onsdag 30. november 2011

Frionsdag med kompisbesøk

Siste dagen i november vart både mørk og regnfylt. Då passa det bra å hente ein kompis av Minstemann. Eg hadde spurt ungane på førehand om vi skulle bake julekaker, til dømes serinakaker, men dei ville heller ha mini-sveler. Det skal seiast at gutane hadde baka peparkaker på SFO i går, så dei får delta i juleførebuingar andre stader enn heime hos meg.

Dagen gjekk med til prøveretting og husarbeid for min del, medan ungane kosa seg og leika på eiga hand. Vi var ein snartur ut for å feste lys i eit tre, men elles vart det inneliv. Då kompisen reiste, gjekk eg meg ein tur ut aleine i regn og vind.

tirsdag 29. november 2011

Bok 84 2011: "Hello Mum" av Bernadine Evaristo

Denne boka vart presentert på det engelskkurset eg var på for eit par veker sidan, og den er ei av bøkene i serien "Quick Reads" frå forlaget Penguin.

Boka er eit brev frå ein fjorten år gamal gut til mora hans. Dei bur i ein del av London som ikkje høyrer til dei mest kjende turistmåla, og der veks Jerome opp frå å vere den flinkaste guten i klassa til å bli ein narkodealande gangster. Det er verkeleg eit hardt miljø, der det gjeld å ha dei rette kleda, den rette gangarten og for all del ikkje bevege seg utanom sitt heime-territorium.

Boka er kort, berre om lag 80 sider, og vi vurderer å kjøpe inn eit klassesett til skulebruk. Boka er nemleg påde lærerik og gripande.

mandag 28. november 2011

Bok 83 2011: "1Q84 Bok 2" av Haruki Murakami

Det er ikkje så veldig lurt å bli hekta på ein trilogi, når den tredje boka ikkje ligg føre på norsk før om eit par månader. Bøkene er svært spesielle og spennande, spesielt fordi dei to historiene kan kome til å krysse kvarandre i tredje bok. Kanskje får vi forklaring på kva det parallelle universet er.

Personane i romanane er lette å feste seg ved og kjenne sympati for, og undervegs får vi ta del i tankevekkjande episodar som desse personane er utsette for. Eg er svært begeistra, og ventar altså i spenning på den siste boka i serien.

søndag 27. november 2011

1. søndag i advent, andre akt

Med to heimar blir det sjølvsagt også to adventstakar. Heime hos oss var det Veslejenta som tende det første lyset. I år droppa eg lilla adventspynt og gjekk rett på raudfargen, så då vart det kvite lys i adventsstaken òg. Elles bruker eg store mengde kongerøykelse for å få den rette lukta i huset, og eg har handla inn nye jule-cd'ar og julefilmar. Vi skal no vite å kose oss, sjølv om vi ikkje et så mange kaker!

Årets julebakst 2011?

Førejulstida er for meg synonymt med tentamensretting, ballett, gåvehandling og avslutningsfestar. Kakebakst er ikkje noko eg stressar med; ingen i familien er særleg begeistra for kaker, og vi synest ferdigkjøpte peparkaker er minst like gode som heimelaga. Viss eg plutseleg finn ut eg skal bake nokre sortar, er det fordi eg har lyst, ikkje fordi eg synest det må til. To sortar + karameller er i boks etter ein liten handel med Storegut.

Juleballj


Heile familien var samla til juleballj i dag - dvs raspeballar med pinnekjøt til. Det smakte fortreffelig, og eg var glad eg hadde trimma frå meg tidlegare på dag. Eldstejenta tende første lys i advent.

1. søndag i advent: salsmesse på Straumshamn

Primus motor bak prosjektet, min tidlegare nabo K, hadde i utgangspunktet håpa på å få 10 utstillarar til denne salsmessa., men talet vart fort det doble. Av varer ein kunne kjøpe var mykje fint handarbeid, smykke, mat og måleri. Storegut og klassen stilte med varer som dei sel til inntekt for Polenturen dei skal på neste haust.

Mange møtte opp for å sjå og handle, eller for å ta ein kopp kaffi og eit kakestykke i kaféen. Arrangementet var ein stor suksess blant store og små, så dette blir truleg eit arrangement neste år også.

