lørdag 30. desember 2017

6. juledag: fordjuping

Etter ein arbeidsdag som vart avslutta 21.30, berre avbroten av ein tur på butikken og ein tur med hunden, vart eg i kveld ferdig med fordjupingsemna for i år. Det har vore mykje arbeid både for elevane og meg, men så har produkta blitt gode òg. Emna har vore svært varierande, frå vampyrar og psykopatar til amerikansk valkampretorikk og tradisjonelle film- og romananalysar. Eg har ikkje lagt føringar for vala deira, men eg har vore svært streng med struktur og skrivestil. Målsettinga er at dei skal kunne forstå kva det inneber å skrive ei akademisk oppgåve når dei begynner å studere - for somme blir det allereie neste haust. Eg har sjølv levert eksamensoppgåver på 5000 og 4000 ord, og elevane våre skulle skrive 3500 ord, i tillegg til å lage kjeldeliste og innhaldsliste i APA-stilen eller liknande. Det har vore ei god læringskurve for dei alle saman, og eg har lært ein del eg òg.

fredag 29. desember 2017

5. juledag: tur og retur

I dag droppa vi middag og inntok heller ein svært sein og solid frukost (med nydeleg brød frå Hareid). Etterpå gjekk nokre av oss tur i Mjeltvika, og deretter returnerte eg til rettebunkane, som har lege svært roleg siste veka. Det har vore herleg med nokre dagar utan jobbing, men ein blir noko stressa av å ha slikt liggande på vent.

torsdag 28. desember 2017

4. juledag: besøk på Hareid

Systera mi har stort hus og er ei dyktig vertinne, og i dag var vi inviterte ut til Hareid. Der møtte vi alle tantebarna pluss sambuaren til Nevø 3, og vi hadde ei svært triveleg stund med mykje god mat og prat. For dei som vil vite meir og sjå bilete, kan eg anbefale dette blogginnlegget:

http://solveigsiside.blogspot.no/2017/12/slektstreff.html

Bok 91 2017: "Ministeriet for den høyeste lykke" av Arundhati Roy

Nokre bøker er for kompliserte til å fungere som lydbøker, og dette er ei av dei. Leseprosessen vart etter kvart veldig forvirrande, då det er ein roman der mange historier og menneske er fletta saman, og det i eit miljø som er framandt for meg. Scenen er India, og her er eit fargerikt persongalleri som mellom anna inkluderer ein flokk menn kledde som kvinner. Det er mykje død og vald, men òg kjærleik og samhald. Boka har heilt klart positive kvalitetar, men den gjer seg nok best som papirbok, lese over relativt kort tid med god konsentrasjon,

onsdag 27. desember 2017

3. juledag: juletrefest

Det har vore ein viss diskusjon i bygda om kor vidt den årlege juletrefesten har utspelt si rolle. Det er ikkje så mange småbarnsfamiliar att, og frammøtet har vore labert nokre gonger. I og med at det vart bestemt at ein skulle arrangere festen, tok vi oss ein tur. Det er inga lov som seier at det berre er småbarnsfamiliar som er velkomne ved slike høve, og festlyden blir bestemt ut frå kven som stiller opp.

Det vart ei hyggeleg økt med rikeleg og god mat, god prat, song, juleevangelium, nissebesøk og gang rundt juletreet.

2. juledag: julefreden senker seg

Etter ein sein frukost gjekk vi "damene" ein tur medan Storebror var på øving og Minstemann besøkte ein kompis. På menyen stod pestolaks, som smakte og gjorde godt. Resten av dagen roa vi ned med tv, lesing og andre stillferdige aktivitetar. Vi snakka ein del òg, og det er viktig å ha god tid til denslags òg når ein har ferie.

