tirsdag 31. januar 2012

Store planar, liten bil

Internett er fantastisk. I ei ledig stund i dag fann eg ut at nokre møblar eg hadde tenkt å kjøpe på Jysk er på sal denne veka. Og då snakkar vi om VERKELEG lave prisar! Eg har nemleg bestemt meg for å kjøpe billeg slik som vert fort slite uansett, men at det skal vere i same stil som resten av møblementet.

Problemet var då: korleis få med seg møblane? Dette var ein jobb som bokstaveleg tala var for stor for meg og Lillebil.


Ei kjapp melding på facebook med lenkjer til dei aktuelle møblane, og saka var i boks. Barnefaren skulle nemleg på bandøving i nabohuset til Jysk, så han stakk berre innom, handla og lempa møblane inn i Storebil. Han fekk fullmakt til  godkjenne utstillingsmodellane, og dei duger heilt greitt. Fangsten i dag var eit salongbord og to lenestolar med krakk - samla pris var svimlande 2300 kroner!

Eg skal innom Jysk sjølv ein annan dag for å sjå på TV-møbel, blant anna. Og så har eg så smått begynt å tenkje på gardiner og teppe. Det irriterer meg at ein stort sett berre får tak i det som er høgste mote, og no er det mange blasse fargar i interiør. Eg er klar for noko litt sprekare enn beige...

mandag 30. januar 2012

Mot lysare tider



I dag droppa eg rett og slett TRENinga og for på shopping i staden. Storegut og Barnefaren vart med som konsulentar. Til Storegut sitt framtidige rom kjøpte vi ein uplightlampe med "lesearm" i krom og kvitt glas, i tillegg til ein lampett i same fargane. Vi vart einige om at vi skal vente og sjå kva for lampar han treng i tillegg før vi kjøper meir. I gangen oppe var der opprinneleg to messinglampettar med grøn skjerm, men det vart litt feil med dei nye veggene. Eg vil vere fri til å kunne henge opp både messing- og sølvrammer der, derfor satsar eg på svarte detaljar og altså lampar i imitert smijern. Det blir ein del svart i huset, som de kanskje har fått med dykk, men vi skal greie å unngå dyster stemning dersom nokon fryktar det. Berre vent!

I kveldinga vart dørstokkmila nesten uoverkomeleg - men berre nesten. Sidan eg hadde eit ærend på Folkestad, gjekk eg like godt tur ut gamlevegen til Krumsvikneset. Der er fint å gå, og det er passeleg langt, men der er frykteleg glatt for tida. Det var sjølvsagt berre derfor eg gjekk i staden for å jogge...

søndag 29. januar 2012

Søndag på ski




I dag for ungane og Barnefaren i førevegen til Reset, skisenteret i Volda. Gamla hadde ein roleg morgon, men så slo utferdstrangen inn så eg tok turen dit eg òg. Ungane var opptekne ved trekket, og delar av dagen stod eg og følgde med i det som var av action i løypene der. I tillegg gjekk eg meg ein liten tur innover turløypa til eit utsiktspunkt der eg kunne ta nokre fine vinterbilete av dei gamle fjell i syningom. Ein flott dag med mykje frisk luft og sol - perfekt opplading til ei ny jobbveke.

lørdag 28. januar 2012

Familietreff på Hareid

I høve Nevø 3 sin 18-årsdag 18. januar samla vi oss til utsett feiring på Hareid i dag. Eg hadde med alle mine fire, besteforeldra var der og Hareidsgjengen var representert med fire. Dei seks barnebarna sat samla ved bordet i stova, medan den eldre garde sat på kjøkenet, og vi fekk servert nydeleg kjøtsuppe, karamellpudding og marengs/bær-dessert. Seinare fekk vi dessutan kaker og rundstykke, så det var ingen grunn til å reise svoltne heim.

Vi takkar for laget for denne gong!

torsdag 26. januar 2012

Bok 6 2012: "Uke 43" av Hanne Ørstavik

Denne boka likte eg godt. Det var lett å leve seg inn i hovudpersonen sine tankar og kjensler - ikkje fordi ho er lik meg, men fordi ho lever i eit akademisk, intellektuelt univers eg kan forstå.

Hovudpersonen er litt over 30 år, velutdanna og singel. Ho skal undervise om litteratur på ein distriktshøgskule, og på ein måte blir ho tiltrekt både av studentane og av kollegaen Hilde. Den sistnemnde blir etter kvart svært viktig for hovudpersonen Solveig, og ho gjer mykje for å tekkjast den eldre kollegaen, som å bake, kjøpe presangar o.l. Eg skal ikkje røpe slutten, men berre kommentere at noko som kan verke som ein bagatell for ein utanforståande, vert avgjerande. For oss som er levande opptekne av film og litteratur, er det heilt forståeleg.

