mandag 29. september 2008

Bok 33: "B for Bedrag" av Sue Grafton


Ein gong snubla eg over ei bok med tittelen "N for Nemesis". Den var spennande, og eg bestemte meg for å lese fleire av alfabetbøkene til Sue Grafton. Den lokale bokhandelen hadde nokre, og no har eg bestilt fleire på nettet (på engelsk, rett nok). A-boka har eg ikkje fått enno, så eg tjuvstarta på B. Den var ikkje noko særleg - altfor mange personar med lange skildringar av interiør og utsjånad, altfor mykje som aldri fekk noko å seie for løysinga og eigentleg ei tynn og kjedeleg historie. Håper resten av alfabetet blir betre.

søndag 28. september 2008

Utstillingsbilete

På oppdrettarbiletet ser de våre to til venstre. Bau er han som ser mest nøgd ut av alle!

BIR og BIM i Bergen


I dag tidleg hadde nysnøen lagt seg i fjella for første gong i denne vintersesongen. Sommaren er definitivt over, sjølv om eg gjekk med sandalar på jobb sist måndag! Dagen har gått med til huslege sysler, utstyring av korpsmedlem som skulle til Volda på eit arrangement og heimekos. På føremiddagen gjekk det mest i Lego og litt i krig. Undervegs har vi blitt oppdaterte på resultata frå Bergen, der Bau vart "Best i rasen" (BIR) og Bianca vart "Best i motsett kjønn" (BIM). I gruppefinalen vart Bau nummer 4 av 12 rasar (BIG4). Oppdrettaren vart nummer 2 i oppdrettarklassen, men der var det berre to deltakarar. Eldstejenta har gjort ein god innsats og handla begge hundane fram til strålande resultat.

Bok 32: "Biografien om Inger Gulbrandsen" av Maria Konow Lund


Samanlikna med "Angitt av mamma" fortel denne biografien ei langt lystigare historie om ei ressurssterk ungjente frå ein god heim som vert sett i konsentrasjonsleiren Ravensbrück på grunn av motstandsarbeid. Likevel er Inger Gulbrandsen eit så imponerande menneske at ein lett vert riven med. Boka er ei ungdomsbok, og den burde vere pensum, slik eg ser det. Ein lærer mykje om integritet, solidaritet og overlevingsevne i praksis, samtidig som også denne boka inneheld refleksjon når femti år har gått. Samanlikna med tidlegare lesne bøker vil eg seie at denne presenterer SS-soldatane meir nyansert; mange av dei var offer på liknande måte som fangane.

lørdag 27. september 2008

Laurdagskost

Kreativt? Eller berre grisete? Legg merke til at unge Indiana har tigga til seg ei veske til å ha piska si i. Den hadde han med på butikken i dag, og då passa det fint å putte laurdagsgodt i den òg. NB: ETTER at det var betalt.

D'er haust. Det ruskar ute med regn og kalde vind.





Så var det slutt på fineveret for denne gong. Gubben og Eldstejenta reiste til Bergen, og Nummer 2 skulle i selskap. Dei to yngste fann roa med innandørs aktivitetar som lesing og teikning. Resultatet av teikneøkta vart eit hefte der i alle fall tre teikningar omhandla Gamlas suverenitet som mor med påfølgjande illustrasjonar. Gamla har jobba med skulearbeid, vaska klede og gjort vanlege Gamla-ting. Ho hadde seg dessutan ei triveleg handlerunde på Amazon.com, der det "aular" av bøker frå Auschwitz, mellom anna. Utvalet av bøker på engelsk er berre heilt utruleg, og prisane er langt hyggelegare enn på norske bøker. Uveret får berre kome; dersom eg vert liggande søvnlaus fordi det ular rundt hushjørna, har eg i alle fall noko spennande å lese.

torsdag 25. september 2008

By the way...

I dag såg eg eit glimrande firmanamn. Det var eit rekneskapsbyrå som heitte "ajour". Målet mitt har i fleire år vore å kome à jour med skulearbeid, husarbeid, hagearbeid og andre prosjekt. Likevel kjem eg aldri så langt, sidan døgnet/veka/året aldri strekk til. Det er vel berre å innstille seg på at inskripsjonen på gravsteinen min kan bli: "endeleg à jour"

Haustfargar


For den vakne blogglesar er det ikkje noko nyhende at blomsterpottene stod tomme på kjøkenet (sjå kakebiletet førre søndag). Potteplantane der hadde tydelegvis sakna meg då eg var i Polen, og det har teke litt tid før eg "fekk ånden" til å kjøpe nye. Eigentleg ville eg ha hatt noko oransje no, men så fall nummer 3 og eg for dei plommefarga blomane i staden. Og så måtte vi ha matchande lys. Telyslyktene var ein presang frå ein kollega på bursdagen min, og dei passa fint til. Eg var litt skeptisk til å innføre lilla allereie no, men butikkdama strålte mot meg at "de e no snart advent uansett"...

