tirsdag 30. november 2010

Julepynting med måte



Første søndag i advent kom brått på i år, men noko julestemning må ein greie å få til. Eg er glad i å brenne røykelse og duftlys, det heng ei stjerne i kjøkenglaset og står ein elektrisk stake i stoveglaset. Eg trur eg skal vente med å ta fram nissane nokre dagar til - eller kanskje i morgon, når det er første desember.

Årets adventskalenderar er til Minstemann ein "lego city" kalender som vi kjøpte i Ørsta medan Veslejenta dansa i går. Veslejenta og Storegut har fått ein 10-kroners filtkalender frå Rema, som vi har stifta fast posar med griseflax-lodd i. Dei delar på den, og dei skal òg dele eventuell forteneste. Vi fall for freistinga og laga ein identisk kalender til Eldstejenta - eg var oppe hos henne og leverte den i dag før vi for av stad og TRENa, ho og eg.

Julestresset er i gang, for i dag var det første tentamensdag i norsk. Eg begynner ikkje på den i dag, men tenkte å kome i gang med den i løpet av morgondagen. Det blir vel MIN adventskalender...

søndag 28. november 2010

Første søndag i advent




Nok ein iskald og nydeleg vintersøndag! Minstemann og eg gjekk ein tur med hundane før middag, og hundane storkosa seg med å rulle rundt i det vesle som finst av snø. Middagen var svineribbe i dag, og det smakte sjølvsagt godt etter ein stor posjon frisk luft som forrett.

Eigentleg skulle eg ha vore med på julegrantenning, men Veslejenta vart sjuk, så då måtte eg vere att og passe henne. Då dei hine kom att, gjekk eg ein tur til med den eine hunden - det har blitt altfor lite trim i det siste. Det er noko med at ein kjem frostige heim i halv ni-tida om kvelden og ikkje gidd gå ut att...

I kveldinga fekk Minstemann tenne på det første lyset i den nye staken. Det går mot jul, ingen tvil om det, og for ei firebarnsmor med full jobb er det ikkje berre kos med advent...

lørdag 27. november 2010

Laurdag: shopping, selskap og stryking

I dag skulle jentene øve til ballettshowet i Ørsta. Trudde eg. Det var nemleg berre Eldstejenta som skulle i elden, så Veslejenta og eg tok oss ein shoppingrunde før vi alle tre for av stad for å halde selskap for Minstemann. Det var eit triveleg selskap, og han fekk mange fine presangar, så også denne gongen såg han nesten litt fram til at selskapet skulle ta slutt så han fekk opne legopakkane og sette i gang med bygginga.

No i kveldinga driv eg og pyntar litt til advent/jul. Eg kjøpte nemleg ingen gåver i dag, men til dømes nye jule-kjøkengardiner, som eg no har stroke og hengt opp. Eg kjøpte dessutan røykelse, så no manglar berre gull og myrra før jula er i boks.

torsdag 25. november 2010

Best Thursday ever?

Ja, det er ikkje langt unna, i alle fall blant vanlege kvardagstorsdagar. Det er tre grunnar til at denne dagen vart så bra:

  1. Tur til og frå Ålesund med tre supre kollegavenninner - mykje prat og latter i bilen til og frå.
  2. Engelskkurs om spennande tema, med flinke foredragshaldarar. Temaa spende frå "Broken Britain", ein gjennomgang av utviklinga av det britiske samfunnet, via gode tips til undervisningsopplegg og evaluering av eksamenssvar, til ein grundig gjennomgang av nokre filmar som kan brukast i undervisninga og tips til korleis. Til alt overmål fekk vi lære ein enkel måte å rippe filmar og lagre snuttar frå dei i eigne spelelister. Lukka er stor!
  3. Shopping spree på Moa... Det vart litt tid til slike trivialitetar òg, sjølv om det vart minst like mykje kiking som handling. Eg fekk endeleg tak i den siste MCR-plata, som dei sjølvsagt ikkje hadde fått inn på butikkane i Volda. Ironisk nok har eg hovudverk etter ein lang dag, så eg orkar ikkje å høyre på musikk...
Takk til superdamene for triveleg lag på ein lærerik dag!

Farfar 70 år!

Feiringa av Minstemann var òg ei minifeiring av Farfar, som i dag vart 70 år.