Av negative trekk ved romanen må eg få nemne at dei detaljerte skildringane av korleis ein lagar te eller går på toalettet verkar noko påtrengande. Knausgård hadde òg ein del slike trivielle skildringar, så det er kanskje greitt i dagens litteratur. Eg likar det ikkje.

Beslutningsvegring? Nei takk!

I dag var eg i modus for møbelshopping. Eigentleg hadde eg ikkje så mykje tid til rådvelde, men eg kunne alltids kike litt. Eg har trass alt sett ein del på internett og i brosjyrar, så tankeprosessane har vore i sving lenge.

Etter 25 minutt inne i forretninga hadde eg bestilt to sofaer (Ekornes Oslo i fargen svart batick), eit gedigent spisebord ( av typen "Octan"; 380 cm når alle fire ekstraplatene er i), dei tilhøyrande 14 stolane ("Malou"), kjøkenbord med fire stolar i liknande stil ("Arlington") og eit vitrineskap ("Vincent"). Alt skal leverast på døra når eg ein gong får vaska ned etter oppussinga.




Det er dessverre stillstand i prosessen på grunn av mangel på lister og plater, men shopping er òg ein del av arbeidet som skal gjerast.

onsdag 25. januar 2012

Kan lukka kjøpast for pengar?

Det beste i livet er gratis, seiest det, men av og til kan ein kjøpe glede. Eller bestille noko som gleder ein når det kjem i postkassa.



Eg er ivrig kunde på CDON, og i dag kom det både musikk, film og bok derifrå. Eg har likt bandet Whitesnake sidan tidleg på 80-talet, og no har eg kjøpt tre CD-ar som eg anten har hatt før eller har hatt på vinyl. Spesielt godt likar eg plata "Ready an' willing", som er langt meir bluesprega enn dei seinare platene. Filmen "Mississippi Burning" brukte eg ein del i undervisninga på tidleg 90-tal, og no har eg tenkt å børste støvet av den i samband med ei fordjuping i emnet borgarrettskamp i USA og Sør Afrika. Oppskriftsboka (eg veit ikkje kvifor det biletet vert liggande, ikkje ståande) var eit bonustilbod eg ikkje kunne seie nei til, og eg treng ei fornying av kokkekunstane mine (eller dei manglande sådanne).

Som om ikkje dette var nok, kom eit flunkande nytt interiørblad i posten òg. Eg har ikkje tenkt å kopiere stilen frå desse blada, men for første gong på fleire år synest eg det er spennande med interiørtips.

Eg får truleg ein roleg kveld.

Effektiv fri-onsdag

Etter ein noko treg start kom eg meg i sving med vaskekost, klesvask og rydding. Ungane forventa pannekaker til middag, og det vart det tid til etter at huset var ferdig rydda og vaska. Skulearbeidet tok eg langsmed resten; eg les ein roman som eg har lese to gonger tidlegare saman med gruppa i internasjonal engelsk, og det kjennest ikkje akkurat som nokon slitsam jobb å friske opp minnet.

Det bles ganske heftig ute i dag, så nokon tur saman med ungane vart det ikkje. Dei to små hadde fri, og eg jaga dei ut for å leike medan eg vaska. Det er kjekkast å vaske når ein er aleine, for det blir ofte merke etter små føter som ikkje greier å vente til golva er tørre.

Minstemann skulle i selskap i eit par timar på ettermiddagen, og den tida nytta eg til å handle og å gå tur i halvannan time (medan eg høyrde på lydbok, sjølvsagt).

Då eg kom heim, var det allereie mørkt, men klokka var berre litt over 18.00. No ser eg fram til å bruke kvelden til rolege innesyslar saman med ungane - både dei og eg har travle kvardagar og set pris på slike fridagar innimellom.

mandag 23. januar 2012

Bok 5 2012: "Noen kommer, noen går" av Anne B Ragde

Eg har tidlegare lese ein kriminalroman av Ragde med tittelen "Lille Petter Edderkopp", og den fann eg temmeleg føreseieleg og litt "gymnasiastaktig" i stilen. Den boka eg no har lese, er ei samling noveller av svært varierande kvalitet, og der dei fleste kan karakteriserast som føreseielege og "gymnasiastaktige". Dei overraskande sluttpoenga var langt frå overraskande - spesielt dei av novellene som hadde eit sluttpoeng av typen "det mordaren ikkje tenkte på".

