tirsdag 30. juni 2009

Ferieførebuing


I dag har Nummer 3 og eg vore på shopping, til tannlege og på biblioteket. Ein skikkeleg effektiv og koseleg dag, som vi avslutta med cafébesøk på Føniks.

Av innkjøpa kan vi nemne at Nummer 3 no har brukt bursdagspengane sine (og mine) på eit flunkande nytt videokamera. Ho har nemleg planar om å lage sin eigen videoblogg - inspirert av storesystera. Storebroren syntest at ho burde kjøpe trommesett for pengane, og det er ikkje sikkert det ville ha blitt meir bråk av det, for å seie det slik...

Gamla føler seg no rimeleg trygg på at vi har i hus basisvarer som solkrem og reisesjuketablettar, badeklede og crocs. Og så har vi rana biblioteket for humoristiske barnelydbøker, som er eit "must" på lange bilturar. I tillegg lånte Nummer 3 eit par papirbøker, og Gamla forsynte seg grovt med både lyd- og papirbøker som truleg blir presenterte på bloggen ved eit seinare høve. Truleg ikkje som videoblogg...

Bok 38 2009: "Engelens spill" av Carlos Ruiz Zafón


Av og til får ein lyst til å lese ei bok omatt med det same ein har lese den ut. Slik har eg det når det gjeld denne boka, men òg "Vindens skygge" av same forfattar. Og så fekk eg utruleg lyst til å reise til Barcelona (det hadde eg eigentleg frå før òg). Eg har forresten høyrt at det vert organisert guidingar i byen basert på "Vindens skygge". Det høyrest ut som noko for meg - kanskje som ein dametur ein gong.

Om eg fekk med meg alt av handlinga? Om eg skjøna alt? Nei, eg gjorde ikkje det - men er det så nøye? Eg skal ein gong ta meg tid til å lese både "Engelens spill" og "Vindens skygge" i papirutgåve, og i samanheng. Men først har eg ein stor bunke med bibliotekbøker og ei flott gåve frå ei venninne å kose meg med.

Dagens utflukter






Dagen i dag skulle vere ekstra fin, med sol og varme. Dei tre eldste og eg drog derfor på badestranda, men særleg mykje sol og varme var der ikkje. Nummer 2 kjørte båt med to kompisar og hadde det hivens, men jentene og eg reiste av stad og henta Minstemann i barnehagen. Veret var ikkje akkurat strålande, og eg hadde ein dunkande hovudverk som tyda på at det var veromslag i emning.

Seinare på dagen utforska Bau og eg Aldalen. Vi gjekk inn til ei idyllisk seter på hi sida av vatnet frå hovudvegen (der gjekk veg og traktorveg heilt fram), og så bada vi i vatnet der. Det var trykkande varmt, og då gjer det alltid godt å bade.

Etterpå gjekk vi ut på ein sti som er merkt med "gamle setrevegen", lengre nede i dalen. Den stien var eigentleg litt skummel, sidan den går gjennom eit ras, på ein måte. Bau vart faktisk så redd at han snudde og gjekk attende til bilen.

Seint på kveld begynte det å tordne, lyne og styrtregne, og då vart hunden redd att og sprang til skogs. Vi kom heim dyvåte, men utan hovudverk!

søndag 28. juni 2009

Store planar - men så vart det Brundalen likevel...


I dag hadde eg tenkt meg på langtur, men eit flatt bilbatteri gjorde at eg i staden gjekk i Brundalen med dei to mellomste... Dei møtte vener og hadde det fortreffeleg - sjølv sat eg trygt parkert i strandstolen med lydbok for det meste. I kveldinga har eg gått og sykla med begge hundane, så dagen vart ikkje heilt lat. Eg saknar skritt-teljaren, eller batteri til den Minstemann fekk av Besta, men det er no kjekt å sykle òg, i desse varme, fine kveldane. Sola skin lenge i Geislida.

lørdag 27. juni 2009

Bok 37 2009: "Vinter i Madrid" av C.J. Sansom


Når ein skal lese ein roman på over 500 sider, gjeld det å ha god tid og konsentrasjon - noko eg ikkje har vore belemra med før dei siste dagane. Noko av skulda for at handlinga verka springande og romanen stilleståande skal eg derfor ta på eiga kappe. Dei første 400 sidene var relativt langdryge, men slutten vart betre enn frykta.

Kort fortalt er handlinga lagt til Francos Spania under andre verdskrig, men det er menneskelagnadene, og ikkje storpolitikken, som står i sentrum. Eg er inne i ein "Spaniafase" i lesinga mi, men synest det vert urettvist å samanlikne denne boka med bøker av til dømes Carlos Ruiz Zafón. Spionromanar har forresten aldri vore "mi greie" heller.

No kan de lure på kvifor eg har lese boka i det heile, men historia er at Sansom har skrive ein del krimromanar frå 1500-talet i England. Bibliotekaren på jobb skulle få tak i desse til meg, men enda opp med å tilby meg "Vinter i Madrid" i staden. Sånn kan det gå. Og eg les alltid ut bøker eg har begynt på - uansett.

