fredag 31. oktober 2008

Jon Fosse: Rambuku


I serien min av innlegg om frynsegode i læraryrket skal eg i dag nemne teaterstykket "Songen om Rambuku", basert på ein tekst av Jon Fosse. Nokre av elevane "mine" har i dag sett dette stykket og sjølve arbeidd med teksten Andvake, som fleire vil hugse å ha lese omtale om både på min og beslekta bloggar. Sjølv fekk eg berre høve til å vere med på den første sekvensen, og eg må seie eg er imponert over kor mottakelege ungdomane er. Stykket handla om eit eldre ektepar og deira mangel på kommunikasjon (replikken som gjekk att: "kvifor står du der berre? kvifor seier du ikkje noko?"). Stykket var stort sett ein monolog, men det var lagt på musikk og lydeffektar som musikk- og mediaelevane hadde stor sans for. Særleg morosamt var det at mannsstemma, som vart spelt av på lydfil, eigentleg var kvinna si stemme som var omforma til å klinge som ein mann. Dette skulle vise at ho ikkje berre ville ha mannen i tale, men òg at ho ville bestemme kva han skulle seie. Ikkje noko heilt ukjent fenomen, kanskje...

torsdag 30. oktober 2008

Polenkveld


I kveld var det Polenkveld på skulen, og familien her møtte mannsterk opp med mor, småsøsken og fire besteforeldre. Tiandeklassingane hadde førebudd power point presentasjonar om turen vi hadde tidlegare i haust, og så kom studentane og Gamla på banen (eg på vegner av foreldra). Det tok si tid, for å seie det mildt, men eg må seie eg er imponert over ungdomane. Som lærar meiner eg at det å legge fram ein presentasjon er noko av det nyttigaste ein lærer på skulen i våre dagar, og Folkestad skule let alle kome til orde. Tiandeklassingane har fått mykje kunnskap, mange inntrykk og fantastiske minne som eg føler meg privilegert over å kunne ta del i.

onsdag 29. oktober 2008

Hektisk fridag






Det går mot Halloween, og i dag var vi fire damer og åtte barn som pynta og styrte til Halloweenfesten komande fredag. Det tek si tid å arrangere fest, men det er utruleg kjekt også - viss festen blir vellukka, er det bonus. Vi har bestemt at vi skal arrangere Halloween her i bygda annankvart år, medan nabobygda arrangerer det andre året. Personleg synest eg Halloween og karneval er mykje kjekkare enn både juletrefest og 17. mai-feiring, og i år innfører vi i tillegg den nye tradisjonen Hallo-vin, som er eit nachspiel for vaksne damer etter at barna er reist heim med fedrane sine...

søndag 26. oktober 2008

Korpsbasar med aspirantdebut








Noko av det ein måtte venje seg til då ein flytta på landet, var basarlivet, med alt det inneber av åresal, matsal og underhaldning. I dag var det korpsbasar på Straumshamn, og nummer 3 debuterte saman med dei fem andre som begynte på musikkskulen i haust. Dei var skikkeleg flinke, og korpset var mykje betre enn sist eg høyrde dei. Gubben var som vanleg engasjert i opprop av vinnarnummer, Eldstejenta selde årar, nummer 3 delte ut gevinstar og Gamla selde mat.

Storebror 44


Blant minna frå barn- og ungdom er ein episode der Storebror og eg skulle på kino ilag. Alt var vel og bra heilt til vi kom til kinoen, og han møtte nokre kompisar. Enden på visa var at eg sat aleine på rad 8 medan gutta boys sat på rad 13. Eit anna minne er at vi brukte kome heim seint i helgane, og at vi alltid måtte ete eit solid måltid før vi la oss - ein skikk bror min har halde på, forresten. Ein gong åt vi nesten ein heil råmjølkspudding til nattmat. Broren min introduserte meg for ny musikk, og han lærekjørte med meg. Etter kvart møtte han Svigerinna, som straks sklei inn som eit nytt medlem i slekta. No bur dei på Kongsberg med dei to gutane sine, og dørene der har alltid vore opne for besøk herifrå. Siste åra har vi dessutan feriert ein del ilag, noko som gir eit godt høve til å halde kontakten ved like både for store og små. Vi helsar til gjengen på Kongsberg og planlegg kake for å markere dagen!

