mandag 31. mars 2014

Bok 26 2014: "Hoggerne" av Roy Jacobsen

Eg-personen Timmo er ein slags landsbyidiot i ein liten finsk by under den finske vinterkrigen i 1939. Då dei andre i byen brenn husa sine og reiser derifrå, vert Timmo verande att. Russarane kjem til byen, og Timmo står i fare for å bli drepen. I staden vert han leiar for ein flokk vedhoggarar.

Boka er kort, og handlinga ikkje særleg komplisert. Likevel inneheld den noko underfundig som legg opp til ettertanke og refleksjon, så banal er den ikkje. Eg likar skrivestilen til Jacobsen, og denne boka er ikkje noko unntak.

Svanviken i Eide

Medan vi likevel var i Eide, tok vi turen til Svanviken, staden der ein hadde ein arbeidsleir mellom anna for romanifolk som skulle integrerast i det norske storsamfunnet. her vart dei opplærde i hus- og gardsarbeid, dei fekk forbod mot å utøve eigen kultur og nærast pådytta den kristne kulturen gjennom skule- og kyrkjegang. Den mørkaste delen av historia er at fleire kvinner vart tvangssteriliserte. Nokre av bygga står att, men Svanviken har seinare vore kjende både for asylmottak og bufellesskap for ungdom med psykiske problem.

Svanviken mars 2014

søndag 30. mars 2014

Lommerosk på fylkesmønstringa i UKM


Kristiansund

I helga har eg vore turist i eige fylke. Lommerosk skulle delta på fylkesmønstringa i UKM, som skulle haldast i Eidehallen, så då vart det til at eg vende attende til "Baillsund", der eg var på skuletur i 1983 og ikkje har vore sidan.

Trass noko skodde vart det rikeleg med fine utflukter, blant anna tur med Sundbåten og to turar til Varden - blant anna i solnedgang. Vi fann dessutan ein fiskerestaurant der vi fekk servert nydeleg bacalao, noko som høyrer med når ein reiser til klippfiskbyen.
Klippfiskkjerringa

Krigsminnesmerke

Sundbåten

Tahiti

Dødeladen



Tankevekkjar utanfor Øverlandsenteret

Inne i Varden

Varden

Atlanterhavsvegen i havtåke

Varden i solnedgang

Bacalao på restauranten "Sjøstjerna"

fredag 28. mars 2014

Bok 25 2014: "Hvit panter" av Øystein Wiik

Dei fleste i min generasjon vil hugse Øystein Wiik som ein kjend og dyktig songar som var mykje å sjå på tv på 1980-talet. Han har sidan 2010 gjeve ut fire kriminalromanar, og "Hvit panter" er den tredje av dei.

Handlinga dreier seg om ein noko spesiell overklassefamilie, der det skjer eit makabert mord. Parallelt handlar romanen om eit skip som vert kapra av piratar. Meir skal eg ikkje røpe av innhaldet, berre seie at det er ei spennande bok med karakterar det er lett å feste seg ved. Øystein Wiik skriv godt med artige vendingar og metaforar. Han les lydboka sjølv, og det på ein glimrande måte. Som vanleg miste eg noko av interessa undervegs, i alle fall for den delen som handla om skipskapringa, men eg likte romanen så godt at eg truleg kjem til å lese fleire bøker av forfattaren.

torsdag 27. mars 2014

Bok 24 2014: "Tirsdagsdamene - Mellom ugress og roser"

Det var med stor glede eg begynte på denne tredje boka om Tirsdagsdamene. Det kjendest nesten som å lese om fem venninner av meg, så godt synest eg at eg kjenner dei. I denne boka har den yngste av dei kasta seg inn i eit gedigent oppussingsprosjekt, der ho skal forvandle ein nedlagd skule til eit slags pensjonat eller ein feriekoloni for born som ikkje kjem seg på ferie på annan måte. Venninnene reiser på landet for å hjelpe henne, og dermed blir det liv og røre og aldri så lite kaotisk.

