tirsdag 29. september 2015

Avspark for Leseprosjektet 2015/2016

I dag starta årets leseprosjekt for VG1-elevar på Studieførebuande og Musikk/dans/drama. Frå 29. september 2015 til 1. mars 2016 skal elevane få bruke noko tid på skulen til å lese og låne bøker, og så skal dei registrere kor mange sider dei les, og i kva bøker. Nokre av dei kjem til å skrive blogginnlegg òg.

I fjor enda vi med eit aldeles svimlande tal, så det spørs om vi greier å nå like høgt i år. Beste klasse i fjor las over 64000 sider, og VG1-elevane las gjennomsnittleg 1666 sider kvar.

Eg hadde med mi eiga førsteklasse på biblioteket i dag, og mange av dei snakka om bøker dei har lese og lånte bøker dei hadde lyst å lese.

Eg kan legge til at eg hadde halde eit lite innlegg før vi gjekk ned, der eg filosoferte rundt tanken "bibliotek". Som samanlikning brukte eg "tenk om..." og lanserte idéen om skotek, klokkotek, jakkotek osb. Dei lo av det, men poenget mitt var at vi tenkjer for lite over den kongstanken som ligg bak at alle, uansett økonomisk klasse, skal få tilgang til eit uendeleg hav av bøker. Ingen har lansert den same tanken om sko, klokker eller jakker. Nokon har med andre ord sett ein stor verdi og misjon i litteraturen, og dette har skjedd i mange land.

For meg er eit bibliotek som ein gigantisk godtebutikk, der eg kan velje mellom mange freistingar. Eg skulle gjerne hatt tid til å lese enda meir, sjølv om eg truleg les meir enn dei fleste. No vert min misjon framover å få elevane på trua, spesielt dei som ikkje plar lese bøker. Vil dei få sansen viss dei finn den rette boka?

mandag 28. september 2015

Om mine mange - og Tannfeens siste - oppgåver

Søndagen vart ein innhaldsrik dag, men det var lite av det som hende som var verd å fotografere. Gamla fekk unna skulearbeidet tidleg på dag, noko som mellom anna innebar lesing av utkast til noveller og føring av vurderingar av presentasjonar. Deretter kom oppgåva mi fram att, og eg avslutta handsaminga av dei intervjua eg hadde utført fredag og skrive ein del om på laurdag føremiddag. Eg var ikkje lite kry då eg passerte 2500 ord, noko som er helvta av det eg skal ende opp med i utkastet som skal leverast om sju (!) veker. Ingen skippertak her i garden!

Hunden treng mosjon, men eg sjølv var temmeleg lite motivert for turgåing etter at eg også fekk vaska huset. Det vart derfor sykkeltur, der hunden fekk trave raskt medan eg sat og slappa av.

Då ungane kom, skulle Storegut lese til prøve. Det enda med at eg tok frå han boka og prøvde å forklare stoffet etter beste evne. Nokre fordelar må ein få av at mor er lærar.

Midt i prosessen kom Minstemann styrtande med ei tann i handa. Den hadde sprotte ut, påstod han, og det var den siste mjølketanna hans. Optimistisk la han tanna i vatn, og det gjekk opp for meg at dette var den siste tannfellinga i heimen som kjem til å vere så billeg...

Etter at ungane var lagde, las eg ut ei bok eg likte og såg over skulesakene ein siste gong. Tannfeen var innom med ei helsing - det er heilt tydeleg at han ikkje er norsklærar, i alle fall....

søndag 27. september 2015

Bok 86 2015: "Uten personlig ansvar" av Lena Andersson

Hugsar du Ester frå romanen "Rettsstridig forføyning"? Vi møter henne att i "Uten personlig ansvar", der ho igjen kjem inn i eit vanskeleg kjærleiksforhold til ein gift mann som ikkje vil forlate kona si. Ester tolkar og overtolkar alt som vert sagt og gjort, og ho er sikker på at mannen vil forlate kona etter ei stund. Men tida går...

Eg likte denne boka svært godt, slik eg òg likte den første boka om Ester. Ho er intellektuell og akademisk, men samtidig håplaust naiv. Boka har eit driv over seg som gjer at ein ønskjer å lese vidare for å sjå korleis det går, samtidig som i alle fall eg ikkje hadde nokon klar sympati for karakterane. Det er godt gjort av ein forfattar å skrive ei bok om problematisk kjærleik som er så interessant og uføreseieleg, og denne forfattaren har skrive to.

Løp og les!


