søndag 29. november 2020

Første søndag i advent 2020


Tradisjonen tru var det Minstemann som tende det første lyset i adventsstaken vår. Seinare på dag reiste vi til Folkestad, der korpset skulle spele til julegrantenning. Arrangementet fann stad på plassen nedanfor barnehagen og omsorgsbustadane, og bebuarane og arbeidarane der følgde med på korpsmusikk, song og leikande born på uteområdet til barnehagen. Veslejenta spelte saman med korpset, men Minstemann fekk ikkje delta, då dei ikkje skulle ha med trommer. Det var ekstra fint å vere samla i år, ikkje berre på grunn av korona, men òg fordi det har vore tale om å legge ned drifta i omsorgsbustadane.

Veke 48

Veka er ikkje slutt enno, men laurdag kveld sit eg og tenkjer at veke 48 har vore i overkant hektisk. Berre måndagen verka som fleire dagar, men slik er det gjerne. 

Måndagen fekk ein idiotisk start då eg vart liggande vaken og høyre ferdig ei lydbok natta før. Tre timar søvn var alt eg fekk, før eg måtte stå opp halv seks. Vanlegvis går det greitt med ei søvnlaus natt berre eg får slye meg litt på sofaen etter jobb, men denne dagen var eg berre heimom ein knapp time før eg måtte til sentrum att. Der var det først gruppe/medlemsmøte 18-20.00, og deretter møte med nokre av dei andre partia 20-22.00. Eg kom heim litt etter 22.30, og då vart eg sjølvsagt sittande oppe og snakke litt med Veslejenta. Ho hadde servert meg middag medan eg var heimom om ettermiddagen, men det var kjekt å få prate meir med henne. Eg saknar å ha henne buande heime.

Tysdag vart det ein nokolunde ok dag på jobb, og så vart det berre ti minutt innom heimen for så å plukke med meg ungdomane og køyre til Eid. Der gjekk vi på kinarestaurant og feira 17-årsdagen til Minstemann. Det vart ei hyggeleg stund, og så kjøpte vi med oss litt godsaker på butikken i staden for å ete dessert. Vi såg ein (dårleg) film og prata om kvelden.


Onsdag var eg på møte i TOK. Vanlegvis er eg tidleg ferdig på jobb på onsdagane, men denne onsdagen var eg ikkje heime før i 17-tida. Heldigvis hadde eg ikkje noko på programmet om kvelden, så då hadde eg lova Veslejenta å hjelpe henne med heimeeksamenen som skulle leverast torsdag. Det einaste eg forlangte var å få sove litt på sofaen, så då sette vi på ein dum serie vi kunne kose oss med. Kunsten er å finne noko som er så lite interessant at ein sovnar (note to self: styr unna radioteateret). Etter at eg hadde hjelpt henne med rettskriving o.l. kunne ho levere, og så såg vi meir serie og slappa av.

Vekas verste dag var torsdag. Studenten hadde sin siste dag onsdag, så no skulle eg ta over undervisninga sjølv, med fire timar engelsk. Det vart fire keisame timar fordi internettet svikta, og eg jobba i lunsjen for å kome meir ajour før kommunestyremøtet. I midttimen var eg på møte, og så fekk eg laga klart til fredagen før eg suste av garde på kommunestyremøte. Det varte til nærare 20.00, og eg var temmeleg gåen etterpå. Vi hadde oppe fleire vanskelege saker, og vi måtte i tillegg bruke munnbind. Eg har ikkje brukt det før, og i lengda var det ubehageleg. 


Fredag hadde eg fagdag i engelsk, og då hadde vi eit opplegg om "The Roaring 20s" som studenten hadde gjennomført i den andre klassa. Det vart ein kjekk og lærerik dag, trur eg, men eg hadde dundrande hovudverk. Etter jobb for eg heim og henta Veslejenta, tok ein paracet og køyrde til Ørsta. Veslejenta hadde ikkje besøkt bestemora enno, så det var veldig kjekt å få høve til det. Bestemora stilte med julemiddag, og eldstenevøen min kom òg innom. Det vart nesten eit lite førjulsselskap av det, og det var veldig hyggeleg. På vegen heim henta vi med oss Minstemann og handla litt.

