mandag 29. mars 2021

Palmesøndag 2021

Denne veka vart relativt hektisk på jobb, og i tillegg var det både TOK-møte, møte i kommunestyregruppa og kommunestyremøte. Fredag kom endeleg dei to som studerer i Trondheim heim på ferie. Storegut vart beordra å prøve genser med det same han hadde kome, og heldigvis passa den. Vi vart elles sitjande oppe til langt på natt og prate om alt mogleg. Feriekjensla seig verkeleg inn. Laurdag gjekk gutane og eg tur i Mjeltvika, og så laga vi julemiddag (pinnekjøt). Det er ein enkel rett som passar deg sjølv mykje av tida, så det passar godt utanom jula, synest eg. 





Digitalt bursdagsselskap





I dag feira vi Mamma/mormora sin bursdag saman med mange andre i storfamilien i digitalt selskap. Vi feira dessutan fastelavn med krembollar, noko eg hadde lova ungane å ta att når vi var samla. Eg fekk strikka ferdig genser nummer 4, som er i mønsteret Føyka med litt utradisjonelle fargar. Den blir frykteleg varm, men mønsteret har vore veldig kjekt. Eg har ikkje fått tak i islandsk ullgarn, så eg strikka den i "Blåne" frå Hillevåg. Det var eit deilig garn å strikke i.

Elles har vi prata, sett tv, ete godteri og kosa oss i vår vesle kohort. Alle er friske, og det er kjekkare å vere fleire samla enn å sitje aleine i sin eigen kohort. Eg er glad i å vere aleine, men det er no grenser for alt.



søndag 21. mars 2021

Ny veke, nye prosjekt...

Det har visst blitt ein vane å blogge søndagane, som ei oppsummering av veka, så også i dag kjem ein liten tilstandsrapport. Måndag hadde vi heimeskule. Eg hadde trudd at smitten ville eksplodere, og at vi skulle ha heimeskule i mange dagar, men då eg hadde vore på butikken etter jobb og kom heim att, hadde elevar og lærarar fått melding om vanleg skule tysdag. Eg syntest det var litt skummelt, spesielt med tanke på at Minstemann var i karantene, så eg gjekk med munnbind mykje av dagen tysdag. Etter jobb stakk eg innom strikkebutikken for å kjøpe meir garn, i tilfelle eg brått kom i karantene. Onsdag deltok eg på ein konferanse digitalt, og då nytta eg høvet til å multitaske (lytte og strikke). Torsdag var det vanleg skule att, med noko rolegare stemning, sidan ingen nye smittetilfelle var rapportert på skulen. Fredag skulle vi eigentleg ha skidag/aktivitetsdag, men både elevar og lærarar fekk fri, noko eg synest var fornuftig.
Eg har undervist om Irland i det siste...


I fritida har eg lese, sett på seriar, gått tur med hunden og strikka. Laurdag vart eg ferdig med min tredje Riddari, så no har eg bursdagsgåve klar til Storegut. Tre genserar sidan eg begynte å strikke 5. februar - det er i overkant mykje, men eg har sete frykteleg mykje i ro desse vekene. Eg sende pakke til Eldstejenta på onsdag, og laurdag fekk ho den. Eg hadde lagt litt påskesnop i pakken òg, og det kan no vere ei lita trøyst for henne som ikkje ser seg syn med å kome heim til påske. Ho er i praksis på ein skule i Nordre Follo og bur i Oslo sentrum, så det er ein viss risiko med det. Eg håpar ho hadde ein litt betre dag på grunn av pakken eg sende, og eg ser veldig fram til at ho kjem heim i sommarferien.
Ho fine i Oslo


Det er nesten uråd å skaffe Lettlopigarn no, noko som er irriterande, i og med at eg har eit par mønster eg har lyst til å prøve ut. I desperasjon testar eg ei oppskrift med eit heilt annleis garn. Den neste av borna som skal få genser er Veslejenta, og då hadde eg tenkt å strikke i Alafosslopi. Eg testar ut oppskrifta i garnet Blåne, så får vi sjå korleis det fyk av seg (mønsteret heiter "Føyka", så her var eit lite ordspel). Førebels ser genseren så liten ut at det spørs om Veslejenta får ta til takke med den, men det spørs om mammas fargeval fell i smak. Eg vel fargar etter innfallsmetode og humør, og denne gongen tok det litt av. De får vente i spaning...