Bok 90 2017:Stalins øyne" av Ingvar Ambjørnsen

Denne boka plukka eg med meg frå biblioteket fordi det var lenge sidan eg hadde lese noko av Ambjørnsen, og fordi eg aldri hadde høyrt denne tittelen før. Boka er hans første kriminalroman, og den kom ut i 1985. Mordsaka er eigentleg ikkje så spennande, men det er interessant å lese om miljøa i Oslo, Hamburg og Berlin, som truleg var noko annleis på tidleg 80-tal enn dei er i dag. Detektivheltane er òg noko for seg sjølve. Dei er sterkt alkoholiserte, kjem frå Kampen i Oslo og heiter Laila og Ronny Olsen. Der var ein del kostelege scener og gode replikkar knytt opp til dei, elles var boka relativt lite interessant.

tirsdag 26. desember 2017

1. juledag: tur og kino

Sidan det vart ein lang julekveld, vart det ein kort juledagsmorgon. Vi rakk så vidt å gå ein tur før middag, og deretter reiste vi til Ørsta for å besøke Morfaren på Ørstaheimen og plukke med oss Mormora for å ta henne med på kino. Filmen var premiere på"Den 12. mann", som er basert på ei kringshending der onkelen til Morfaren var blant dei som omkom. Filmen var ganske lang, men også så spennande at det gjekk greitt å sitje stille så lenge. Eg plar vente eit par dagar før eg veit heilt sikkert kva eg meiner om ein film, men førebels må eg seie at eg likte den godt, sjølv om eg gjerne skulle ha sett meir av slektningen vår.

mandag 25. desember 2017

24. desember: julaftan 2017

Vi har hatt ei fantastisk og heilt tradisjonell julaftan i heimen - betre blir det ikkje. Sein og overdådig frukost med godt pålegg og varm sjokolade med marshmallows, kyrkje, songopptak, pinnekjøtmiddag, barne-tv, pakkar og brettspel - ja, kvelden vart lang og veldig kjekk før ungane begynte å legge seg i 2.30-tida. Alle ungane verka svært nøgde med det dei hadde fått av gåver, og eg er sjølv takksam og glad for det eg har fått og fordi det eg har gitt vart sett pris på. Litt lureri hadde eg hatt føre meg, som då eg lokka Eldstejenta til å prøve parfyme til systera men stakk inn att i butikken og kjøpte ei anna flaske til henne. Elles hadde eg bestilt plakatar og t-skjorte til Veslejenta som skal på konsert til sommaren, og eg hadde kjøpt platespelar til Minstemann, som straks fekk ein jobb å gjere med å kople opp med dei høgtalarane han hadde frå før. Han har hatt diverse vinylplater, men ikkje kunna spele dei av. No er ikkje det eit problem lenger.

Det var elles ei veldig fin og barnevennleg gudsteneste i kyrkja i dag, med den same unge presten som var der då Eldstejenta og eg var i kyrkja i september. Ho er verkeleg flink til å få med borna i preikene sine, og då blir det kjekkare for vaksne òg.




 





søndag 24. desember 2017

23. desember: vesle julaftan

I dag tok vi oss ein tur til tettbygde strok for å besøke besteforeldre og handle inn dei siste innkjøpa. Vel heime åt vi graut (Storegut fekk mandelen) og pynta juletreet, og så slappa vi av med tv resten av kvelden. Julefreden er i ferd med å senke seg, og vi nyttar høvet til å ønske alle ei god julefeiring!



fredag 22. desember 2017

22. desember: retteleg reint


I dag har det vore den store rydde-, vaske- og rettedagen. Eg starta med innpakking av gåver, slik at eg skulle få rota ferdig først. Deretter vart det vekselvis retting og vasking fram til klokka 17, då eg la frå meg fjerde fordjupingsemnet i dag og tende stearinlys. No ventar eg berre på ungane. Dei skulle eigentleg vere hos faren på julaftan i år òg, men så skulle han jobbe. Han har turnusarbeid og må jobbe annankvar julaft, så heretter blir det truleg ei ordning med annankvar jul uavhengig av vekedag og nummer. Eg sette som vilkår at dei sskulle kome så tidleg at vi fekk med vesle julaftan-tradisjonane våre, og då vart det til at dei kjem allereie i dag. Det var sjølvsagt heilt greitt for meg!

