Viser innlegg med etiketten korona. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten korona. Vis alle innlegg

søndag 20. desember 2020

Veke 51: livet i karantene

Etter at eg hadde testa meg for Covid 19 og skyssa Veslejenta til jobb sist søndag, gjekk eg i karantene til i dag, søndagen etter. Det var trasig å tenkje på at eg ikkje skulle få møte ungane heile veka, og at eg ikkje fekk delta på det viktige budsjettmøtet i kommunestyret, men eg syntest samstundes det var greitt å sleppe å vere på jobb med tanke på smittesituasjonen. Eg har vore redd heile hausten for at noko slikt skulle skje, så eg hadde ingen panikk. Pessimistar blir som kjent sjeldan skuffa, vi får berre stadfesta at vi hadde rett.

Over 100 personar kom i karantene denne gongen, og vi var 9 lærarar i alt, trur eg. Ingen av oss testa positivt, heldigvis, men der var medelevar som vart smitta. Eg synest synd i dei smitta og familiane deira, det må eg berre seie.

Undervisninga mi gjekk føre seg frå heimen denne veka, og eg hadde ikkje heilt oversikt over kvar elevane var, berre at dei var pålogga. I dei to førsteklassene mine i engelsk skulle vi uansett svare på spørsmål til ein roman vi nett las ferdig, så det gjekk fint an å gjere heime. Der var heile eine og halve andre klassa i karantene, og dei fekk høve til å jobbe med stoffet når det passa dei, med innleveringsfrist fredag ettermiddag. Den klassa der halvparten var i karantene har eg i tillegg i norsk, og dei fekk i oppdrag å sjå nokre reklamefilmar eg la ut lenkje til, og i tillegg svare på nokre spørsmål om filmane. Også her vart det innlevering digitalt. Den siste klassa er ei andreklasse i norsk. Der skulle vi jobbe med "Jeppe påå Bjerget" og sjå ei filmatisert framsyning som eg hadde på dvd, med Bjarte Hjelmeland i hovudrolla. No fekk dei kose seg med ei gamal fjernsynsteaterframsyning som ligg på Nrk sine nettsider i staden. Alt dette brukte eg søndagen til å arrangere og legge ut meldingar om, og så tok eg kontakt med elevane og snakka litt med dei undervegs i veka.


Tida elles brukte eg svært godt, om eg må seie det sjølv. Måndagen vart eg ferdig med dei to rettebunkane i engelsk, og fekk delt dei ut digitalt. Elevane er vane til at eg rettar digitalt, så det var ingen stor overgang verken for dei eller meg. Tysdag, onsdag og torsdag jobba eg knallhardt, og seint torsdag kveld hadde eg fått retta ferdig dei to norskbunkane òg. Det var utruleg herleg å gå inn i jula utan rettebunkar, men eg var òg frykteleg sliten. 


Torsdag følgde eg dessutan med på kommunestyremøtet, som vart streama direkte på nett. Heile møtet varte i ti timar, men eg følgde berre med på dei mest spennande sakene, som bygging av høghus i Rotsetfjøra, lovlegheitskontroll av saka om skulekrinsar som vi vedtok på førre møte og sjølvsagt budsjettet. Det var til tider frykteleg spennande, i alle fall i høve til karantenelivet.

Først i køen

Fredag morgon var det ny Covid 19-test. Elles brukte eg dagen til huslege syslar, gjekk tur og las bok. Seint om kvelden fekk eg negativt svar på testen, og det var sjølvsagt ei lette, sjølv om eg var temmeleg sikker på at det ville bli utfallet. Eg har ikkje hatt eit einaste symptom heile veka. 




Laurdag vart det laugardag for Charlie, etter at vi hadde gått ein lang tur. Eg redde opp sengar til dei to eldste, rydda og vaska, i tillegg til å lese og slappe av. Det kjendest som første feriedag, noko det også var.