I gave frå ungane og meg fekk Farfar eit bilete som vi tok i haustferien. Vi har ikkje lagt det ut på bloggen før, for det skulle vere ei overrasking. Eldstejenta har hjelpt meg med redigeringa, oppsettet og påkledninga. Innramminga fekk eg profesjonell hjelp med, og eg syntest det vart fint med svart passepartout og ramme i svart og "gull". De får ta dykk ein tur på besøk viss de vil sjå korleis det vart.


Sidan Barnefaren er einebarn, blir det eit avgrensa tal barnebarn for Farfar og Farmor. Dei har mange bilete av gullungane frå før, men det kan no vere kjekt med eit rykande ferskt eit. Eg er ikkje på nokon måte nokon fotograf, men det er relativt usannsynleg at vi karar oss av garde med heile gjengen til ein profesjonell fotograf med det første, og då var dette eit greitt alternativ.


På facebook såg eg at Farfar fekk gratulasjonar og lukkeønskingar for dei neste 70 åra. Det var kanskje å vere vel optimistisk. Eg håper i alle fall han får mange gode år framover, og at helsa held såpass han får vere aktiv slik han trivst best med å vere.

onsdag 24. november 2010

Minstemann 7 år!

I dag var det Minstemanns store dag, og den har han gleda seg lenge til.

Dagen starta med "morgengave" som låg klar på kjøkenbordet då han stod opp. Den eigentlege presangen frå familien skulle han få seinare på dag, men eg meinte han skulle få markere dagen frå morgonen av. Derfor vart det sjokolade før frokost i dag.

Etter ein dag med mykje moro saman med naboguten, og mykje uteliv i vakker novembersol, sette han og eg kursen mot Volda, der faren, søskena og besteforeldra venta med gåver og gratulasjonar. Vi feira med pizza på Viva Volda, men hovudpersonen sjølv ville ha spagetti bolognese.






Farfaren måtte òg heidrast litt i dag; han blir nemleg 70 år i morgon. Vi feira altså ein 7-åring og ein 70-åring samtidig - det er historisk!

Bileta talar sikkert for seg sjølve. 7-åringen var strålande nøgd med både harde og mjuke pakkar, gjestar og selskapsmat. Etter ei stund lurte han på om det var ferdig snart, for han ville heim for å bygge lego.

tirsdag 23. november 2010

Kunsten å få Askepott til å føle seg som ei prinsesse

På privaten daffar eg gjerne rundt i felleskjøpdress str 14 år. Med ullhue og hanskar, skjerf og fjellskor som accessoir, og i tillegg ei rumpetaske med discman i, eit headset på øyrene og ei hovudlykt. Og refleksvest. Ungane er ikkje akkurat stolte av mor si når ho legg ut på vandring i denne habitten.

Så snart eg skal ut blant folk i meir urbane strok, synest eg det er kjekt å sjå litt betre ut. Problemet mitt siste tida er at eg frys, og at eg kasta den gamle vinterkåpa i vår for å unngå at eg brukte den nok ein sesong. Prosjektet har vore å finne ei ny, varm ytterjakke - som i tillegg kunne sjå litt bra ut. Det har seg nemleg slik at eg ikkje tek meg så godt ut i tjukke dunkåper, til dømes, fordi eg rett og slett forsvinn inne i jakka. I side kåper ser eg ut som teskeikjerringa. Sjølvtilliten er ikkje på topp når eg kjøper klede elles heller, men ytterjakker er verst av alt. Å drukne i str 36 er nemleg ikkje det spor hyggeleg, sjølv om eg no har gått opp fleire kilo og ikkje lenger er, for å sitere Storegut, "pittelita og drittynn".

I dag entra eg nok ein butikk, og så tok eg mot til meg og forklarte ærendet mitt. Og der kom dei med den: Kåpa. Dei hadde hatt mange innom som hadde villa prøve den, men ingen så "nett i figuren" (sitat ekspeditrisa) som meg. Eg var altså utvald. Og den sat som støypt på, var perfekt i fargen (ville unngå svart og blått), perfekt lang og perfekt varm. Heile to ekspeditriser måtte beundre meg høglydt og fortelje meg kor fin eg var, der eg kroa meg framfor spegelen. Litt karikert affektert sa eg at "det er liksom noko som manglar - eit nytt sjal", og dei lo og henta fram det eine skjerfet etter det andre, samtidig som dei la ut om kor godt eg kledde kåpa. Eg fall for eit superfeminint blondetøystykke som dei "akkurat hadde fått inn", for blonder er no "heilt meg" - eller? "Nei, no vart du berre utruleg fin", sa ekspeditrise nummer 1, medan nummer 2 sa seg heilt einig, vel vitande om at dei har fått ein ny stamkunde.

