akkurat varma ferdigpizza til gjengen - stort enklare og meir populært kan det neppe bli i ein slik gjeng. Ungane kom, åt, konkurrerte i kven som kunne lage raraste lydane ved hjelp av diverse kroppsdelar, og så forsvann dei ut med eit blidt "takk for mat". Alt ligg til rette for ein triveleg kveld der Gamla er eineherskar over fjernkontrollen til tv'en...

Eldstejenta ute av Danacup - og på heimveg


Torsdag i førre veke sette vi frå oss Eldstejenta hos venninna i Volda, og fredag reiste dei vidare mot Danmark og Danacup. I går kveld ringde ho og sa dei var slått ut, og at ho derfor skulle reise heimover med ein gjeng frå Gursken i dag. Vi ventar henne heim i løpet av natta eller i gryotta i morgon. På biletet, som eg henta frå heimesida til VTI, ser vi henne og bestevenninna heilt til venstre i biletet. Den store gleda har noko med ein siger i straffesparkkonkurranse å gjere.

Resultatet til slutt vart, som det står på heimesida, bronseplass i B-sluttspelet. Det seier ikkje meg noko særleg, men det er visst dårlegare enn i fjor, då dei var i A-sluttspelet.

Uansett skal det bli godt å få heim Eldstejenta - det er stille i huset når ho er borte, og det kan bli litt keisamt i lengda.

fredag 24. juli 2009

Kiss - eitt av mine mange favorittband

Familietreff på Hareid






Eldstejenta og eit par onklar mangla i dag - elles var ni søskenbarn samla, men berre sju av dei vart foreviga. Journalisten og jusstudenten kom etter at blogg-tanta var ferdig med å gå knipserunden sin, og dei vaksne fekk vere i fred denne gongen.

På heimveg kom eg på at dette truleg vart den årlege markeringa av at ferien, og dermed sommaren, går mot slutten. La oss håpe på nokre fine dagar no på tampen!

torsdag 23. juli 2009

Dagens solnedgang

Bok 45 2009: "Liljer fra Jerusalem" av Gert Nygårdshaug


Tidlegare har eg lese "Mengele zoo" av same forfattar, og den var eg delvis begeistra for, heilt til den tok heilt av mot slutten. Eg hadde derfor sånn passe lunka forventningar til denne romanen, og eg må har klare berre få seie at dette er noko av det elendigaste eg har lese. Krim er ein krevjande sjanger å skrive, for sjangerkrava er temmeleg urokkelege. I denne boka er det slutten som er heilt ute på viddene. Personar skiftar personlegdom totalt, og ein får svært mykje informasjon etter at gåta er løyst. Eg les på nettet at dette er den åttande romanen i serien om Skarphedin Olsen, og eg registrerer kjapt at eg kan spare mykje tid på ikkje å lese dei sju første.

Dagens date



Kollega-venninne K og Lykketrollet hennar er hyggeleg selskap, og i dag var vi på kinarestaurant i Ørsta. God mat, godt selskap og god prat - kan ein ønske seg meir? Eg må nesten le av breidda på temaa vi snakkar om; utanom det heilt personlege kan vi snakke om alt frå og/å-reglar til julemarknaden i København. Er det rart vi kosar oss?

Blåbær og besøk







I dag var vi på blåbærtur, men fangsten var heller skral. Lilla tenner og fingrar tyder på at vi inntok lunsjen ute, men boksane var like tomme då vi kom heim. På heimveg møtte vi triveleg slekt som stakk innom og fekk sjå mor/bestemor/oldemorsheimen.

Minne frå UKM - Jeki var for ung til å delta i konkurransen, men ho vann i alle fall hjartet mitt, og eg må framleis gråte når eg høyrer henne...

Ozzy Osbourne; ein av Gamlas absolutte favorittar

Vassendgutane sin versjon av ein god, gamal Zengana-hit

onsdag 22. juli 2009

Berre ball




I dag var dei tre yngste og eg i Ørsta på besøk. Der var også Bror min med familie, og søskenbarna hadde det kjekt ilag - mellom anna hadde Nummer 3 mykje moro med å leike butikk, der ho selde sukkererter og rips. På menyen stod "ball" (raspeball, komle - you name it, I eat it). Ungane fekk valet mellom "ball" og risengrynsgraut, og då valde dei grauten. Ein relativt sløv dag -no skal eg spenne på meg skritt-teljaren og gå ein lang tur. Trur eg.

tirsdag 21. juli 2009

Harry Potter-dilla?


Sidan vêret er så som så, tok eg med dei to mellomste og ein kompis av Nummer 2 på kino i Volda i dag. Filmen var sjølvsagt den nyaste Harry Potter-filmen, sjølv om eg må innrømme at det ikkje er min favoritt. Vi har alle dei tidlegare filmane på video og dvd, men eg har aldri sett ein heil film. Det blir litt for langdrygt og urealistisk for meg - sjølv om eg likar Narnia, som er litt beslekta. Eg var derfor ikkje særleg optimistisk då eg sette meg føre i kinosalen, men eg vart faktisk positivt overraska. I alle fall litt. Filmar av dette kaliber er absolutt best på kino, og ein blir då tvinga til å sitje og konsentrere seg om filmen i nesten to og ein halv time utan facebook, måltid eller andre uroande element. Bortsett frå to usannsynleg bråkete gutar som sat rett bak oss, og som eg verkte etter å irettesetje (i og med at mora var med, syntest eg det var hennar oppgåve). Kanskje har eg hatt lærarferie altfor lenge...