Eg har lese mykje krim, og det bør vere god krim dersom eg skal like den. Denne samlinga var totalt uinteressant etter min smak.

søndag 22. januar 2012

Skifri søndag

I dag hadde nokon sanda den glatte vegen, men dei to yngste ungane ville likevel på sparktur med hundane. Det hadde vore så artig laurdag, nemleg. Og det var faktisk godt sparkeføre, trass sanden. I alle fall med to bustete motorar.

Metoden vår er følgjande: Gamla går/joggar i førevegen medan born og hundar vert ståande att. Gamla snur seg og plystrar på hundane, som tek av og spring fort bort til henne. Full fart og mykje moro, med andre ord.

Vel attende frå turen fekk vi servert "ballj" (raspeball), og det førte sjølvsagt til at somme av oss åt for mykje. Hundane la seg rett ned, og Minstemann hevda dei kjeda seg. Eg har ein annan teori om akkurat det.

Resten av kvelden vil gå med til skulearbeid, kaffidrikking og kanskje litt film og/eller tv. Storegut er i Volda i høve konfirmasjonsførebuinga, så eg har ein sjåførjobb i vente, men elles blir det lite og inkje gjort av fornuftige gjeremål, kjenner eg.

lørdag 21. januar 2012

Tur med Tarzan

Storegut skulle tilbringe laurdagen saman med fotball-laget på cup i Måløy, og Barnefaren ville få unna noko arbeid i nyehuset (listing, for det meste). Dei to yngste og eg tok oss ein tur med sparkstøtting, akebrett og to glade hundar innover Geislida. Det var god glid på dei glatte vegane, og hundane heldt høgt tempo då dei drog ungane etter seg. Det er ein fantastisk fin vinterdag, så vi burde kanskje ha fare på ein lengre tur, men Veslejenta skal i bursdagsselskap. Uansett er eg glad for at det skjer ting i huset, og at den prosessen snart kan bli ferdigstilt. Det som irriterer oss litt no, er at vi ikkje har alt vi treng av material for å få det heilt ferdig allereie no i helga.

Vinklubb i januar: den nye vinen


Fredag kveld møttest ni blide damer til vinklubb. Det er ei stund sidan sist, sidan førejulstida ofte er for hektisk for slik aktivitet. Samtaletemaa var mange og varierte, som vanleg, men juleorkanen Dagmar var sjølvsagt mykje omtala.

Det "faglege" temaet for dagen var nye vinar på Vinmonopolet, ein kvit og to raude. Alle tre smakte svært godt både før, under og etter maten, og vi hadde ein vellukka kveld saman - som vanleg.

For å seie det med "Gitarkameratene":
Hver gang vi møtes har vi det bra
Vi er venner for livet, sånne er gode å ha

torsdag 19. januar 2012

Bok 4 2012: "Øst for Eden 1" av John Steinbeck

Denne gamle klassikaren er verkeleg verd å lese. Steinbeck er ein stor forteljar; kvar minste biperson får fortalt livshistoria si på ein måte som gjer at nokre få linjer femnar om ein heil roman, og ein får både sympati og antipati med karakterane etter kvart som dei dukkar opp. Persongalleriet er stort, men karakterane festar seg, om ein kan seie det slik. Nokre er eintydig gode, andre direkte vonde, men klisjéaktig blir det likevel ikkje. Eg har allereie bestilt filmen, og no ser eg fram til å lese del 2, som filmen i hovudsak er basert på.

Ganggolvet der heime


Fri-onsdagen forsvann i skulearbeid (= lese roman) og husarbeid (=klesvask, rydding, matlaging). Regnet gjorde det lite freistande å gå tur, så Minstemann og eg droppa utelivet. Dei to mellomste fekk, som vanleg på onsdagar, servert ferdig middag med det same dei kom frå skulen. Denne luksusen set dei stor pris på, og vi får som regel ei hyggeleg stund ved middagsbordet, der dei fortel om skuledagen sin. Etter middag vart det god tid til lekser, før vi for på fotballtrening. Alle ungane trena, medan eg var på foreldremøte i fotballgruppa. Etter treninga var det min tur å mosjonere; eg lufta hundane medan ungane slappa av i heimen.

Barnefaren brukte ettermiddagen/kvelden til å legge golv i gangen og på nesten heile rommet til Eldstejenta i nyehuset. Vi var innom og såg etter treninga, og det blir skikkeleg fint. Bileta vart sende til meg på mail etter endt arbeidskveld - litt av ein luksus, må ein vel seie.

