tirsdag 31. mai 2016

Situasjonsrapport

Det er framleis eksamenstider i familien. Eldstejenta har heimeeksamen i Oslo, Storegut har hatt to norskeksamenar på VG3 og Veslejenta førebur seg til munnleg engelskeksamen i morgon. Sjølv har eg sete eksamensvakt i dag - truleg med meir empati enn mange år tidlegare. Eksamen er ein risikosport, ingen tvil om det.

Mellom slaga kosar vi oss med å sjå seriar på tv, gå tur med hunden, ete mykje god mat og fikse ting i huset som har lege på vent.

Minstemann, som har sitt siste år utan karakterpress, fekk to nye plakatar til rommet sitt i dag. Han har valt dei ut heilt sjølv, og også hengt dei opp. Rommet hans begynner å sjå meir ut som eit guterom, og Charlie blir med og poserer.

søndag 29. mai 2016

Veslejenta 16 år


















Nokre mimrebilete i høve dagen!

Bok 33 2016: "Der fire veier møtes" av Tommi Kinnunen

I denne boka følgjer vi fleire personar på tvers av kvarandre og tida. Det heile begynner i Finland på slutten av 1800-talet, der ei kvinne vel å utdanne seg til jordmor. Seinare blir vi kjende med dottera hennar, svigersonen og kona til barnebarnet, i tillegg til fleire familiemedlemmer. Historiene vev seg inn i kvarandre, og ein kan seie at det dei har til felles er den store einsemda dei opplever, sjølv om dei bur saman med andre. Det er ei realistisk bok, og mykje av handlinga ligg mellom linjene. Eg likte den veldig godt.

lørdag 28. mai 2016

Bok 32 2016: "Sju dager i september" av Jørgen Gunnerud

I denne boka følgjer vi tre hendingsløp som mot slutten blir fletta inn i kvarandre sju dagar i september 1942. Det er ein flokk tyske soldatar på veg til Noreg, nokre norske fiskarar i Finnmark og ein ung student som reiser rundt for å teikne og dokumentere hus og reiskapar som sjøsamane bruker. Det heile blir dramatisk etter kvart, og boka er relativt spennande. Personleg hadde eg mest sansen for studenten og sjøsamane si historie, og flyhistoria vart nesten litt keisam. Eg er over middels interessert i andre verdskrig, og det er som regel spennande med nye vinklingar. finnmark under krigen har eg lese lite om, så det var sjølvsagt noko av det som gjorde at eg plukka med meg boka i første omgang.

Vinklubb i mai

Etter Turbo-Torsdagen, som bestod av fem timar eksamen og seks timar kommunestyremøte rett etterpå, var det uendeleg kjærkome å få setje seg i ein bil og bli frakta til ein koseleg hage i Volda, der vi fekk nyte forsommaren i utestova og deretter trekkje inn for å ete nydeleg mat (spekemat og ost og kjeks med tilbehør). Både vertinna, måltidet og vinen heldt svært høg standard, og vi hadde ei triveleg stund i Storbyen.

onsdag 25. mai 2016

Kvelden før kvelden...

Hovudet mitt sprengjer snart. To døgn i total isolasjon med bøkene begynner å tære på kropp og sjel. I dag kom sola òg, så då vart situasjonen om mogleg verre.

1000 sider pensum er lese, mesteparten fleire gonger, og teoriar og namn har begynt å feste seg. Likevel er eg frykteleg spent og nervøs for at eg skal få oppgåver eg ikkje er budd på, misforstår eller ikkje greier å skrive godt om.

Slik har mange av elevane mine det. Ikkje berre før eksamen, men før prøver og presentasjonar òg. Dei blir pressa til å presterte, og dei blir vurderte ut frå desse prestasjonane. Av og til er det i "mitt fag", andre gonger skal dei ha prøve like etter den timen der eg syntest dei var lite kreative og arbeidsvillige.

Eg har uendeleg godt av å kjenne dette på kroppen etter 21 år utan eksamenar, men det skal bli uendeleg godt å rydde vekk bøkene og styre med noko anna.