Einspora fotomotiv?






























I dag tok eg med dei fem ungane som fanst i heimen ved frokosttider og gjekk i Brundalen. Igjen. Dagen begynte med skyer og kald vind, men etter kvart vart det ein fantastisk dag med sol og blå himmel. Igjen. Storejentene hadde andre ting på programmet, og dei gjekk nedatt etter eit par, tre timar. Dei tre yngste låg i vatnet i meir enn fem timar, og Minstemann var heilt svimmel då han til slutt kom på land.

For dei som ikkje er så kjende: på det øvste biletet ser de ein prikk om lag midt på. Det er Nummer 2, som har vassa ut og står med vatn til knea. Det er utruleg langgrunt på "vår" side av Brundalsvatnet, og vatnet er relativt godt oppvarma.

fredag 26. juni 2009

"Vi er verdens beste superkokker!"



Eldstejenta har bestevenninne på overnattingsbesøk, og då blir det brownies, is og bær til kvelds. Ikkje meg imot...

Livet er ikke det verste man har





Nok ein dag med strålande sol, og dei to mellomste og eg tok med oss ein hund og gjekk til seters for blant anna å teste ut den eine av to nyinnkjøpte gummibåtar. I dag var vatnet deilig lunka, og Gamla var snar til å legge seg av. Ungane hadde det hivens saman med naboungane både under og over vatn. Vi er i feriemodus!

Gamla på nye eventyr
















I dag hadde eg ein avtale med damene om å møtast på jobb og bestille hotellrom og musicalbillettar til haustferien. Etterpå gjekk K og eg på café og hadde ei triveleg stund der. Dagen vart avslutta med ein lang tur i skog og mark - kor lang den var, er vanskeleg å vite, for eg miste råsa av syne og heldt på å gi opp då eg mellom anna måtte forsere eit relativt stort steinras. Turmålet var eigentleg Årsetsetra, men eg presterte å bomme på den og hamna på Aurstadsetra i staden. Mot slutten fann eg att råsa, så nedatt gjekk det veldig bra.

PS: viss nokon går same turen, og finn ein burgunderraud skritt-teljar, er den min!

onsdag 24. juni 2009

Her er sol og glede





Første feriedagen låg vi lenge før vi stod opp. I tillegg forlangte Gamla å få ei stille stund med ei bok i solveggen som markering av ferien. Då rastløysa tok overhand, reiste vi i Brundalen, der vi bada og sola oss i eit fantastisk solskin. Dessverre er ikkje vatnet så oppvarma enno, men det er herleg å vere der uansett. I dag hadde vi dalen aleine, dersom ein ser vekk frå klegg og sauer, som der var rikeleg av. Andre naturfaglege funn var to fuglar, som eg meinte måtte vere lerker (Minstemann slit litt med å forstå at "lerka" som jublar "høyt i sky" ikkje er eit tre) og ein gedigen frosk, som Eldstejenta truleg kjem til å legge ut på bloggen sin. Ja, ikkje frosken då, men ein film om den.

Nevø 1 22 år


Min eldste nevø, journalisten, fyller heile 22 år i dag. Vi gratulerer så mykje!

Eg legg til eit bilete frå barnedåpen i august 1987.

tirsdag 23. juni 2009

Jonsok på Botnasanden








































Med sol og litt vind vart kveldsøkta på Botnasanden svært triveleg i år. Bygdisane hadde med eigen grillmat m.m., og det einaste programinnslaget var kåringa av beste kostyme. Eldstejenta fann vener å henge med utover kvelden, Nummer 2 og ein del andre bada i sjøen, Nummer 3 og Minstemann fanga krabber og plukka skjel og steinar. Vi vaksne fekk kose oss med godt prat, og personleg kjende eg feriekjensla snike seg innover meg...

Graut frå Fjordland



Eg høyrer til blant dei som elskar graut. All slags graut, eigentleg, men spesielt rømmegraut. Med kanel, sukker og rosiner - og med god, raud saft til. Og kanskje litt spekemat og flatbrød.

Ungane røpa meg ein gong då vi var hos Besta, og dei erklærte at mormora laga så god rømmegraut, medan mora brukte pulver frå ein pakke. I dag må eg tilstå at latskapen sprengde ei ny grense. Men så fekk no vi graut på jonsokaftan, då. Dei to yngste likar ikkje rømmegraut, så vi måtte uansett ha ein variant til middag. Sånn sett var det greitt med beger. Godt var det òg, forresten.

Skuleavslutning 3, 4 og 5


Elevane eg er kontaktlærar for kom innom og henta karakterane sine i dag tidleg, og så ønska vi kvarandre god sommar. Læraravslutninga i år vart arrangert på hotellet, sidan kantinekjøkkenet er ute av drift. Dette medførte mindre arbeid og større stemning enn elles, men pensjonistane og dei som er ute i permisjon fekk ikkje kome. Skulen sparar nemleg inn på det meste for tida. Les meir her

Dei tre eldste ungane hadde skuleavslutning på skulen, og Eldstejenta hadde derfor med kameraet dit. Ho kjem sikkert til å blogge om dette sjølv i løpet av kvelden. Illustrasjonsfotoet er av Eldstejenta og ein av bestekompisane hennar, som var konfirmant i år og dermed er blant neste års tiandeklassingar. Dersom nokon stussar over at han liknar nokon, kan eg legge til at han er broren til ein av klassekompisane til Nummer 2 (sjå kiwicupbiletet, til dømes).

