torsdag 30. september 2010

Bok 50 2010: "Gösta Berlings saga" av Selma Lagerlöf

Av og til finn eg ut at eg skal lese ein "klassikar", og denne gongen prøvde eg meg på ein gammal svensk nobelprisvinnar. Er eg imponert? Stilen er i aller høgste grad avleggs, med oppkonstruert syntaks og halvvegs realistisk handling ispedd eventyr. Eg skjøna meg ikkje heilt på boka, men kunne setje pris på nokre av historiene. Dei spinn rundt eit herregardsmiljø i Värmland, der Berling er ein prest som vert avsett på grunn av fyll og lever som "kavaler". Han sjarmerer fleire kvinner på sin veg, og mange av historiene handlar om dette. Boka tok seg litt opp etter kvart som eg vart meir van med stilen, og eg synest det er kjekt å ha fått litt meir innsikt i svensk kulturhistorie.

Sollidheida (570 moh) og Kornbergveten (577 moh)

I dag var eg supereffektiv på jobb, og eg jobba ganske mykje i går kveld òg, så det vart mogleg å ta 14-ferja heim og gå ein fjelltur før det mørkna. Å gå tur i fjella mellom Folkestad og Dalsfjorden er veldig fint; denne gongen svinga eg mot Kornbergveten i staden for mot Kyrshovudet, og på vegen ut til Veten passerte eg mellom anna Sollidheida. Ein flott tur på nok ein fantastisk haustdag! Einaste turkamerat i dag var Henning - eg fekk høyrt ferdig nesten tre av 18 cd'ar i ei ny og spennande lydbok...


Då eg kom ned på skogsvegen att, møtte eg heile fem personar med våpen - sjølv "skyt" eg berre med kamera, og eg jaga vel alt som var av hjort i området.

onsdag 29. september 2010

Tur til "Sanden" og "Litlebøvatnet"









Nabo T, eg og tre av gutane våre kjørte i dag inn i Dalsbygda, der vi først var inne på "Sanden" (der er ingen sand, så eg skjønar ikkje kvar namnet kjem frå) og deretter oppe ved "Litlebøvatnet" (Lisjebøvatnet). Det var nok ein herleg haustdag med sol og klår luft, og vi hadde det skikkeleg koseleg saman - i alle fall heilt til Minstemann vassa seg ut i vatnet og vart våt på buksa og i støvlane. Nabo T er godt kjend, og eg fekk tips om mange nye turmål både for store og små. La oss håpe vi kan få gått litt tur i ferien!

tirsdag 28. september 2010

Bok 49 2010: "Samson og Roberto - Arven etter onkel Rin-Tin-Tei" av Ingvar Ambjørnsen

Eg er stor fan av Elling-bøkene til Ambjørnsen, og nokre av dei seinare bøkene hans. Ved eit bibliotekbesøk fann eg ut at eg skulle prøve meg på ei barnebok av denne forfattaren, som må vere ein av dei eg minst assosierer med rolla som barnetimeonkel. Boka handlar om ein hund og ein katt som arvar eit pensjonat og dermed bestemmer seg for å bli "pensjonistar". Problemstillingar om oppussing, økonomi og skattemyndigheiter kan vere noko uforståelege for små born, men dei ulike dyra som er med har tydelege og morosame karaktertrekk som gjer at handlinga er morosam likevel. Minstemann valde seg ut eit par roller han ville lese, medan eg las resten. Vi måtte finne passande stemmer og dialektar for dei ulike typane, som til dømes den skotske poet-moldvarpen og den hyperaktive oteren, og vi hadde mykje moro medan det stod på. Ei god barnebok bør vere godt lesestoff for den vaksne òg, det er no mi meining. Nokon tydeleg moral finn eg ikkje, anna enn at ein kan leve i ein slags harmoni med kvarandre sjølv om ein er ulike. Vi får lese resten av serien og sjå om vi blir like begeistra...

Kosetysdag med Minstemann

Krava er ikkje få når Minstemann skal ha kosetysdag med mora si. Først skal det vere rett-i-koppen-suppe, og i dag var kravet "fiskesuppe med skalldyr". Til dessert ville han ha noko nytt eg hadde handla inn, nemleg havregraut med eple og kanel. Enkelt og greitt, rett i mikroen, og med ein skvett mjølk på. Etter dette herremåltidet las vi bok fram til barne-tv, då han ville ha noko å "kose oss med". I dag var det vannbakkels med vaniljefyll, kjøpt inn av nysgjerrigheit. Veldig gode, forresten! Resten av kvelden har vi lese, fyrt i omnen, tent stearinlys og kosa oss med te og peparkaker, av alle ting.