Eg har ei lang "Bucket list" når det gjeld hage, hus, turar og romanlesing. Først skal eg berre kome meg gjennom dei fem timane der det gjeld å hugse og få ned på papiret dei rette tinga.
Litt lei av å ha dette liggande i stova

tirsdag 17. mai 2016

17. mai 2016

I år har eg ein raudruss, ei som går ut av tiande og ein som går ut av sjuande. Eigentleg burde dei ha vore russar alle tre, med andre ord. Dei to yngste spelar i korps på Folkestad, så programmet for nasjonaldagen gir seg sjølv. Etter toget på Folkestad tok vi ferja over til fastlandet for å sjå på folketoget, der Storegut feira russetid samen med mange andre kjekke ungdomar.

Vêret har vore kaldt og overskya, men opplett, og vi har hatt ein fin 17. mai.


Kransing av bautaen på Folkestad




Fremst i Folketoget

Årets mest morosame: drillkorpset frå Mork



lørdag 14. mai 2016

Innspurt

Langfri betyr for meg rettemaraton. Engelskelevane mine hadde tentamen sist måndag, og eg fekk inn 51 svar. Eigentleg hadde eg tenkt å la dei ligge til etter min eigen eksamen, men karakteroppgjeret skal vere like over helga etter eksamen, så eg begynte allereie måndag kveld. Fri-onsdagen sat eg først inne og retta, deretter låg eg ute i sola og las pensum. Etter solnedgang retta eg fleire elevsvar. Då fredagen kom, hadde eg retta 28 stk, og så vart 36 av elevane mine trekte ut til skriftleg eksamen i engelsk. Mange av dei hadde eg ikkje retta svara til enno, så no begynte det å haste. Eksamenen deira skal nemleg vere allereie den 20. mai, og dei vil gjerne ha vurdert tentamenen sin før eksamen - det er halve vitsen med tentamen at ein skal øve på eksamen.

I bloggande stund er eg i sluttfasen av gigantbunken, som i alt kjem til å ta om lag 25 timar å ferdigstille. Når det er gjort, har eg 11 dagar på meg til å hamre inn pensumet mitt til eksamen. 

I dag bestod mosjonsturen min av ein relativt fuktig sykkeltur, og vi er snart i elendig form både hunden og eg. På meg hadde eg dei nyinnkjøpte joggeskorne mine, som eg ser fram til å slite ut. Eg trur på eit liv etter eksamen.

Siste skuledag med russefeiring

Tradisjonen tru feira jobben min saman med russen siste skuledag før 17. mai med tautrekking, dans, russerulling og fotballkamp mot lærarane. I år er Storegut russ, og eg er så glad for at han har kome seg til att etter sjukdomsperioden slik han fekk vere med på feiringa. Han vart rulla fram til siger i russerullinga, og han var med og spelte fotball. Det er langt betre enn å ligge heime med feber, i alle fall.

lørdag 7. mai 2016

Veslejenta i konfirmasjonsselskap

Med litt hjelp til hår og sminke er no Veslejenta klar til å fare i selskap


Kile

Som pauseinnslag i lesinga i dag gjekk Minstemann og eg tur med Charlie. Minstemann fekk bestemme turmål, og då vart det hovudvegen inn til Kile, over brua, grusvegen langs gardane og over den andre brua før vi gjekk hovudvegen heim. Heime sat Eldstejenta og las til sin eksamen. Vi ser fram til tider etter dette.

fredag 6. mai 2016

Straumshamn

Etter å ha lese dagens dose med pensum, tok eg med dei tre heimebuande ungane på tur i lokalmiljøet. Først var vi oppe på gravplassen og mimra litt om dei som er borte, deretter gjekk vi over markane inn til skogsvegen og ned på Botnasanden. Det har vore ein mild dag med litt sol og mykje vind, og det er aldeles herleg å vere ute i den friske mailufta.


torsdag 5. mai 2016

Tulleplassen i Mjeltvika

Dagens turmål gjekk til Mjeltvika, forbi Tulleplassen, over raset til Kile og hovudvegen heim. Ved Tulleplassen stoppa vi og tok ein ørliten historietime. Det var veldig mildt og fint, men ein del vind.

onsdag 4. mai 2016

Besøk i Starevegen

I dag skulle eg eigentleg ha fri-onsdag med pensumlesing frå morgon til kveld, men så vart det behov for at eg stilte nokre timar på jobb. I tillegg vart vi inviterte på middag til besteforeldra i Ørsta, så eg fekk samla ungeflokken der i staden for heime. Storegut er frisk att, så no har han eit svare strev med å ta att prøver og russefeiring.

