onsdag 30. september 2009

Nok ein regnfull dag utan særleg å fortelje om, så eg legg heller ut ein av mine absolutte favorittar

Boklansering i Ulsteinvik


I kveld tok eg meg ein tur til Ulsteinvik, der svogeren min hadde boklanseringsfest for si nyaste bok: "Himmelen over Shetland". Det var eit vellukka arrangement med mannskor, songinnslag og opplesing. Boka er ei dokumentarbok om lagnader under andre verdskrig, og fleire av "kjeldene" var til stades i salen. Det var fint og rørande å oppleve eit så interessert lyttande publikum, og eg ser fram til å få lese boka på sikt.

Lenkje til Systa sin blogg

mandag 28. september 2009

Bok 56 2009: "Uskyld" av Tracy Chevalier


Forfattaren er best kjend for romanen "Pike med perleøredobb". Den har eg ikkje lese, men eg har sett den nydelege filmen med Scarlett Johannson og Colin Firth i hovudrollene. Då ho skreiv den romanen, var Chevalier inspirert av måleriet med same tittel.

Då ho skreiv "Uskyld", var ho inspirert av ei utstilling på Tate galleriet i London. Forfattar og kunstnar William Blake opptrer i romanen, men meir sentrale er familien Kellaway, som flyttar frå Dorsetshire til London for å søkje lukka i 1792. Vi får følgje dei på pub, på sirkus og rundt i gatene, og her er mange interessante karakterar og hendingar undervegs. Handlinga er mildt sagt syltynn, og boka er ikkje det beste eg har lese i det siste.

Sidan eg er i London-modus, er det kjekt berre å høyre bydelsnamna nemnde. Litt synd berre, når det vert den største kvaliteten ei bok har. Eg kunne like godt ha hatt eit kart, kanskje, men det finst få kart som lydbok...

søndag 27. september 2009

Tre søte småbarn







Søndagsturen i dag vart ein tur i skogsvegen med hundane og tre av ungane (Nummer 3 var på overnatting). Vi var mellom anna i "Trollskogen" og leika gøyme-og-leite med hundane, gutane leika "krig i gamle dagar" og Eldstejenta fekk spesialundervisning i norsk grammatikk, som ho skal ha prøve i på tysdag.

lørdag 26. september 2009

Bendit


Nummer 3 deltok i dag på cup att - denne gongen på Volda stadion. Gamla stod ringside og heia i pøsregnet, men det var triveleg å møte kjende - spesielt folk "uta øyane" som eg ikkje ser så ofte. Laget, som er "gutar 9 år", gjorde det heilt greitt på cupen, med ein uavgjort (mot Ørsta), eitt tap (mot Tjørvåg) og ein siger (mot Åmdal). I den første kampen var Nummer 3 einaste jenta på banen, men det takla ho fint. Ein kan sjå på henne at ho tenkjer taktikk og plassering, og ho trivst best som forsvarsspelar.

Ein gong var vi på Folkestad då det var gutakamp, og Eldstejenta og ei venninne måtte steppe inn på gutalaget fordi dei var så få. Då Eldstejenta scora to mål, vart det frykteleg pinleg for det andre laget. Ho har no valt å slutte på fotball, fordi treningstidene kolliderer med dansetimane. Men ho er framleis Molde-supportar, og ho fekk ein billett til ein heimekamp i Molde 18. oktober av veslesystera. Det var ein av gratiseffektane som alle deltakarane på cupen fekk - i tillegg til T-skjorte og hårband.

På biletet ser de Nummer 3 i raud shorts - ho nekta å ha på seg joggebukse fordi ho berre skulle ha på seg Umbro-klede...

Frisør



Gutane og eg hadde stort behov for ei fornying, så i dag stod vi tidleg opp og reiste til Volda for å klippe oss.

onsdag 23. september 2009

Med hjarta på rette staden



Nok ein frionsdag med regn og ruskevêr... dei to mellomste var på skulen i dag, og Minstemann var for det meste inne medan eg gjorde skule- og husarbeid. Ut på ettermiddagen gjekk eg tur med hundane i Brundalen og heim (Gubben kjørte meg til vegenden), og så reiste resten av gjengen til Folkestad på fotballkamp og trening.