I dag, søndag, er eg endeleg ferdig med karantenen. Det er gyseleg vêr, så eg gidd ikkje gå tur. Ungane kjem om ei stund, og planen er at vi skal handle inn mat saman. Her er ikkje mykje mat att i heimen, i alle fall ikkje mat som freistar. Eg har klart meg bra, takka vere frysaren, og her er truleg mat nok til ein karantene til, for ein person. Noko godt å by julegjestane er her derimot ikkje. Mellom slaga har eg gått mykje tur for å klarne hovudet og kome meg opp av godstolen. Eg har treft nokre få sambygdingar når eg har gått tur, men elles har eg vore aleine. Eg trivst godt i eige selskap, har hatt mykje kontakt med folk på nett og telefon og har ikkje gått på veggane ein einaste gong. Så lenge ein ikkje er smitta, går det greitt med karantene, men eg er glad for at eg endeleg skal møte att ungane. Det var det verste med heile greia, å vite at dei var så nær men ikkje få treffe dei - spesielt storeungane, som har kome heim frå Trondheim og Oslo. Det kjem nok eit adventslystennebilete seinare i dag.

lørdag 30. mai 2020

Tiande koronaveke, dag 7

Søndagen kom, og dermed måtte helga avsluttast og jobben planleggast. Komande veke skal eg på jobb fire dagar, på tre møte på ettermiddags- og kveldstid og vere meddommar i tingretten den dagen eg ikkje skal på jobb. Det er viktig å halde tunga beint i munnen og vere godt budd til alt saman, så søndagen var ikkje nokon fridag, akkurat.

Då ettermiddagen gjekk mot kveld, kom først den eine og så den andre av dei to heimebuande borna heim att, og vi måtte både prate og ete. Veslejenta måtte teste ut mopeden sin, for det vert lange dagar for henne dersom ho skal sitte på med meg. Det er litt av eit puslespel å få kvardagen til å gå ihop, og eg er fullstendig ute av trening. I tillegg er det slike små problem i kvardagen som at kantina på jobb er stengd, så ein ikkje får tak i mat viss ein gløymer niste. Slikt kan ein spare store summar på, noko som kjem vel med når det vert opna for tannlegebehandling og frisør, og når ein må ut av huset og treng å fornye garderoben.

søndag 24. mai 2020

Den Trondhjemske postvei i Markane (tiande koronaveke, dag 6)


Laurdagen gjekk mykje med til praktiske gjeremål, men det vart òg tid til ein tur til Markane i Stryn kommune, der vi leita fram den Trondhjemske postvei. Mykje av vegen går langs bygdevegen, altså ein grusveg, men i enden ligg det nokre fine steinbruer som vitne om ei anna tid - nærare bestemt 1790. Turen er i alt på 10 km, men vi gjekk ikkje heile denne gongen. Då hadde vi enda opp i Faleide, og turen attende hadde blitt veldig lang.

fredag 22. mai 2020

Muletua og Mulevika på Inneklemten (tiande koronaveke, dag 5)

I dag fekk retting vere retting, for i dag var det turdag. Dagen starta med 18 grader og lettskya, så det var freistande å reise ut til kysten. Turmålet var Mulevika, der vi først gjekk opp til "fjelltoppen" Muletua. Utsikta er fantastisk, men det var sterk vind og litt skummelt for nokon som har høgdeskrekk. Etterpå gjekk vi ned på stranda, der vi hadde ly for vinden og kunne nyte dagen. I det vi sette oss inn i bilen att, kom dei første regndropane, og så var det slutt på finevêret.

Utsikt frå Muletua. Mulevika til venstre, Voksa til høgre.

Turkompisane mine

Utsikt mot Runde

Voksa



Kusymre i bløming

onsdag 20. mai 2020

Tiande koronaveke, dag 3

Mykje av dagen i dag vart brukt til å arbeide vidare med elevane som skal utvikle eit Escape Room. Etter kvart vart det ein biltur, ein sykkeltur og nokre telefonsamtalar, og så var det kveld. Vëret har vore nydeleg i dag, men eg gløymde å ta bilete som kunne ha prova dette.

tirsdag 19. mai 2020

Tiande koronaveke, dag 2

I dag hadde eg heimekontor, og mykje av dagen brukte eg til å rette og vurdere elevarbeid. I tillegg brukte eg ein del tid på å samtale med elevar og lese meg opp på eit nytt prosjekt eg er med i. Det vil seie; eg er vel helst med "på kjøt og flesk". Ein kollega har drege i gang eit prosjekt blant mediaelevane som dreiar seg om å lage eit virtuelt "Escape Room". Eg er med som norsklærar, og historielæraren er òg med. Handlinga i rommet skal dreie seg om den kalde krigen, og det blir spennande å sjå kva dei får til.