Eg vegra meg mot å ta av den nye kåpa og få på den gamle softshell-filla mi - den verka så ussel i forhold - men det var med uvanleg lette steg eg sveva ut av butikken og inn i den neste, der eg kjøpte meg støvlettar i ein mindre feminin og meir praktisk stil. Dei passa kanskje ikkje heilt til kåpa, men dei var på tilbod. Ein må no vere litt fornuftig òg, innimellom.

søndag 21. november 2010

Oppsiktsvekkjande familie

Denne søndagen har vore uvanleg sløv for min del. Middagen fekk eg ferdig servert; Barnefaren baud på hjortegryte og fløtegratinerte poteter. Jentene hadde baka vaniljebollar som vi hadde til dessert. Og i og med at eg som vanleg hadde ete for mykje, lokka eg familien med ut på tur etter middag.

Eg vert ofte sjokkert over kor lite refleks folk bruker, spesielt i tettbygde strok. Dagens illustrasjonsfoto er meint å skulle minne blogglesarane om at det er viktig å utstyre seg med rikeleg refleks, også på hundar og vaksne. Det ser ikkje heilt pent ut, men det viktigaste er å bli sett - i tide. Vegane er glatte, og bremselengda kan verte katastrofalt lang.

lørdag 20. november 2010

Ein nydeleg novemberlaurdag

Sidan Storegut var på besøk med ein kompis, var det berre dei to yngste som var heime i dag. Veslejenta skulle i selskap tidleg, så då vart Minstemann og eg aleine. Eigentleg skulle eg vaske hus, men dagen var nydeleg med strålande sol, så vi var ute det meste av dagen. Nabogutane hadde besøk av ein kompis til, så det vart mykje traktorkjøring og denslags leik.



Husvasken tok eg då sola var gått ned.

fredag 19. november 2010

Frå norskundervisninga, tema retorikk:



At the end of the day...

Nokre av problemstillingane på jobb denne veka har vore:
  • Kven bestemmer kva som er god kunst - "folk flest" eller ein kulturell elite?
  • Korleis skal ein reagere dersom ein vert utsett for ei kulturell oppleving ein ikkje set pris på?
  • Kor lojal skal ein lærar føle seg forplikta til å vere?
  • Kvifor set vi pris på "reality"-program på tv?

....og ikkje minst:
  • Finst det eit betre yrke enn læraryrket?
Personleg er eg overtydd om at eg har verdas beste jobb med supre og kloke kollegaer som det er interessant å snakke med, i tillegg til elevar som i all hovudsak er hyggelege og oppegåande. Eg føler meg privilegert som får snakke om dikt og noveller, sjå teaterstykke og filmar og diskutere youtube-klipp med Hitlers talar og kunne kalle det "jobb".

God helg, alle saman!

torsdag 18. november 2010

onsdag 17. november 2010

Over ævne - eller i alle fall bak mål...

Javisst var eg pessimistisk, men som så ofte før fekk eg også rett. "Teatret vårt" sette opp Bjørnsons "Over ævne II", og elevane våre fekk tilbod om gratis teater i skuletida. Så langt var det greitt, men så var det oppsettinga, då. Eksperimentelt teater høver kanskje for 5% av målgruppa, medan resten blir skremde frå å gå i teatret i vaksen alder. For mange er skulen den einaste instansen som tilbyr dei teateropplevingar, og då ser eg faktisk ikkje noko poeng i å skremme dei vekk på denne måten. Når alle elevar skal sjå det same stykket, kan det godt vere eit tradisjonelt og lettfatteleg stykke. Det eksperimentelle føreset kjennskap til det tradisjonelle. Teaterfolk er sikkert lut lei av tradisjonelle oppsettingar, men ein må vel også i denne bransjen "kjenne sitt publikum"?

Fleire elevar gjekk midt i stykket - eg håpar det var ein protest, og ikkje fordi dei skulle nå ein buss.

mandag 15. november 2010

Topp med toppidrett!