onsdag 22. oktober 2008

Heimeonsdag





Veret var skikkeleg surt i dag tidleg, men etter kvart har det letta bra. Nysnøen er langt nede i fjellsidene, og eg har fyrt i tre omnar i dag. Sidan bunke nummer tre denne veka ligg og ventar på pulten min på jobb, har eg stort sett sete med nasen ned i bunke nummer 1 i dag. Småungane har styrt seg sjølve, for det meste, og det har dei eigentleg godt av innimellom. Ny leik i dag var dokketeater i senga til Storebror, og dei skifta på å vere publikum og aktør.

tirsdag 21. oktober 2008

Stort nabolag


I dei siste åra har tre skular og ein barnehage blitt nedlagde i distriktet her. Fordelen med dette er at vi har eit passeleg stort skulemiljø med om lag 80 elevar i 1. - 10. klasse, og at barnehagetilbodet er godt og stabilt. I tillegg har vi SFO-tilbod i skuleåret, noko som sikkert forenklar kvardagen for mange. Ei ulempe, derimot, er at "nabolaget" geografisk sett blir svært stort. Frå det eine ytterpunktet i skulekrinsen til det andre er det om lag 3,5 mil, noko som betyr mykje kjøring dersom ungane til dømes skal i barnebursdag. Måndag kveld var Minstemann og eg i barnebursdag og kjørte 25 km kvar veg. Slitsamt? Ikkje eigentleg, for fordelen er at foreldra oftast følgjer borna medan dei er i førskulealder. Dermed får vi foreldra også møtast jamleg, og vi blir godt kjende lenge før borna begynner på skulen. Vi får dessutan kake. Aldri så gale....?

mandag 20. oktober 2008

Bok 38: "Tyl" av Finn Tokvam og Halvor Folgerø


Når nattesøvnen uteblir, er det greitt å ha noko morosamt å lese. Då eg vakna etter to timars søvn sist natt, drog eg fram boka "Tyl", og ikkje sidan Erlend Loes "Doppler" har eg flira så høgt og lenge av ei bok som eigentleg rører ved alvorlege tema som det evig aktuelle spørsmålet om kva meininga med livet er. Spesielt Olav Stedje-dikta fall i smak, og eg stod fleire gonger i fare for å vekkje resten av huslyden med hikstande latter. Tokvam og Folgerø er kjende frå "Radio Røynda", mellom anna, og det er blitt meg fortalt at dei snart kjem til Volda. Kanskje eg bør ta meg ein tur då?

søndag 19. oktober 2008

Søndag i Brundalen







Det har blitt lite turbilete i det siste - mest fordi eg har gått tur berre med hundane, eller fordi veret har vore elendig. I dag kom vi oss i Brundalen, sjølv om Minstemann var noko skeptisk. Han ville nemleg ikkje bade (noko som seier litt om kva tid sist han var på setra). Når han først kom i gang med å gå, skulle han gå grøfta oppover - i elva. Antrekket er framleis cowboyhatt. Gubben grov fram mark så ungane fekk fiske, men då fangsten var eit faktum hadde Gamla reist - med kameraet.

lørdag 18. oktober 2008

Språkdebatt også i heimen

Eldstejenta var på Aasentunet fredag, og der fekk ho mellom anna møte Runar Gudnason (betre kjend som Torstein Hyl i "Side Brok"). Stolt kunne ho fortelje at ho hadde lært han eit nytt dialektuttrykk: "brøstsved". Det hadde han ikkje høyrt før, men han syntest det var eit stilig ord. Elles er det mykje som forsvinn av den eigentlege dialekten på staden her. Gamla irriterer seg til dømes over at hennar søte små seier "hvilken" i staden for "ka for en", "ka slags" eller til nød "kalaks" (som ungane ler hysterisk når Gamla foreslår - det har noko med fisk å gjere). Den snusfornuftige 8-åringen i heimen, som kom skuffa heim frå sitt andre besøk på Aasentunet fordi dei berre hadde teikna og sett film, kasta ut følgjande saksopplysning: "mange syns an Ivar Aasen va plagsom fordi han berre fann opp ei ny dialekt". Den skal eg ta når eg skal til på språkhistoria!

fredag 17. oktober 2008

Kva skal vi med norsk, eigentleg? (eller: "Do we really need the Norwegian language?")