Etter normal arbeidstid gjekk eg ein lang tur med hunden etter vegane. Eg var såpass sliten av arbeidsøkta at eg ikkje gadd å gå ut i naturen, sjølv om sola faktisk viste seg og vegane var tørre. Snart er det langhelg, og då er det meir inspirerande å legge ut på ein lengre tur.

mandag 18. mai 2020

Tiande koronaveke, dag 1

I dag skulle eg på jobb på den vanlege arbeidsplassen, så eg måtte ta turen til tettbygde strok. Eg høyrest kanskje motvillig ut, og det var eg òg. Det er veldig kjekt å møte att elevane, men dei oppfører seg om lag som før nedstenginga. Dei er delte i to, så ein må undervise på to rom samtidig. Eg tenkjer at for mange var det viktig å sosialisere seg, medan andre kanskje har godt av å kome attende i ein nokolunde normal rutine. Atter andre har hatt det heilt fint medan dei har hatt heimeskule, og er kanskje litt engstelege for å vere i eit lokale med så mange til stades. Der kjenner eg meg godt att.

Det var godt å kome heim etter ein heil dag på jobb, og eg har i grunnen ikkje gjort så mykje fornuftig etterpå. Noko husarbeid blir det sjølvsagt gjort, men mest ingenting. I morgon skal eg jobbe heime, og då blir det nok meir effektivt. Eg har eit par bunkar på vent, og fleire blir det.

søndag 17. mai 2020

17. mai 2020 (niande koronaveke, dag 7)

I og med koronapandemien og tiltaka rundt den vart det ein annleis 17. mai i år. Barnetog og liknande var forbode, men korpsa kunne spele og marsjere. På Folkestad marsjerte korpset rundt i bygda med stopp og speling undervegs, før det vart allsong saman med heile landet elles klokka 13. Mine to heimeverande spelar i korpset, og det striregna på heile ruta deira, så dei var iskalde og gjennomvåte etter at feiringa var overstått. Det passa derfor godt å fare heim og skifte, og så kokte eg ei panne med kjøtsuppe som gav oss varmen att innanfrå. Til dessert hadde vi Pavlova-i-skål, den desserten som ikkje har namn, men som smakar desto betre. Etterpå slappa vi eigentleg berre av med nokre tv-sendingar frå fjern og nær. Dei to store borna feira i Trondheim og Oslo, saman med vener og kjende der.


Niande koronaveke, dag 6

I dag var eg tidleg oppe for å køyre Veslejenta på ferja, då ho skulle på jobb. Det var 0 grader og ganske mykje slaps på vegane somme stader, og då eg kom heim, såg eg at facebook var fylt av bilete av kor grusomt føret var på Stigedalen. Dermed måtte vi over med ferja for å få handla skikkeleg med mat og slikt vi trengde. Vi fekk òg tid til eit lite kafébesøk før vi henta Veslejenta på jobb. Eg er oppteken av å støtte opp om det lokale næringslivet etter nedstengingsperioden, og det er ein av grunnane til at eg har tenkt å gå mykje på kafé framover. På Grodås har den trivelege Løvlands  allereie valt å legge ned, og det synest eg er trist. Viss vi ikkje kan reise i sommar, kan vi shoppe og gå på kafé i staden, det er min filosofi, men samtidig er det litt skummelt å gå ut i samfunnet att.

I kveldinga har vi kosa oss med diverse på tv - Veslejenta og eg såg programmet som gjekk i staden for den avlyste Eurovision-finalen, og det var ei fattig erstatning. Elles gav eg bunadskjorta hennar litt stell, såpass ho kan ha på seg bunaden den timen vi skal feire nasjonaldag i morgon. Det er bra det blir litt korpsmusikk, elles er det ikkje ein dag eg er så veldig glad i. Det er trasig for russen, tenkjer eg, for denne våren får dei ikkje att.

lørdag 16. mai 2020

Niande koronaveke, dag 5

I utgangspunktet skulle eg ikkje på jobb denne dagen, og eg hadde derfor tenkt å rette heildagsprøver. I siste liten vart det bestemt at eg skulle ha klassens time, altså måtte eg eins ærend til tettbygde strok for å møte klassen 12.00-12.45. Eg var ikkje berre blir for dette, men det var veldig kjekt å sjå dei att. Denne gongen var det vg1-elevane eg møtte, og dei såg ut til å ha hatt det bra, sjølv om dei tydeleg sette pris på å møtast att.