Han takka nei til nybaka grovbrød til kvelds.

mandag 27. september 2010

La deg bevege (og kvil etterpå)

Etter jobb i dag for Eldstejenta og eg på "Tren" for å ta i bruk vår flunkande nye familiemedlemsskap. Vi er ikkje nøydde til å trene samtidig, altså, viss nokon trudde det., men det er no artigare når ein er to. Først rodde vi 2 kilometer. Det var eigentleg litt kjekt, men eg er litt usikker på kva effekt det kan ha for armane/ryggen. På skritt-teljarane (eg går framleis med to) hadde det ingen effekt, så eg var meir motivert for tredemølla, der vi sette av garde og gjekk (eg) og jogga (Eldstejenta) om lag 7 km. Deretter kjøpte vi oss sunn middag og drog heim på hybelen hennar.

Seinare i kveld vart det ein visitt på Høgskulen for min del. Det er Forskingsdagar, og vi fekk høyre Marie Ø Sørbø forelese om filmatiseringar av Jane Austen-romanane. Inspirerande og kjekt med fagleg påfyll!

Det kjem vel med no i kveldinga at Mamma gav meg to nye sofaputer som ho har sydd av ei gardinlengde. Putene viser klokker med tidspunkt i Sydney, London, Paris m.m., så det er lett å drøyme seg vekk.

søndag 26. september 2010

Kyrshovudet (573 moh)



Etter fotballkampen i dag gjekk Nabo N og eg ein tur på Kyrshovudet. Der er lett og fint å gå langs ei rad små toppar mellom Folkestad og Dalsfjorden, med mykje sol og flott utsikt. Og så er det så kjekt å snakke ilag!

Bok 48 2010: "Slumdog Millionaire" av Vikas Swarup

Swarup er ein indisk diplomat som i 2005 debuterte med romanen "Q and A", som seinare fekk tittelen "Slumdog Millionaire" etter at filmen med den tittelen vart ein enorm suksess. På norsk er tittelen "Gutten som hadde svar på alt" - slett ikkje den beste tittel eg har høyrt. Utgangspunktet for romanen er at ein ung kelner vert arrestert, mistenkt for juks, etter å ha vunne ein milliard rupi i eit TV-show. Komposisjonen er genial; gjennom eit forhøyr får vi tilbakeblikk frå livet til kelneren, slik at vi får forklaringar på kvifor og korleis han har svara som han gjorde. Historiene er gripande, romantiske og humoristiske - etter mitt syn er dette ein roman som har det meste, og det er det beste eg har lese på lenge.

Filmen er skodd over nokolunde same lest, men er svært ulik. Nokre av handlingane kjem att i filmen, men det meste er heilt annleis. Den er dessutan meir kronologisk i tilbakeblikka enn romanen er. I og med at dei er såpass ulike, bør ein sjå på romanen og filmen som to sjølvstendige, frittståande verk med kvar sine kvalitetar, og ikkje først og fremst tenkje på filmen som ei filmatisering. Det er den strengt tatt ikkje.

lørdag 25. september 2010

Fotball, Familie og Fårikål



I dag var det Bendit-cup i Volda. Veslejenta spelte heile dagen fordi ho spelar på to lag, medan Minstemann berre deltok i tre kampar, der Storegut og eg berre fekk med oss den siste, som dei forresten vann stort. Deretter reiste gutta og eg til Ørsta, der vi fekk servert fårikål og eplekake - kan det bli meir sesongprega enn det? Nydeleg var det i alle fall. Systa og Niesa var der også.

Niesa og Storegut er nesten like gamle, og dei har undervegs i livet ofte blitt samanlikna når det gjeld høgde. Akkurat no er Storegut ein cm eller to høgare enn niesa - mykje på grunn av håret.

fredag 24. september 2010

Litt tidleg med nyttårsforsett?

No har eg endeleg fått gjort noko eg har tenkt på lenge: bestilt årskort på "Tren". Etter kvart som kveldane blir mørkare, vert det mindre og mindre freistande å gå tur ute, sjølv om det er min favoritt blant mosjonsartane. Derfor tenkte eg at treningssenter kan vere eit godt alternativ. Med medlemskort kan ein trene  på apparat av ymse slag, eller ein kan gå på aerobicstimar, spinning, yoga og anna. Eldstejenta har vore medlem eit år, og no gjekk ho inn som "familiemedlem" i eit pakketilbod. På 90-talet trena eg mykje aerobics i Ulsteinvik, og no håpar eg på å kunne ta opp ein tråd eg har sleppt ned for lenge sidan. Berre eg ikkje raknar heilt...

torsdag 23. september 2010

Nora, "du er jo bare et barn!"