Postvegen frå Langedalsbroe til fylkesgrensa

Sidan det er skiftande vêr og vått i marka var det mest freistande å gå den gamle postvegen laurdag ettermiddag. Der var ingen dyr ute no, så hundane fekk springe fritt. Ved fylkesgrensa kom vi i snakk om kva det heitte det vatnet vi hadde vore på tur til ein gong, og så gjekk vi vidare til der skiltet på Brekka står. Pussig nok møtte vi akkurat der ein mann som heldt på å skru opp kart ved skiltet, og vi hadde ein lang og interessant prat med han. Han var lokalkjend i området, så han hadde fleire gode turtips.

I tillegg til å henge opp kart ved skilta, hadde han med nokre plater der det var skrive ned små historier/segner som han òg skulle henge opp langs vegen. Dessverre vert dette arbeidet berre utført på nordfjordsida, i samband med skisenteret på Harpefossen.



onsdag 23. september 2015

Frå Folkestaddalen til Straumshamn over Sandåna

Tysdag kveld skulle vi teste ut råsa det står skilt mot i enden av Folkestadsetrevegen på Flotesida. Kva "Sandåna" var, visste vi ikkje, men vi tenkte at det kanskje var ein sti som gjekk ved ei steinsett elv.

Råsa var mildt sagt dårleg merkt, med ulike band og tape-bitar i til dels blasse fargar, og mykje av råsa gjekk dessutan over svært blaut myr. Vi gissa oss fram det meste av vegen, og det vart til slutt både sleipt og bratt gjennom skog og i steinur. Då vi kom opp, såg vi ein varde, og i den låg det ein boks med ei bok i. På framsida stod det "Sandåna", som med andre ord er ein liten topp i fjellområdet mellom Folkestaddalen og Straumsdalen. Det var nydelege fargar i fjellet, og flott utsikt i fleire retningar. Vindstille og mildt var det òg, så det vart ei nydeleg stund.

Tanken på å gå ned att same vegen var ikkje freistande, så vi enda opp med å gå ned i Straumsdalen, ned skogsvegen derifrå og heim til meg for å hente den andre bilen.
Utsikt mot Folkestaddalen

Charlie i haustfargar

På Sandåna

Utsikt frå Sandåna mot Folkestaddalen

Straumsvatnet


Demningen ved Straumsvatnet


søndag 20. september 2015

Helga kort oppsummert

  • Tur med hunden etter vegane x2
  • Skreiv oppgåve (1082 ord)
  • Såg tv 
  • Åt taxfree-snop
  • Vurderte elevarbeid
  • Slappa av og kosa meg med ungane 
 Livet er ikkje så verst :)


lørdag 19. september 2015

Vinklubb i september

Fredag kveld møttest ti av bygdedamene til vinklubb att. Vi fekk servert nydeleg pastasalat, focaccia og raudvin, og stemninga var stor. Ved midnatt mintest vi vinklubbvenninna som døydde i fjor sommar, slik vi ofte gjer når vi samlast. Ekstra spesielt var det at det var fødselsdagen hennar. Vi har halde det gåande med vinklubben i femten år, og derfor delt både gleder og sorger. Å sjå ei av oss måtte gi tapt i kampen mot sjukdom er den største sorga av alle.

fredag 18. september 2015

Helgekjensle

Fredagen kom denne veka òg, og den var etterlengta. Etter jobb tok eg meg ein handlerunde for å skaffe mat - eg hadde berre handla det mest nødvendige då vi kom heim måndag kveld, så her var slunkent i alle skap og skuffer. Då eg kom heim, var det berre å begynne å lempe inn varer, og så sette ungane igang med å lage middag. Eg orkar ikkje lage taco eller fajitas på fredagar, så arbeidsfordelinga er innarbeidd. I kveld skal eg i festleg lag, og då bør eg unne meg sjølv ei lita middagskvild først.

God helg til alle der ute! 


onsdag 16. september 2015

Fotballturné på fri-onsdag

Det har vore svært hektisk i ein periode no, men i dag var det endeleg fri-onsdag att. Slaskekleda kom på, huset vart rydda og vaska og ungane fekk pannekaker til middag då dei kom heim frå skulen. Eg fekk endatil lese ein pensumartikkel, og den var av den sorten som gav meg ei aha-oppleving på korleis eg skal bygge opp oppgåva mi. Strukturering er halve arbeidet, synest eg.

Etter middag køyrde eg Veslejenta og nokre venninner på fotballkamp, der dei tapte 2 - 6 mot heimelaget. Det var ein mild kveld med mykje sol, så det var ikkje så dumt å vere ute. Skarpe blikk ser kanskje kvar vi var, og i følgje facebook var fleire i slekta på same stad.

