lørdag 30. september 2017

Bok 72 2017: "Skapte virkeligheter" av Tor Halfdan Aase og Erik Fossaskåret

Undertittelen på boka er "Om produksjon og tolkning av kvalitative data", og det seier i grunnen mykje. Boka er lett å lese og har mange døme som gjer stoffet forståeleg og interessant. Mykje handlar om etiske dilemma i forskingssituasjonar, og då fortel dei eit døme om ei kvinne på 1800-talet i Bergen som vart motvillig behandla ved at ein sprøyta leprabasillbefengt stoff inn i auget hennar. Resultatet var interessant og gav ny kunnskap om vaksine, men kvinna vart likevel høyrd då ho klaga på behandlinga. Sjølv om ho var spedalsk og dermed på botnen av samfunnet, vart ho høyrd  av dei høgare lag av samfunnet.

Bok 71 2017: "Lucie" av Amalie Skram

Denne boka er den tragiske forteljinga om Lucie, ei vakker ung kvinne med bakgrunn frå lågare lag som giftar seg med ein eldre mann av finare familie. Ekteskapet vert ikkje så lukkeleg, spesielt fordi han begynner å skjemmast av henne og fortida hennar. Lucie søkjer ut av heimen for å oppleve noko betre, og ein kveld vert ho valdteken av ein fæl fyr med ein føflekk på kinnet. Då ho etter dette viser seg å vere gravid, er tragedien eit faktum.

Eg les litteratur frå slutten av 1800-talet saman med elevane for tida, og denne boka er eit strålande døme på at Amalie Skram bør nemnast som ein av dei store forfattarane frå perioden.

torsdag 28. september 2017

Bok 70 2017: "Verdens ende" av Ketil Bjørnstad

Denne boka fortel historia om Aslak, som lever saman med dottera si. Då han skal ta henne med til mora, som han er separert frå, døyr jenta etter å ha blitt hardt skadd i ei flyulukke. På mange måtar handlar boka om sorg, men òg om mobbing og utestenging, om hemn og om forhold mellom menneske på fleire ulike plan. Det er ei veldig fin bok som gir rom for mykje ettertanke.

onsdag 27. september 2017

Bok 69 2017: "Det kvalitative forskningsintervju" av Steinar Kvale og Svend Brinkmann

Nok ei pensumbok ligg i bunken for ein gongs gjennomlesing, så får vi sjå om det blir fleire. Då eg studerte i min ungdom, las eg alltid pensum fleire gonger, men det blir knapt med tid når ein skal ha andre tidkrevjande aktivitetar i kvardagen. Uansett må eg med eit letta sukk konkludere med at dette var ei bok eg forstod mykje av, og som gav mange gode refleksjonar for seinare bruk. Her var mange gode innspel når det gjeld utforming og tolking av intervju, og boka var dessutan rimeleg lett å lese. No håpar eg at resten av pensum er like lett å kome gjennom, og at det berre blir statistikken eg må slite med.

mandag 25. september 2017

Oslohelg med kids, kattar og klovnar

Fredag tok eg med meg dei to yngste avleggarane på flyet rett etter jobb. Reisemålet var Oslo, og vi tilbragte helga der saman med Eldstejenta. Ho bur på Grünerløkka, medan vi låg på Thon Spectrum Hotel. Det var eit fint hptell med nydeleg frukost - men med elendig ekstraseng. Minstemann hadde panta enkelseng dersom der var ei dobbeltseng og ei enkel, sidan systera hadde hatt den luksusen i Dublin i sommar, men han tapte altså denne gongen òg. Det gjekk bra når han sov, men var verre når han var vaken og skulle sitje i senga.

Målet med turen var først og fremst å sjå musikalen Cats på Oslo Spektrum laurdag ettermiddag, men vi fekk òg tid til shopping, restaurantbesøk, kino og marknad på Grünerløkka. Dei fleste av oss hadde ei fantastisk helg, trur eg, sjølv om Minstemann er ein fåmælt fyr. Etter musikalen kom han med eitt av sine gullkorn (framført med svært overberande tone): "Mamma, du grine ta en musikal om husdyr"...