Sjølv enda eg berre opp med å kjøpe kaffi og kake, men der var mykje eg ønska meg...




torsdag 24. november 2011

Minstemann 8 år!

Blåveisguten har fått pakkar ("akkurat det ej ønska mej"), og vi har ete middag på kinarestaurant og sett "Jul i Blåfjell 2" i 3D på kino. Heile familien var samla på kino, og det var veldig koseleg. Kameraet mitt var sjølvsagt tomt for batteri i høve dagen, så eg legg inn eit bilete frå Barnefarens mobil. Det etter kvart så berømte auget er no både blått, gult og lilla, men han er like blid.

tirsdag 22. november 2011

Bok 82 2011: "1Q84 bok 1" av Haruki Murakami

Dette er første bok i ein serie på tre, og berre dei to første ligg føre på norsk så langt. Eg kjem truleg til å skrive fyldigare om bøkene når eg har lese alle, men kan så langt nemne at denne første boka handlar om alt frå sex til sekter, og den kan både kallast realisme og fantasy. Det er først og fremst persongalleriet som fascinerer meg, og eg er nysgjerrig på kva som skjer vidare, og om dei parallelle forteljingane kjem til å krysse kvarandre.

Bedre og bedre dag for dag

Minstemanns kul blir stadig mindre, men skiftar fargar frå blå til lilla. Som den Myrsnipemammaen eg er, synest eg sjølvsagt han er minst like skjønn som vanleg. Då han sjølv fekk sjå dette biletet, utbraut han: "Ej ser ut som om ej skal i militæret. Eller som om ej he vore der ei stund."

mandag 21. november 2011

Where have you been, my blue-eyed son?

Det er dagen derpå. Minstemanns auge har vore utsett for ein del kommentarar og blikk siste døgeret, men han tek det heile med stoisk ro. Han påstår han kan sjå like godt som elles, så det er ingen fare for at han ikkje skal kunne spele PS eller gå på kino dei komande dagane.

søndag 20. november 2011

Kul bursdagsfeiring







Minstemann feira bursdagen sin i dag saman med familie og store og små vener. Vi var i Ørsta, der vi først bowla og deretter spiste pizza på den tyrkiske restauranten. Ei kjekk feiring, men noko prega av at bursdagsguten hamna i bowlingkaule saman med storesystera og fekk ein skikkeleg Donaldkul på det eine auget.

lørdag 19. november 2011

Laks på laurdag

Programmet er tettpakka, med mellom anna jobbing, selskap og konsert, og det blir lite tid og ork til kjøkkenteneste. I dag orka eg ikkje tanken på taco, og vi skal ha pizza i selskapet i morgon, så eg bad ungane tenkje ut noko anna. Svaret kom kjapt: "laks". Eg lurte på om dei ville ha pasta til, men dei ville heller ha kokte poteter. Og brokkoli. Dagens born synest kanskje dette er eksotisk mat?

På Kiwi selde dei no singelpakka kreolsk marinerte laksefiletar som berre kunne pakkast ut og leggast i ei form med skinnsida ned. Fisken stod i omnen medan potetene kokte, og til slutt kokte eg brokkolien. Dette var minimalt med arbeid, og det smakte fantastisk godt. Som saus brukte vi rett og slett rømme rett frå begeret. Måltidet vart toppa med eplejuice som drikke, og vi fekk såleis dekt det meste av dagsbehovet for frukt og grønt. Skulle vi få lyst på meir, har eg fylt kjøleskapet med billeg frukt (First Price).

Eldstejenta arbeider ved ein liten Kiwibutikk, og eg begynner å venje meg til å handle der innimellom. Eg ser at kjeda har ein del gode tilbod, og ikkje minst litt anna vareutval enn der eg handlar til vanleg.

Førehandsomtale i lokalavisa

12-konsert i Volda kyrkje: søsken i samspel

fredag 18. november 2011

Ikkje ein fredag utan?

Det blir mykje jobbing for tida. Snart tek det laust med heildagsprøver og denslags, men før den tid skal vi gå gjennom ein del pensum, lage prøvene og halde foreldremøte. Særleg det siste tek ein del tid og krefter å førebu, mykje på grunn av manglande rutinar og dårleg datasystem.