Etter klassens time sette eg meg til å laste ned gårsdagens heildagsprøver og lagre dei i ei mappe på maskina mi med nye filnamn, slik eg plar gjere når eg rettar. Eg har brukt programmet Easy correct i eit par år, så det er lenge sidan eg har skrive ut ein bunke og retta på papir. Alle slike vanar kjem godt med i desse tider.

I 14.30-tida gjekk eg på nytt inn på eit møterom på jobb for å delta i eit digitalt møte, denne gongen i ein barnehage.

Etter møtet var Minstemann ferdig med sin første skuledag på eit par månader, og eg køyrde han på besøk før eg vende nasen heim.

Heime venta ei overrasking. Veslejenta har gått mykje heime siste vekene, og ho ser mykje på diverse bloggar, Instagram og youtube. Noko av det ho har fatta interesse for, er nokre ryddevideoar som handlar omkorleis ein kan lage system og få det finare. På måndag kjøpte vi ein plastboks og ei trekasse på Jysk som vi putta ting i etter å ha rydda kjøkenbenken. I dag, då eg kom heim, hadde ho rydda det skrekkeleg rotete skapet under kjøkenvasken. Ho hadde mellom anna hengt opp dunken for matavfall, som vi har hatt ståande oppå kjøkenbenken, og laga til ei søppelbøtte til restavfall, som eg har hatt hengande i ein pose tidlegare. Eg har vore skeptisk til søppeloppbevaring i kjøkenbenk etter ein uheldig episode med mus i ein tidlegare heim, men dette ser veldig bra ut. Ho heldt fram med å rydde i bestikkskuffa, og eg var blid som ei sol - heilt til eg oppdaga at ho lagar ein ryddeblogg sjølv, der ho viser bilete og fortel om kor skrekkeleg det såg ut før ho rydda. Det var den husmoræra.


fredag 15. mai 2020

Niande koronaveke, dag 4

Torsdagen hadde vi heildagsprøve i norsk. Nesten alle vg3-elevane mine møtte opp, dei sette seg fint på dei to romma dei skulle sitte på og skreiv konsentrert til dei var ferdige og gjekk. Nokre av dei hadde på seg russeklede, og eg tenkte at denne tida har blitt så heilt annleis for dei enn den skulle bli. Klasseturen til Bergen vart avlyst, og det meste av russetida har blitt totalt endra. Dei slepp å ha eksamen, og mange har kosa seg heime, så det er ikkje berre negativt.

Etter prøva sette eg meg inn på eit møterom på jobb og tok del i eit digitalt kommunestyremøte. Det tok eit par timar, og så kunne eg endeleg fare heim. Det hadde vore ein lang dag på jobb (8-16), og det var ein brå overgang.

Vel heime vart det lite og inkje gjort. Minstemann var på bandøving og Veslejenta kom ikkje heim før ganske seint, så eg sat mykje og las og slappa av medan eg var aleine. Vêret er surt og kaldt, så eg gadd ikkje gå på tur.

onsdag 13. mai 2020

Niande koronaveke, dag 3

To månader etter at eg førre gong var på arbeidsplassen min var det i dag tid for å ta seg ein tur. Dette innebar nye rutinar med spriting og hanskar, men eg fekk skrive ut og kopiert opp heildagsprøveoppgåver til i morgon på ein helsemessig forsvarleg måte. Elevane hadde frivillig oppmøte på førebuingstimane i dag, og dei aller fleste valde å jobbe heime. 

I løpet av dagen var eg òg innom eit digitalt testmøte og eit møte med fysisk frammøte, så det vart ein relativt effektiv dag. 

Vel heime laga eg middag, serverte, åt og la meg på sofaen. Å stå opp tidleg er noko av det verste med kvardag for slike som meg, og eg hadde sove elendig sist natt fordi eg var så redd for å forsove meg. 

Masteroppgåva eg har lese korrektur på i det siste er snart klar til levering, og i dag fekk eg pakke i posten frå den takksame studenten. Det skal bli kjekt å fornye seg i matvegen, sjølv om eg ikkje har tenkt å bli vegetarianar. Nokre vegetarrettar i ny og ne kan vere artig å prøve, tenkjer eg. Mat er ofte ei vanesak, og altfor ofte er ein slitne og lite førebudde når ein går på butikken. 