Jensens Biffhus



På hotellet

Badet var enormt (universell utforming)

Minstemann på Gitarhuset



Laurdagslunsj, inspirert av Nora

Cats var fantastisk!

Nydeleg sushi i restauranten som ligg i huset der Eldstejenta bur. 



Byvandring laurdag kveld

Klare for "IT" på Saga kino 22.40

Bruktmarknad på Grünerløkka søndag føremiddag

onsdag 20. september 2017

Bok 68 2017: "Gretne gamle gubber" av Finn Bjelke

Boka har undertittelen "håndbok i surmuling", og er eit humoristisk skråblikk på dagens samfunn sett frå ein gretten, middelaldrande mann sin ståstad. Her er mange artige observasjonar, som til dømes korleis ein forventar at folk skal sitje på bussen, korleis middelaldrande menn oppfører seg på konsert og korleis det er å vere middelaldrande mann på festival, som Bjelke meiner er for ungdom. Noko av det han skriv er òg litt trist, som til dømes når han skriv om jula, og høyrest ut som eit barn som er skuffa over ikkje å ha fått det han ønska seg. Viss ein dreg dette litt langt, kan jula her bli ein metafor for heile livet, og då er det i alle fall trist.

Lydboka er ganske kort, noko som var kjekt som variasjon, men eg skulle gjerne høyrt meir. Det er forfattaren sjølv som les, og det er ofte veldig kjekt.

tirsdag 19. september 2017

Bok 67 2017: "Enhet og mangfold" av Kristen Ringdal

Dette er kanskje litt juks, då eg ikkje har lese heile boka, men "berre" dei 160 sidene av den som er pensum. Det er noko av det tyngste eg nokon gong har lese, og absolutt det eg har forstått minst av gjennom tidene. Emnet er stort sett statistikk, og mykje av boka går ut på å forklare formlar som eg ikkje skjønar bæret av, sjølv om eg skjønar døma og variablane og kan lese og forstå resultata. Det blir interessant å sjå om eg greier å bruke boka i neste omgang, når eg skal utarbeide eigne reknestykke, bruke formlar og jobbe med dataprogrammet SPSS. No veit eg i alle fall kvar eg finn dei ulike formlane, så får eg ta det derifrå. Eg gir ikkje opp. Enno.

mandag 18. september 2017

Bok 66 2017: "De tre musketerer" av Alexandre Dumas den eldre

Unge d'Artagnan kjem til Paris for å bli musketer, men allereie første dagen ertar han på seg tre menn til duell. Desse tre er musketerane Athos, Porthos og Aramis, og d'Artagnan endar opp med å følgje dei rundt på eventyr. Ikkje minst leitar dei etter ei mystisk kvinne i mykje av boka.

Boka er ein god og spennande klassikar, men eg har brukt lang tid på lese den og har dermed ikkje kome så djupt inn i handlinga som eg kunne ha gjort. Boka er på over 24 timar, og det vart litt lenge no når eg ikkje har CD-spelar i bilen. Trond Brænne les lydboka, og det gjer han på ein glimrande måte som hevar leseopplevinga.

Minstemann heime att!

Natt til førre søndag, altså for vel ei veke sidan, reiste 9. og 10. klasse ved Folkestad skule på aktiv fredsreise til Polen og Tyskland. Dermed har alle mine fire avleggarar fått vere med på ei slik reise, noko eg er utruleg takksam for. I kveld kom godguten heim til mor att, og der vanka det sjølvsagt mat og tv - og musikkutstyr i kjellaren. Det hadde kome ein pakke medan han var vekk, og eg trur han hadde behov for å vere litt aleine. Han har berre fått fortalt litt frå turen, men det kjem nok meir etter kvart som han får kvilt seg ut. Det er godt å ha han trygt heime att, og alt har visst gått bra denne gongen òg.