Bok 24 2021: "Alt du elsker, skal brenne - På innsiden av den hvite nasjonalismens gjenfødelse i USA" av Vegard Tenold Aase

Eg såg forfattaren intervjua på TV for eit par veker sidan, og då vart det nemnt i presentasjonen av han at han hadde følgt ulike nasjonalistiske grupper i USA- Når så boka dukka opp få eg scrolla rundt på Storytel, vart den eit naturleg val. Aase har som nemnt følgt ulike grupper på ytre høgresida, snakka med dei og delteke i arrangement med brenning av kors og marsjar ved innsetjinga av Donald Trump som president i 2017. Forfattaren hevdar at retorikken Trump brukte er basert på retorikken til nasjonalistane, og han hevdar òg at nasjonalistane fekk problem då Trump hadde vunne valet, då dei i hovudsak baserer retorikken sin på å vere i opposisjon til makteliten. Boka er både interessant og lærerik, sjølv om dette er eit tema eg har lese mykje om og sett dokumantarar om før.

søndag 14. mars 2021

Vår og ventekarantene


For tredje dag på rad gjekk eg i dag tur i om lag ein time. I dag kjende eg lite av smertene som eg har vore plaga med sidan fallet før vinterferien, og det er eg veldig glad for. Det var sol og vårleg ute, og eg ser fram til å kunne styre i hagen og fare på lengre turar etter kvart. Det er kjekt å strikke, men no har eg sete mykje i ro. Eg har vore i ventekarantene eit par dagar, men i ettermiddag kom det melding om at Minstemann har testa negativt, og då er eg teknisk sett ute av ventekarantenen. Det vert heimeskule i morgon uansett, noko som er det einaste fornuftige slik smittesituasjonen er no.

Bok 23 2021: "Fluktruten" av Arnaldur Indriðason

Denne boka har òg handling frå andre verdskrig. Ei ung kvinne skal møte kjærasten for å segle saman med han attende til Island, men får melding om at han er teken av tyskarane. Ein mann vert funnen drukna, og politiet lurer på om det er sjølvmord. Ein annan vert òg funnen død, og vi får igjen høyre om kvinner som prostituerer seg, homofile som vert trakasserte og andre tilhøve på Island på 1940-talet. Boka er litt innvikla å følgje med i fordi nokre av hendingane ligg attende i tid utan at det kjem tydeleg fram, men elles er boka spennande.

lørdag 13. mars 2021

Riddari nummer 2

Laurdag (i dag) festa eg trådar og monterte ferdig genseren til Eldstejenta, og no ligg den til tørk etter å ha blitt vaska etter alle kunstens reglar. Sidan ho ikkje kjem heim til påske, tenkjer eg å sende genseren til henne så ho får den til bursdagen. Ho bli 28 år og får sin første mammastrikka genser, noko vi neppe hadde tenkt skulle skje nokon gong. Det neste prosjektet er genser til Storegut, som har bursdag i midten av april. Med denne farten får han kanskje den til bursdagen sin. Det er mangel på islandsk garn i butikkane, men eg håpar på å finne nok til neste prosjekt òg. 


Fredag kveld kom det smitteutbrot på skulen der eg jobbar, men ikkje blant mine elevar. Minstemann kom derimot i karantene, og som føresett er eg dermed i ventekarantene. Det er godt å ha funne seg ein hobby slik tida er no. 

Stressmeistring

Før kurs

Etter kurs (1 1/2 time)

Av prinsipp strikkar eg ikkje på møte og i arbeidstida, men torsdag gjorde eg eit unntak då vi skulle på stressmeistringskurs. Når ein har funne seg ein hobby som opptek ein mykje, er dette den beste forma for stressmeistring eg kan tenkje meg. Sidan eg hadde kome til den litt krevjande mønsterdelen på genseren til Eldstejenta, la eg onsdag kveld opp eit erme på neste prosjekt. Å strikke erme gjekk fint når eg skulle følgje med i det som vart sagt på kurset.