Handlinga er verken uføreseieleg eller særleg spennande på annan måte, men forfattaren skriv så fornøyeleg at ein blir glad av å lese. Min favoritt blant damene er den jålete Estelle, som alltid har ein artig replikk på lager, og som saman med den kvite puddelen sin ikkje akkurat passar inn i livet på landsbygda.

søndag 23. mars 2014

Eldstejenta 21

På 19-årsdagen sin var ho i London, på 20-årsdagen sin var ho i Singapore, og i dag er ho i Kristiansand. Ingen høve til å gi henne ein gigantisk bursdagsklem anna enn telepatisk, telefonisk og via sosiale media. Vi saknar henne sjølvsagt stort og ser fram til neste gong ho kjem heim på ferie!
Mor og dotter 1993

Mor og dotter 2013

lørdag 22. mars 2014

Doktor Proktors prompepulver

I dag tok eg med kidsa og for på kino i Volda. Dermed steig gjennomsnittsalderen i salen tydeleg, for her var det dei heilt unge som skulle sjå film. Vi hadde lese lydbøkene på ein ferietur for nokre år sidan, og vi såg derfor fram til å sjå filmen basert på ei av barnebøkene til Jo Nesbø.

Filmen syner ulukkelege born med uengasjerte foreldre, men desse problema vert drukna i rikeleg med humor av den aller enklaste sorten. Kristoffer Joner spelar Doktor Proktor på ein glitrande måte som gir karakteren ei viss djupn. Atle Antonsen er skurken i filmen, og han er som alltid svært morosam. Vi likte filmen veldig godt, og det var artig å sitje i ein sal full av lattermilde born og sjå den.

Etter kinobesøket gjekk vi på Maria's og åt nydeleg pizza, så då slapp eg å lage middag òg. Eg har i bloggande stund nett kome att frå ein rusletur i regnvêr, og i kveld skal vi berre roe ned og kose oss med tv, snacks og godteri.

torsdag 20. mars 2014

Bok 23 2014: "Normans område" av Jan Kjærstad

Det er vanskeleg å skildre denne boka, som har fleire lag som kan tolkast i ulike retningar. I all hovudsak kan ein seie at boka handlar om å lese fiksjon, og kva verdi dette har i livet. Hovudpersonen er John Richard Norman, ein forlagsdirektør som får lesevegring. Han finn dei fleste manus føreseielege, og det gjer han kvalm å lese dei. Han reiser derfor i eksil for å sleppe å lese, og då forelskar han seg i ei kvinne. Det heile går ganske bra, men så begynner han å lese att.

Handlinga er sjølvsagt heilt sekundær i høve til sjølve filosoferinga om verdien av lesing. Kjærstad set ord på ein del som mange bokormar tenkjer, og han skriv godt. Dette er ei bok av den sorten ein godt kan lese igjen for å få med seg meir av den.

onsdag 19. mars 2014

LOL(a) returns

Etter ei veke på frifot, i regn, snø og storm, kom LOL(a) brått attende til heimen tysdag kveld. Det var etter leggetid, og matmor vurderte situasjonen slik at dyret måtte få kome inn og ligge inne i varmen når ho endeleg var heime att. Slik enda matmor opp med ein katt i senga. Ho er frykteleg flokete i pelsen (katten) og treng både børsting og klipping (framleis katten, men òg matmor), men på fri-onsdagen har ho fått kosa seg inne saman med folka.

tirsdag 18. mars 2014

Bok 22 2014: "Det finnes ingen helhet" av Helga Flatland

Som i dei første to bøkene til Flatland skiftar synsvinkelen mellom ulike personar i eit bygdesamfunn der nokre unge gutar har døydd i Afghanistan. I denne boka får vi sjå korleis nokre av dei vi har møtt før lever vidare etter at det har gått nokre år. Dei døde tek enno mykje plass i liva deira - kanskje meir plass enn dei ville ha teke dersom dei enno levde, som ein av karakterane kommenterer. Minna om dødsulukka vert forsterka då eit bilete av dei døde gutane plutseleg ein dag kjem i Aftenposten. Den første personen vi møter er dokteren Ragnhild, som les avisa om morgonen, og seinare les nokon i avisa på venterommet på legekontoret. Dette er eit godt grep frå forfattaren si side, for ein får på ein måte aktualisert problematikken rundt sorgprosessen.