Sidan frionsdagen vart ofra, vart det lite tid til å kvile denne veka, og heller ikkje tid til å trene anna enn på tysdag, då eg gjekk ein lang tur. I dag gadd eg rett og slett ikkje, og det var vanskeleg å få skvisa inn ein tur innimellom kjøring og tv-program.

Ungane har også travle dagar, og torsdag begynte fotballtreninga på att for dei to yngste. Veslejenta reiser til Volda etter skulen, er der på ballett og reiser attende til ein times fotballtrening. I tillegg skal både ho og brørne gjere lekser.

Fredag ettermiddag spelar Veslejenta på musikkskulen, medan Storegut i dag først var på bandøving og deretter selde lodd til inntekt for neste års tur til Polen.

Sjølv mekka eg ein kjapp middag, men slo seinare til med ein gigantisk stabel med vaflar som vi kosa oss med etter barne-tv. Eg har stor sans for serien "Vaffelhjarte", og det er koseleg å samlast framfor skjermen heile gjengen for å sjå noko ilag. Slikt var sjølvsagt for nokre år sidan, men no blir det stadig sjeldnare.

God helg til alle blogglesarar!

onsdag 16. november 2011

Multicultural Britain

Ulla Rahbek er tilsett på engelskavdelinga ved universitetet i København, og dei siste åra har ho arbeidd mest med omgrepet "multikulturalisme" i Storbritannia. I dag var to kollegadamer og eg av garde på kurs for å få ta del i noko av den kunnskapen Rahbek har tileigna seg. Først snakka ho eit par timar om historikk og definisjon av omgrepet, problematiserte og forklarte. Deretter tok ho utgangspunkt i eit essay av Caryl Phillips og ein tale av David Cameron, før ho til slutt tok føre seg den korte romanen "Hello Mum" av Bernadine Evaristo.

Vi fekk utdelt nokre notatar, elles var der ingen filmklipp, ingen PC eller powerpoint-presentasjon - berre ei klok og kunnskapsrik kvinne som snakka fort og førebudd om interessante og dagsaktuelle emne. No får vi berre håpe at eit slikt fagleg påfyll kan kome våre eigne elevar til gode.

mandag 14. november 2011

Pappa 75 år

I dag var det sjølve jubileumsdagen, og det passa godt sidan vi hadde tenkt oss til Ørsta på ballett uansett, og sidan dei hadde restar av både det eine og det andre.

Pappa må seiast å vere ein sprek "gæmlis" med glimt i auga og varmt hjarte.

Heimanfrå har eg fått lære at det er ei skam å vere uærleg, egoistisk og/eller snobbete, og at ein skal strekkje seg for å stille opp for borna sine og andre som treng hjelp. Eg har lært å setje det meste i perspektiv og å analysere kva som kan vere bakanforliggande årsaker til at noko er som det er. Vi har framleis gode diskusjonar når vi møtest i familiesamanheng, samtidig som det òg blir tid til både trivialitetar og humor.

søndag 13. november 2011

Farsdag og bursdagfeiring



Det har etter kvart blitt ein tradisjon å feire Pappas bursdag samtidig med farsdag. I morgon blir han heile 75 år gammal, og dette feira vi i dag med familietreff og julemat. Dei seks frammøtte barnebarna gjekk ein tur ned til sentrum mellom måltida, men vi vaksne sat nesten planta i stolane og åt det meste av tida. Deilig med ein slik dag innimellom!

Minstemann fekk òg gåver - frå Hareidsgjengen og besteforeldra. Biletet viser då han pakka opp gåva som inneheldt akkurat det han ønska seg aller mest...

lørdag 12. november 2011

Bok 81 2011: "The Curious Incident of the Dog in the Night-time" av Mark Haddon

15 år gamle Christopher har Aspergers syndrom, ein type autisme som gjer det vanskeleg å skjøne seg på andre menneske. Ein dag finn han naboens hund drepen i hagen, og Christopher begynner å leike detektiv, inspirert av sin store helt Sherlock Holmes. Han skriv dessutan i ei bok om det som skjer, og Haddons roman er den boka. Vi får såleis eit innblikk i korleis verda kan fortone seg for ein autist, noko eg fann fascinerande. Boka er dessutan både spennande og gripande.