Etter ei slik økt med uteliv kan det vere på sin plass med noko godt til kvelds, så eg tenkte eg skulle lage vaflar. Nummer 3 og Minstemann gjorde det meste av arbeidet både med å lage røre og å steike, og vaflane vart (som vanleg) verdas beste.

Råsarampen anno 1995 eller 1996

Jenta som er nummer 2 frå høgre, er "vennen min" på facebook. Dette skuleåret er ho utvekslingselev i USA. Jenta heilt i midten er russ i år, og Eldstejenta, som her sit ytst til venstre, har begynt på vidaregåande. Biletet vart teke ein gong desse ungane hadde leita fram att "lær-å-gå"-bilane sine og kjørte i flokk rundt i Hofsetråsa byggefelt i Ulsteinvik, der husa stod tett og det fanst mange ungar i same aldersgruppe. Eg fann biletet på Facebookprofilen til ho som er utvekslingselev, noko som tyder på at ho, og sikkert dei andre på biletet òg, tenkjer attende på den tida som fine barndomsminne.

tirsdag 22. september 2009

"Kjærlighet i koleraens tid" - no også på film


Eg las boka for ei tid attende, og no har eg kosa meg med filmen også. Ofte er det slik at ein ikkje blir så engasjert av filmversjonen av ei bok ein har likt godt, men denne gongen var det nesten omvendt. Boka var god, men filmen er berre nydeleg. Her er romantikk og kjærleik, gode skodespelarprestasjonar og fantastiske naturbilete. Sjølvsagt har eg sett filmen i einsame stunder - dette er nok ein damefilm (dette er ikkje eit politisk korrekt omgrep for tida, men lesarane forstår i alle fall kva eg meiner). Løp og kjøp - og ha gjerne ein boks Kleenex i bakhand...

Songen eg har på hjernen for tida - og ein gripande video...

mandag 21. september 2009

Eplekake

No skal eg ikkje påberope meg nokon hær av blogglesarar som har vore ute etter oppskrifta på plommekaka - det var berre det at "Besta" spurde, og så svarar eg like godt her. Det er verdas enklaste oppskrift, men min absolutte favoritt når det gjeld eplekake. Du finn den som "fin formkake" i Espelid Hovigs raudruta (side 558 i mi).

200 g margarin
og
2 1/2 dl sukker
rørast kvitt
Med mixmaster, for all del - K-spaden er fin

3 egg vert rørt i (eitt om gongen)
(røra brest litt undervegs, men det må ein berre late som om ein ikkje ser)
(det ordnar seg til slutt)

4 dl kveitemjøl
blanda med
1 ts bakepulver
vert tilsett

1 dl fløyte/mjølk vert rørt i
(det er framleis mixmasteren som arbeider)

Smakstilsetting: t.d. litt vaniljesukker, eple, sukker og kanel. Sist helg laga eg den med plommer, og no vurderer eg å eksperimentere med aprikosar e.l. ved neste raptus.

Steikast på 175 grader i om lag 45 minutt, i ei form på 24 cm.
(hugs å slå over til vanleg varme, så ikkje kaka vert steikt på varmluft :-) )

Bok 55 2009: "Alkymisten" av Paulo Coelho

Somme bøker er så omtalte at ein les dei med ei viss ærefrykt. Denne vesle boka er ei slik "oppskrytt" bok, og fleire enn eg har skrive at dei hadde forventa ein tung murstein av ei bok. 4 CD'ar og ei enkel forteljing i eventyrstil var i alle fall ikkje det eg forventa, men det er ei poetisk bok med mykje livsvisdom. Hovudbodskapen er at ein skal følgje si eiga historie; altså klisjéar som å lytte til hjartet sitt, tolke teikna rundt seg og ta dei rette vala. Så enkelt - men likevel så vanskeleg. Ei nydeleg bok som alle burde unne seg å lese.

søndag 20. september 2009

The best mom - but the worst teacher?



I kveld ville ungane teikne medan eg las til dei. På spørsmål om kva dei skulle teikne til meg, svara eg at dei kunne teikne meg på jobb, og så kunne eg henge teikningane på pulten min i morgon. Som illustrasjonane viser, har dei to mellomste eit litt ulikt syn på korleis eg oppfører meg i arbeidstida.