Gladnyheit for jobben

Bok 59 2010: "Over ævne II" av Bjørnstjerne Bjørnson

Stykket er frå 1895, og det er prega av dei politiske trendane i samtida. Ein møter eit bysamfunn der overklassen bur oppe i sola, medan dei fattige, streikande arbeidarane bur i eit inntørka elveleie som berre blir kalla Helvete. Sola skin aldri der - ein symbolbruk/metafor vi hugsar frå  "Granlien" i "Synnøve Solbakken". Nokre av arbeidarane planlegg å bombe byen.

Kvifor eg las dette stykket akkurat no? "Teatret Vårt" har modernisert og sett opp stykket, og alle elevane våre skal sjå det på onsdag. Eg håpar det blir betre enn eg fryktar...

søndag 14. november 2010

Farsdag: ballj, basar og Bjørnson


Laurdag var ungane og eg i Ørsta og feira farsdag for min far, men i dag skulle deira far feirast. Festmiddagen laga han sjølv, og det var ballj og brudevoldmôr. Eg åt altfor mykje, og det var derfor tvingande nødvendig å gå ein tur med hundane før basaren. Minstemann vart med på turen.

For tredje søndag på rad stilte familien på basar, denne gongen for korpset i bygda. Dei tre korpsmedlemmene var ivrig involverte i både speling, åresal og utbering av gevinstar, men det vart òg noko tid til kaffi og kaker.

Eg gjekk ein tur til med hundane etter basaren, men det er ikkje så hyggeleg å gå tur når vegane er så glatte som no. Månen og stjernene er derimot så vakre at utelivet freistar.

Vel heime sette eg meg føre med Bjørnsons samlede. Onsdag skal heile skulen på teater og sjå "Over Ævne II", noko eg er litt spent på utfallet av. Eg førebur meg i alle fall så godt eg kan på det vi skal sjå, og så får tida vise om det fell i smak.

Bok 58 2010: "Bly" av Lars Saabye Christensen

Det er mange år sidan eg las "Beatles", men resten av trilogien har lege i "skal lese"-bunken heilt til no. I og med at ein av norskelevane mine vil skrive fordjupingsoppgåve om dei tre bøkene, fann eg det påskotet eg trengde. Eigentleg burde eg ha lese oppatt "Beatles" først, så eg hadde den friskt i minnet, men det var godt mogleg å lese "Bly" som ein frittståande roman. I starten møter vi Kim Karlsen, som gir nokre fragmentariske døme på kva han har opplevd dei siste ti åra. Ein blir som lesar litt forvirra, for framstillinga minner om ein slags draum eller eit syn frå ein rus. Etter kvart vert det meste klarare for oss, gjennom dei ulike delane.

Som vanleg trur eg at eg burde ha sett i papirutgåva for å få oversyn over dei ulike delane, men Kim Haugen les veldig godt, med ulike stemmer og snakkemåtar for dei ulike personane.

lørdag 13. november 2010

Morfars bursdag/farsdagfeiring


Vi plar feire Pappas bursdag og farsdag på trdisjonelt vis i Starevegen, med julemiddag og familieselskap. Så også i år, men eg bad om at vi skulle flytte feiringa til laurdag på grunn av morgondagens korpskonsert. Besta og Systa skriv om familieselskapet - la meg berre seie at maten var fantastisk og selskapet upåklageleg. Jubilanten fekk hjelp av Minstemann til å pakke opp gåvene.

Jubileumsfest (scanna frå "Møre")

fredag 12. november 2010

onsdag 10. november 2010

Gamla anno 1986


I utstillinga vår hadde vi òg med nokre gamle "minnebøker", som var bøker med bilete av alle elevane ved skulen. Desse bøkene vart produserte kvart tredje år, og Gamla var med i boka frå 1986. Legg merke til lappen eg sit med i handa, som er eit prov på at kua har vore kalv. Det var ingen facebook i timane den tida, men vi var vel ikkje like påkopla alltid vi heller. Eg må spesielt le av "Nei til Gym"-slagordet som vart teikna på meg - det har vore ei viss endring i livsstil sidan den gongen...