21. desember: siste skuledag før jul

Torsdag hadde vi tradisjonell juleavslutting på jobb. Elevane møtte først klassevis for å vere saman med kontaktlærarane, deretter møttest alle i Voldahallen, der det vart talar, dans og gang rundt juletreet. Etterpå gjekk dei som ville i kyrkja, der musikklinjekoret framførte eit par songar og det elles var ei vanleg skulegudsteneste. Eldstejenta vart med i kyrkja, og det var koseleg.

Etter jobb handla eg litt igjen, men framleis har eg ikkje handla nok mat. Vi må ta ein siste runde, men då vil eg ha med berehjelp.

onsdag 20. desember 2017

20. desember: ørstatur og sensur

Etter jobb kom Eldstejenta innom, og vi tok oss ein liten handlerunde før vi besøkte Morfaren på Ørstaheimen. Mormora kom dit òg, og då kunne vi gjere litt nytte for oss ved å hente ein pakke i posten for henne.

Dagens gledelege var elles at sensuren frå eksamen var klar, og eg stod med glans. Dette emnet har vore ganske så utanfor komfortsona mi, så det var ekstra kjekt at det gjekk så bra. Arbeidskravet var verre enn eksamen, på mange vis, men eg hadde ei kjensle av å ha snakka for mykje "rundt grauten" på nokre av spørsmåla. Vi fekk seks spørsmål og måtte svare på alle, så det var lite rom for flaks og tilfeldigheiter. No er eg glad eg kan legge bak meg alle tankar på Kji-kvadrat, z.skåre og regresjonsanalyse, men eg bistår gjerne andre som slit med det same i framtida. Læringskurva har vore stupbratt, spesielt når det gjaldt å lære om mine eigne aversjonar og manglande sjølvtillit når det gjeld formlar og reknestykke.

19. desember: neverending story

Rettebunkar sviktar aldri.

18. desember: rett og slett

Dette skiltet har eg vore med på å bestemme at det skal vere der
Spør aldri ein norsklærar kva ho/han stressar med i førejulstida. Det går stort sett i retting i alle ledige stunder.

søndag 17. desember 2017

17. desember: tredje søndag i advent

I dag hadde vi ein skikkeleg familiestart på dagen med solid frukost og ein lang tur langs vegane i bygda. Deretter vart det tenning av adventslys og eting av middagsrestar før ungane reiste. Dei kjem heim att om nokre dagar, heldigvis.

Med ro i huset kunne eg drage fram att rettebunkane, som har fått ligge i fred nokre dagar medan eg har konsentrert meg om familieliv.

16. desember: tur til Eid

I dag tok eg med meg Eldstejenta til Eid for å handle. Veslejenta hadde reist til Ålesund på shopping med nokre venninner, og gutane ville helst late seg heime. Eg har utsett nokre små-innkjøp til Eldstejenta kom heim, for eg veit at ho likar å handle. Vi hadde ein triveleg runde på "byen" før vi tok med oss ei blomehelsing frå foreldra mine til tanta og onkelen min. Vi var usikre på om dei var heime, og vi hadde ikkje tenkt å bli lenge, men det vart ei rett triveleg stund med mange interessante emne frå fortid og notid. Onkelen min har drive mykje med slektsforsking, og det var artig å høyre han fortelje om generasjonar attende til 1700-talet. Det var sjølvsagt òg interessant å høyre om kvar notidas generasjon held til og kva dei styrer med.