No har ungane og eg ete rømmegraut/risengrynsgraut, ungane driv og kler seg ut og vi er snart klare for jonsokfeiring...

Skuleavslutning 2


Måndag kveld var det den tradisjonelle avslutningsfesten for VG3-elevane ved skulen. Feiringa måtte haldast på Samfunnshuset, sidan kantina er under ombygging. Maten var kaker frå Fønix og Westre, og programmet var tradisjonelt med talar, musikkinnslag og utdeling av vitnemål. Utvekslingseleven frå Belgia som har gått i norskklassa "mi" heldt tale på flytande norsk, og ein annan elev frå same klasse heldt avskilstale på vegner av elevane. Festen er alltid stilfull med bunadskledde ungdomar som er prega av vemod og høgtid.

Og kven trur de gløymde kamera?

Biletet er henta frå heimesida til skulen, og viser den belgiske utvekslingseleven som gjekk i norskklassa mi. Han heldt avskilstale på flytande norsk!

mandag 22. juni 2009

Gratulerer, svoger!


Som tidlegare nemnt, har eg berre ei svigerinne og ein svoger. Lukka er at desse er så kjekke at det ikkje gjer noko om det er få av dei! Svogeren min kom inn i familien så tidleg som i 1983. Seinare var vi kollegaer i perioden 1993 - 2000, og vi møtest framleis ein del i jobbsamanheng. I tillegg til å undervise, er svogeren min slektas einaste forfattar, med tre diktsamlingar og tre romanar på samvitet så langt. Vi gratulerer så mykje med dagen i dag, og så tek vi att all feiring når vi om ikkje lenge ferierer saman i Örebro.

søndag 21. juni 2009

Kiwicup


Overraskinga var stor då Gubben kom heim og fortalde at laget til Nummer 2 hadde tapt bronsefinalen på dagens Kiwicup. Dei har nemleg ikkje gjort det så godt hittil i år. Forklaringa på suksessen var enkel: der var berre fem lag med. Men for all del: dei vann to kampar, og begge var mot Volda-lag.

Biletet er henta frå Gubbens mobil, og han lurer på om gutta planlegg fotballstrategi eller ser på damer...

For dei som er interesserte i jentenes heimlege syslar, er videoblogginga til Eldstejenta god underhaldning.

"Du skal ikkje sova burt sumarnatta" - eventuelt "Gøy på landet"


Laurdag kveld feira vi tre kjekke førtiåringar på grendahuset. Mellom 70 og 80 slekt og vener var samla, og vi hadde ein veldig triveleg kveld. Eg tok ein del bilete som eg har lova ikkje å legge ut verken på blogg eller facebook, men illustrasjonsfotoet er temmeleg truskuldig. Det viser ei av gåvene til jubilantane, som også var ein slags konkurranse i rockering-traktering og hoppetau-hopping. Seinare på kvelden var det mange andre som ville prøve også.

Mine fysiske eskapadar avgrensa seg til ein lang spasertur nesten heilt heim. Etter eit par kilometer kom naboen syklande forbi, så då fekk eg sitje på med han resten av vegen.

lørdag 20. juni 2009

fredag 19. juni 2009

Gamla 13 - 18




















Her er nokre glimt frå unge år... Biletet med den rosa gensaren er teke rundt 13-årsdagen min i 1981. Biletet med kaninen Julie på, er teke under VM i fotball 1982. Svart-kvitt-biletet med Nadja er frå jula 1983, talarstolbiletet er frå 1. mai 1985 og grimasen er frå sommaren 1986. Utvalet skal illustrere ei ungdomstid prega av interesse for dyr og politikk - men det vart òg mykje tid til moro utanom desse store lidenskapane.

Skuleavslutning 1



















Medan Gamla var på sensurmøte i Bergen, hadde 10. klasse ved Folkestad skule avslutningsfest med dans og spel i velkjend stil. Kontaktlæraren hadde skrive ei side med presentasjon/helsing til kvar einskild elev, og Eldstejenta fekk i oppdrag å lese det opp (kan hende er det fleire som slit med klumpar i halsen og tårevått blikk når dei skal sende ungdomane ut i verda)? Eldstejenta hadde, som vanleg, øvd inn ein dans - denne gongen til fjorårets russiske MGP-vinnar "Believe".

Det er vemodig å skiljast, og denne gjengen er ein flott bukett som har vore gjennom mykje saman, som til dømes Polenturen sist haust. No til hausten skal dei spreiast for alle vindar, og vi får håpe dei får det bra i sine nye skuleklasser.

No vart eg visst litt blank i auga her...