Eg likte denne boka svært godt, sjølv om eg må innrømme at eg likte dei to første bøkene i serien betre.

mandag 17. mars 2014

Bok 21 2014: "Katalysatormordet" av Hans Olav Lahlum

I denne tredje kriminalromanen av Lahlum skjer dei kriminelle handlingane innanfor eit politisk venstrevridd miljø, men som i dei tidlegare bøkene er her òg nokre tidlegare nazistar blant karakterane.

Nokre blir drepne, andre har forsvunne, og spenninga er til tider ganske stor. Eg likte miljøskildringane i boka, men sjølve handlinga vart litt oppstykka og langdryg etter min smak. Det var litt vanskelegare å kjenne sympati enn det har vore i dei to første, men språket om stemninga er i ei særstilling.

søndag 16. mars 2014

Basar på Folkestad 16. mars

I dag var det basar på Folkestad, der Veslejenta er med i korpset. I tillegg til å spele der hadde ho øvd inn eit par songar som ho framførte saman med Storegut. Det er veldig kjekt å høyre dei synge saman, og eg synest stemmene deira kler kvarandre godt, slik det ofte er med søsken. Viss søskena kan synge, vel å merke.

fredag 14. mars 2014

AGP-konferanse 2014

Onsdag og torsdag var eg på arbeidsgivarpolitisk konferanse i Ålesund saman med nesten 300 andre representantar for leiarar, tillitsvalde og verneombod i fylkeskommunen. Vi fekk mellom anna høyre tre interessante og engasjerande foredrag:

  • Inge Eidsvåg: "Ti bud for oss som arbeider med mennesker". Ei viktig påminning om kjernen i verksemda vår, med hovudfokus på menneskesyn og møte med medmenneske.
  • Sjur Dagestad: "Innovasjon og nyskaping". Humoristisk og tankevekkjande om kva som skal til og kva som kan hindre prosjekt i å lukkast.
  • Ståle Einarsen: "Systematisk arbeid med arbeidsmiljøutfordringar". Svært nyttig og lærerikt om arbeidsliv, leiing og konflikthandtering.

onsdag 12. mars 2014

Bok 20 2014: "Vi ses i morgen" av Tore Renberg

I denne boka av Renberg er det ikkje Jarle Klepp som er hovudperson, men derimot fleire personar i eit lokalsamfunn som får innverknad på liva til kvarandre. Ein får innblikk i korleis dei ulike personane tenkjer gjennom eit stadig skifte i synsvinkel, og romanen er vel såleis ein slags kollektivroman. Det skjer til dels dramatiske ting, og boka er spennande frå byrjing til slutt.

Det som først og fremst er imponerande i boka, er oppbygginga av karakterane. Dei er kanskje noko karikerte til tider, men ein blir fort kjend med dei og får sympati med dei uavhengig av kvarandre. Boka er ganske lang, men eg sat i alle fall att med eit håp om at det skal kome fleire bøker om desse karakterane. Også fordi her var lause trådar mot slutten, noko som litterært sett ikkje er noko svakheit, men som reint personleg vert opplevd som utilfredsstillande.

Eg høyrde boka som lydbok, der det er forfattaren sjølv som les, og det var absolutt ei positiv oppleving. Renberg les på dialekt, noko som gjer bøkene meir autentiske. Han er dessutan ein svært god opplesar.

tirsdag 11. mars 2014

Lommerosk for Tibet 10. mars

Måndag kveld skulle Lommerosk opptre på eit arrangement til støtte for Tibet, som vart okkupert av Kina for 55 år sidan. Sidan dei fleste i bandet er under 18, treng dei verge når dei skal opptre ein stad der det er skjenkeløyve, og eg er ikkje den som let sonen min vere vergelaus.