Gripande historie: "Angitt av mamma" av Oddvar Schølberg (31)


Denne boka er ein biografi som handlar om tidsvitnet vårt frå Polenturen, Maria Gabrielsen. Vi får høyre om livet hennar frå tidleg barndom i Wien med austerriksk mor og jødisk far og fram til i dag. Historia presenterer ei nesten ufatteleg egoistisk mor som sender mannen til Auschwitz for å kunne gifte seg med sin nye flamme, og som til og med angir dei sju borna sine så dei blir sende til Theresienstadt. Alle borna overlever utruleg nok, og etter krigen vitnar dei eldste mot mora i ei rettssak. Ti år seinare søkjer den same mora om krigserstatting fordi mannen vart send i konsentrasjonsleir, men ho får avslag fordi ho sjølv medverka til dette. Dette er ei av dei mest dramatiske barndomsskildringane eg har lese, men boka er ikkje så godt skriva. Stoffet er ikkje ryddig nok disponert, så ein får inntrykk av å lese det same fleire gongar. Ein hoppar litt i tid, så mykje av spenninga forsvinn. Likevel må det seiast at boka er lettlesa og fengande. Mot slutten får ein høyre meir om Theresienstadt og om krigsoppgjeret i Austerrike.

onsdag 24. september 2008

Heime-onsdag



Sola skin i dag òg, og då er det ekstra kjekt å ha fri. Sidan vi bur oppunder fjell, manglar vi sol på føremiddagen. Då passar det godt å gå ein tur i skogsvegen, der sola kjem mykje tidlegare. Vi gløymde minnebrikka til kameraet i dag, så jakta på haustmotiv vart litt mislukka. Haustfargane har ikkje kome så veldig langt her i lavlandet enno. Vel heime hadde sola kome, og etter ein runde i hagen kunne vi kose oss med Althansplommer, som ikkje har modna før no siste dagane. Elles har dagen gått med til skulearbeid, klesvask og anna husarbeid som har hopa seg opp sidan helga, men eg må innrømme at eg lagar meg ein del ærend ut...

Eg legg til eit avsnitt i kveldinga om at Nummer 2 og eg tok oss ein tur bygda til endes med ei loddbok. Det tok om lag to timar å gå innom alle husa - mykje fordi Guten måtte forklare kven han var til ein del naboar som ikkje kjende han att. Kanskje har han forandra seg mykje siste året, eller så var det lua til veslebroren som gjorde at han vart så framand. Vel heime vart vi "himla" svoltne, så då laga vi oss kløyvde potatisar, noko som smakte fortreffeleg!

søndag 21. september 2008

Ein fredeleg søndag på landet




Så vart det ikkje familietur i dag heller. Eldstejenta ville heller lese bok og ri, Nummer 2, 3 og 4 leika og hoppa på trampoline. Det var så nydeleg ver at eg berre kika opp i fjellsidene, men ungane treng å få leike fritt og kose seg i heimen òg. Sjølv sneik eg meg til å klippe ein plen (det næraste eg kom tur i ulendt terreng), og Gubben hadde nok å gjere med å børste Bianca. Medan han laga middag, gjekk eg ein lang tur på vegen med bikkja - no skal ho halde seg pen til neste helg. Og middagen, den bestod av årets første hjortekjøt. Hausten er komen, ingen tvil om det.

Medan dette blogginnlegget vart skrive, laga eldstejenta brownies - til stor glede for resten av familien. Ho hadde planar om å ha med restar på skulen, men det vart ingen restar denne gongen heller.