Litt vaksenopplæring her:
Namnet "Nora" i Et Dukkehjem er ikkje tilfeldig, men viser til ordet "nor". Ordlista seier:

nor n1 (jf gda norn, kanskje av norr n&oeacute;ra 'nære') spedbarn

tirsdag 21. september 2010

Easy living

Tysdag er det Minstemann og Mammas kosedag, då dei hine vanlegvis er på korps. Minstemann får velje middag, og favorittmåltidet hans er "rett i koppen"-suppe. Han er, som slekta veit, ein skikkeleg suppegjøk. Denne tysdagen hadde eg handla inn fem variantar som han kunne velje mellom, og det var stor stas. Til dessert hadde vi sjokoladebollar frå Statoil (halv pris, altfor freistande) og vaniljeis (eigentleg sorterer dette under "rydding av frysar", sidan det berre var ein rest att i ein boks). Kveldsmaten var te og ost ("rydding av kjøleskap"). Vi har elles lese "Samson og Roberto", sett masse tv og spelt PS.

For knapt to veker sidan var eg på foreldremøte og fekk høyre kor viktig det er med sunt kosthald og gode søvnvanar. Ikkje eit ord vart sagt om "kosedagar".

PS: eg kjøpte ei flaske Sana-sol i dag.

Et dukkehjem

For femtande gong har eg no sett gjennom Fjernsynsteater-versjonen av Et dukkehjem, med sjølvaste Lise Fjeldstad i rolla som Nora. Og det rare er at eg ser noko nytt i den framsyninga kvar einaste gong! Ein gong fekk eg nesten sympati med Torvald, fordi han eigentleg aldri har gjort noko gale, men er blitt eit produkt av samtida han, på lik linje med Nora. Ho har dessutan ikkje gjeve han innsyn i problema sine, men leika "lerkefugl" og spelt rolla som dukkekone. Vanlegvis ser eg sjølvsagt på han som ein feig og sjølvsentrert fyr, spesielt når han kjem småpussa att frå fest. Aller mest imponert er eg over Lise Fjeldstad, som spelar alle "versjonane" av Nora fantastisk godt - både den lystige, den fortvila og den målretta.

Elevane har lese og jobba med spørsmål til første akt før dei fekk sjå heile stykket, og no skal dei få fleire oppgåver. Seinare skal vi sjå ei filmatisering for å samanlikne adaptasjonane. Kva elevane synest, veit eg ikkje, men eg har i alle fall verdas beste jobb!

mandag 20. september 2010

søndag 19. september 2010

Tulliball-dag

Der er dei som synest eg er "litt i overkant". Mi nye "greie" er at eg går rundt med to (2) skritt-teljarar. Den gamle slutta å virke då den datt i golvet sist helg, og allereie måndag kjøpte eg meg ein ny av same sort. Det viste seg fort at den nye underrapporterer, så eg kan gå tur i ein time uten at den viser meir enn 79 talde skritt. Irritasjonen var sjølvsagt stor då eg oppdaga dette, og gleda var desto større då den gamle plutseleg begynte å virke igjen, i alle fall mesteparten av tida. No går eg altså rundt med dei begge to; ein gammal som viser rett tal skritt men som kan slutte å virke kva tid som helst, og ein ny som eigentleg berre er til irritasjon.

Søndagen har gått med til teljing av skritt medan eg høyrde på lydbok, retting av Ibsen-stilar og til slutt familiemiddag med raspeball på menyen. Etter det vart det ei lita middagskvild, men no stikk eg nasen ned i stilbunken att.

