fredag 31. august 2012

Bok 56 2012: "Brente skygger" av Kamila Shamsie

Den pakistanske forfattaren skriv på engelsk, men eg har lese boka som norskspråkleg lydbok. Ein av hovudpersonane er ein gut med japansk mor og pakistansk far, som mellom anna gir seg ut for å vere afghansk Hazara. Vi fyl familien hans frå andre verdskrig fram til vår eiga tid, frå bombinga av Nagasaki til tida rundt 9/11. Handlinga er mellom anna lagd til Japan, Pakistan, Afghanistan og USA, og fleire viktige historiske hendingar dannar bakteppe.

Boka tek føre seg mange ulike tema, der det viktigaste er kulturmøte og kommunikasjon. Det kan vere vanskeleg å henge med i svingane til tider, men det er ingen tvil om at dette er verdslitteratur av klasse.

torsdag 30. august 2012

Langtidsplanlegging

Sjuk på fridagen - javel - men det stogga meg ikkje i å tenkje positivt og optimistisk for resten av hausten. Det vart derfor til at eg kjøpte billettar til konsert med Dum Dum Boys 1. november. Det er lenge til, men eg gler meg!

tirsdag 28. august 2012

Heimeside for heimbygda

I dag har eg vore sjuk, så det var så vidt eg kom meg gjennom jobbdagen og skunda meg heim for å legge meg på sofaen. Etter eit gedigent middagsmåltid somna eg på sofaen, der eg sov i over tre timar og vakna frostig, slapp og med verk i kroppen. Ingen tur i dag, ingen husvask, ikkje ein gong ein god film eller ei bok - ein totalt vekkasta ettermiddag/kveld. Heldigvis er eg sjeldan sjuk, og aldri alvorleg. Bank i bordet.

Eg nyttar høvet til å reklamere for nettstaden til heimbygda mi, der nokre av bileta mine er med. Der er òg filmar med "Lommerosk" og sjølvsagt andre motiv og emne som ikkje har med min familie å gjere. Eit arbeidskrevjande prosjekt som ein berre må ta av seg hatten for at nokon har sett i gang.

Sulvassdalen




Måndag kveld var turmålet Sulvassdalen. Eg har prøvd å gå dit tre gonger før, så det var på tide å kome fram til setra. Stien går opp frå Lisjedalen, der ein først må gå skogsvegen langs vatnet. Den er temmeleg shabby etter at det har vore arbeidd mykje med skogrydding. Stien er til tider bratt og steinete, og no var den i tillegg sleip og glatt. På setra var det mykje mygg, så turen var ikkje akkurat idyllisk. Eit lyspunkt var den spesielle utedoen.

Det seiest forresten at det spøkjer på denne setra. Eg såg ikkje noko av det, men så var eg ikkje i det spøkefulle hjørnet heller.

mandag 27. august 2012

Kon Tiki

Alle nordmenn har vel eit slags forhold til Thor Heyerdahl. Dei fleste av den yngre garde har sett "raske menn" sin parodi, og nokre av oss hugsar opningsseremonien på Lillehammer i 1994. At han femti år tidlegare var ein ung, eventyrlysten vitskapsmann, har vi vel visst inst inne, men filmen "Kon Tiki" gir oss ei påminning. Eg likte filmen svært godt; den var fylt av action og flotte scener og bør absolutt opplevast på kino.

søndag 26. august 2012

Fotballturnering i Dalsfjorden

I dag skulle Minstemann til pers. Det var fotballturnering i Dalsfjorden, og laget hans fekk spele to kampar. Den første enda uavgjort, medan den andre enda med tap (2 - 0?).