Eg har ofte tenkt på mormora mi, som var 35 år då ho gifta seg og fekk to born med halvanna års mellomrom under krigen. Desse to borna fekk etter kvart tre born kvar, og i oldebarngenerasjonen er der heile 22 etterkomarar. Morfaren min var død lenge før eg vart fødd, så det var ein liten familie som etter kvart har hatt ein enorm auke. No har dei fleste oldeborna blitt unge vaksne, og dei har jobb eller studiar alle saman. Det hadde vore ein flott flokk om vi hadde samla dei.
Fint maleri av eit velkjent turmål

Vi fekk elles sjå fleire gamle fotografi som var ukjende for oss, og då vi skulle fare fekk vi med oss eit måleri som gåve. Det er ingen i vår grein av familien som teiknar og målar, men onkelen min og den for lengst avdøde morfaren min har hatt kunstnariske evner. Mor til denne morfaren, altså oldemora mi, var derimot musikalsk og underviste i pianospel på Nordfjordeid. Det er genar vi kan kjenne oss att i, og i tillegg var ho eit viljesterkt menneske - noko vi òg kan ha arva.

Vel heime vart ikkje det gjort så mykje meir vetigt. Eg laga middag (ei mildt sagt perfekt svineribbe) og så har vi kosa oss med ein julefavoritt: filmen "Love, Actually", som vi har sett ørten gongar før.

lørdag 16. desember 2017

15. desember: Heim til jul


Fredag hadde eg fri, og det passa veldig godt i og med at Eldstejenta kom på flyet frå Oslo. Vi fekk besøkt besteforeldre både heime og på Ørstaheimen, gåt i diverse butikkar og henta med oss Veslejenta heim. Der venta Minstemann, og vi kosa oss med god mat og juleseriar før Storegut kom. Då hadde eg fått juleønsket mitt oppfylt: heile flokken samla. Ingenting varmar mammajulehjartet meir! Vi avslutta kvelden med å sjå julefilmen "A Christmas Carol" frå 2009, og det var veldig koseleg.

torsdag 14. desember 2017

14. desember: budsjettmøte og julefest


Kongens fortenestemedalje til Eilert Bø, ein av mine tidlegare lærarar som òg har vore ordførar og rektor.

Prisutdeling
Etter eit etter måten kort (4 1/2 time) kommunestyremøte, der vi var samde om det meste i budsjettet, styrta eg av garde for å nå ferja til Folkestad. Dermed vart eg berre litt for sein til julefesten og fekk sett det meste av programmet. Høgdepunktet vart for meg då klassen til Minstemann framførte "I want you back". Han spelte bassgitar, dei to andre gutane spelte trommer og perkusjon og jentene song. Det var elles eit variert program med song, dans og skodespel, og etterpå var det mat på fat. I mitt tilfelle vart det "Twist i skål" i år. Heldigvis hadde mange med småkaker, såpass eg fekk smakt julebakst i år òg.


onsdag 13. desember 2017

13. desember: møte i Utdanningsforbundet

Etter ein lang dag med heildagsprøvevakt og stilretting tok eg turen attende til Volda for å delta på styremøte i Utdanningsforbundet. Eg er ikkje så aktiv der som eg skulle ha ønskt eg kunne, men det finst grenser også for meg når det gjeld kva eg har tid til. Noko av det som er spennande framover, er samanslåingsprosessen. Å slå saman to kommunar vil i vårt tilfelle bety at mange lokallag av ulike foreiningar må slå seg saman, og at Hornindal må forhalde seg til ein ny fylkeskommune òg.

Etter møtet samla vi oss til julemat, noko som smakte nydeleg på ein elles heilt ordinær onsdag. No begynner eg verkeleg å sjå fram og telje ned til jul - først og fremst til komande fredag.

tirsdag 12. desember 2017

12. desember: kyrkjekonsert

Etter jobb i dag fekk eg så vidt kvilt meg litt før det var tid for å gjere seg klar og fare att. Minstemann er framleis noko svak, men vi tok sjansen på å fare på kyrkjekonsert i Volda. Denne gongen var det den dyktige jazzsongaren Beate Slettevoll Lech som var hovudartist, og nokre av jentene på musikklinja fekk vere med og kore. Det var rett og slett fantastisk vakkert og stemningsfullt! Dei hadde både nye og gamle julesongar på repertoaret, og både heftige og rolege arrangement. Ein herleg førjulskveld!