Det som uroar meg litt i så måte, er at Nummer 2 faktisk har vore med meg på jobb ein gong...

Vi var samla her i dag...



Eldstejenta vart med faren heim frå Volda i dag tidleg, til stor glede for store og små i heimen. Nummer 3 teikna ei fin teikning av henne som ho kan henge opp i leilegheita, og elles har vi kosa oss med Gubbens fårikål, kakerestar og filmar frå sommaren 2009. Sjølv har eg måtta jobba mykje denne helga, men det må til innimellom.

Når ho ser søskena sine så sjeldan, legg Eldstejenta merke til så mangt. Til dømes at den 12 år gamle broren snart er like "høg" som ho (ho er 155 cm). Det er ikkje godt å vite kven som endar opp som minst i familien til slutt!

lørdag 19. september 2009

Plommekake



Alt ein finn på for å sleppe å jobbe med skulearbeid heile dagen! Då gutane plukka inn ein del plommer av det gamle Victoriatreet, som knapt nok har blad, fann eg ut at eg skulle bake. Eg har ein tanke om at viss ein lagar noko godt, kan det erstatte snop på laurdagskvelden. Og kake er no godt? Oppskrifta er "fin formkake" i den raudruta kokeboka til Ingrid Espelid Hovig - enkel og grei oppskrift som eg ofte bruker til eplekake. I dag vart altså epla erstatta av plommer. På grunn av ein teknisk glipp (varmluft) vart kaka litt mykje steikt, men ho smakte godt saman med vaniljeis.

Lettkjøpt, men overbetalt


To fluger i ein smekk: Nummer 2 vart aktivisert, og bilen vart rein. Eigentleg var det vel tre fluger: Gamla vart blakk...

Dagens debutant


Nummer 3 har begynt å spele fotball ho òg, og i dag var ho på cup i Ørsta og spelte i heile tre kampar. Laget vann to kampar, mot Volda og Ørsta 5, og tapte mot Ørsta 4. Vår vesle snusfornuftige og ansvarsmedvitne spelar sjølvsagt i forsvar, og ho fortel at ho redda to mål då målvakta var vekk.

Skogsvegen





I dag skulle karane i bygda ha dugnad og reparere skogsvegen, som fleire stader er blitt merka av rikeleg regn, mellom anna. Gubben tok med seg Minstemann, og etter eit par timar vart mora uroleg og begynte å tenkje at det kunne bli lange timar for han som var med som assistent. Med Nummer 2 og eit par hundar som turkameratar la eg i veg, og i skogsvegen passerte vi både den eine og den andre naboen før vi nesten ved "Helgesvingen" såg ein velkjend traktor kome køyrande imot oss. Om bord sat ein strålande blid assistent som synest det er hivens å vere med faren på dugnad, og som ikkje på nokon måte ville vere med heim.

Nummer 2 og eg gjekk eit stykke til før vi snudde, og på heimveg tok vi Minstemann på fersken i å bomme niste frå diverse nabo-bestevener. Det var framleis ikkje snakk om å få han med heim før han gledesstrålande kom i retur i traktor med sin far.

Bok 54 2009: "Saman er ein mindre aleine" av Anna Gavalda


Eg har ikkje lese mykje fransk litteratur, men denne bestseljaren har eg fått anbefalt av fleire. Og den innfrir verkeleg forventningane. Fire menneske, med sine meir eller mindre mislukka liv, møtest i Paris. Fortida deira vert gradvis avslørt gjennom samtalar i notida, noko som er med på å halde spenninga oppe. Boka handlar om kjærleik på ulike nivå, om kunst og om mat. Ein festar seg fort ved dei ulike menneska, og ein lever med dei så lenge romanen varer.