lørdag 20. september 2008

Autumn leaves start to fall



Etter ei hektisk veke på tur følgde ei hektisk veke på jobb. Fritida denne veka har gått med til jobbing og atter jobbing. Frionsdagen min vart delvis spolert av eit viktig møte på jobb (og eg nytta høvet til å besøke Besta og Besten, som måtte vere barnevakt). Då fredag ettermiddag kom, gjekk eg meg ein tur med Bianca, for første gong sidan eg kom att. I dag gjekk ho og eg ein lang tur i skogsvegen før eg sette meg til med skulearbeidet. Det er nydeleg temperatur ute, og etter kvart skein det opp og vart som ein sommardag. I skogsvegen var det eit yrande liv med høge pip frå ein flokk dompap-hoer. Eg likar hausten. Det er noko med den klare lufta og dei vakre fargane, noko med den litt melankolske og innovervende stemninga. Dette er tida for godt innearbeid, pledd og koppar med te. I fjor regna hausten bort, men i år har vi hatt mange bonusdagar som kortar ned på den mørke førjulsvinteren. Medan eg har vore oppteken med mitt har dei andre måla leikarhytte (Gubbe og Nummer 3), spelt fotballkamp (Nummer 2), vaska hus (Nummer 1), ridd på hest (diverse barn), klipt plen (Nummer 2), sykla på tur (Nummer 2), gått på tur (3 og 4), leika i sanddungen (3 og 4). Ingen ville bli med meg på langtur utanom Bianca, som aldri seier nei til å springe laus i skogen. Kan hende blir det ein familietur i morgon - dersom veret held seg enda ei dag til.

fredag 19. september 2008

Bente Børsum


Etter litt enkel googling fann eg ut at Bente Børsum har hatt ei monologforestilling kalla "Min forestilling om mor". Dessverre har eg ikkje lært meg å lage linkar på bloggen, men de kan no google sjølv dersom de er interesserte. Framsyninga har tydelegvis handla mykje om Ravensbrück, men òg om tida etterpå, då Lise flytta frå mannen og dei to barna for å bu for seg sjølv i ei enkel, lita leilegheit.

"Fange i Ravensbrück" av Lise Børsum (bok 30)


Før den aktive fredsreisa las eg det meste av denne sjølvbiografien, og no har eg lese resten òg. Det er interessant å lese sanne historier, og denne boka ber i tillegg preg av å ha blitt skrive like etter krigen. Børsum var av dei som overlevde fangelivet, men ho fekk seinare problem med å leve det tidlegare overklasselivet som ho hadde vore van til. Dette fortel dottera om i eit føreord, medan boka sluttar meir positivt. Dottera ber ikkje nag til mora, men forsvarar at det var vanskeleg å skulle leve saman med mann og barn etter å ha opplevd den audmjukande frårøvinga av menneskeverd.

torsdag 18. september 2008

"Fiskerjenten" blei bok nummer 29


Etter kunnskapsløftet har det blitt lagt meir vekt på adaptasjon enn tidlegare i norskfaget. Mine stakkars tredjeklassingar skal arbeide med ein analyse av "Fiskerjenten" av Bjørnstjerne Bjørnson og "Det største i verden", som er ein film "fritt etter" Bjørnsons tekst. Romanen handlar mykje om kristendom, medan filmen er ein lystig presentasjon av Herborg Kråkevik i ei slags Pippi/Ronja-rolle.

tirsdag 16. september 2008

Bok nummer 28: "Snømannen" av Jo Nesbø


Denne boka "las" eg som digibok på turen. Vi brukte mykje tid i bussen, men likevel vart eg ikkje ferdig med boka før vi var i Gol. På heimveg. Då hadde eg slite ut to sett med batteri og kome godt i gang med det tredje. Krim er favorittsjangeren min, men denne boka vart litt langdryg for meg - kanskje fordi eg allereie visste kven mordaren var (på grunn av fjorårets særemne). Då mordaren vart avslørt, var det over ein time att av digiboka...

Bau tourar vidare

Laurdag vart han nest beste hannhund på ei nokså stor utstilling i Stavanger. Han fekk dessutan CACIB (har han tre av dei, blir han internasjonal champion). Vi saknar han, men er glade for at han får vise seg fram!

Oppsummering


Organisasjonar som Aktive fredsreiser og tilsvarande er blitt kritiserte for å vere altfor kommersielle. Personleg vel eg å sjå bort frå slik kritikk og heller fokusere på den læringa som går føre seg på ein slik tur som det vi var på. Heile spekteret av kjensler er blitt utfordra gjennom det varierte opplegget; vi har dansa, ete nydeleg og mindre god mat, vi har stått i kø, sett vakre bygningar, shoppa og sjølvsagt gråte og levd oss inn i historia på ein unik måte. I tillegg har vi hatt ei heil veke saman, og det i seg sjølv blir eit minne for livet. Eldstejenta og klassekameratane hennar oppførte seg eksemplarisk, og vi vaksne fekk òg god kontakt oss imellom. Eg lar det vakre biletet frå "Tårenes sjø" i Ravensbrück avslutte reiserapporten (nye lesarar må blade seg nedover "eldre innlegg" for å få med alt). Vi skal kanskje kunne tilgi, men vi må ikkje gløyme det som har hendt. Vi må heller ikkje gløyme at grusomheiter skjer dagleg mange stader i verda både i krigs- og fredstid. Har dette vore ei sterk og opprivande oppleving for ungane, så er det eit sunnheitsteikn.