I dag hadde eg forresten laga søtpotetmos etter oppskrift frå "I form"-bladet eg hadde fått i posten, og det var no ganske godt. I tillegg hadde vi steikt sopp og woka grønsaker i sweet chili sauce (utruleg kva ein finn i skuffer og skap) og steikte fiskekaker. Fiskekaker er vel noko av det mest kvardagslege som finst av middag, og desse var av den billege, enkle og smaklause sorten. Tilbehøret gjorde kvardagen litt festlegare.


tirsdag 12. mai 2020

Niande koronaveke, dag 2

Jobbdagen i dag var for det meste sett av til elevsamtalar, men eg deltok òg på to jobbmøte og prøvde å få unna noko planlegging.

Etter arbeidstid var eg litt rastlaus. Etter ein dag med snø og kulde skein plutseleg sola nydeleg, og vi gjekk oss ein tur med hunden innover bygda.

Medan ungane var på korpsøving, laga eg vaffelrøre og steikte vaflar. Til kvelds hadde vi vaflar og smoothie, laga av bær, banan og eplejuice. Vi hadde berre ete salatrestar til middag, så det var godt med mettande kveldsmat.

Det har vore mykje bestemt og ombestemt, men i morgon skal eg attende til arbeidsplassen ein tur. Det ser eg på ein måte fram til, men det er òg ganske skummelt. Etter alle elevsamtalane i dag kjende eg at det skal bli kjekt å sjå att elevane, men eg er redd for kva smitteutbrot skuleopninga kan føre med seg.

Utsikt frå kjøkenvindauge ved frukosttid
I 18.00-tida

mandag 11. mai 2020

Niande koronaveke, dag 1

Legg til bildetekst
Dagen i dag starta med jobbing og lesing, i tillegg til noko planlegging og organisering. Etter kvart reiste Veslejenta og eg ein tur til Eid, sjølv om det snødde ute og eg var redd det skulle vere glatt. Det var det ikkje, og vi hadde ei triveleg økt med handel og planlegging.

Vel heime sette ungane i gang med å lage middag, medan eg jobba og planla litt meir. På menyen stod pestobaguettar (mi oppfinning) og kyllingsalat.

Eg reiste deretter til Volda på gruppemøte i eit par timar, og det var både hyggeleg og nyttig.

Trass manglande trim hadde eg 150 % på treningsklokka mi i kveld. Det er ufyseleg og kaldt ute, så det er like greitt å ha nok å gjere inne.

Åttande koronaveke, dag 7

Søndagen kom, og det var meldt snø. Her var det ikkje antydning til snø tidleg på dag, men det var bitande kaldt ute og lite freistande med uteaktivitetar. Som vanleg vaska eg huset før ungane kom, og i dag fekk også hunden ein vask. Det sette han ikkje pris på i det heile, tvert imot.

Om ettermiddagen kom ungane, og vi prata mykje resten av kvelden. Det skjer ikkje mykje for tida, men vi går ikkje tomme for samtaletema likevel.


lørdag 9. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 6

Denne dagen har vore relativt tom for innhald. Den store utflukta vart ein handletur til Eid, og då var eg så seint ute at eg ikkje fekk gjort alle ærenda mine før butikkane stengde. Neste helg er det 17. mai, og eg hadde ikkje eigentleg tenkt å feire det så veldig, men det kan hende eg skal nytte høvet til å kjøpe meg ei ny vårjakke. Viss eg skal attende til jobb i komande veke, treng eg dessutan ei ny bukse eller to. Det har gått åtte veker sidan skulen vart stengd, og mange av desse har eg gått i kosedress og denslags. Det er på tide med litt skjerping av stil og framtoning. Heldigvis er det heimeskule både måndag og tysdag for min del, men så brakar det laust.

Åttande koronaveke, dag 5

Dagens utskeiing: nye skor, same type eccoskor som eg kjøpte i fjor, men ny modell
Fredagen starta med møte i Volda (valutvalet), deretter undervisning heimanfrå og eit møte i SU i ein barnehage. Etter dette sette eg meg til med meir skulejobbing, og så las eg korrektur på resten av den før nemnde masteroppgåva. Då eg var ferdig, kjendest det som om eg hadde skrive ei ny masteroppgåve sjølv, noko eg er sjeleglad for at eg aldri meir skal gjere.

torsdag 7. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 4

Dagen i dag gjekk med til arbeid, kort fortalt. Eg hadde ein del å ta att av elevarbeid som skulle lesast, og så var eg tilgjengeleg og svara på spørsmål frå den klassa som arbeider med avsluttande munnlege presentasjonar i norsk. I tillegg laga eg oppgåver til komande heildagsprøver. Då klokka var nesten 15, gjekk eg meg ein tur ut med hunden for å "lufte vetet" før pressekonferansen klokka 16. Det viste seg at den var utsett til klokka 18, så då sette eg meg til med masteroppgåva eg les korrektur på.