Lydboka vert lesen av Arnhild Litleré, som har ein dialekt som høver godt til å lese omsett fransk. Boka er dessutan filmatisert, så her blir det nok ein tittel på "må ha"-lista.

torsdag 17. september 2009

Peder Haug på Folkestad



I kveld har det vore foreldremøte på Folkestad skule, der tre av ungane mine er elevar. Peder Haug, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, heldt eit foredrag om forholdet mellom heim og skule. Det var ikkje så mange revolusjonerande utsegner i høve til det eg har lese at han har sagt, men likevel ei fornudftig og nyttig påminning om at ingen er perfekte som foreldre, men at vi kan strebe mot å gjere det vi veit er rett. Eg hadde òg sansen for "UFF" (Utkvild, Frukost og Fysisk aktivitet), som er eit enkelt mål for korleis ein elev skal møte til ein ny skuledag. Det var heilt etter mitt hovud - i alle fall i teorien.

Når ein er både lærar og mor, lyttar ein med to øyre. Som mor lempar eg fort på prinsippa om sunn mat for å få i ungane frukost før dei dreg på skulen. Som lærar har eg ein lei tendens til å la elevane ete i timane tidleg på dag fordi eg veit mange ikkje prioriterer frukost, eller ikkje har appetitt om morgonen.

Det siste er noko eg aldri har forstått, forresten; for meg er frukost ein av dei viktigaste grunnane til å stå opp om morgonen. Viss gode rollemodellar har noko å seie også når det gjeld frukostvanane til born, kan eg altså krysse av på at det er noko eg gjer rett.

onsdag 16. september 2009

Utan mat og drikke...


Pøsregn og fotballtrening fordrar skikkeleg sikringskost til kvelds. Steikte potetrestar frå middag og sjokomjølk stod på menyen då gullungane skulle ha kvelds i dag. Gamla tenner stearinlys til stadigheit, og ungane insisterte på å sløkkje taklyset og ete i halvmørker. Fin stemning på ein kvardagskveld, med andre ord!

På soverommet ventar Tonje Glimmerdal - Maria Parrs nye hovudperson. Eg håpar vi rekk ein del kapittel i kveld før nokon somnar...

tirsdag 15. september 2009

Tap og vinn med samme sinn?


I fleire aviser har ein kommentert Carl I Hagens utsegn om at Sponheim var ute av Stortinget. Partiet Venstre kom under sperregrensa, og stortingsgruppa deira vart redusert til to representantar, noko som vidare førte til at Sponheim annonserte sin eigen avgang som partileiar til våren.

Eg er ikkje så begeistra for Lars Sponheim, men det står respekt av ein del standpunkt han har stått fram med i valkampen. At Carl I Hagen var så frekk at han direkte godta seg over den andre sitt nederlag, seier sitt om kva aksept det har i FrP å heve seg over politiske spelereglar og folkeskikk.

Mykje av grunnen til at det raud-grøne fleirtalet heldt seg oppe, var inntrykket av kaos på den "blå-grøne" sida. Eg fryktar for at det vil vekse fram ei stor, blå blokk på høgresida til neste korsveg. Sentrumsalternativet verkar uaktuelt slik stoda no er. Dette er litt synd, for "blå-grønt" er eit langt betre alternativ enn "mørkeblått".

Musikalsk godbit: Dream Police med "Hot legs" (Odd René Andersen er vokalist).

mandag 14. september 2009

Ein magisk tur til Bjørnasethornet





Når sommaren brått kjem ein måndag i september, må ein berre nytte høvet til å gå seg ein tur viss ein har høve til det. Derfor skulka eg unna ringside-jobben som fotballmamma og tok med meg hunden Bau på Bjørnasethornet. Det var så mildt og fint i sola, og komplett vindstille på toppen. Haustfargane har kome, og lufta er så klår og frisk... Kan ein få ei betre opplading til ein lang kveld/natt med valvake?

14. september: Val 2009


For første gong på mange år er eg i tvil om kva eg skal stemme. Skal eg vere taktisk, eller skal eg stemme på det partiet eg er mest einig med? I førre veke skifta eg partitilhøyrigheit under ei valsending, men eg er framleis ikkje skråsikker. Regjeringsalternativet er eg derimot klar på. Slik føyer eg meg inn i rekkja av usikre veljarar: det er ikkje total forvirring, men ei viss usikkerheit knytt til fargenyanse.

søndag 13. september 2009

Ingen Espelid

Vil berre minne dei av dykk som er innom bloggen til Eldstejenta om at det er Besta og Systa som har undervist i heimkunnskap/mat og helse. Sjølv held eg meg meir ved bøkene og dataen enn ved grytene.

