søndag 30. mai 2021

Genser nummer ni: Chunky Dahlia til Veslejenta

Etter ein genser nummer 8 som truleg kjem til å bli rekt opp att, då den vart altfor stor, strikka eg ein Chunky Dahlia til Veslejenta. Den er strikka i fargen "pudderrosa" av Sandnes børstet alpakka, og den vart perfekt stor. Denne gongen gjekk eg ned ein pinnestorleik for å få litt mindre "chunky" preg. Sidan ho hadde bursdag i går, vart det liksom ein liten presang.


Postvegen revisited

Laurdag ettermiddag/kveld gjekk vi årets første tur på vegen frå Langedalsbroe til Brekka, det vi kallar postvegen. Det var nydeleg sol og fin temperatur, og det er deilig å sleppe beitande dyr når ein går med hund. Fleire familiar hadde campa i telt ved vatnet, og det var triveleg å sjå.

Grensesteinen låg fullstendig i skugge


lørdag 29. mai 2021

Ulvedal

Like ved Blakset, på Panoramavegen mellom Stryn og Lote, såg eg ein gong eit uteamfi og eit skilt som tilsa at der skulle vere eit turområde. Tysdag etter jobb hadde Bladfyken og eg eigentleg ingen mål og meining når det gjaldt turmål, men så enda vi opp ved dette amfiet ved eit skilt som sa "Ulvedal". Der var fleire alternative ruter for turgåing, og vi enda opp med å gå den nedre ruta, der vi fekk sjå ei røvarhole (Baggehola) i eit bratt berg, utsikt over fjorden på ein plass som var veldig bratt, ein botanisk hage anlagt på ein stad midt i ei fjellside som hadde vore brukt til fruktdyrking tidlegare og ein berghammar som hadde vore brukt til utsprenging av skiferheller. Det var kanskje ikkje så lange gåturen, men det var mykje interessant å sjå, noko som denne dagen var langt viktigare. 



Baggehola, der segna seier ein mann gøymde seg for øvrigheitene i tre år etter å ha slått i hel ein annan mann i Innvik. Han fekk seinare lovnad om frikjenning viss han tok seg av ein ugjerningsmann på Selje kloster, noko han gjorde. Kona rodde over med mat i dei tre åra mannen budde i den bratte fjellsida.

Her dyrka bøndene frukt og bær tidlegare, før dei fekk til slikt på eigne gardar. Ein lun og fin plass midt i fjellsida.

Her synte spor etter skiferhelleproduksjon

fredag 28. mai 2021

Maidagar

Det har vore dårleg med blogging i mai, men det betyr ikkje at ikkje noko skjer. Eg har sete med dungevis av tentamenssvar, og dei fekk eg unna relativt raskt, takka vere raude dagar. Elles har vi feira 1. og 17. mai, mamma og eg har vore på Lopradag og elles har det blitt turgåing i lokalmiljøet og ein tur som skal få sitt eige blogginnlegg. Litt hagearbeid har det òg blitt, og for tida er det nydeleg vêr. 

1. mai i Volda

Lisjedalen

Korpsmusikantane på 17. mai



Veslejenta og Charlie på tur på Sagesetra


Chunky Dahlia til Eldstejenta

 Og slik såg den ut på. Ut-inn, men dog...