Jubileum og open dag



I samband med jubileumsveka på jobb har vi i dag hatt open dag, der bygdefolk kunne stikke innom og sjå den nyrenoverte skulen og sjå litt på kva vi styrer med i ein moderne skulekvardag. Dei ulike fagseksjonane laga sine eigne opplegg, og norskseksjonen sitt bidrag var mellom anna ei utstilling av litteratur, film og musikk om og frå bygdene Ørsta og Volda. Ein undertittel på prosjektet var "Frå Snorre til Trolljegeren". Vi hadde ramma inne sitat frå litteraturen, kopiert opp lokale døme på folkedikting og lagt fram bøker, filmar og musikk. Blant kuriositetane kan nemnast filmane "Når kassa er tom", med ein kollega i den kvinnelege hovudrolla, og "Bortreist på ubestemt tid", ein gammal norsk kriminalfilm med blant andre Julie Ege. Vi har hatt det kjekt medan vi styrte med dette, og noko av utstillinga kjem sikkert til å bli permanent.

tirsdag 9. november 2010

Kald kosetysdag

I dag var det frykteleg kaldt ute. Det kjennest i alle fall slik når ein ikkje heilt har vent seg til tanken på vinter. Etter jobb henta eg Minstemann og kompisen på SFO. Dei var ute og leika seg iført tjukke vinterdressar, medan eg vasa rundt i kjole, tynn strømpebukse og høge hælar. Vel heime fekk eg skifta over til eit mindre flatterande antrekk såpass eg fekk varmen i meg. Varmepumpa sørgjer for godt innemiljø, og eg fyrer litt i omnen i tillegg for å kunne opne opp til gangen og få varme i resten av huset. Til middag hadde gutane bestemt at vi skulle ha pannekaker, og det gjekk ned på høgkant Etter middag har dei leika og styra på, medan eg har lata meg frykteleg. No er Minstemann og eg her aleine, og han får sjå litt tv før leggetid. Vi kosar oss med pledd og puter, og det spørs om vi må lage oss litt suppe til kvelds for verkeleg å få varmen i oss.

PS: Minstemann har ein beundringsverdig mimikk. Han får IKKJE sjå skrekkfilm...

Stein Ove Berg: "Ikke gråt om det er vinter og det snør"

mandag 8. november 2010

søndag 7. november 2010

Søndag

I dag skein sola på nysnøen mykje av dagen. Gutane fekk i oppdrag å moke innkjørsla, og det vart ein del snøballkasting.Snøen smelta fort, så det var kanskje ikkje så nødvendig å moke, men det er no greitt å ha eit oppdrag for å kome i gang med noko ute.


I og med at vi skulle på basar, vart det ein lett og enkel søndagsmiddag med pastasalat, nybaka brød og karamellpudding.

Basaren var vellukka, og ungane fekk fine glasstatuettar som takk for fotball-innsatsen i 2010.


lørdag 6. november 2010

Sunnmøre Baarelag feirar jubileum i helga

Bok 57 2010: "Min kamp 3" av Karl Ove Knausgård

Eg er fan - det er berre å innrømme det. Denne tredje boka i serien er ei hjarteskjerande skildring av ein far som terroriserer omgjevnadene, men òg av mange gode barndomsminne. Som i dei to første bøkene er eg mindre oppteken av dei faktiske hendingane enn av Knausgårds refleksjonar rundt hendingane. Særleg beit eg meg merke i det han skriv om at han ikkje hugsar mora så godt frå kvardagane i oppveksten, og at han håpar at borna hans ikkje vil hugse han når dei vert vaksne. Han skriv i det heile varmt om mora, med unntak av den episoden der ho har kjøpt ei blomstrete badehette til han. Det er lett å kjenne seg att i slike skildringar.

Språket er ikkje heilt etter min smak. Til tider kan setningsstrukturen vere svært oppkonstruert og arkaisk, som til dømes i skildringa "det av blinkende discokuler opplyste lokalet", men eg les desse bøkene som eit resultat av ein forløysande skriveeksplosjon, ein "stream of consciousness". Det er gripande og intenst, og eg les noko anna innimellom bøkene for ikkje å få overdose.

Fredagstreff med superdamer


Som ei fin avslutting på jobbveka møttest fem damer hos kollegavenninne R med nydeleg mat og hyggeleg prat. Eg føler meg privilegert som kjenner så mange intelligente, empatiske og morosame damer!

fredag 5. november 2010

Tankar om kjønn

Etter nokre norskframførngar i den eine norskklassen sat eg att med følgjande spørsmål: kva er situasjonen når det gjeld kjønnsskilnader no i 2010?

I min oppvekst var målet klart: vi ville ha likestilling. Eg var kortklipt og gjekk i bukse det meste av oppveksten, og fargen rosa var fråverande det meste av 1970-talet. Kvinnene vart stadig meir utearbeidande, og mennene tok meir del i oppveksten til ungane og husarbeidet. I ungdomstida mi var det vanleg å gå på kino saman, ikkje at guten inviterte jenta med på "date". Det var sjølvsagt at begge skulle jobbe, ta utdanning og ta del i bygginga av ein heim.

