Viser innlegg med etiketten klede. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten klede. Vis alle innlegg

onsdag 10. august 2016

Årets bursdagsgåve frå Systa

Eg fekk ta ut farge og mønster sjølv, og dette blir truleg favorittplagget mitt komande skuleår. Det er nesten så ein kan ønske seg litt ekstra kulde... Tusen takk til Systa - dette klarer eg aldri å matche. Uansett.

søndag 17. juli 2016

Årets bursdagsgåve frå tanta på Hareid

Denne kofta blir god å ha på kalde skuledagar! jenta fekk velje mønster og farge sjølv, og tanta har strikka og montert. Ikkje verst å ha ei så flink og snill tante!

fredag 17. juli 2015

Forkle til Minstemann

Til hausten skal Minstemann til med "mat og helse" på skulen. Eg ser fram til at han skal bli flink til å kokkelere. I dag kom dette fine forkleet i posten. Han har designa det sjølv.

søndag 28. juni 2015

Årets flottaste bursdagsgåve del 2

Tanta hadde strikka ein nydeleg genser til Veslejenta som ho både likar og kler veldig godt!

Årets flottaste bursdagsgåve

Systa tok nesten pusten frå meg med denne fantastiske bursdagsgåva. No er eg klar for valkamp!

mandag 18. august 2014

Skodd og kledd for haust

Goretex-skorne mine dreg til seg vatn som svampar. Det same kan ein seie om softshelljakka, som eg har hatt i mange år. For nokre veker sidan sette eg meg derfor til med nettshopping, og bestilte ei fleecefôra regnjakke, eit par goretex-skor og ei regnbukse. Skal ein ha hund, må ein kunne tole alle typar vêr. Eg satsar på gilde fargar, sidan eg skal gå ein del i trafikken. Det er forresten ganske praktisk ute i naturen òg, spesielt i jaktsesongen.

søndag 9. september 2012

"Dagens outfit" nr 2

I dag skulle Minstemann i selskap. Han stilde i sjølvvalt antrekk og styla sin eigen hanekam, då mora sitt forsøk vart forkasta med ein hånleg kommentar: "Kallar du det der ein hanekam?"

lørdag 8. september 2012

"Dagens outfit"

Eldstejentas antrekk for kvelden

tirsdag 20. oktober 2009

Pretty in pink (and blue)


Medan Nummer 3 var på ballett, gjekk Eldstejenta og eg amok og kjøpte henne (den yngste) ny jakke, hue, "hals", vottar og leggvarmarar. Ho vart veldig glad for alle tinga, og både fin og varm. Då ho kom heim, fann ho fram ein matchande neglelakk...

mandag 10. august 2009

Pitt Pott Nøtt?


Kvart år, omtrent på denne tida, tek eg med ungane på ein handlerunde før skulestart. Det er så mangt ein treng, og det er greitt med noko nytt for å markere overgangen til kvardag. Vi har kjøpt brede, matboksar, klede, permar og diverse. Då eg spurde Minstemann om han trengde tusjar, svara han "neeeeei, men legoen min e litt kjedelig, so ej trur ej trenge litt ny..."

Dei tre yngste skal gå på same skule, og vi kjøpte nye "første-skuledag-klede" til dei med ein plan om at dei skulle stå litt i stil. Gamla har nemleg ein pussig fiks idé om at ungane skal stå i stil til kvarandre. Eldstejenta nektar sjølvsagt å vere med på notane, men Gubben vart litt misunneleg på buksa til Nummer 2 (heilt til venstre - kleda er sorterte etter alder på borna). Eg trur forresten han hadde ei liknande på 80-talet...

onsdag 11. mars 2009

Shopping spree på lavbudsjett


Tysdag kjørte eg Nummer 2 og to kompisar på hiphop i Ørsta, og då nytta eg høvet til å fornye garderoben hans. Medan jentene i familien plar vere positive og shoppingvillege, er gutane av det litt særare slaget. Og med kompisar på slep vart det ikkje den storhandelen som Gamla hadde tenkt seg. Alle mine forslag vart nedstemde med ein overberande og nesten hånleg latter, bortsett frå forslaga mine om burger og milkshake.

På skulen i dag hadde den håpefulle på seg det eine nye antrekket han fann passande, og mora synest sjølvsagt han er fin i saggebukse og slips.

søndag 1. mars 2009

Girls just wanna have fun



Nummer 3 sukka djupt på heimveg i går: "endelig ekje ej den einaste jenta i familien!" I dag har Eldstejenta drive med yndlingshobbyane sine: styling og foto. Eg legg ved eit par døme frå jentene sin foto session. Inskripsjonen på Nummer 3 si T-skjorte (kjøpt i London, sjølvsagt) er: "If you think I'm a bitch, wait until you meet my sister". Dei mest vakne og interesserte blogglesarane kan ha fått med seg at Eldstejenta kjøpte ei liknande til seg sjølv (sjå London-innlegget lengre nede).





Inskripsjonen på denne T-skjorta hennar viser vel tydeleg nok...

lørdag 16. august 2008

Klare for ny haustsesong





I dag skulle vi shoppe litt til skulestart, levere to slitne søskenbarn hos Besta og Besten m.m. Shopperunda vart lengre enn planlagt, men no har vi brede, pennal, fargeblyantar, notisbøker og klede nok til første veka på skulen, i alle fall... Det var dei to største som fekk vere i fokus i klesvegen i dag, og så fekk eg pengar med Besta som eg skulle kjøpe potteplante for. Eg kjøpte ein flott "flamingo" - inspirert av Besta sin.