Bok 55 2012: "Dager i stillhetens historie" av Merethe Lindstrøm

Forfattaren vart tildelt Nordisk råds litteraturpris for denne romanen, som eg finn mildt sagt oppskrytt. Handlinga er at eit eldre ektepar har hatt løyndomar i livet, og at mange av desse vert avdekte. Det heile skjer utan særleg spenning eller dramatikk, i alle fall slik eg ser det. Det er forfattaren sjølv som les lydbokutgåva, og det burde ho anten ha spart oss for eller skrudd opp tempoet. Mor mi skriv på sin blogg at ho heldt på å tørne av den sakte lesinga, og det gjorde eg òg. Kan hende ville eg ha likt papirutgåva betre, men eg trur uansett at denne boka ville ha verka stilleståande på meg.

lørdag 25. august 2012

Learning by screwing


Sjølv vart eg 43 år før eg brukte drill, og det var svært lite røynsle eg hadde når det gjaldt montering av flatpakka møblar før eg skulle møblere nyehuset. Det var derfor ein liten pedagogisk baktanke inne i biletet då eg sa til dei to tenåringane mine at dei kunne montere klesskapet eg hadde kjøpt til Eldstejenta. Sjølv tok eg med meg Minstemann på tur, og så fekk dei greie biffen aleine. Etter litt over tre timar var delane sett saman til noko som liknar mistenkjeleg på eit skap, bortsett frå at skapdørene treng ei justering for å gå heilt att. Det skal dei fikse i morgon - i kveld er dei i Volda og på Bjørkedalen og sosialiserer seg etter å ha sete mykje av dagen i gangen med drill og hammar.

Skapet er kjøpt på Jysk, er 96 cm breidt og kosta kr 500

I Lisjedalen med Minstemann

Då Eldstejenta og Storegut begynte å montere klesskap, vart livet i heimen temmeleg uuthaldeleg for Gamla og Minstemann. Vi gjekk oss derfor ein hyggeleg tur i Lisjedalen medan det meste av dramaet gjekk føre seg.

På veg til dalen fortalde Minstemann meg om ulike våpen og arbeidsoppgåver i det militære miljøet. Han spurde meg etter ei stund om kva eg synest han bør få slags jobb dersom han vervar seg i militæret, og som den fredsæle mora eg er svara eg at han kunne få seg jobb i saniteten, eller bli feltprest. Svaret kom med eit sukk:

"Å Mamma, du seier så mykje dumt"




fredag 24. august 2012

Friday on my mind...

Første undervisningsveke er over. Vi har hatt presentasjonar og bli-kjend-aktivitetar, gått gjennom læreplanar og begynt å snuse på fagstoff. Elevane verkar forventningsfulle og positive, og så langt har eg stor tru på det nye skuleåret.

På heimefronten har vi fått unna fotballtreningar, fotballkamp og korpsøving, i tillegg til at Veslejenta har vore på tre ballettøvingar. Lekser er gjorde og brede er lagde på etter beste evne (som ikkje er særleg god).

Fredag ettermiddag har det hopa seg opp ein del klesvask, eg måtte handle inn eit lass med mat og plenen har vakse kjempehøg. Likevel fekk vi prioritert ein liten tur i ballbingen medan kompisen til Minstemann var på besøk.

Eigentleg skulle eg ut med jobbdamene i kveld, men det vart meir freistande å roe seg ned heime saman med ungane.

God helg til alle der ute!

torsdag 23. august 2012

Kjapt levert, kjapt montert

I dag tok Barnefaren med seg Storegut til Ålesund, og der kjøpte han med nokre kasser med flatpakka møblar til heimen her. Det har sine sider å ha liten bil, men heldigvis har eg fått rekognisere både på nett og på butikk, så ordren var klar.

Etter jobb og ballett-kjøring var eg temmeleg gåen, og eg sat ei stund i godstolen og grua meg til å ta fatt.

Det viste seg at hylla eg hadde kjøpt til Minstemann var temmeleg ferdig montert frå før - det var berre å bøye ut sidene og legge på hyllene. Heile prosessen var over på om lag fem minutt, og no har Minstemann ein stad å gjere av faktabøker og filmar.