Der var to andre band på scenen, og det vart musikk i fleire sjangrar. Chocolate Moose spelte for det meste bluesaktig rock, medan My Descending Ark spelte litt eksperimentell rock. Dei stilte utan trommeslagar, sidan trommeslagaren spelte bass og bassisten låg på sjukehus, så det er litt vanskeleg å vite korleis musikken deira hadde vore med trommer til. Lommerosk kom sist på scenen, spelte mest og heldt eit supert show både musikalsk og når det gjaldt å "lage liv". Publikum tok godt imot dei, og vergen passa på at dei kom seg heilskinna ut dørene med æra i behald.

søndag 9. mars 2014

Søndag i sofaen

Gamla stod tidleg opp og fekk unna noko rettingsarbeid før gjengen vakna. Deretter har det gått slag i slag med litt husarbeid og matlaging for Gamla sin del, og mykje song og speling både på instrument og data. Ute var det så mykje regn og vind at eg ikkje hadde ork til å jage ut ungane, så då får eg heller lufte meg sjølv seinare.

lørdag 8. mars 2014

Kvinnedagen 2014

På dagtid i dag hadde eg så mykje skulearbeid liggande at eg ikkje såg meg syn med å gå i tog. Eldstejenta var blant arrangørane av 8. mars-markeringa i Kristiansand, noko eg set stor pris på og er stolt av. Engasjement er utruleg viktig, og eg ser til dømes forslaget om reservasjonsrett for legar som eit steg attende for kvinnesaka.


Om kvelden hadde eg avtala barneparkering i Starevegen slik at eg kunne gå på 8. mars-markering i Ivar Aasentunet. To forfattarar, Solveig Aareskjold og Maria Parr, vart intervjua av ei dyktig og godt budd Marit Brekke, og vi fekk mange nye ting å fundere over i ettertid. Personleg fekk eg eit heilt fornya syn på Inger Johanne-bøkene generelt, og Margrete Kind spesielt. Kvifor vert det forventa at Inger Johanne skal vere venninne med Margrete, som er kjedeleg og innpåsliten? Skal jenter få lov å setje grenser, eller skal dei absolutt vere like snille mot alle? I tillegg vart det spesielt interessant å høyre at suksessen "Tonje Glimmerdal" kunne ha enda opp som boka "Tore og tantene", men at Maria Parr las ein artikkel om jenter i barnelitteratur og skifta kjønn på hovudpersonen.

fredag 7. mars 2014

Pastasalat

Eg synest taco er godt, men av og til kan ein få lyst på noko anna som fredagsmat. I dag laga eg pastasalat med det som alle likar nedi, og det som få likar i eigne skåler. Eg laga dessutan salaten utan rømmedressing, men serverte rømme som tilleggsingrediens. I staden brukte eg noko av oljen på fetaosten som "smurning" i salaten.

I salaten putta eg:
  1. kokt og avkjølt pasta (ein pakke på 500 gram)
  2. 1 stk raud paprika
  3. 1/2 agurk
  4. 1 isbergsalat
  5. 1 blomkålhovud
  6. 1 glas fetaost i olje + ein del av oljen (med krydder i)
  7. 1 pk grilla "salatkylling" i bitar
Attåt kom skåler med tomat, mais og ananas, i tillegg til oliven og rømme.

Lettvint, godt og kanskje litt sunnare enn taco? Og det beste av alt: vi har restar!

torsdag 6. mars 2014

Bok 19 2013: "Dama som gikk på dører" av Roddy Doyle

Eg-personen i romanen er den alkoholiserte enka Paula Spencer, som fortel historia om oppveksten og ungdomstida si. Den stormande forelskinga i Charlo endar i eit destruktivt kjærleiksforhold med vald og alkohol. Historia er både gripande og skremmande, og ein får følgje Paula vidare i oppfølgjingsromanen "Paula Spencer".

Den irske forfattaren Roddy Doyle har mellom anna skrive "The Commitments" og "The Snapper", som begge vart filmatiserte tidleg på 90-talet. Eg angrar litt på at eg las denne boka på norsk, for den ville ha vore meir autentisk på originalspråket. Elles må eg seie dette var ei god og tankevekkjande bok.

onsdag 5. mars 2014

Minstemann mot Mamma: 1 - 0

Fordi eg er tillitsvald må eg nokre onsdagar ofre litt av fridagen for å fare på drøftingsmøte på jobb. Vanlegvis er ikkje dette eit problem, sidan Minstemann set pris på ein bytur og like godt kan sitje ved pulten min og spele data som nokon annan stad.