Laurdagstur til Mulvika (Nerlandsøya)

I indre strok ausa regnet ned i dag, men ute ved havet var det opplett og nokolunde vindstille. Det var fantastisk å sjå og høyre bølgjene bryte innover steinane og sanden, og Mulvika ligg slik til at det er storhavet som kjem innover. Dagen vart avslutta med middag på Fosnavåg brygge, då det var fullt på den restauranten som eg trur heiter "Maku". Der må ein bestille bord på laurdagar.

fredag 17. september 2010

Bok 47 2010: "Morgen i Jenin" av Susan Abulhawa

Er ein fan av Cecilia Samartins romanar knytte til dramatiske historiske hendingar, er sikkert denne boka òg fengande lesestoff. Dei minner etter mitt syn ein heil del om kvarandre, og også denne gongen finn eg historia meir interessant enn forteljinga. Samtidig er det vanskeleg å setje fingeren på kva det er eg ikkje likar. Kanskje er det dei fantastisk lukkelege kjærleiksforholda eller dei melodramatiske dødsscenane som nesten går over i parodien. Mi erfaring som lesar er at dramatikken i forteljinga kjem betre fram i eit relativt nøkternt språk. Persongalleriet er stort, men det er berre få av personane ein festar seg særleg ved. Av det positive med romanen kan eg nemne at det er interessant å sjå Palestinakonflikten så tydeleg frå palestinsk synsvinkel, og det er alltid interessant å lese romanar som skildrar andre kulturar frå innsida. 

onsdag 15. september 2010

Lang dags ferd mot natt

I kveld hadde eg teaterdate, og dermed måtte besteforeldra steppe inn som barnevakter for dei to yngste. Takk for det, forresten! I ein fullsett sal i Ørsta kulturhus fekk vi mellom andre sjå sjølvaste Liv Ullmann og Bjørn Sundquist utfalde seg i eit stykke av Eugene O'Neill som han skreiv i 1941, men som ikkje vart oppført før i 1956. Likskapen med hans eige liv var så tydelege at han la inn ein klausul om at det ikkje skulle oppførast før etter at han var død. Familiebakgrunnen til O'Neill kan ikkje ha vore spesielt lystig, for å seie det slik. Ei sterk historie, og fantastisk skodespel. Og nok ei triveleg kulturoppleving i godt lag!

tirsdag 14. september 2010

Fullt kjør

Eg er ein levande klisjé. Tidsklemme og midtlivskrise er stikkord. Dagane mine begynner og sluttar med klesvask. Eg køyrer ungar til og frå hyblar, kampar og ballett-timar ettermiddagar og kveldar. På jobb masar eg på elevar, legg planar og les fagstoff. Skritt-teljaren min får sitt daglege pes. Ledige stunder vert nytta til handling, organisering og oppfølgjing via mobiltelefon.

Men innimellom har eg kvalitetstid også. Litt facebook i ein fritime, ein ekstra kopp kaffi saman med kollegaer, ti minutt med lydbok på kaia - det er ikkje så mykje som skal til før batteria er fulle att. I dag kjørte eg dei to mellomste på korps og stakk til Minstemann ein DS såpass eg fekk lese i boka mi ein times tid før møtet i ungdomslaget.

På møtet diskuterte vi blant anna den komande Halloweenfeiringa. Mi indre heks har i alle fall fulle batteri og ser fram til å utagere...

mandag 13. september 2010

Sveisen Storegut

Måndag er contemporary-dag, så turen går til Ørsta, der begge jentene skal trene. Storegut plar vere med ein kompis heim frå skulen så han kan kome seg på fotballtrening om kvelden, men i dag vart han med til Ørsta og fekk middag hos Mormor og Morfar. Eg nytta høvet til å få han klipt, noko som var på høg tid. Dei hine fekk shoppa litt klede og denslags i mellomtida.

søndag 12. september 2010

Fotosession, Fotball og Fårikål

Med fire ungar i hus slepp ein å late seg eller lure på kva ein skal finne på. Gamla vart kommandert ut på fotosession av Eldstejenta like etter frokost, og så var det fotballkamp for Storegut, der vi hine stilde som heiagjeng. Laget var sterkt redusert fordi nokre av spelarane er i Polen, og stillinga enda 1 - 6. Min håpefulle stod berre i mål i andre omgang. Kompisen vart skada fleire gongar, men det var berre å bite tennene saman og spele vidare, sidan dei ikkje hadde innbyttarar. Ein veslebror på sidelinja vart sett inn på banen etter kvart, og vi foreldra lo godt og antyda at ein no var så desperate at ein begynte å plukke ut spelarar blant publikum...

Uansett var det deilig med frisk luft - eg angra berre på at eg ikkje sette på middagen før vi for, så vi kunne ha kome heim til ferdig fårikål. I bloggande stund står panna og putrar så fint, og svolten er påtrengande. Maten er noko av det beste med hausten, og no er det skikkeleg haustsøndag her med regn ute, fyr i omnen og altså fårikål på komfyren. Med eit par gode bøker og filmar i huset er det ingen grunn til anna enn å fryde seg over ein herleg fridag.