Ikkje eit vondt ord om engelsk. Eg kan godt innrømme at eg er anglofil til beinet, og at eg trivst usannsynleg godt med å kunne lese og skrive så og seie flytande engelsk. Ja, eg har gjort engelsken til eit levebrød, i alle fall delvis. I den eine engelsktimen i dag las vi eit dikt som handlar om korleis ein afrikansk poet opplevde at engelsk gav status samanlikna med det opprinnelege språket i heimlandet. Dette var ikkje ein tekst som fenga all verda, men så viste eg elevane eit par artiklar frå Språkrådet sine sider, der det går fram at 1/3 av mastergradsoppgåvene i 2006 var skrivne på engelsk, og der nokon kjem med forslag om ei lovfesting av at undervisninga ved universitet og høgskular i regelen skal skje på norsk. Vi har lenge opplevd at mange nyttar engelsk for å uttrykkje tankar og kjensler i songtekstar, til dømes, men er vi verkeleg komne så langt at norsk heller ikkje kan nyttast til å uttrykkje djupsindige, akademiske tankar? For engelskundervisninga sin del bør denne nye situasjonen medføre ei meir akademisk retning, og ikkje den tradisjonelle "my name's Bill, what's your name?"-undervisninga som skal gjere elevane i stand til å snakke med ein innfødd brite på ein helgatur til London. Som norsklærar synest eg sjølvsagt dette er uhyrleg skremmande, men som engelsklærar reknar eg med at eg går gode tider i møte.

http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Aktuelt/En-av-tre-masteroppgaver-pa-engelsk/
http://www.sprakrad.no/Toppmeny/Aktuelt/Vil-ha-mer-norsk-pa-hoyskoler-og-universiteter/

onsdag 15. oktober 2008

Dagens vesle lysglimt

Ungane er inne i ein periode der dei "peprar" meg med brev (inspirert av den eldste, sjølvsagt). I dag var det Minstemann sin tur, men han måtte ha hjelp av Nummer 3 til skrivinga. Noko må ein no ha gjort rett når ein får slike meldingar, men kva med setninga: "ei vil bu me dei for altid"?

Besøk av kompis


Sidan det er lange avstandar her på landet, må særleg dei yngste ungane organiserast og fraktast dersom dei skal ha noko samkvem utanom barnehagetid. I dag hadde Minstemann besøk av sin aller beste kompis, og det har blitt hopping i høy, mating av hestar, gøyme og leite i løda, lego og duplo og gode greier. Nummer 2 og 3 var òg heime, så dei var med i leiken samtidig som dei såg etter smågutane. Vi mødrene fekk derfor ein lang og fredeleg prat medan leiken stod på, og enden på visa var at vi avtalte å bake julemenn saman seinare i haust. Når det gjeld mote her på landet, går det i hatt og pistol, som de ser.

tirsdag 14. oktober 2008

"Andvake" som lydfiler

Etter ein del irritasjon og klussing har eg fått oppdatert Windows Media Player på maskina mi. Dette innerber mellom anna at eg får opna desse lydfilene med opplesing av den før opptil fleire gonger nemnde boka av Jon Fosse. Enjoy! http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/311347

mandag 13. oktober 2008

"Dåkke som he lest boka... Ka dåkke syns?"

  • He han fått gitt ut fleire bøke, dinna forfattare?
  • De e no umuli å lese dinna boka når der ikkje e punktum - prøv å les den høgt då, og sjå...
  • Han skrive stikk i strid me alt me he lært i norsk hittil i live
  • De e no berre omjen og omjen de same heile tida, om dinna fordømte fela
Dette var, som nokre kan ha gissa, eit lite utdrag frå dagens refleksjon om den før nemnde boka av Jon Fosse. Personleg synest eg at 16-17-åringar er forfriskande ærlege og fri for snobberi. Eg har verdas beste jobb.

søndag 12. oktober 2008

Bok 37: "Frøken Smillas fornemmelse for sne" av Peter Høeg


Gjennombrotsromanen til Høeg er av eit heilt anna kaliber enn den eg las tidlegare i år. Smilla er ein kvinneskikkelse det er lett å bli interessert i, og sjølve "gåta" i boka er òg lett å bli fanga av. No må eg innrømme at dette med lydbok er noko eg slit litt med, så det har tatt si tid å kome gjennom alle 13 CD-ane. Fleire gongar har eg måtta spola tilbake eit par kutt fordi eg har begynt å tenke på noko anna; mellom anna måtte eg høyre det aller siste sporet tre gongar for å få med meg slutten. Boka er til tider svært fascinerande og spennande, men eg trur eg hadde hatt større utbytte av å lese papirutgåva.