Regjeringa hadde pressekonferanse klokka 18, som annonsert, og dei opnar no for at elevar på alle skular og klassetrinn skal kunne kome attende allereie i neste veke. No ventar eg berre på melding frå leiinga om kven som skal attende, kva tid og til kva timeplan. Så får vi snu rundt på ein femøring og gjere det beste ut av situasjonen. Eg har kosa meg med heimekontor, men for mange elevar blir det sikkert veldig kjekt å møtast att. Personleg håpar eg på delvis retur til skulen, til dømes for å avvikle prøver i avgangsfag. Vi har over 500 elevar, frå sju ulike kommunar, og mange av dei må reise med buss og/eller ferje for å kome til skulen. Nokre tek medisinar som gir dei nedsett immunitet, andre er i risikogrupper på grunn av sjukdomar. No er det lite smitte i området her, men det kan fort snu når folk begynner å reise og leve som normalt att.

Etter nesten åtte veker heime har eg ikkje blitt frykteleg mykje sprekare, og i alle fall ikkje lettare, så no skal eg ta meg saman og kome i meir aktivitet fram mot sommaren. I postkassa i dag låg eit blad som heiter "I form", som eg har teikna abonnement på eit halvt år framover. Tanken er å bli inspirert til ein sunnare og betre livsstil, og helst gå ned nokre kilo. Viktigast er det å bygge opp att kondisen, såpass eg kan fungere betre reint fysisk og orke meir på sikt. Då eg opna bladet, var der ei liste over ting som kunne betre humøret. Punkt nummer fire var å vaske vindauga, for då vart ein så lukkeleg etterpå. Då let eg att bladet.

onsdag 6. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 3

Dagen i dag starta med multitasking, som vanleg er no for tida. Elevane stilte spørsmål om oppgåvene dei skulle løyse, og eg svara etter beste evne, samtidig som eg begynte å lese korrektur på ei masteroppgåve og lese om att saksdokument til møtet eg skulle på seinare på dag. Denne gongen skulle vi stille på møtet personleg, ikkje på nettmøte, og det var faktisk litt spennande. Møtet var interessant på fleire måtar, og eg fekk i tillegg tid til litt shopping før eg for heim. Eg har eit visst attelet for dei lokale butikkane, og i dag skulle eg støtte ein butikk som vart starta opp ei veke før koronakrisa starta. Dermed fekk eg meg ei ny fleecejakke, av den sorten eg likar med glidelåslommer og hette. Den er litt trang, i påvente av at koronatillegget skal trimmast av.

Vel heime sette eg meg til å lese masteroppgåve att. Det er kjekt å lese andre sitt arbeid, og imponerande at nokon greier å ferdigstille eit så omfattande arbeid i desse tider.

Mellom slaga planlegg eg litt undervisning, ryddar litt og les elevtekstar. Dette livet har blitt den nye normalen, og eg trivst urovekkande godt med arbeidssituasjonen. I morgon skal det haldast pressekonferanse om kva skular som skal opne kva tid, og eg er budd på å vende attende til arbeidsplassen på kort varsel.

tirsdag 5. mai 2020

Åttande koronaveke, dag 2




Jobbdagen slutta i dag klokka 16, og då gjorde eg meg klar til å fare på tur. Eg tok med bil og hund til Volda, der vi plukka opp bladfyken, fylte diesel og kjøpte med mat. Turen gjekk deretter til ytre strok, og vi enda opp med å gå rundt Aursnesvatnet. Turen var ikkje så lang, og det var ganske flatt, men det vart etter kvart mykje depel, regn og vind. Vi vart både våte og kalde, og maten inntok vi i bilen etter at vi var ferdige med å gå. Det er kjekt å gå på tur, og viktig å bygge kondis og styrke før sesongen tek til for alvor. Det er òg hyggeleg med turar som er såpass lette å gå at ein greier å prate og kose seg.