søndag 22. august 2021

Genser nummer 12: Mariusgenser med rundfelling til Veslejenta

Før ferien la eg opp for å strikke bolen til denne genseren, som eigentleg skulle vere til Minstemann. Etter om lag 10 cm såg eg at det heile vart frykteleg stort, og eg rekte opp att og begynte på nytt, med tynnare pinnar om mindre storleik. Ved eit ulukkestilfelle gjekk eg ned to storleikar i staden for ein, og dermed fekk Veslejenta ny genser. Garnet var veldig mjukt og fint å strikke i, og det heiter Sandes alpakka. Fargane er ein mellomgrå, kvitt og blått. Seinare skal eg strikke Tirilgenser i same mønster, og det dukkar truleg opp fleire Mariusgenserar òg, sjølv om eg synest det er irriterande med oppskrifter der det står "reduser jamnt 23 masker i denne omgangen", i staden for å ha fullstendige mønsterskjema. No håper eg berre at jenta vil bruke genseren mykje, og så får eg spekulere på om eg skal legge opp to storleikar større til broren. Eg trur eg vil halde fram med å bruke tynnare pinnar, for mønsteret vart ganske pent strikka på den måten.


Bok 53 2021: "Ash and Bone" av John Harvey


Eg valde å lytte til denne boka på engelsk, for å få noko språkleg fornying og litt meir lærdom av ei krimbok. Sjølve forteljinga er litt rotete, for her er fleire ulike saker som vert omtala. Sentralt står eit mord på ei politikvinne som har vore ute og gått aleine om kvelden då ho vert angripe, valdteke og myrda. Boka er ikkje det mest spennande eg har lese, må eg innrømme.

søndag 15. august 2021

Bok 52 2021: "Av kjøtt og blod" av John Harvey


Harvey er ein ny forfattar for meg, og denne boka er den første i ein serie om ein detektivhelt. Elder er ein tidlegare politimann som er skild og har reist til Cornwall for å kome seg vekk frå det heile. Her plagast han stadig av mareritt om kattar, og han reiser etter kvart nordover for å granske ei forsvinningssak som han ikkje vart ferdig med for nokre år sidan. Eit tidlegare drap, ei forsvinning og eit nytt drap står sentralt i handlinga. Handlinga var kanskje ikkje så godt komponert, men eg likte å lese om område i England som eg har besøkt sjølv for mange år sidan, som til dømes Whitby. 

Som sagt er dette første bok i ein serie, og av ein eller annan grunn finst resten av serien med engelsk språk, men ikkje denne. Viss eg skal lese fleire bøker i serien, blir det på originalspråket. 

Genser nummer 11: Setesdal med rundfelling til Storegut


Etter å ha strikka ein del med tjukke pinnar, fekk eg lyst til å prøve noko litt annleis. Setesdalsgenseren er finare med isette erme, men det er uaktuelt for meg å begynne med større syprosjekt - dermed blir det rundfelling over heile linja. Storegut ønskte seg ein turkis genser, og denne fargen er verkeleg fin. Garnet var Viking alpaca fine, noko som vart veldig tynt og gjekk seint å strikke. Mønsteret tok si tid, men med berre to fargar var det lite trådfesting etterpå. Eg var spent på størrelsen, men den var så godt som perfekt. Genseren er relativt tynn og mjuk, og eg håper den blir mykje brukt.

Bok 51 2021: "Hallo verden - hvordan være menneske i en verden styrt av datamaskiner?" av Hannah Fry

Denne boka plukka eg opp på slump. Eigentleg synest eg tematikken er så overveldande at eg ikkje ville lese om det, men heller sjå dokumentarar og liknande, men boka er faktisk både lettlesen og underhaldande. Temaet er algoritmar og korles de kan brukast og misbrukast. Dette var langt meir interessant enn det kan høyrast ut, og ein får høyre mange historier som illustrerer poenga. Boka kan anbefalast på det sterkaste, også av slike som meg, som flakkar med blikket  av tekniske forklaringar.

Bok 50 2021: "Er mor død" av Vigdis Hjorth


Forfattaren les denne boka sjølv, og det er ei god bok om sjølvgransking og ønske om oppgjer mellom menneske som har brote med kvarandre for tretti år sidan. Eg trur eg hadde likt boka betre dersom eg ikkje hadde kjent til forfattarens strid med eigen familie, slik det har vore fokusert på i media. Det var dessutan slitsamt å lese om desse problema, for boka er sterk og tankevekkjande, sjølv om problematikken er temmeleg fjern i mitt eige liv.

Bok 49 2021: "Bakom synger døden" av Karin Fossum


Ei ung jente vert funnen død, og ein ung gut vert seinare òg funnen død. Ei mor finn ei skremmande teikning på rommet til sonen, og teikninga syner at han har vore på drapsstaden. Sakene heng kanskje saman, men forklaringa må halast fram. Igjen bruker Fossum mest tid på å vise kvifor nokon tek livet av andre, sjølve drivkreftene bak brotsverka. Dette var ei svært god bok.

søndag 1. august 2021

Bok 48 2021: "Hviskeren" av Karin Fossum

Ragna har vore utsett for ein operasjon der stemmebanda hennar vart skadde, derfor kan ho no berre kviskre. No sit ho på Sejers kontor og har tydelegvis gjort noko frykteleg, noko som kjem fram litt etter litt. Boka handlar mykje om einsemd, slik mange av Fossums bøker gjer. Hatten av for Kim Haugen, som les den kviskrande stemma på ein glimrande måte. Det må ha vore ufatteleg slitsamt!

Bok 47 2021: "Helvetesilden" av Karin Fossum


Bonnie og den fem år gamle sonen hennar blir funne drepne på bestialsk vis i ei campingvogn dei har lånt for natta. Boka vekslar mellom å handle om oppklaringa i notid og to forteljingar om det som har skjedd det siste halve året. Den eine forteljinga er om Bonnie, den fattige aleinemora som livnærer seg som heimehjelp og er snill, men mismodig. Den andre forteljinga følgjer ei anna aleinemor, Mass, og den noko einfaldige 21 år gamle sonen. Komposisjonen er det som driv denne romanen framover, og den er veldig spennande, sjølv om ein kan gisse mykje av løysinga på mysteriet.

Bok 46 2021: "Carmen Zita og døden" av Karin Fossum


ungt par opplever det så mange foreldre fryktar då sonen deira druknar like ved huset, etter å ha stukke av medan mora var på badet ei lita stund. Denne mora oppfører seg noko spesielt, og Sejer blir mistenksam. Igjen viser Fossum ei imponerande innsikt i menneskenaturen, og ho tek i tillegg opp det viktige spørsmålet om kva verdi menneske med Downs syndrom har i samfunnet vårt.