Den store skilnaden mellom kjønna har likevel vore til stades parallelt med at samfunnet har vore "likestilt". Framleis er det slik at ein ved fødslar først lurer på om barnet er velskapt, deretter kva kjønn det er. Identiteten heng såleis nøye saman med kjønn. Vi får forventningar til barnet ut frå kva kjønn det har, kler og pyntar det med klede tilpassa desse forventningane og får passande gåver. Ein jentebaby får gjerne søte små kjolar, medan gutane får dongeribukser. Jenta er "søt", medan guten er "stor" eller "sterk".

Dei siste åra har skilnadene mellom guteklede og jenteklede blitt større blant dei små borna. Leikene er òg ulike. Dette var politisk ukorrekt for tjue år sidan, men "gangbar mynt" i 2010. Pippi har i mange tilfelle blitt erstatta av glitrande Disney-prinsesser, og ein vil bli bekymra dersom ein gut ønskjer seg prinsesser framfor monster. Eg trur det er slik enno at det er meir akseptert den andre vegen, at ei jente er litt tøff og gutete, men ein forsiktig gut kan få problem med å fungere sosialt og blir ikkje sjeldan mistenkt for å ha ei anna legning.

Sjølv vaks eg opp som relativt ujålete og lite prinsesseaktig, og i ungdomen var moten herleg unisex med joggedressar, posete dongeribukser og store gensarar. Eg var kanskje ikkje representativ for alle i min generasjon, men kan ikkje hugse å ha følt meg hemma av vonde skor anna enn ved høgtid og formelle selskap. Dagens unge kvinner trippar rundt på høge hælar både til fest og kvardags. Dei blir bedne med på "date" og får gåver og ringar av friarane sine, i staden for å kjøpe ringane saman når dei trulovar seg. Vi jentene var opplærde til å vere flinke, arbeidssame og sjølvstendige, ikkje berre fine og snille. Tvert imot stilte vi krav til omgjevnadene om å bli tekne på alvor og respekterte. Ja visst var vi meir likestilte - men kanskje miste vi noko av magien i livet. Kanskje har ein ikkje berre ei indre heks, men òg ei indre prinsesse?

onsdag 3. november 2010

Dobbeltkommunikasjon

Det er viktig å stelle pent med tennene sine. Eg trur ikkje eg har hatt hol i tennene etter fylte tjue, og eg får alltid skryt av tannlegen for godt stell. Dersom eg gløymer tanntråd eller fluorskyll ein dag, føler eg meg sjuskete.

Minstemann slit med noko større tannproblem. Heldigvis er det i mjølketennene. Tannlegen, som er ein triveleg fyr, gir guten ros for god åtferd under boring og fylling, og behandlinga er blitt delt opp i fleire små besøk i staden for ein "helaften". Guten småpratar om laust og fast med tannlegen, og etter endt besøk sprett han ut av stolen for å velje seg ein premie frå skuffa.

Eg har alltid praktisert premiering av snille barn, og Minstemann får ein legofigur når han har vore flink gut hos tannlegen. Hittil i haust har det blitt fire skumle figurar. Eg lurer på om han nokon gong kjem til å bli flinkare til å stelle tennene...

tirsdag 2. november 2010

Late dagar

Måndag tok vi turen til Ørsta, dei tre yngste og eg, der vi fekk servert middag og dessert før Veslejentas ballett-time. Seint om kvelden gjekk eg meg ein tur medan ungane slappa av med film. Tysdag gjekk eg 5 km på tredemølle før eg for heim - slik kunne eg rettferdiggjere at eg lata meg resten av kvelden. Etter ei lita middagskvild fekk eg eit lite "kick" såpass eg støvsuga, rydda og vaska litt, men så tok latskapen overhand igjen. Dei to mellomste var på korps med faren, så Minstemann og eg kosa oss med suppe og film slik vi plar om tysdagane. Då søskena kom heim, fekk alle tre meir suppe til kvelds.

Eg føler meg usannsynleg lat, og har sikkert noko søvnmangel å ta att etter helga og førre veke. Det er dessutan mørkt og regnfullt ute, og den verste tida på året sånn sett.

Midt oppe i den paradoksale situasjonen med kombinasjonen av latskap og stress, finn eg noko å le av. Til dømes denne bloggen