Slapp - eller avslappa?




Det er rart kor ein ven seg til ting. I dag har eg hatt berre dei to yngste ungane i heimen, og det er veldig uvant med halvert familie. Mykje av tida har dei leika hundar, inspirert av gårsdagens filmar, og det har vore eit visst press på Gamla om at dei no er klare for ein ny hundekvelp.

De kan tru eg vart letta då dei fann seg eit alternativt kjæledyr: larven Larry. Han fekk gjennomgå mykje før han endeleg vart sett fri. Etterpå har dei leika i "jakthytta". Eg dreg av prinsipp ikkje med meg ungar på tur dersom dei leikar så fint ute på eige initiativ- ungar er nok organiserte i kvardagen! Sjølv har eg hittil stort sett gjort hus- og skulearbeid, men eg satsar på å få gå meg ein lang tur eller to når Gubben kjem att. Vi har ei halv kake att frå i går, og eg treng å opparbeide litt appetitt...

Roll over



Då det til slutt var berre to ungar att i heimen, sette vi oss til å sjå to koselege familie/hundefilmar som eg hadde kjøpt tidlegare på dagen. Mange hugsar sikkert "Beethoven" og "Beethovens andre", om familien som plutseleg har ein St Bernardshund. Det er morosamt å sjå korleis dei har fått hundane til å spele rollene sine, og mi favorittscene er når ein våt og skiten hund reiser seg i dobbeltsenga og ristar seg. Trass i at filmen for mange vil vere ein skrekkfilm, med sikkel, rot og skit, var Nummer 3 heilt klar: ho ønskar seg ein kvelp. Gjerne ein slik som Beethoven.

lørdag 12. september 2009

Lasagne, kake og Beethoven



Mykje av laurdagen gjekk med til handel i Volda ilag med Eldstejenta. Vi handla mellom anna mykje mat, for som laurdagskos i dag skulle vi ha lasagne og Oreokake. Etter kvart, truleg i morgon, vil det dukke opp filmar på bloggen til Eldstejenta der lesarane kan lære å lage Toro-lasagne og få nyttige råd om bruning av kjøtdeig.

Noko av idéen bak kakebakinga er at det er kjekt å lage mat saman, og at laurdagsgodt ikkje treng vere ferdigkjøpt snop.

Noko anna vi handla i dag, var diverse filmar, som vi kan kose oss med i regnet. I bloggande stund kosar vi (tre ungar og Gamla) oss med den første filmen om hunden Beethoven, medan vi et Oreokake. Eit godt konsept for ein triveleg laurdagskveld!

Londongjengen


Vi er seks damer frå jobb som skal reise saman til London nokre dagar i haustferien, og fredag kveld møttest vi hos ei av oss, som forresten nyleg har kjøpt og pussa opp eit hus like bak huset til Svigers, der eg overnatta saman med Eldstejenta.

Stemninga blant damene tyder på at vi kan få ein morosam storbytur!

torsdag 10. september 2009

Get a life...



I ledige stunder, dersom maskina mi virkar, vasar eg med alt mogleg på Facebook. Det er personlegdomstestar, musikknedlasting og all slags vas. Det siste er "Warhol Pop Art", der ein kan lage Warhol-liknande bilete av sine eigne og andre sine bilete.

Er det fleire enn eg som ser det paradoksale i at eg lagar bilete av ho som er på fest i kveld? Det vart no fint, då, men: "Get a life, Gamla!"

PS: eg vasar på Facebook samtidig som eg anten ser på tv eller høyrer på lydbok, så eg kastar ikkje vekk så altfor mykje tid.

Eitt år sidan Auschwitz


I dag er det eitt år sidan vi var i Auschwitz - ei gripande og lærerik oppleving som vi truleg kjem til å hugse resten av livet.

onsdag 9. september 2009

Regn og ruskevêr, både her og både der



Frionsdagen denne veka vart for det meste brukt til hus- og skulearbeid, og så gjekk eg meg ein lang tur med ein hund før middag. Alle dei tre heimebuande ungane skulle på fotballtrening, og det var berre Minstemann som hadde fri, så vi stressa ikkje med å kome oss ut på tur i storm og regn.