Hylla heiter "Fresno", er kjøpt på Jysk og kostar kr 799

onsdag 22. august 2012

Bok 54 2012: "Hendelsenes hus" av John Boyne

Forfattaren har tidlegare skrive "Gutten med den stripete pysjamasen", som tek føre seg hendingar under andre verdskrig. I "Hendelsenes hus" møter vi eit eldre ektepar der kona er døyande, og der mannen mimrar om oppveksten og ungdomen sin i Russland i perioden rundt revolusjonen i 1917. Livet hans som son av ein liveigen bonde vart snudd på hovudet då han berga ein mann frå å bli skoten, og dermed fekk jobb som livvakt for sonen til tsaren. Vi møter dermed kjende historiske og myteomspunne personar som Rasputin og Anastasia.

Eg er glad i bøker som handlar om historiske hendingar, men denne vart noko føreseieleg og klisjéprega mot slutten. Det mest spennande var etter mitt syn delen som omhandla Rasputin og livet ved hoffet. Boka er heilt grei som underhaldning, men ingen stor litterær prestasjon. Som så ofte før synest eg forfattaren halar ut slutten så ein nesten er letta når ein er ferdig å lese.

tirsdag 21. august 2012

Fotballkamp Folkestad - Gurskøy

Andre skuledag etter ferien, og fotballsesongen er allereie i gang att. I dag følgde vi jentelaget der Veslejenta spelar, og dei slo Gurskøy heile 11 - 4. Minstemann og eg gjekk tur i Løndalen medan laget varma opp, og etter kampen for Veslejenta på korpsøving. Storegut sykla til kaia for å fare til Volda på fotballtrening. Vi har sett inn kvardagsturboen.

Bok 53 2012: "Paula" av Isabel Allende

Denne boka skreiv Allende medan dottera Paula låg i koma på grunn av sjukdom. Boka handlar om livet til Allende, militærkuppet i Chile og forfattarskapen. Vi møter ei kvinne som lever med gjenferd og som ser syner om framtida, men først og fremst ei kvinne som må innfinne seg med det største marerittet ei mor kan oppleve. Det er ei vakker og poetisk bok, og det er interessant å lese om korleis bøkene er blitt til, men det har vore svært krevjande å leve seg inn i korleis det er å sitje ved dottera si sjukeseng.


Velsmakande velkomst

Etter å ha jobba, handla og henta ungar var det fantastisk å kome heim til ferdig middag og fint pynta bord. Dette kunne eg ha vent meg til!

Husmorvikar? Akkurat det eg ønska meg!

Eldstejenta skulle ha fri frå jobben tysdag, derfor fann ho ut at ho kunne handle inn til middag medan ho var på jobb måndag. "Du mamma kan berre reise på jobb, du, så skal eg passe på at søskena kjem seg på bussen". Eg fekk opp gjengen og for medan ho steikte pannekaker til Minstemann, og biletet henta frå facebook tyder på at søskena kom seg av garde i reine klede og med rett utstyr. Vi kjem kanskje heim til ferdig middag, og det blir sikkert noko betre enn det eg har fantasi til å mekke etter ein lang dag på jobb. Dette kan bli ein god haust!

mandag 20. august 2012

Hit eit steg, og dit eit steg

I år er det siste året eg har tre ungar på same skulen. Eldstejenta jobbar, og det er truleg siste året alle saman bur heime. Det er store overgangar i mange heimar i desse augustdagane, men heime hos oss er det relativt små endringar i høve til fjoråret. Den største overgangen blir å stå opp tidleg om morgonen og kome inn i rutinane.

søndag 19. august 2012

Together again

Eg kan ikkje akkurat seie at eg har vore barnlaus i fire veker, for eg har hatt Eldstejenta her medan dei hine var i Danmark med faren, og ein visitt førre søndag og måndag av dei tre yngste. Likevel er det frykteleg lenge sidan vi var alle samla, så det kjendest godt å få dei heim att i ettermiddag. Etter ein tur i ballbingen laga eg ein stabel med "arme riddere", som gjekk ned på høgkant. Ved leggetid ber Minstemann om at eg skal begynne å lese "Tonje Glimmerdal", og det ser eg fram til.