Beate er søskenbarn av tre som har vore vener av borna her i huset, og det er sjølvsagt ekstra stas. Ho hadde mellom anna sett melodi til eit dikt av mormora, som då er bestemor til søskenborna òg. Det var ein nyedeleg song!

mandag 11. desember 2017

Bok 89 2017: "Kan vi ikke bare late som?" av Camilla Sandmo

Emma går på ungdomsskulen, men har ingen nære venninner der. I fritida spelar ho Sims og les bloggar, i tillegg til å trene på kunstløp. Foreldra er begeistra for treninga, men meiner ho burde vere flinkare på skulen, slik som systera. I det heile lever Emma eit temmeleg normalt liv, sjølv om det er litt einsamt, heilt til ishalle brått er dobbeltbooka slik at kunstløpjentene må trene parallelt med hockeygutane.

Akkurat dette siste poenget er som henta frå Billy Elliot, der boksing skjer parallelt med ballett. Og også her vert utfallet at Emma bryt med kjønnsforventingane.

Ei fin ungdomsbok om einsemd og den første kjærleiken, skrive på ein overtydande måte.

11. desember: sjukt barn og gruppemøte

I dag snødde det, og Minstemann låg heime og var forkjøla og slapp. Eg skunda meg heim frå jobb for å lage middag til han, men han hadde ikkje lyst på noko. Eg handla litt før eg for heim, men enda meir då eg var ferdig på gruppemøtet om kvelden. Då eg kom heim frå møtet, var eg sjølv frykteleg svolta. Vi enda opp med Thaisuppe (ferdigmat) og juice, så det skulle bli ei skikkeleg krydder- og vitaminbombe. Medan eg var på møte hadde ein nabo pløgt oppkøyrsla her, og det var bra. Bilen min går som ei kule, men no var det ganske mykje snø å forsere.

søndag 10. desember 2017

10. desember: andre søndag i advent

I dag har eg hatt ein roleg dag og berre jobba litt med skulearbeid, vaska hus og gått tur. Det høyrest meir arbeidskrevjande ut enn det var i røynda.

Charlie hadde ein langt meir slitsam dag. Han måtte først gå tur, der han møtte ein 13 veker gamal kvelp og eigarane hans. Då han kom heim, fekk han gå litt laus ute medan Gamla bar ut bos og liknande, og då dukka det opp ein svart katt som straks måtte jagast opp i eit tre. Der måtte Charlie halde vakt og gøy i ein halv time før han gav opp å få ned katten. Då var det tid for å prøve å drepe først støvsugaren, og deretter golvtvoga. Når endeleg desse kampane var over, kom ungdomane heim. Då blir det alltid litt ekstra kos og leik for Charlie, og litt ekstra lyd òg. Det er ikkje på langt nær så fredeleg som då Gamla las til eksamen og vi var aleine heime, men eg trur dei fleste er glade for at den epoken er over.

Veslejenta tende det andre lyset i adventsstaken, og vi fekk nokre timar heimekos før ho måtte køyrast på ferja.


lørdag 9. desember 2017

Bok 88 2017: "Klassen - Fortellinger fra et skoleår" av Marte Spurkland

Marte Spurkland har følgt ein lærar og norskklassen hennar gjennom det siste året på vidaregåande, som for dei var skuleåret 2016/2017. Det er altså rykande ferske forteljingar i denne dokumantarromanen, eller kva ein skal kalle den, og det kan minne om kvalitativ forskingsmetode. Intervjuoblekta, både lærar og elevar, er blitt anonymiserte, blant anna. Elevane er vanlege norske ungdomar , nokre med minoritetskulturell bakgrunn, og dei opplever ting som mange unge opplever av familieproblem, problem med forhold og ikkje minst problem med seg sjølv når det gjeld angst og motivasjon. Læraren er ei enorm støtte for elevane når dei har problem, samtidig som ho er ein utruleg festlig og dyktig norsklærar. Etter ei stund gadd eg ikkje lese om denne fantastiske dama, men så las eg vidare og såg at ho vart litt meir balansert framstilt.