I dag, laurdag, ville minstemann øve til tentamen på grendahuset. Han skulle gjere diverse opptak av song og instrument, og då ville han helst vere aleine. Veslejenta og eg køyrde til Eid for å shoppe julegåver, og ho var rett hjelpsam. I neste veke får eg ta meg ein runde utan henne, såpass eg får handla til henne òg. Vi kjøpte òg litt julepynt, og då vi kom heim, begynte vi å stryke gardiner og sette fram diverse julepynt og julelys. I går hadde vi kjøpt meir lys til å ha ute, blant anna ein krans til å ha på døra. Etter kvart laga vi oss mat, og så slya vi oss framfor tv-en med programmet "Maskorama" m.m. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å sjå det, men det var no litt kjekt. 

No er det nesten leggetid, og i morgon håpar eg vi får rydda litt og laga til resten av julepynten. Det er mykje styr med jula, men det er no mest kjekt. Eg plar ikkje bake eller lage noko anna til jul, men eg har ein jobb der arbeidsmengda toppar seg i desse tider, og i tillegg tek budsjettprosessen mykje tid. I veka som kjem blir det langt rolegare, trur eg, men på fredag får eg inn heile tre tentamensbunkar. Måndagen etter kjem den fjerde. Ein kan godt snakke om fire bunkar i advent, og det er vanskeleg å kose seg skikkeleg før dei er ekspederte.








lørdag 28. november 2020

Bok 91 2020: "Kurtby" av Erlend Loe


Boka kjøpte eg i papirutgåve då den kom ut, men eg kom ikkje så langt at eg las den ut då - mest fordi ungane ikkje ville høyre den. Og dette er ikkje på nokon måte ei barnebok, slik eg ser det. Som tittelen antydar, er dette ei satirisk bok om den religiøse sekta i Knutby, men no omsett til barneboksjangeren. Kurt blir pastor i ei pingpong-menigheit, pressa av Kirsti Brud, og han går over til nynorsk i same prosessen. Eg mora meg veldig over denne boka.

Bok 90 2020: "Sitt ned og hold kjeft" av Knut Nærum


Denne boka er ei sjølvhjelpsbok for å få mindre sjølvtillit. Det er ei satirisk og interessant bok, og eg har lese den tidlegare - i 2012, viser det seg. XDen var like god då, kanskje betre, sidan samfunnssatirisk humor ofte går ut på dato.

Bok 89 2020: "Nattmannen" av Tor Edvin Dahl og Lars Elling


Dette høyrespelet fekk meg til å ligge vaken ei halv natt. Det var ikkje berre at forteljinga var spennande, men der var òg så gode lydeffektar at stemninga vart svært engasjerande. 

Sjølve forteljinga tek utgangspunkt i eit par som ventar barn, og der mannen i huset har vakse opp på barneheim og ikkje har minne frå sin tidlege barndom. Han har slutta å jobbe som patolog og har i staden begynt å flytte møblar ut av dødsbo sman med ein kompis. På eitt av desse oppdraga får han så underlege kjensler, og på ein merkeleg måte har han minne som vert vekte til live.