Vi bruker læreboka "Experience" i engelsk på VG1-nivå, og der finst eit utdrag av denne romanen. Vi hadde lydboka på engelsk på skulebiblioteket, og eg tenkte eg skulle lese heile boka før vi jobba med utdraget i klassa mi. Opplesaren verkar ung, noko som gjer lydboka meir autentisk. Nokre vaksne stemmer er lagt til med dialog, og her er òg ein del lydeffektar. Eg trur denne boka kunne ha fungert godt som pensum for ei klasse på VG1-nivå, og lydboka kunne ha vore spelt av i klasserommet. Eg trur i alle fall eg skal spele av noko av den når vi les utdraget i læreboka. Det er såpass lett å følgje med i boka at den engelske versjonen kan fungere for dei fleste lesarar med litt engelskkunnskap. For dei som vegrar seg mot engelske bøker, skal boka kunne finnast på norsk med tittelen "Den merkelige hendelsen med hunden den natten".

torsdag 10. november 2011

Bok 80 2011: "Strindbergs stjerne" av Jan Wallentin

Denne boka har eg brukt lang tid på å kome gjennom. Den er nemleg både lang og komplisert. Etter vaskelappen å dømme skulle dette vere ein actionfylt roman med preg av Indiana Jones, men eg vart skuffa. Berre dei historiske delane, med til dømes fakta frå nazi-tida, var noko i nærleiken av interessante. Sjølve plotet var ikkje særleg engasjerande, spesielt ikkje når ein begynte å bevege seg utover dei realistiske grensene. Eg skal ikkje røpe for mykje av akkurat det, men vil heller legge ved ei bokmelding eg var svært einig i.

Fjelldag på Melshornet





I dag hadde vi vanleg undervisning fram til lunsj, deretter gjekk vi opp bakkane til skogsvegen som fører til Dinglavatnet. Dit har eg gått to gonger før, siste gong på skuletur i 2004, då Barnefaren vart med og hadde Minstemann i beremeis. I dag gjekk eg vidare opp på toppen av Melshornet. Det var ein lett og fin tur, sjølv om sola ikkje skein slik vêrmeldinga hadde lova.

onsdag 9. november 2011

Fortreffeleg fri-onsdag

Minstemann og eg hadde ein fin fridag. Vi vart ferdige med leksa hans akkurat til sola kom, deretter rydda vi bilen og gjekk tur bort til naboane. Der leika han ute med naboguten og hunden Pelle, og eg drakk kaffi og prata med nabo T i solveggen. Vel heime laga vi middag til Veslejenta kom frå skulen.

Medan vi kosar oss på denne sida av fjorden, er Storegut utplassert i arbeidsveke på Gitarsenteret i Volda. Sidan eg ikkje tok bilete ute i sola i dag, legg eg inn eit bilete av Storegut når han arbeider på det hardaste. Yrkesvalet hans er ikkje i boks enno, men eg reknar med at han vil velje musikklinja på vidaregåande.

I kveldinga kosar eg meg med ein prøvebunke. Det er godt å jobbe litt inne når ein har vore ute mykje av dagen, og eg gidd ikkje gå tur ute i mørkret i kveld.

tirsdag 8. november 2011

Tintin på tysdag

I kveld har heile familien minus Eldstejenta (som var på ballett) vore på filmen  "På eventyr med Tintin - Enhjørningens hemmelighet" på 3D-kino. Det var ein actionfylt film, for å seie det mildt, med høgt tempo og lydnivå. Steven Spielberg er ansvarleg for denne dataanimerte versjonen av den kjende teikneseriefiiguren, og det heile er meisterleg laga. Personleg mislikar eg dei 3D-brillene og kunne godt ha klart meg med 2D, men dei storslåtte kamp- og jaktscenene vert svært imponerande i 3D. 

søndag 6. november 2011

Cup-suppe

På menyen i dag stod Minestronesuppe. Eg leita på internett etter oppskrifter, og enda opp med å mikse diverse variantar og lage min eigen versjon. Den fall i smak blant små og store suppegjøkar.

2 liter hønsebuljong
om lag 100 gram bacon
300 g kyllingfilet
3 poteter
3 gulrøter
3 stilkar stangselleri
1 lauk
1 boks hakka tomat
1 boks erter (det skal eg droppe neste gong)
om lag 100 g makaroni
salt, pepar og diverse urter

Eg bruna bacon, kjøt og dei finkutta grønsakene før eg putta det i krafta. Der fekk det heile småkoke ei stund medan eg kokte pastaen. Så tilsette eg tomatar og pasta, og til slutt ertene.