Ravensbrück






Det siste leirbesøket på turen var kvinneleiren Ravensbrück. I denne leiren var det meste av bygningar og slikt borte, men der var mange skulpturar og andre kunstverk som skulle illustrere det som hadde skjedd der. Inne i fengselet var cellene omgjorde til rom der kvart land kunne minnast sine fangar. Eit sterkt syn var krematoriet, der den eine omnen var så liten at den berre kunne få plass til barn. Noko anna som var gripande å sjå, var den smale korridoren der kvinnene skulle springe medan SS-soldatar skaut etter dei. Sidan vi no var i ein kvinneleir, var det jentene og kvinnene som skulle legge ned blomar. Vi la dei nede ved den nydelege innsjøen som fangane berre fekk sjå dersom dei skulle avrettast. På botnen av denne sjøen ligg restar av menneskeleg oske.

Sachsenhausen








Om lag 2500 norske menn sat som fangar i Sachsenhausen under andre verdskrig - mellom andre Arnulf Øverland. I denne leiren fekk vi sjå mange døme på antisemittisk propaganda, fleire brakker, benkar der grusomme eksperiment hadde blitt utført og fleire krematorium. På eitt av bileta ser de eit tak som har brannskadar etter at nynazistar tende på for å utslette prov på grusomheitene til nazistane. Ein har valt å la vere å pusse opp taket for å vise dette nye kapittelet i historia. Gutane og mennene blant oss la ned blomar ved eit minnesmerke over dei norske mennene som sat i fangenskap i denne leiren.

Ich bin ein Berliner




Fredag reiste vi til Berlin, der vi først hadde omvising med buss, omvising i Stasifengselet og deretter eit besøk på "Hard Rock Café". Etter maten fekk vi eit par timar fri til shopping, og eldstejenta og eg var mellom anna innom det luksuriøse shoppingsenteret KaDeWe. Vi fann òg ei elektronikkforretning på fem etasjar, der eg endeleg fekk kjøpt meg ein discman.

mandag 15. september 2008

Gjett kva vi syng her!

Tropical Islands






Torsdag gjekk turen til Krausnick og innandørs-Syden. Badelandet "Tropical Islands" baud på show, bading, boblebad, matservering og overnatting i telt.

Temakveld med tidsvitne


Onsdag ettermiddag fekk vi, saman med fleire aktive fredsreisarar, møte Maria Gabrielsen. Ho har sete som fange i Teresienstadt etter at mora angav mannen sin og barna deira (mannen var jøde). Alle søskena overlevde, mirakuløst nok. Vi kjøpte boka "Angitt av mamma" som handlar om livet til denne kvinna. Det var sterkt å høyre ei kvinne på godt over sytti seie at ho hatar mora si.

Bilete frå Auschwitz 1



Auschwitz 1 og 2






Dette vart den mest gripande dagen på heile turen. Å gå gjennom Auschwitz 2 Birkenau var ei sterk oppleving - spesielt å gå strekninga frå perrongen til gasskammera; ei strekning som vart den siste spaserturen for så mange ulukkelege menneske. I Auschwitz 1 fekk vi sjå fleire ting som hadde tilhøyrt dei små og store som hadde pakka sakene sine i påvente av å reise dit. Her var rom med hår, protesar, briller, skor og anna - det sterkaste var å sjå barneskorne. Tre av jentene våre las dikt, song og la ned blomar ved skyteveggen. Mot slutten gjekk vi inn i eit rom med eit minnesmerke der vi skulle lytte til ein jødisk bønesong. Reiseleiaren vår fekk ikkje musikken til å virke, men så kom ei jødisk gruppe og ville dele minnestunda si med oss viss dei fekk lov. Markeringa deira var å lese opp namna på dei døde slektningane, og så lytta dei til musikk og song med sjølve. Fleire av dei gret og knakk saman då dei las namna, og det vart uverkeleg sterkt å ta del i sorga deira over dei mange liva som gjekk tapte for over 60 år sidan.