Eg skal ikkje seie at dette var verdas best skrivne forteljingar, men eg vart liggande vaken for å få med meg slutten, og det er i seg sjølv ein kvalitet.

søndag 22. november 2020

Bok 88 2020: "Vennlig hilsen Lucifer" av Helge Hagerup

Radioteateret har hatt mange spennande produksjonar, og denne gongen fann eg ein skikkeleg godbit. Krimforteljinga inneheld ei "lukka roms gåte" og eit noko okkult miljø, så dette var verkeleg mykje underhaldning. Når så musikken var komponert av Eyvind Solaas, seier det seg sjølv at det måtte bli bra.

lørdag 21. november 2020

Bok 87: "Sherlock Holmes. Gullorgnetten. Smaragdkronen." av Arthur Conan Doyle


Denne lydboka inneheld to forteljingar om Sherlock Holmes gjort om til radioteater. Det var ikkje dei beste historiene eg har høyrt, men det var heilt ok underhaldning. Det eg likar med radioteater er lydeffektane, og dei var det få av her. Litt skummel cembalomusikk var det rett nok med.

Fin fri-fredag


Onsdag kveld begynte det å snø noko heilt forferdeleg. Eg gjekk ut og rygga bilen ned i svingen så eg skulle greie å kome meg ned oppkjørsla neste morgon, og seint på kveld kom ein nabo med traktor og moka det meste av vegen for meg. Neste morgon låg snøen tung og fastfrosen, og det var litt av ein jobb å få bilen snøfri. Vegen ned gjekk relativt lett. Då eg kom heim frå jobb torsdag, stogga eg nedst i bakken, der bilen vart ståande nedfrosen og fast i snøen til laurdag føremiddag. 

Fredag hadde eg undervisningsfri. På grunn av det dårlege vêret som var meldt laurdag, gjekk eg meg ein fin tur til Mjeltvika i snø og sol på fredag, så kunne eg heller jobbe inne laurdag. 

Bok 86 2020: "Mannen fra bensinstasjonen" av Sigurd Christiansen


Julius Klüver lever eit einsamt, men fredeleg liv, heilt til han ein dag får høyre at kona hans, som han jaga frå seg for 12 år sidan, er funne myrda på bestialsk vis. Klüver har lenge klart å la vere å tenkje på henne, men no kjem minna attende og han begynner å spekulere på kvifor ho vart drepen, og korleis det har gått med dottera hennar. 

Boka kom ut i 1941, og mange les den som ein kommentar på samtida i det okkuperte Noreg. Det er ingenting som direkte peikar mot dette, men tematikken om skuldkjensle og hat høyrer meir heime i etterkrigstidas litteratur.

Eg kan ikkje seie at boka var dårleg, men det vart i overkant mykje sjølvransaking og refleksjon etter min smak. Noko av det som plaga meg mest, var opplesaren sin heseblesande lesemåte. Det vart mykje pusting og dramatikk sjølv i rolege scener.

onsdag 18. november 2020

Takksam helg


Sist helg hadde eg Minstemann og Venninna i heimen, og eg bestemte meg for å lage "thanksgiving"-middag med kalkun, fløytegratinerte poteter og diverse. Dette heldt meg i ånde medan det var dagslys laurdag, så søndag prioriterte eg ein tur i Mjeltvika medan det enno var lyst. Det var nydeleg og mildt vêr heile helga, og regnet kom etter mørkret på søndagen.

Bok 85 2020: "Vi mot dere" av Fredrik Backman


Boka er eit framhald av "Bjørnstad". Livet går vidare, og fleire har valt å gå over til nabobyens lag, noko som fører til at dei to laga blir erkefiendar. Den store avsløringa i denne boka er at ein av spelarane er homofil, noko som slett ikkje er så enkelt i det svært valdelege og macho hockeymiljøet. Elles skjer mange andre meir og mindre dramatiske hendingar, og boka er vanskeleg å legge frå seg.

Bok 84 2020: "Bjørnstad" av Fredrik Backman


Bjørnstad er ein liten by i distrikts-Sverige. Den store lidenskapen i byen er hockey, og boka handlar mykje om kampen om å bli akseptert og bli med på laget. Ein får òg innsyn i eit sosialt delt samfunn, der nokre bur på "Høyden" medan andre bur i "Dumpa".  