Saga om ved


Laurdagen gjekk med til arbeid i hagen. Denne gongen var det hardt grovarbeid som stod for tur, i og med at fleire store og små tre har måtta bøte med livet for å gi lys og varme og ein solfylt veranda. Resultatet så langt er ved i vedskjulet, i tillegg til nokre større kubbar som må kløyvast på sikt. Greiner og småkratt vart fjerna og flytta til ein stadig større dunge med denslags. Dagen vart avslutta med ein tur til Mjeltvika for å sjå om endringane var synlege frå den vinkelen òg.

torsdag 16. august 2012

Evig kattepine

LOL(a) nyt livet som einebarn, men blir også sentrum for ein del merksemd. Sist helg kjøpte eg laurdagsgodt til henne (luksus kattemat), og eg har kjøpt inn diverse boksar med kattemat så ho skal få variert kost. Litt laks har ho òg fått, men dyret rynkar på snuten til alt anna enn billeg tørrfôr frå Europris.

Så og seie kvar kveld gøymer ho seg vekk når eg skal kaste henne ut for natta. Eg finn henne att på dei raraste stader (ein morgon fann eg henne sovande i vasken på badet).

Det verste er morgonane. I sommarferien har ho remja og klaga utanfor soverommet så eg har måtta sleppe henne inn, der ho har sove vidare i senga. Som regel. Nokre gonger har ho vore opplagd til action og jakta på føtene mine.

Å stå opp klokka seks er det verste med heile jobben min. Når ein blir vekt av ein katt 5.30 eller 5.10 (i dag) lever katten farleg. "Tar du nattesøvnen fra et gjennomsnittsmenneske, tar du lykken fra det med det samme", som Ibsen ville ha skrive, dersom han hadde hatt ein katt som LOL(a).

onsdag 15. august 2012

Nyesetra på Bjørkedalen







Etter ein lang første dag på jobb kjøpte eg meg ny skritt-teljar, og den måtte få litt pes. Denne gongen gjekk turen til Bjørkedalen og bomvegen i nørdste delen av dalen. Bilen vart parkert eit stykke oppe i vegen, og så gjekk vi setrevegen fram til Nyesetra og vidare til enden av den nye anleggsvegen.

mandag 13. august 2012

Siste feriedagen

Den kom i år òg, siste dagen i sommarferien. I år har eg hatt ein svært roleg og avslappande ferie, og batteria bør vere fullada til skulestart. Vi får sjå om fire planleggingsdagar gjer susen.

Dagen vart nytta til svært lite, eigentleg. Ungane låg lenge, det same gjaldt skodda. Då den letta, vart det krav om middag. Etter tre veker utan dei tre yngste i hus var det klart dei måtte få yndlingsretten sin, som er omnssteikt laks. Til dessert laga eg Pavlova, og det høvde fint at besteforeldra stakk innom akkurat då vi skulle leite fram kaka, så vi fekk ei hyggeleg stund i sola på verandaen.

Med seg hadde dei blant anna ei fin gåve frå Kongsberg-gjengen - det rare var at eg under middagskokinga hadde tenkt at eg burde ha hatt nokre finare gryter å sette på bordet til kvardags. Gåva var med andre ord midt i blinken, og passeleg retro-moderne etter min smak. Tusen takk!




Fjellfritt innlegg

Både laurdag og søndag har vore fine dagar med sol, og eg har nytta høvet til å lade batteri med hagearbeid, husvask og soling. Nødvendig og herleg, men ingenting å ta bilete av, liksom. Ikkje utan å bli mistenkt for sjølvskryt og ekshibisjonisme, i alle fall.

Facebook, derimot, bugnar av nydelege fjellbilete, og eg er litt misunneleg på dei som fekk nytta denne vakre dagen til å gå til dømes på Felden. Ein kan ikkje vere to stader samstundes, og i dag valde eg slaraffenliv i sola.