Bok 22 2021: "Skumring" av Arnaldur Indriðason


Året er 1941, og ein mann vert funnen skoten med eit hakekors måla med blod i panna. Det myldrar av utanlandske soldatar på Island, og etterforskarane må leite i fleire miljø for å finne løysinga på mordgåta. Boka er godt skrive, og eg kosar meg med historisk islandsk krim medan eg strikkar islandsk mønster med garn frå Island. 

søndag 7. mars 2021

Restituering og strikking

Livet under Korona er noko stilleståande, men når ein i tillegg skadar seg, vert det i tillegg stillesitjande. Eg heldt meg heime frå jobb tre dagar denne veka, og torsdga og fredag gjekk eg på jobb. Eg kjende meg noko redusert og omtåka, men det gjekk no greitt. Eg har veldig kjekke elevar i år, og akkurat no held vi på med Irland i engelsk. Fredag hadde eine klassa fagdag, og då hadde vi først gruppearbeid om Irland, og deretter såg vi filmen "Angela's Ashes". Eg var passande kledd for dagen, synest eg. 


I fritida vert det ein del "bingewatching" - først og fremst nyhende og dokumentarar, men òg ein del drama. Eg sette i gang eit nytt strikkeprosjekt førre søndag, og biletet viser kor langt eg hadde kome laurdag kveld. Denne gongen strikkar eg til Eldstejenta, og med denne farten får eg kanskje ferdig genseren til påske. Ho har bursdag 23. mars, og ho kjem heim til påske, viss koronaen tillet det. Eg kosar meg med strikkinga, spesielt når eg kan høyre på islandske bøker attåt. Det er dessutan kjappare å strikke i den minste storleiken, som eg reknar med er rikeleg stor. Eg strikka Small til meg sjølv, og den er i alle fall stor nok til meg. Mønsteret går også raskare no når eg har forstått gangen i det heile, og neste gong skal eg strikke begge ermane ferdig før eg strikkar bol, som eg synest er det kjekkaste. No er eg ferdig med eitt erme, halvferdig med bolen og 3/4 ferdig med erme nummer 2. Planen er å strikke ferdig erme nummer 2 før eg held fram med bolen. Det kjekkaste er sjølvsagt mønsteret til slutt, men det tek òg mest tid. Armane mine toler strikkinga forbausande godt, så lenge eg kviler høgre alboge på armlenet. Eg ser fram til å vere meir fysisk aktiv, men håpar eg får fullført eit strikkeprosjekt til før sommaren.



Bok 21 2021: "Skuggasund" av Arnaldur Indriðason


Ei ung kvinne har eit hemmeleg møte med ein amerikansk soldat under andre verdskrig, ein periode som på Island ofte vert referert til som "Tilstanden", då øya var invadert av unge, utanlandske menn som endra den islandske kulturen og sjarmerte islandske kvinner. Den unge kvinna oppdagar brått eit lik av ei anna ung kvinne, og snart er politiet på saka, men utan hell. I notid vert ein gamal mann funnen død, og det viser seg at han var politimann då brotsverket skjedde. Snart er Konrad, den pensjonerte politimannen, på saka. Er det mogleg å løyse saka så lenge etter?

Bok 20 2021: "Mørket vet" av Arnaldur Indriðason


Det var ei stund sidan sist eg las bøker av denne forfattaren, og på Storytel fann eg fleire titlar som var nye for meg. I "Mørket vet" møter vi den pensjonerte politimannen Konrad, som interesserer seg veldig for ei gamal sak som brått blir aktualisert. Ein død mann vert funnen i ein smeltande isbre, og mannen forsvann for tretti år sidan. Konrad var politimann då mannen forsvann, og denne gongen gir han seg ikkje før saka er løyst.