torsdag 19. oktober 2023

Albert og Dennis 5 månader


Hundelivet går i bølgjer, og til tider vert vi svært slitne av dei søte små. Likevel ser vi at det går framover med dei. Dei vert stadig meir stovereine, sjølv om uhell kan skje. Dei held seg tørre om natta, og no høyrer det til unntaka at ein må opp og lufte dei før morgonen kjem. Etter kvart har dei blitt flinkare til å roe seg ned inne utan å vere i bur, sjølv om vi framleis må legge dei inn på time-out når dei øsar seg for mykje opp. Viss ein skal få dusja eller sett på ei vaskemaskin, er det òg behov for innestenging, for vi stolar ikkje heilt på dei.

Ein dag eg kom heim og hundane hadde vore aleine heime, gjekk Dennis laus i gangen. Eg var litt spent på kva ugagn han hadde funne på, men han hadde berre teke ein sko frå gangen til rommet til Veslejenta, utan å gnage på den, og så hadde han teke ei avis i gangen og bore den med inn på det same rommet og rive den i fillebitar. Ingen var skadd, og eg var ekstremt letta. Eg har høyrt skrekkhistorier om tygging på leidningar og liknande.

Siste tida har det regna frykteleg, og hagen er svært gjørmete. Hundane dreg med seg gjørme inn etter kvar lufting, noko vi har løyst med å kjøpe billege eingongsmoppar på Europris. Det er litt raskare enn å drage fram vaskebøtta, sjølv om det òg må til.

Sist helg tok Veslejenta med seg Albert til faren, så eg vart aleine med mine to. Det vart noko rolegare i heimen, men det var rørande å sjå kor glade dei vart for å møtast att på søndagen. No skal dei snart vere frå kvarandre i tre veker medan Veslejenta er i praksis, og eg håpar det går greitt. Dennis vert aldri aleine fordi Charlie er der, og Albert har funne tonen saman med hundane til barnefaren. Det er dessutan snakk om at han skal vere i jobbpraksis han òg, i eit bufellesskap der det truleg bur nokon som likar dyr.

tirsdag 17. oktober 2023

Bok 29 2023: "Dagbok og andre efterlatte papirer" av Maria Quisling


Tittelen på boka seier det meste om kva denne boka er basert på. Det interessante her er å sjå korleis enka etter landssvikaren rettferdiggjer mannens gjerningar . I hennar auge var han velmeinande og dyktig, men han vart lurt av nokre av tyskarane. Det er ofte interessant å sjå fleire sider av ei sak.

Bok 28 2023: "Haugianerne - Enevelde og undergrunn" av Trygve Riiser Gundersen


Då eg begynte på denne boka, trudde eg det var ei ordinær historiebok om Hauge-rørsla, men denne boka er mykje meir enn det. For det første har den ein utradisjonell komosisjon, der ein tek utgangspunkt i notida og forståinga av Haugianarrørsla, før ein drøftar denne forståinga ut frå kjeldene til kunnskapen ein sit att med. For det andre handlar boka om meir enn sjølve Haugerørsla, men mange typar lekmannsopprør og andre opprør mot staten. Eg syntest boka var svært interessant og svært godt skrive òg.