I kveldinga har vi kosa oss med den nye boka til Maria Parr. Ungane deler, etter eige ønske, rommet til Nummer 3, der to av dei ligg på flatseng og bygger Lego til langt på kveld. Ei praktisk ordning når Gamla skal lese på senga - alternativet ville vere å gå frå rom til rom, eller sitje i døropninga til eitt av roma med opne dører inn til dei andre og praktisere det ein med rette kan kalle høgtlesing.

tirsdag 8. september 2009

Raud-grønt fleirtal ved skulevalet!


Sist torsdag hadde vi paneldebatt på skulen vår, med representantar for ulike politiske parti til stades, og med godt budde og engasjerte elevar som stilte spørsmål. I dagane etter har vi snakka om debatten til dømes i norskundervisninga. Temaet i den eine klassen min er for tida munnleg kommunikasjon, og elevane hadde mykje fornuftig på hjartet når det gjaldt politikarane sin stemmebruk, kroppsspråk og retoriske verkemiddel. Banning og frekke metaforar var elevane skeptiske til, medan nokre samanlikningar fall i god jord.

Eit døme på ikkje-språkleg kommunikasjon vart òg ivrig diskutert, nemleg utdeling av lighterar med flaskeopnar på (FrP). Bodskapen til sendaren var då sjølvsagt at alkohol og tobakk bør bli billegare, men elevane var nesten fornærma over at politikarane har eit så forflata syn på kva ungdomar meiner og bryr seg om. Spørsmåla frå salen handla nemleg om heilt andre ting, som ekteskapslova, vegutbygging og sidemålsundervisning.

I klassen min var dei einige med meg om kven som var den beste debattanten, nemleg Jan Christian Vestre frå AUF (sjå biletet). Valresultatet i dag gav DNA fleirtal, SV (som òg hadde ein flink representant i debatten) vart nummer 2 og FrP vart nummer 3. Det raud-grøne fleirtalet var på om lag 60%.

mandag 7. september 2009

Bok 53 2009: "Ruth Maiers dagbok" av Jan Erik Vold


Mange har sikkert lese dikt av Gunvor Hofmo. Ruth Maier var den jødiske venninna hennar, som levde som austerriksk jøde i Noreg, og som vart send til Auschwitz og avretta der. Hofmo samla på mange av papira, og Jan Erik Vold har i tillegg fått tak i brev som Maier sende til slekta, som flykta til England. Summen av desse papira utgjer ei omfangsrik bok (16 cd'ar) som inneheld tankar og refleksjonar rundt det å vere ung, det å vere jøde og det å leve under andre verdskrig. Vold kommenterer noko av innhaldet, og han set sitt svært tydelege preg på lydboka, der han les sjølv.

Det er no eit år sidan turen eg var med på til Polen/Tyskland. Boka om og av Ruth Maier er nok ei påminning om at det var reflekterte, ressurssterke menneske med håp for framtida som enda liva sine så ufatteleg tragisk i gasskammera. Eg blir aldri ferdig med å lese om dette temaet.

søndag 6. september 2009

Klar for fleire filmar?

Jentene har fått seg ein ny hobby, og dei som har lyst, kan sjekke ut bloggen til Eldstejenta og Nummer 3

Dei har lyst til å få fleire lesarar, så eg får heretter berre lage lenkjer til deira bloggar...

Nauta gode neter



















I følge vêrmeldingane skulle det verte ein fin dag i dag òg, og dei tre store og eg hadde tenkt oss på eit fjell eller to. Så begynte det å regne, og det vart temmeleg tett mellom bygene. Alternativet vart å gå ein stad der det var temmeleg flatt, og dessutan skogsveg.

Kilskrossen ligg ikkje så langt frå hovudvegen mellom Straumshamn og Bjørkedalen, og det er ein lett og fin tur å gå. Eit høgdepunkt denne årstida er å plukke hasselneter etter vegen. Og så var det litt morosamt å vere Raudhette(r) og ulven.

Jentene driv og lagar film om turen, så de får sjekke ut bloggane deira utover kvelden.