Viser innlegg med etiketten Flora. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Flora. Vis alle innlegg

torsdag 16. juli 2015

Briksdalsbreen

I dag var det siste dag familien var samla denne sommarferien, og vi hadde lyst å gjere noko spesielt ut av dagen. Eldstejenta ville gjerne lærekøyre, så derfor fekk ho køyre til Olden/Oldedalen. Deretter gjekk vi til Briksdalsbreen og ned att, før vi vende nasen mot Stryn og kjøpte oss pizza før vi for heim att.

Turen opp til breen er ikkje spesielt lang, men det er litt bratt i starten. Det er interessant å sjå dei ulike oppslaga om kor stor breen har vore tidlegare, og ein får òg sjå nokre jettegryter langs vegen. Ikkje minst er det god underhaldning å sjå på turistlivet, som er imponerande. Asiatiske turistar med munnbind var kanskje det mest iaugefallande i dag.







Oldevatnet

Dagens suvenir (eg hadde fat med dette motivet frå før)

mandag 5. januar 2015

Flora i fleng

Til jul fekk eg to nye kuvertar til Flora-samlinga mi. Den eine hadde eg frå før, så den fekk eg bytta i dag. Den andre var myrull, som er ein av favorittpantane mine. Eg er svært glad i Flora-serien, både fordi den treff smaken min og fordi den får meg til å tenkje på gode naturopplevingar som har vore og skal kome.

For mine næraste kan eg røpe at eg har ein etikett her på bloggen som enkelt og greitt heiter "Flora". Når ein trykkjer på den etiketten, vil innlegg med bilete kome fram.


lørdag 11. februar 2012

Morsdagsgåver dagen før dagen


Eigentleg var det gåve nok å få hjelp til nedvask i dag, men i tillegg fekk eg eit Flora-krus og ei nydeleg lykt (den er stor, og altfor fin til å ha ute). Tusen takk til born og Barnefar for kjempefine presangar!

søndag 1. januar 2012

1. Nyttårsdag

NB: eg legg ut dette innlegget utan bilete på grunn av datatrøbbel, men håpar på å få illustrert det seinare.

Jula 2011 kjem til å bli hugsa på grunn av orkanen Dagmar, og det er som nokon sa i dag nesten uverkeleg at vi hadde ei fin julekveldsfeiring før alt spetakkelet starta.

I dag har eg fotografert nokre av julegåvene mine - eg fekk mykje fint og nyttig, men vil berre vise fram nokre som kan ha "allmenn" interesse.

Systa har allereie blogga om sin "lestepuff" - den sølvfarga puffen min inneheldt mangt og mykje, mellom anna 12 par strikkalestar og eit tova vottepar. Eg vart mållaus av gåva, fekk hakeslepp og vart deretter utruleg glad. Dette nye møbelet skal brukast til oppbevaring av tjukkelestar, og den skal stå på ein sentral stad i heimen.

Noko anna eg fekk, var ei splitter ny vedkasse av metall. Den var både fin og praktisk - og akkurat det eg ønska meg (eg hadde tipsa givaren) Same givaren hadde dessutan fått eit utvitydig tips om eit heimesydd bilete med margerittar på som ein kollega av meg stilde ut på julemessa i bygda.

I Flora-serien fekk eg to nye sett (krus + fat) med eple og blåveis.

Noko anna eg hadde ønska meg, var kokeboka "Smalhans" av Gunda Djupvik. Eg kjem truleg attende til den om ikkje så lenge, for her er mange oppskrifter eg vil prøve ut.

Den siste gåva eg dreg fram her, er ein pakke som kom i posten på sjølvaste julaftan. Eg la den under treet utan å pakke den ut, sjølv om det ikkje eigentleg var ei juegåve. Det var nemleg dei fire skålene eg fekk då eg tinga eit halvt års abonnement på "Bonytt" for eit par månader sidan. Skålene er fine til å ete frukostblandingar i, og dei passar perfekt inn på mitt nye kjøken.

Apropos mitt nye kjøken, så har eg brukt noko av den første dagen i det nye året til å ta mål og prøve å planlegge oppussingsarbeidet framover. Det er ikkje mykje som skal gjerast, men noko er det. Og så skal eg kjøpe møblar, teppe, gardiner og anna som er litt meir overkomeleg enn grunning, sparkling, måling og spikring. Eg er ikkje akkurat nevenyttig - men eg kan kanskje bli?

Elles i dag har vi ete restar av middagen frå i går supplert med litt nytt, Eldstejenta og eg gjekk tur med hundane og vi har besøkt naboane. Ungane og eg har fri i morgon òg, men så er det slutt på denne svært spesielle ferien...

søndag 26. juni 2011

Together again

Etter ein lang dag i bil kom vi omsider heim, og eg reiste av stad for å hente småungane. Dei hadde hatt ein kjekk miniferie hos besteforeldra i Ørsta, der eitt av høgdepunkta var to fisketurar. I "byagåve" fekk ungane ei dvd-samling av sju Harry Potter-filmar, med håp om stillferdig kos framover. I bloggande stund går dei berserk og er særs høgrøysta - det er mykje fire ungar har å fortelje kvarandre etter nokre dagar kvar for seg.

I Ørsta fekk eg nok ei bursdagsgåve; denne gongen eit Flora-sett med blåbær . Tusen takk til Hareidsdølene for fin presang!

tirsdag 21. juni 2011

torsdag 6. januar 2011

Flora til jul



Eg fekk nokre nye Flora-delar til jul, og legg dei ut på bloggen, mest til orientering for folk som plar kjøpe gåver til meg. No har eg ni fat og seks krus, så eg kan dekke eit bord.

mandag 16. august 2010

Meir Flora

Tusen takk til Bror og Svigerinne for meir Flora! Eg har stor glede av å beundre mi stadig veksande samling.

torsdag 8. juli 2010

Gåver frå Hareidsgjengen

På bestilling frå Systa legg eg ut bilete av gåva mi. Når eg først har begynt å legge ut slike bilete, får eg berre halde fram. Og så fekk eg ein idé om å legge ut Flora-serviset under eigen etikett, sånn med tanke på jul, til dømes....  Viss de ikkje ser det på biletet, er det altså fat med raudkløver og jonsokblom.

Systa skriv meir om meny og slikt på sin blogg - eg kan berre forsikre om at alt smakte fortreffeleg, som vanleg. Eg skal snart prøve den nye svelepanna, men det blir ikkje i kveld.

tirsdag 6. juli 2010

Suser av gårde...

Etter eit par dagar utan særleg nytt å melde, har eg no godt nytt: EG HAR BIL! Eg skravla vekk ein halv dag med kollegavenninne K (noko av det meir meiningsfylte ein kan bruke dagen til) før eg tok turen til foreldra mine, der eg fekk fleire bursdagsgåver og dessutan deira Nissan Note.

No i kveldinga skal eg lufte naboens hund og gå til Folkestad for å hente sykkelen min. Eg er litt usikker på kor mykje eg kjem til å bruke den framover.

lørdag 26. juni 2010

Det florerer med krus!

No har eg to krus i Floraserien. Nokon har hinta om at eg snart får fleire, og eg ser fram til å kunne servere gjester kaffi eller te i desse naturskjønne krusa.

Tusen takk til Nabo N for dette fine raudkløverkruset!

torsdag 24. juni 2010

Enda meir begava

Eg har lenge likt Flora-serviset basert på bileta til naturfotografen Jon Ørsteng Hov. I dag kom ei venninne med ei bursdagsgåve til meg, og det var eit Flora-krus med margerittar på. Gjett om eg vart glad!