Om statistikk og strategi

Etter valet har det endeleg opna seg nokre tidslommer der eg kan få begynne å lese pensumlitteratur, og for tida balar eg fælt med å skjøne statistikk-delen. Eg sit og les side opp og side ned utan å skjøne meir enn ein ukjend prosentdel (la oss kalle den x). Gamle minne om keisame mattetimar veltar innover meg, og eg hugsar vagt at eg datt av lasset ein gong på 80-talet då eg vart beden om å fylle inn tal i for meg uforståelege formlar. Hovudet mitt taklar kroner og kvadratmeter, men eg tiltar fort når eg ser meir kompliserte rekneoperasjonar. Å skjøne statistikk, altså å lese resultat, er eg derimot relativ trena til.

Når eg slit som verst, tenkjer eg av og til: Kjenn kor det følest. Slik har elevar det, kanskje kvar dag, kanskje i mine timar. Det er lærdom i alt, som eg plar seie.

Strategien min, som er lauseleg basert på motivasjonsteorien eg las våren 2016, er å lese gjennom alt pensum uansett om eg ikkje skjønar det. Eitt kapittel for dag var målet, og så les eg noko anna etterpå. Ei hyggeleg lita bok om kvalitative forskingsintervju, til dømes, der alt gir meining og er nesten innlysande.

Midt i lesinga i dag vart eg sitjande og drøyme i halvsøvne at eg gjekk på kurs i japansk kalligrafi. Tolkinga av den draumen gir seg vel sjølv.

lørdag 16. september 2017

Vente på våren

For ei tid attende kjøpte eg inn nokre blomsterlaukar, og i dag hadde eg tid og lyst til å plante dei. Det har regna mykje i det siste, og ugraset veks enno, men det er ikkje så freistande å styre i hagen no når sommaren er over. Eg veit at eg kjem til å glede meg mykje over narsissar, tulipanar og krokus i bedet til våren, så dagens vesle innsats er ei slags investering. Ein bør alltid styre med noko i hagen, for det inneber så mykje optimisme og framtidstru.

Tur på Stigedalen

I dag måtte Veslejenta og eg ein tur på butikk, og då vart det til at vi tok med oss hunden i bilen til Eid og stogga på Stigedalen på veg heim. Vi gjekk inn til Sagesetra, men like etter kom ein mann med oransje klede og vifta mot oss på avstand, noko vi tolka som eit teikn på at vi skulle snu og gå attende til bilen. Om han var jeger eller sauebonde veit eg ikkje, men eg skulle ønske dei kunne henge opp ein plakat ved starten av vegen dersom dei ikkje vil ha ferdsel på grunn av slike aktivitetar.

Vinklubb

Fredag kveld var det ny vinklubb, denne gongen på Folkestad. Ein sambygding med 8-setar var grei og køyrde ut ein heil gjeng, men heim for vi i fleire puljar. Vi fekk servert nydeleg mat og vin, og praten gjekk særs høglydt om alt frå politikk og religion til den lokale 17. mai-feiringa. Ein særs triveleg kveld!
Veslejenta tok bilete av meg før eg for

søndag 10. september 2017

Med Loen Skylift til Hoven (1011 moh)

Sidan eg har jentene heime, og ingen søner i huset, vart det i dag jentetur til Loen. Eg har lenge hatt lyst til å ta gondolbanen opp på fjellet Hoven, og i dag hadde vi både tid og lyst. Sidan fleire av oss har høgdeskrekk, var det ei ekstra utfordring, men det gjekk veldig fint. Banen bevegde seg utan dramatiske rørsler eller lydar. Vel oppe gjekk vi litt rundt og såg og fotograferte, deretter åt vi middag i restauranten. Det vart ein særs triveleg dag, og ein av dei beste fjellturane eg har vore på. Ein annan gong skal eg ha på fjellskor og gå litt rundt, men i dag var det kjekt berre å kome opp for å sjå.