Bok 85 2015: "Sanger til Willow Frost" av Jamie Ford

Denne boka har eg sett stå i bibliotekhylla mange gonger utan å låne den, fordi eg har trudd at eg har lese den før. Eg er framleis usikker på det, for dette er etter mitt syn ei bok som ein lett vil gløyme.

Ein gut veks opp på barneheim, og ein dag ser han ei kvinne på ein kinofilm som har er skråsikker på er mora hans. Guten prøver å leite opp kvinna, medan vi parallelt får høyre hennar historie.

Handlinga er ikkje keisam, men boka manglar spenningstoppar, på eit vis. Ein les vidare for å høyre korleis det går, men det heile blir noko pratete i lengda. Mykje kunne ha vore betra ved å stramme opp komposisjonen. 

tirsdag 15. september 2015

Vel heime

Vi kom heim i 20-tida, etter ein tur til Eid for å kjøpe mat og mjølk (bilen stod parkertpå Hjelle). Planen var eigentleg å reise direkte på valvake, men så kom Minstemann heim ein dag før forventa, og han ville eg ikkje reise ifrå. valvaka tok eg derfor i godstolen, glad for å vere på nett for første gong på ni døgn.

Valet gjekk svært bra for partiet eg stod på liste for, og ut på tysdag vart det klart at eg har plass i kommunestyret, som nummer fire av seks i partiet. I førre periode hadde dei fire representantar.

Tysdag vart eg brått student att, og det var ei lette å få klarsignal for den problemstillinga eg har tenkt ut til semesteroppgåva mi.

I kveldinga kom Bladfyken på besøk med Charlie hund, som vart svært glad for å møte folka sine att. Vi gjekk oss ein tur i Mjeltvika, og då eg kom heim, las eg på nett at partiet eg er med i har forhandla seg fram til å få ordførarjobben. Det blir ei spennande tid framover!

Illustrasjonsfotoet viser Minstemann, som poserer med gåvene frå Hard Rock Café i Krakow. Tax free snopet sparer vi til helga.

Med Aktive Fredsreiser til Polen og Tyskland

I 2008 følgde eg Eldstejenta, medan Storegut vart følgd av faren i 2012. No har eg følgt Veslejenta på tur, og det må eg seie var ein særs vellukka tur på mange måtar. Reiseleiaren var ei svært tydeleg og kunnskapsrik dame som vi alle vart glade i frå første stund. Kjemien med dei to andre skulane var god, og alle ungdomane oppførte seg eksemplarisk. Vi var over 70 personar i bussen, noko som kravde sitt, men kjemien fungerte fint mellom dei vaksne òg. Frå Folkestad reiste 14 elevar og 14 vaksne, så vi hadde rikeleg hjelp og vaksentid.

Reisemåla var som sist eg reiste: Auschwitz/Birkenau, Saltgruvene i Krakow, fritid i Krakow, Tropical Islands, Stasifengselet i Berlin, rundtur i Berlin, Sachsenhausen og Ravensbrück. På Kielferja opp att var det country cruise, så vi fekk med oss eit show med Vassendgutane for liksom å toppe det heile.
Kort møte med Eldstejenta i Oslo før avreise
Nydeleg solnedgang på Kielferja

Første hotellrom var gigantisk

Auschwitz Birkenau

Sanitærbrakke i Birkenau



Ruinar av eit gasskammer

Utstilling av bilete frå album i bagasjen til jødar som vart drepne i leiren




Huset til kommandant Rudolf Höss midt i biletet

Galgen der Höss vart hengd

Eit rekonstruert gasskammer

Noko av skosamlinga i Auschwitz I


10. klasse
Katedralen nede i saltgruvene i Krakow



På veg opp til Wawelborga i Krakow




12 av dei 14 vaksne



Hest og vogn i Krakow var noko eg hadde drøymt om





Frå den jødiske bydelen, sett frå hestevogna


Litt av bymuren

Shopping

Folkloregruppa

Tropical Islands



East side Gallery

Frå stasifengselet

Stasifengselet


Alexanderplatz


Marx og Engels




Hitlers veranda til venstre

Til minne om brenninga av bøker


Trabantutstilling
Minnesmerke om drepne jødar

Politiske markeringar ved Brandenburger Tor



Minnesmerke over dei drepne politikarane i Weimarrepublikken

Riksdagsbygningen

Samlingsplassen på Kurfürstendamm
Sachsenhausen




Gutane og mennene la ned roser ved minnesmerket over dei norske fangane

Skulptur i Ravensbrück




Skytega¨ngen i Ravensbrück

Rosebedet er planta over ei massegrav



Etter roseseremonien ved Tårenes sjø

Huset til kommandanten, like ved fangeleiren

Førstepremien i kunnskapskvissen på heimveg