Søndag ettermiddag kom ungane att, og eg sette straks i gang med å lage vaflar. Dei hadde vore på setra saman med faren, så dei var ganske svoltne. I kveldinga har vi kosa oss med litt tv og film, og no har dei trekt seg attende til dei nyvaska romma sine med data og play station. Det er siste ranglekveld i denne ferien, og ungane kan sjå attende på ein aktiv og hendingsrik ferie. Eg, derimot, har fått slappa av og kosa meg . Er eg ikkje utkvild no, blir eg det aldri. Spørsmålet er vel heller om eg kjem i vanleg Turbo-tempo att innan neste ferie.

søndag 12. august 2012

Bok 52 2012: "I den skogen" av Harlan Coben

Dette er tredje bok eg les av denne krimforfattaren, og truleg den beste av dei. I byrjinga var det svært mange menneske og tilhøve som var vanskeleg å halde greie på, men så stig spenninga og varer til siste lydspor. Ein verkeleg god kriminalroman!

fredag 10. august 2012

Då blemmene sprakk

I føremiddag hadde eg ein "date" med ein kollega som bur i nærleiken. Ho hadde ein del stauder eg kunne få, og det var eit tilbod eg ikkje kunne la gå ifrå meg.


Det vart ein del arbeid å få staudene i jorda og tømme på meir mold. Etter det raka eg vekk småkvistar og lauv som låg att etter gårsdagens arbeidsinnsats, og då vart eg så inspirert at eg avslutta arbeidsdagen med å klippe plenen på oppsida og baksida av huset. Då sa det bom stopp for armane, og i tillegg sprakk vassblemmene i hendene. Nok er nok. I morgon skal eg klippe resten av plenen på nedsida, og så bør eg vaske huset med grønsåpe, såpass eg blir rein til skulestart...

torsdag 9. august 2012

Dagens dungar


I dag fekk eg hjelp til å rydde vekk nokre tre og ein heil del kratt frå eine hjørnet av eigedomen. Det var litt av ein jobb, men resultatet vart veldig bra. Den store bjørka som skuggar for morgonsola på verandaen står att, for til den jobben treng ein motorsag.

Bok 51 2012: "Volomari Volotinens første kone og andre gamle ting" av Arto Paasilinna

Bøkene til Paasilinna er ofte bygde rundt ei reise, og i denne boka møter vi ein mann som likar å samle på gamle ting. Kona, til dømes, er tjue år eldre enn han. Boka inneheld mange morosame historier om ulike gjenstandar som mannen får tak i. Alt er skrive i velkjend, heilsprø Paasilinnastil.

Boka er morosam, men kanskje ikkje den beste forfattaren har skrive. Likevel er dette godt lesestoff for dei av oss som set pris på denne typen humor.

onsdag 8. august 2012

I dag har eg gjort ein heil haug

I dag skulle eg bruke dagen til hagearbeid, sidan skritt-teljaren min forsvann på fjellet i går og det dermed ikkje var noko poeng i å gå på tur. Eg brukte ein del tid og krefter på å klippe greiner og oppveksande små tre langs oppkjørsla, og i tillegg slo eg gras med kantklipparen. Kunsten var å sette att villroser, vivendel og markjordbær, men fjerne ein del andre vekstar. Resultatet vart bra. Sjølvskryt er alltid ærleg og godt meint.

Undervegs i prosessen sat eg på huk og luka, då eg plutseleg kjende noko svi i korsryggen. Det viste seg at eg hadde fått buksa full av illsinte, små, brune maur, og i panikk vrengde eg av meg buksa og la på sprang innatt. Heldigvis var det midt mellom ferjetidene, så eg slapp publikum. Litt drama må ein unne seg.

tirsdag 7. august 2012

Fartskontroll og fjelltur

Dagen starta brått i dag, då katten LOL(a) angreip tærne mine, som eg truleg vifta med utanfor dyna i halvsøvne. Det er andre gong dette skjer på kort tid, og eg kan love at det ikkje er nokon god start på dagen. For dei som lurer på om katten søv i senga mi: den gjer ikkje det. Ho bruker å vekkje meg klokka seks og ikkje gi seg før eg slepp henne inn. Vanlegvis søv ho saman med meg til eg vaknar av meg sjølv, men i dag var ho altså litt leiken. Eller aggressiv.