Ny kjøleskapsmagnet :D

lørdag 9. september 2017

Valkampinnspurt

For fjerde laurdag på rad stod eg i dag på stand, og denne gongen hadde eg med Eldstejenta. Det var sjølvsagt enda kjekkare enn vanleg. Etterpå tok vi oss ein tur til Ørsta, sjølv om pappa allereie har stemt og mamma ikkje stemmer på "mitt" parti. Familietreff er hyggeleg uansett, og vi er svært einige om mangt og mykje.



onsdag 6. september 2017

Folkevaltnettverket på Sunnmøre

Onsdag var eg på første samling for eit nytt forum eg er blitt vald inn i. Samlinga var på hotellet i Ørsta, og vi fekk høyre foredrag og jobbe i grupper, i tillegg til å ete nydeleg mat og bli kjende med kvarandre. Det første foredraget var med Micco Grønholm, som snakka mest om nytenking og digitalisering av kommunens politiske arbeid. Det andre innlegget var ved Eva Hove, ordførar i Stordal, som fortalde om eit gründerprosjekt dei held på med etter at kommunen miste svært mange arbeidsplassar på kort tid. Dette prosjektet vart kalla ein dørbankeaksjon, så til saman dekte desse foredraga mange moglegheiter for kommunikasjon og innbyggardeltaking.

Micco Grönholm

I gruppearbeida vart vi samansett på to ulike måtar, og vi fekk bearbeide det vi nettopp hadde høyrt om.

Dagen vart svært givande, men òg krevjande. Samtidig sette eg prosjektet frå Stordal i samanheng med det eg lærer om kvalitativ metode for tida. Kva som kjem ut av dette forumet, vil berre tida vise. Det er uansett mykje å lære av andre, og av å få spørsmål og kommentarar til det ein sjølv tenkjer.

mandag 4. september 2017

Monday, Monday

Dagens trim i dag var at eg gjekk til og frå jobb, frå kaia, og at eg klipte plenane. Dette vart rikeleg mange steg, men ikkje akkurat noko å ta bilete av i det nydelege turvêret. Elles har dagen gått med til jobb (to timar undervisning) og pensumlesing. Heile førti sider om kvantitativ metode har eg streva meg gjennom, og det er eg godt nøgd med. Plenslåtten tok eg i ein pause i lesinga.

Minstemann og Naboguten pakka med seg ein del utstyr som eg køyrde til grendahuset, der dei no skal ha øvingslokale. Det har derfor vore ein stille kveld med god arbeidsro for Gamla. I går kveld øvde dei i kjellaren her, det er kanskje det kjekkaste, for noko av det beste eg veit er å høyre ungane mine ha det kjekt.

Sidan eg ikkje har turbilete, legg eg ut bilete av dagens middag. Minstemann bestilte i førre veke fylte pannekaker til middag i dag, og det måtte han sjølvsagt få. Fyllet bestod av ein lauk, ein pakke sopp og nokre pølser surra i panna og tilsett ein pakke fløyte (+ salt og pepar). Dette stod og kokte medan eg steikte pannekaker, så fløyten vart redusert og konsistensen som ein stuing. Minstemann fekk velje mellom pølser og skinke, og sjølv hadde eg nok likt skinke betre. Eventuelt så kunne ein berre hatt sopp og lauk, for det var veldig godt.

Planen var å ete to pannekaker med fyll og ei til dessert med blåbærsyltetøy, men så langt kom vi ikkje.

søndag 3. september 2017

Bok 65 2017: "Farvel eventyrland" av Tam Cy Albert, i samarbeid med Edy Poppy

Denne boka er ein ganske rå roman om ei kvinne med eit noko usunt forhold til kropp, sex og kjærleik. Språket er svært rått, og virkar dermed vulgært. Handlinga skjer på det ytre planet på ein stad som er for liten for hovudpersonen Velma, og i tillegg også på internett, der ho chattar med andre - stort sett om sex.

Bakgrunnen for boka er kanskje meir interessant enn sjølve romanen. Forfattaren hadde lyst til å skrive frå eit kvinneperspektiv, og dikta opp ein profil på internett som han brukte for å chatte og øve seg på kvinneperspektivet. Så langt er dette ikkje eksepsjonelt, men så var det berre det at han lasta opp bilete av den dåverande kona si på profilen... Dei er ikkje gifte lenger, og det kan ein forstå! Boka vart til etter lang tids sex-chatting på nett, og i samarbeid med Edy Poppy, som han skal ha ført lange samtalar med om temaet.

Eg er kanskje både gamal og prippen, for dette vart noko sært i mitt hovud. Men eg plar skryte av at eg er open for nye sjangrar, så eg har i alle fall gjeve den eit forsøk.