Dette er ei god bok, og den burde ha vore pensum på PPU, i alle fall for dei som skal bli norsklærarar. Det kunne ha vore veldig interessant å diskutert den med andre norsklærarar.

9. desember: pakkar



På føremiddagen i dag begynte eg på årets bunke med fordjupingsemne. Det er heldigvis ei lita klasse på 22 elevar - sist hadde eg 29. Nokre professorar uttalar at det ikkje er skilnad på å undervise store og små skuleklasser, men rettebunkane er det i alle fall enorm skilnad på. Eg bruker om lag ein time på kvar oppgåve, stundom meir, så det seier seg sjølv at sju elevar færre merkast.

Etter ein lang tur med hunden tok eg ein tur på butikken, der eg mellom anna henta eit par pakkar. Enno har eg ikkje fått i hus alt eg har bestilt, men det meste var no kome i hus. Det var derimot nødvendig å pakke inn ein del av det eg hadde kjøpt, så dermed fekk eg ei fin økt med innpakking og sortering. Det hastar litt med å få klar det som skal sendast, men òg med å få eit slags oversyn over kven som skal få meir og kva dei eventuelt skal få.

Vi er eigentleg ikkje så opptekne av pakkane, men for mor er det viktig at det vert nokre gleder og at det vert rettferdig. Med to fattige studentar og ei som skal ta lappen snart vert det behov for litt pengestøtte innimellom, så vi tek ikkje av og kjøper unyttige ting til jul. Vi ser aller mest fram til å få ferie, vere samla i heimen og ha god tid til å prate, sjå film, gå turar og ete mykje godt. Julematen skal kjøpast i veka som kjem, det tek eg medan eg ventar på ferje eller møte, tenkjer eg.

fredag 8. desember 2017

8. desember: fri-fredag

Eg er av den typen som ofte seier "dette burde vi gjere oftare" eller "vi burde møtast snart" når eg har kontakt med gamle venninner. Denne veka hadde eg ein "prat" på nett med ei god venninne frå oppveksten, og vi var einige om at vi burde "møtast snart". I staden for å la det bli med det, sa eg at eg hadde fri fredag, og då passa det for henne å møtast òg. Dermed vart det lunsjdate i dag, og det var verkeleg ei triveleg stund med gode samtalar om smått og stort. Og sjølvsagt var vi einige om at "dette må vi gjere oftare!"

Etter daten tok eg meg ein runde i butikkar for å få unna litt julehandel, noko som var svært effektivt og vellukka på grunn av kyndige og kloke butikkmedhjelparar.

Før eg for heim fekk eg òg lagt inn eit besøk på Ørstaheimen, der far min vart innlagd i dag. Han har vore heime sidan 2. mai, men no var forma dårleg og han treng meir hjelp enn han har gjort på ei stund. Sidan vêret var så ufyseleg, vart det til at eg køyrde mamma heim. No får vi berre håpe dei får kvilt seg godt begge to.

torsdag 7. desember 2017

7. desember: kyrkjekonsert

Etter dagens dont på jobb var det tid for kyrkjekonsert med musikklinja. Det var som vanleg ei flott oppleving, med mange flinke solistar både på instrument og vokal, i tillegg til det dyktige koret. Kyrkja var, som vanleg det òg, stappfull. Volda kyrkje eignar seg spesielt godt til konsertar, sidan der er så gode lydforhold. Det beste med førjulstida er dei mange arrangementa ein kan ta del i, men det blir for mange til at ein får med seg alt ein kunne ha tenkt seg.