Elles viste eg "tommelen opp" til to UP-menn som var ute på oppdrag langs turvegen min. Les om fangsten deira her



Etter turen arbeidde eg ein del i hagen, før det igjen var på tide med ein tur ut. Denne gongen gjekk turen til Heida og Sulvatnet. Det var både skodde og vind, men turen var hyggeleg likevel.

Bok 50 2012: "Langs Myrraveien" av Tomm Kristiansen

Dette er ei svært interessant og lærerik bok, lese av forfattaren sjølv. Han tek oss med på ei reise til fjerne land som blant anna Jemen, Bangladesh og Sri Lanka, og fortel om mange ulike kulturelle fenomen. Eg kan nemne at han tek føre seg tygging av khat-blad, bruken av myrra (juleevangeliet blir aldri det same att) og Arne Fjørtofts suksessfulle aksjon for å få folk i Bangladesh til å dyrke og ete grønsaker. Alt vert servert på ein direkte måte, og han drøftar ulike emne før han kjem med eigne meiningar.

Personleg likte eg best første delen av boka, som handla om Jemen. Det var eit land eg kjende svært lite til frå før.

mandag 6. august 2012

Gardinvanskar (eit særs trivielt innlegg)

Eg bestilte kjøkengardiner ferdigsydd i noko dei kalla "roll-up"-fasong. Då gardinene kom til gards, viste det seg at ingen hadde tenkt på at eg burde ha noko å stive dei av med nede slik at dei heng pent. I dag har eg vore på Jysk og kjøpt billege gardinstenger som eg putta inni. Det var ikkje heilt enkelt å rulle dei pent opp aleine, i tillegg til at eg skulle knyte sløyfer med banda som hang ned. Eg får heller ta det heile på nytt ein gong eg har eit par gode hjelparar. Litt betre vart det i alle fall.


Elles har dagen vore veldig triveleg, med shopping og cafédate med Kollegavenninne K (min faste stylist) etterfølgt av potetball til middag i Starevegen. Då eg kom heim vart det verken gått tur eller gjort noko anna ekstraordinært, bortsett frå at eg altså rulla opp to gardiner.

Viss nokon trur at skiftet i dagslys på dei to bileta frå kjøkenet seier noko om kor lenge eg dreiv og rulla, tek dei dessverre feil. Det seier mest om kor lang tid det tok frå eg tenkte at eg skulle gjere det, til eg faktisk gjorde det. Heldigvis vart det ikkje skifte i årstider òg...

Undrer mig paa, hvad jeg faar at se, over de høje Fjelde

Eg hadde i alle fall ikkje forventa å få sjå ein anleggsveg med to store anleggsmaskiner... Forklaringa er enkel: her skal det bli "monstermaster"!

Søndagstur til Helsetsetra

Eg har enno ikkje full oversikt over seterlivet i nærmiljøet. Sist eg var på denne turen, la eg ut bilete av setra og skreiv at eg hadde vore på Fladalssetra. Heldigvis kom det sterke protestar frå Bjørkedalen, for det viste seg at eg hadde gått dobbelt så langt som forventa.



Medan eg sist gong gjekk frå skulen på Bjørkedalen og heilt fram på setra, i tillegg til at eg gjekk meg vill både opp og ned, vart bilen denne gongen parkert der setrevegen slutta. Dermed vart det ikkje ein svært lang tur, men det var heller ikkje målet. Skritt-teljaren hadde nemleg nådd vekas mål for lengst.