Bok 36: "Frimureri - Mysterier Fellesskap Personlighetsdannelse"


Då eg såg denne boka av Sverre Dag Mogstad på biblioteket, måtte eg berre lese den. Med "Da Vinci koden" av Dan Brown og "Kainaan" av Kim Småge i bakhovudet var det berre uimotståeleg freistande å få innsyn i frimureriet. Men eg skulle ha lese litt meir nøye på baksida, der det blant anna står at boka gir ei "nøktern og veldokumentert" skildring. Tidenes underdriving, spør du meg. Men så er det vel ikkje så vanleg å skrive "gørr" på baksida av bøker som ein, trass alt, skal prøve å selje.

Endeleg seiv det inn

Etter ein festleg kveld med god mat og drykk vart det ein litt rastlaus dag med regn og vind i dag. Eg gjekk tur og sykla tur, vart søkkvåt og gjekk inn i kjellaren og fyrte i omnen. Det var på tide å begynne å førebu dei neste vekene på jobb, noko eg også har gjort, men det har også blitt tid til å finlese mailen frå niesa der oppskrifta for sinker låg. No har eg uansett fått det til; eg har KLOKKE eg òg. Lukka er stor!

fredag 10. oktober 2008

Bok 35: "C for Callahan" av Sue Grafton


Skal eg verkeleg lide meg gjennom heile alfabetet? Dette her er ikkje særleg god krim, sjølv om det tok seg litt opp mot slutten. Denne boka var betre enn B-boka, så det kan hende ho får litt trening etter kvart. Den engelske tittelen er betre på mange måtar. Heldigvis fekk eg pakke i posten i går, so no har eg litt skikkeleg lesestoff. Må berre fullføre eit par prosjekt til først.

torsdag 9. oktober 2008

Låra til systa


Slektningar som les bloggar, vil allereie ha fått med seg på tre andre bloggar (!) at vi har vore på Hareid i dag. Dei vil dessutan også ha sett biletet, som eg rappa frå niesa mi, og dei vil vite at Systa diska opp med nydelege lammelår for verkeleg å feire haustferien. Kommentaren frå min minstemann var: "dette er nesten som ein fest", og vi vart litt usikre på kva som mangla. Det var i alle fall ikkje diskusjonstema eller duplo, for å seie det slik. Det var forresten første gongen eg kjørte Eiksundtunnelen, og det i Vivaro! Eldstejenta heldt på å le seg i hjel fordi eg kjørte så sakte, først rundt Austefjorden og deretter under havet, og ho trudde meg ikkje då eg peika på nåla, som faktisk viste 80 opp til fleire gongar. Takk for i dag, folkens - no blir det vel ikkje treff før vi begynner med bursdagsfeiringane i november!

onsdag 8. oktober 2008

Bakkebolla bakar bollar


Femtenåringar kan vere både sånn og slik, men mitt første eksemplar av arten er noko heilt for seg sjølv. Ikkje det at vi ikkje kranglar så busta fyk, for all del, men så er ho verdas godaste når ho legg smørsida opp. På Polenturen stod ho og eg og goda, og ei av dei andre mødrene kommenterte at hennar dotter aldri ville ha stått slik og klemt. Då tok Eldstejenta runden og klemte alle mødrer innan rekkevidde. Der er meir der det kjem frå, for å seie det slik. Då Gamla kom ut av dusjen i dag tidleg, hadde femtenåringen laga frokost og lagt eit brev på kvar tallerk der ho fortalde kvart einskild familiemedlem (unntatt faren, som var på nattevakt) kor spesielle vi var og kor glad ho er i oss. Så fekk vi bonusklemmar etter kvart som vi hadde lese breva våre. I skrivande stund har ho baka bollar med kanel i svingane og vaniljekrem. Kan idyllen bli meir fullkomen?

tirsdag 7. oktober 2008

Tre søte småbarn og hundane deira





Skogsvegen i dag: nydelege haustfargar! Bau tek seg godt ut no om hausten, og han er lukkeleg når han får springe laus i skogsvegen.

mandag 6. oktober 2008

Apropos tørkestativ og bilete utan solskin


Her har vi rolege feriedagar med prøveretting og ungar på sjølvstyr. Plutseleg hadde vi hestar på sjølvstyr òg, og noko måtte gjerast. Gnir gjekk så fint inn i fjøsen att, men Nordavind er litt uberegneleg, så enden på visa var at Eldstejenta tjora han til tørkestativet så lenge. Her åt han seg ein fin runding med saftig haustgras.