Etter møtet tok vi oss ein snartur på biblioteket, og så vart det til at vi stakk innom ein skobutikk. Eg treng sårt nye skor, men enda opp med å kjøpe to par til Minstemann i staden. Først fann vi eit par joggeskor på sal, til bruk i gymtimane og eventuelt inne på skulen. Så skulle han få nokre skor til meir allmenn bruk. Det viste seg at alle joggeskorne var for breie, for trange, for lange og i det heile heilt uaktuelle, heilt til mamma-telepatien slo inn og vi leita fram eit par converseskor. Eg mislikar sterkt desse flate tøyskorne som ungdomen likar, men aksepterer det som eit mildt ungdomsopprør at dei går i ufornuftige skor. At Minstemann på 10 er i ferd med å bli stor og motebevisst gut, er verre å akseptere.


tirsdag 4. mars 2014

Grautatysdag

Gamla er travelt oppteken med rettingsarbeid for tida, og matlaging vert ikkje særleg høgt prioritert. I dag vart det rømmegraut og risgraut etter eige val, og så gjekk Minstemann og eg tur saman med naboane. Ei heilt rett prioritering i det milde vårvêret, så kan eg heller jobbe til seint på kveld.

mandag 3. mars 2014

Lommerosk gjer hattrick

For tredje år på rad har Lommerosk gått vidare i UKM, denne gongen med songen "Clarify". Eg er sjølvsagt stolt som ei høne(mor), noko mora til bassisten også må vere. Hennar andre son gjekk nemleg òg vidare, saman med Jeki. I alt var det sju av ni sceneartistar som gjekk vidare som er frå vår side av fjorden.

Bok 18 2014: "Dark Fire" av C. J. Sansom

Året er 1540, og i London er det den varmaste sommaren i manns minne. Unge Elizabeth vert send til fengselet Newgate i påvente av å bli avretta for eit mord ho nektar å snakke om. Nokre meiner ho er uskuldig, og den pukkelrygga advokaten Matthew Shardlake vert sett til å etterforske saka. Parallelt skal han arbeide med ei anna sak, nemleg å leite etter den hemmelege og farlege væska "Greek Fire", eller "Dark Fire", som det òg vert kalla.

Dette er den andre boka i serien om Shardlake. Eg likte den ikkje fullt så godt som den første, og mot slutten vart eg eigentleg litt lei av den delen som handla om "Greek Fire". Boka er på om lag 600 sider, og det er i overkant mykje uansett emne. Eg kjem til å lese resten av serien òg, men må truleg lese noko anna og meir kortfatta mellom desse mursteinane.

søndag 2. mars 2014

Fordjupingsemne og fastelavn

Eg sette av store delar av søndagen til skulearbeid, noko som må til i desse fordjupingsemnetider. Eg bruker om lag ein time på å lese gjennom kvar oppgåve og skrive ein vurderingskommentar, så då kan de sjølve tenkje dykk kor mange timar som går med til 29 elevsvar. Eg kan i tillegg nemne at det krev ein del konsentrasjon, og at ein derfor må ta pausar mellom arbeida. Slik blir det både vaska klede og baka bollar sjølv om mor sit med nasen ned i arbeidet sitt...

Søndagstur til steinras

Mellom Mjeltvika og Kile ligg noko som kan ha vore ein gammal kjerreveg, men som siste åra har fungert som sti. I dag gjekk vi tur for å inspisere på nært hald og avstand dei store massane som har rasa ned fjellsida, øydelagt vegen og teke med seg sand, stein og skog ut i sjøen.





1. mars: UKM i Volda

Laurdag var det tid for årets UKM i Volda, og Lommerosk deltok for tredje år på rad. Dei gjorde ein flott innsats, sjølv om lyden ikkje var optimal. Med på mønstringa var òg Jeki og Sander, som begge er elevar ved Folkestad skule, og dei var svært flinke dei òg. Etter mi høgst subjektive meining burde dei gå vidare, saman med til dømes dokumentarfilmen og trommesoloen, som eg meiner var blant dei absolutte høgdepunkta på årets mønstring. No ventar vi i spenning på resultatet.