Vi fekk servert nydeleg lammesteik, kaker og dessert - og så fekk vi velje oss kvar sitt lestepar frå samlinga til mormor. Minstemann meiner det er mykje kjekkare og betre å spele trommer med ullsokkar enn med bomullslestar, og det trur eg på.

Vi tok oss ein handlerunde slik at vi har mat i hus når butikkane er stengde i morgon, og deretter for vi heim. Eg las nokre pensumartiklar, og no er det tid for "Purple Rain". Storegut er ute med russen, men vi hine kosar oss i sofakroken.

tirsdag 3. mai 2016

Eldstejenta heime igjen

Etter to harde studiedagar fekk eg i dag Eldstejenta heim på mai-besøk. Vi skal snart ha eksamen begge to, men kan setje av tid til mosjon og prat innimellom. Det har vore mykje sjukdom i familien den siste tida, og då er det ikkje lett å sitje på ein hybel mange timar unna. Vi er uansett glade for å ha henne her igjen.

søndag 1. mai 2016

Bok 31 2016: "Den statiske mannen" av Klaus Hagerup

Victor Abel lever eit stille og hendingslaust liv. Han er einsleg, og han arbeider som konsulent i teknisk etat i Fredrikstad. Ein dag ser han ei levande statue på gata, og han bestemmer seg for å reise rundt og stå urørleg han òg. Slik skal han bli synleg, i ein alder av nesten 60 år.

Eg har ikkje lese anna enn utdrag frå ungdomsbøker av denne forfattaren, men dette var ei bok eg likte godt. Den har enkel symbolikk og er på ingen måte noko komplisert, men den er likevel filosofisk og stiller ein del eksistensielle spørsmål.

Då eg skulle sjekke kva dyktig skodespelar som las lydboka, viste det seg å vere forfattaren sjølv som las. Det var ekstra kjekt å sjå, for den var uvanleg godt innlesen. Dette var i det heile ei bok eg likte godt, og som eg derfor skal levere vidare til mi leseglade mor. Så får vi sjå om ho likar den.

1. mai 2016

I år fall 1. mai på ein søndag, og her i bygda var det konfirmasjon. Eg er sterk motstandar av at ein bruker dagen til anna enn det den er meint for, men var heldigvis ikkje "ramma" sjølv.

Markeringa av dagen skjedde i år i kinosalen på Volda samfunnshus. I Volda arrangerer fleire grupper 1. mai saman, men i og med at det var konfirmasjonar fleire stader, var det ikkje så store forsamlinga som møttest. Foreldra mine og Bladfyken var i følgjet mitt.

Arbeidarpartiet hadde stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal som hovudtalar. Han snakka mykje om arbeidsløyse, krise og skattelette, men og om integrering og hjelp av flyktningar.


SV sin hovudtalar var den lokale kommunestyrepolitikaren Marit Aklestad, som har fått ein del mediamerksemd på grunn av medbragt baby på kommunestyremøte. Ho fokuserte på internasjonal solidaritet, og peika på ein del problem med arbeidsmiljø og rettigheiter.

AUF-appellanten Guro Kvist var innom ein del av det dei to hovudtalarane tok føre seg, og peika dessutan på kor viktig 1. mai var og er.

Howard Medland heldt appell på vegner av Amnesty International, og han fortalde mellom anna om tre som sit fengsla fordi dei manglar ytringsfridom i land som Uzbekistan, Azerbadjan og Etiopia. Alle fire talane var tankevekkjande og lærerike. I tillegg var det musikkinnslag frå Høgskulen, allsong og kaker og kaffi.

Etter arrangementet for vi, som i fjor, på kinarestaurant. Når ein har gjort noko to år på rad, er det som kjent blitt ein tradisjon.