6. desember: Folkevaltnettverket på Sunnmøre

Dagens kontorlandskap
Eitt av mine kjekkaste verv er å sitje i Folkevaltnettverket, eit forum der nokre politikarar frå kvar kommune møtest for å høyre foredrag og diskutere i grupper. Denne gongen møttest vi i Ålesund, der vi fekk servert nydeleg mat og gode innlegg før vi sjølve bidrog i gruppesamtalar. Kvar gong vert vi plassert saman med nye medlemmer i den første økta med gruppearbeid, før vi til slutt har ei oppsummeringsøkt saman med politikarar frå eigen kommune. Det er nye tema kvar gong, og denne gongen snakka vi mykje om forholdet mellom administrasjon og politikarar, i tillegg til å reflektere over kva som er dei beste møteformene og møteplassane. Opplegget har vore godt på alle dei tre treffa vi har hatt så langt, og vi blir utfordra til å tenkje nytt om mangt. No når eg har lese så mykje statistikk, syntest eg det aller mest interessante var å få presentert statistiske funn i ei større spørjeundersøking blant politikarar i regionen. Eg forstod både kategoriseringa, operasjonaliseringa og regresjonsanalysen på ein måte eg ikkje ville ha gjort for nokre månader sidan!

tirsdag 5. desember 2017

5. desember: fordjupingsemne

I bloggande stund er det ein time att til leveringsfrist for årets særemne. Elevane mine har arbeidd hardt, i alle fall mange av dei, og på grunn av mitt eige store fråvær har eg opna opp for kommunikasjon skriftleg via facebook og mail. Det har vore rimeleg hektisk, men det er òg ei fantastisk kjensle å ha elevar som er så interesserte i det eg har å seie. Fleire av dei seier dei har lært utruleg mykje i prosessen både av skrivekompetanse og analytiske evner. To jenter sa i dag at dei gjerne skulle ha hatt eit nytt fordjupingsemne etter nyttår - den såg eg ikkje kome.


Eg sjekka nettopp innleveringsmappa, og no har 14 levert. Det er då jobben min begynner for alvor, men elevane kan senke skuldrane ei tid framover. I alle fall i norskfaget.

Bok 87 2017: "Til Jacobs forsvar" av William Landey

Ein ung gut vert drepen, og ein jamaldring vert sikta for drapet. Vi følgjer farens ord og tankar om rettssak, saksgang med meir. Faren er statsadvokat, og han har dermed tankar om sjølve rettsprosessen som ikkje ein lekmann ville ha hatt. Det er først og fremst forteljemåten som gjer boka spennande, for den er skriven i ein retrospektiv metode som gir lesaren ei kjensle ac at noko dramatisk har skjedd i ettertid av det det vert fortalt om. Handlinga er ikkje så spennande i seg sjølv, men denne forteljemåten gjer at stemninga vert uhyggeleg og ein blir interessert i å lese vidare,

mandag 4. desember 2017

4. desember

I dag var eg attende på jobb, der eg hadde norsk med ein gjeng ivrige ungdomar som skal levere fordjupingsoppgåve i morgon. Eg håpar dei føler dei lærer noko, for no jobbar mange av dei knallhardt!

Vel heime knalla eg på sofaen, men så vakna eg til live og fekk gjort litt i huset, gått ein tur og lese meg frampå i sakspapir. Det er nye tider no, og eg set uendeleg pris på å kunne kose meg med ein roman òg, eller sjå eit tv-program. Livet etter eksamen er fantastisk!

søndag 3. desember 2017

3. desember: første søndag i advent

Veslejenta skulle spele på julegrantenning i dag òg, men Minstemann og Naboguten skulle debutere med basarfunk på det lokale grendahuset. Dei to kjekkingane imponerte verkeleg! Video ligg på facebook for dei som er interesserte. I tillegg spelte det lokale ad hoc-korpset, som framleis imponerer.

lørdag 2. desember 2017

2. desember: pynte til advent og jul

Årets farge har vore auberginelilla

Sidan vi har hatt auberginelilla i heimen nesten heile året, var det også i år greitt å hoppe rett over i det raude. Eit vakkert unntak er den vakre orkidéen som eg fekk av ei kollegavenninne til bursdagen min i juni.

Ungane skulle spele på to julegrantenningar i fjerne bygdestrok i dag, så då nytta eg høvet til å rydde og pynte medan dei var borte.