søndag 5. oktober 2008

Bok 34: "Andvake" av Jon Fosse


"Ekje der punktum?" var spontanreaksjonen frå elevane som skal lese denne boka innan ei veke. "Og så på nynorsk", sukka nokre innflyttarar. Eg argumenterte med at dei må lese ei bok uansett, og at dette var den tynnaste eg fann. Sanninga er at nokre elevar ved skulen skal ha eit miniprosjekt under "Festivolda", og det prosjektet skal innehalde ei lita teaterframsyning og eit "workshop" basert på to tekstar av Jon Fosse. Den vesle boka er på under 70 sider, og ho inneheld ikkje punktum. Handlinga er ein klar parallell til Josef og Maria, med to ungdomar på leit etter husrom. Språket er poetisk og gammalmodig, og til tider synest eg setningsstrukturen blir i overkant arkaisk: "...heilt der nede byrja han spelet, og så langsamt og så lågt han berre det klara kunne, spelte han seg oppover..." Bokmeldarane rosar boka opp i skyene og hyllar Fosse for "antydningens kunst". Eg er ikkje heilt sikker på at det slår an hos 16-åringar i 2008. Dei ville nok ha foretrukke punktum, mellom anna.

lørdag 4. oktober 2008

Straumssetra






For å prøve noko anna enn den vanlege turen, gjekk vi i dag skogsvegen på den andre sida av fjorden, på veg opp mot Straumsdalen. Jentene, hundane og eg gjekk opp til hytta til "Lakken", og derifrå tok eg meg ein tur lengre opp for å få betre utsikt. Gutta boys sakka akterut, men vi fann dei att på vegen nedatt. På dei to første bileta ser vi Bjørnasethornet, og på det tredje ser vi Keipen til høgre. Det er alltid interessant å sjå verkelegheita frå ein ny synsvinkel.

Jentelaget i Volda kretsmeistrar


Berre for å skryte litt meir av laget der Eldstejenta spelar... Meir info finn ein på heimesida til VTI

fredag 3. oktober 2008

Feriefeiring

Ein kollega kommenterte i går at det er så rart med ferie - hadde nokon sagt at vi måtte jobbe ein dag til, ville vi neppe ha halde ut. Ein tek seg vel saman fordi det går mot ferie, og vi lærarar har alltid ein ferie å sjå fram mot. Sjølv om eg berre jobbar 90%, har eg mykje arbeid i år, med tre nye fag. Etter jobb var det derfor eit høgdepunkt å kunne stikke innom Rokken (eg er der oftare på café på dagtid enn på utestad om kvelden, for å seie det slik) og ete kake saman med kollegaer. Det finst alltid noko å feire, og i dag feira vi altså ferien. Elles må eg nemne at eldstejenta scora fire mål på fotballkampen i dag, så no er ho i siget etter ein litt treg start på det nye laget. Det har vore nokre travle veker sidan skulestart, så både små og Gamla treng verkeleg nokre fridagar no. I dag er den beste dagen, for no kan vi sjå fram mot ei heil veke og vel så det. Berre synd vi ikkje får feriepengar i alle feriane våre...

onsdag 1. oktober 2008

Litt kulturelt kaos på tampen av fridagen


Etter ballett-timen i dag reiste Nummer 3 og eg direkte til Mork, der vi såg "Morkakoret går til filmen". Det var ei kjekk og flott framsyning med mykje fin musikk (og gode nynorsktekstar som ein kollega har laga). Møre og Møre-Nytt skreiv om framsyninga i går, og den fekk gode kritikkar. Vi kosa oss i alle fall! På heimveg fekk vi tid til å stikke innom Mix, der eg kjøpte ei plate eg har ønskt meg ei stund: "Death Magnetic" med Metallica. Den fjerde songen på plata har gått ein del på Svisj, og eg får den ikkje ut av hovudet. Noko anna eg ikkje får ut av hovudet, er Bond-songen "For your eyes only", som Morkakoret hadde med i eit medley. Litt variert musikk i dag, altså.

Onsdagsfri med solskin og skogstur







I år er det visst ingen ende på solskinet! Nok ein nydeleg dag, og i dag har vi stort sett vore i skogen saman med hundane. Vi har stor moro av å leike "gøyme og leite" med dei, og Bau er heilt klart den flinkaste til å finne ungane (BIS = best i skogen...?). Unge Indiana laga seg slengtau av det eine hundebandet og slengde seg i ei rotvelta gran.