Det store problemet i samfunnet oppstår når den beste spelaren på laget valdtek ei ung jente. Kven er den skuldige, eigentleg? Byen vert kløyvd i synet på saka.

Boka er blitt laga om til serie, og den skal eg vente litt med å sjå. Boka var god og godt skrive, og den er den første boka i det som er planlagt som ein trilogi.

søndag 8. november 2020

Søndag i bygda


Søndagen kom med meir gråvêr, og eg enda opp med å gå ein tur innover bygda. Det er tjue år sidan eg flytta til krinsen her, og eg er utruleg glad i det eg no kallar heimbygda mi. Eg møtte ingen på turen, men det var mange spor etter aktivitet i hagar og ved småbåthamna. 

Laurdag på Stigedalen


Førre helg gjekk me tur på Stigedalen utan å ta eit einaste bilete. Denne laurdagen gjekk eg tur frå parkeringsplassen og heilt inn til vegs ende, så turen var på over ei mil. Vêret var ikkje all verda, men det var fint å gå på grusvegen. Mange andre var ute og gjekk, og det er kjekt å sjå folk i desse tidene. Dørstokkmila er plagsam til tider, og eg var svært nøgd med meg sjølv etterpå. 

Biden og Harris

 Denne siste veka har vore sterkt prega av presidentvalet i USA. I førre veke gjekk studenten eg har no gjennom valordning og det politiske systemet i USA, og denne veka har både vi, elevane og dei fleste eg kjenner sete klistra framfor tv-en for å følgje med. Resultatet vart ikkje klart før laurdag, då Biden vart erklært som vinnar, men det er likevel knytt spenning til korleis den sitjande presidenten vil takle nederlaget. Førebels har han twitra om at han er den eigentlege vinnaren, men dei fleste meiner vel at han berre er ein ekstremt dårleg tapar.

Etter kveldar med rangling, timar framfor tv-en og tallause oppdateringar på internett skal det bli godt å kunne lande - noko som i svært mykje større grad gjeld dei involverte, som no skal planlegge overtakinga. Eg har stor tru på den nye duoen, og eg heiar mest på den komande visepresidenten Kamala Harris, som både symbolsk og for den ho er kan bli den endringa nasjonen treng.

Bok 83 2020: "Så mye hadde jeg" av Trude Marstein


I denne boka møter vi Monica, som gjennom eit langt vaksenliv opplever kjærleik, brot, fødsel, død - ja, sjølve livet, kan ein vel seie. Ho er til tider irriterande, fordi ein meiner ho gjer feil val med omsyn til menn og familie, men dette er med på å gjere henne meir truverdig òg. Til tider var altså boka irriterande, men den er òg interessant og tankevekkjande. 

søndag 1. november 2020

Folkemøte mot nedlegging


Torsdag var eg på folkemøte. Det var foreldre med born i barne- og ungdomsskulen i bygda som mobiliserte mot eit forslag om å flytte ungdomsskuleelevane til sentrum. Sjølv har eg hatt born i bygdeskulen i til saman 19 år, men denne gongen møtte eg fordi eg er kommunepolitikar og SU-medlem. Problemet er at talet på elevar kjem til å gå dramatisk ned om nokre år, og då vert det eit vanskeleg val om ein skal gå inn for å halde på ein ungdomsskule med 10-15 elevar på heile ungdomstrinnet, eller om ein skal forlenge pendletida til ungane. 

Å sende borna mine til ein relativt liten skule, der dei yngste gjekk i til saman 10 år i same bygget, var ein viktig kvalitet ved det å bu på bygda. Eg ser òg at borna kjende ei tilknyting til bygda der dei gjekk på skule. Likevel ser eg at det vart litt spesielt med fem, seks elevar i klassa, slik tilfellet vart for Minstemann. Uansett meiner eg det bør vere foreldra som bestemmer at borna eventuelt bør gå på skule i sentrum, ikkje ein kommuneadministrasjon som skal spare pengar.