Minestrone er ein litt annleis versjon av brennsnut, og det fall som nemnt i smak. Til dessert hadde eg laga karamellpudding (av pose), og så hadde vi krem attåt. Til ein så lett middagsrett er det godt med dessert.

Søndagstur eller cupfinale?




I dag skulle familien samlast til cupfinale og middag. Sidan sola skein og temperaturen var fin, gjekk Barnefaren, Minstemann, hundane og eg tur på Gamlegjerdet under første omgang av cupfinalen. Andre omgang tilbragte eg stort sett ved kjøkenbenken. Ålesund vann over Brann, og det er vi patriotiske nok til å sette pris på.

lørdag 5. november 2011

Laurdagsjobb

I dag sette vi alle klutar til, bokstaveleg tala, og vaska og rydda andre etasje skikkeleg grundig. Eg hadde fått besøk av ei kjøtmeis på soverommet i dag tidleg, og det er utruleg kor mykje ein liten fugl kan rote på ei lita morgonstund. Ungane rydda og vaska sine eigne rom, og som vanleg fekk eg fylt opp vaskemaskina etter at dei var ferdige.

Minstemann og eg tok oss ein biltur av stad for å forhandle om nokre møblar, og etterpå gjekk vi oss ein tur ut for å få i oss frisk luft medan Storegut støvsugde i første etasje. På heimvegen møtte vi på naboguten, så då enda Minstemann på kompisbesøk. Eg gjekk meg ein tur aleine før eg kjørte Storegut på besøk til ein av hans kompisar. Veslejenta er framleis sjuk, og resten av ettermiddagen låg ho rett ut medan eg sat med ein rettebunke.

Eg gjekk av stad og henta Minstemann, laga lasagne og fekk i dei to små ein stor porsjon mat kvar før dei inntok ein enda større porsjon laurdagsgodt.

Det har gått i retting (ferdig 21.15, då eg oppdaga at eg mangla to utskrifter), TV og data utover kvelden. Vi kosar oss, men det er trist med henne som ligg rett ut og hostar. I dag trur eg ho har halde seg vaken det meste av dagen, og det er sikkert eit godt teikn.

fredag 4. november 2011

Med vaffelhjarta på rette måten

Veslejenta er sjuk. Ho ligg rett ut på sofaen og jamrar i søvne, hostar og er slapp. Appetitten er så som så.

Sidan eg hadde høve til å stele meg til ein rask retrett til heimen, vart det til at jenta var aleine heime ein del av dagen medan eg var på jobb. Då eg kom heim hadde ho ikkje smakt matbiten, og eg greidde å freiste henne med eit karbonadesmørbrød. Seinare laga eg vaflar med meierismør og rømme (i og på), men det greidde ho ikkje å få i seg.

Vi andre meska oss med vaflar før Barne-tv, der serien Vaffelhjarte er blitt ein stor favoritt. I serien et dei alltid opp vaflane sine, men det gjer vi aldri her i huset, sjølv om eg prøver å lage ei lita røre.

onsdag 2. november 2011

Jobb på fri-onsdag

Sidan eg er kontaktlærar, måtte eg i dag stille på jobb i samband med ei stor satsing på psykisk helse blant ungdom - det såkalla VIP-prosjektet. Emnet er både viktig og alvorleg, og i dag var det fagfolk som skulle leie seansen i klassane. Vi kontaktlærarane var der mest for å lytte, så vi kan bruke økta som referanse seinare.

Veslejenta hostar framleis, men ho var med på jobb sidan ho hadde skulefri. Minstemann var òg med. Dei fekk rigge seg til med DVD-spelar og kanon på eit klasserom medan eg var saman med klassen. I ein pause mellom øktene fekk vi dessutan tid til å stikke innom ein møbelbutikk for å kike og få rettleiing. Vi reiste derifrå med ein bunke brosjyrar, og ut på nyåret satsar vi på å handle.

Vi tok 15.30-ferja, henta Storegut på konfirmasjonsførebuing i kyrkja og for deretter heim til klokka var 16.30. Då gjekk sola ned bak fjella.