Snikkaren meiner at golvet er litt kjedeleg av utsjånad, men eg trur "eik" vil passe godt saman med dei møblane eg har planar om å kjøpe. Ein av mine gode eigenskapar, i følgje meg sjølv, er at eg vert nøgd med dei avgjerdene eg tek. I alle fall når det gjeld interiør.

tirsdag 17. januar 2012

Bok 3 2012: "Over alle verdens makter og myndigheter" av Jack Cavanaugh

Tredje bok i trilogien til Cavanaugh handlar om nokre av dei same personane som vi har møtt i dei to tidlegare bøkene. Dei fleste av dei endar opp i Aust-Berlin, og mykje av handlinga dreiar seg om fluktforsøk over muren mot Vest-Berlin. Mur-tida i Berlin er noko eg godt kunne ha tenkt meg å lese meir om, og ikkje minst skilnadene mellom dei to samfunna og personlege konsekvensar av delinga av Tyskland. Denne boka gav noko innsyn i problematikken, men eg saknar meir faktakunnskap. Etter å ha lese alle tre bøkene, konkluderer eg med at dei var ok, men ikkje akkurat stor litteratur heller. Noko er føreseieleg, komposisjonen er tradisjonell og språket er heilt ordinært. Det er først og fremst temaa som fangar mi interesse, og eg skal prøve å finne betre bøker om Tyskland under og etter krigen ved eit seinare høve.

mandag 16. januar 2012

"Jeg maler og jeg maler, og det blir så fint og flott" (og grått)

På grunn av før nemnde datavanskar vert det ikkje lagt inn bilete av dagens oppussingsinnsats, som eg forresten var ansvarleg for sjølv. Ikkje det at det viser så godt heller - det var berre eit nytt strøk måling på badet. Det første strøket med grått var litt skjoldete, og taklistene trengde meir enn eitt strøk. No håpar eg at det held med to, men er budd på at det kan bli noko meir flikking.

Av andre oppussingsnyhende kan eg nemne at eg i dag kjøpte laminatgolv til gangen og soverommet oppe - dei to romma som har fått kvite panelvegger. Det blir fantastisk fint, synest eg sjølv, og det blir kjekt å bli ferdig med saging og roting såpass eg får begynne å vaske ned og skaffe meg møblar.

Slappfiskar og laks

Søndag skulle Veslejenta i bursdagsselskap. Vi hine hadde ein roleg inne-dag med sein frokost og lite program. På menyen stod Gamlas sjølvkomponerte rett "pestolaks" (laksefiletar med pesto på, steikt i omnen), og så gjekk eg ein lang tur om kvelden md lydbok på øyret.

Datamaskina mi kræsja igjen, for tredje gong sidan 1. juledag, noko som gjorde meg ute av stand til å sjekke jobb-sidene før karakteroppgjeret måndag. Eg hadde heldigvis gjort unna all karakterføring tidlegare i veka for å unngå stress, noko eg absolutt ikkje angra på.

lørdag 14. januar 2012

Utsikt heimover

Sist helg var eg inne nesten heile tida, på grunn av innearbeid og ein gut med øyreverk. I dag ville eg ut på tur, og det vart til at dei to små og eg tok med hundane i skogsvegen. Der var litt snø på vegen, noko hundane sette stor pris på. Veslejenta hadde med hundesnop i ein pose, så vi underheldt oss sjølve og hundane med å få dei til å springe mellom oss dersom ein av oss gjekk eit stykke i førevegen.

Storegut hadde i utgangspunktet tenkt seg ei roleg helg, men det vart bandøving til langt på kveld i går kveld, studioopptak med bandet i føremiddag og fotballtrening no om ettermiddagen/kvelden. Alle slike avtalar inneber ein del kjøring for meg, men eg gjer det så gjerne når han vil vere med på noko positivt i fritida.

Eldstejenta er på russetur til Bjorli denne helga, og rapportane derifrå tyder på at ho har det heilt hivens.

Min plan for kvelden er å kose meg saman med ungane, kanskje sjå ein film eller lese i ei god bok. Favorittsysselen for tida er å høyre lydbok samtidig som eg ser på møblar på internett...

Ferdig plata!


Barnefaren heldt på til langt på natt fredag kveld, og laurdag morgon tok han turen inn i "nyehuset" og la ferdig panelplatene på gangen. Han har brukt om lag 50 stk på dei to romma, og det har gått i eit imponerande tempo. Då vi var innom i 13-tida laurdag, begynte han å måle vinduskarmen i gangen. Måndag skal eg kjøpe golv, og så får vi sjå kva tid det blir tid for golvlegging. Dersom ein slepp å mødest, går det rimeleg kjapt. Når grovarbeidet er over, kan eg begynne å vaske vekk støvet som har samla seg etter all saginga.

fredag 13. januar 2012

Oppussing by proxy



I dag har eg hatt det fint. Dei to små og eg har kosa oss i heimen heile ettermiddagen/kvelden medan MMS-ane med bilete av oppussinga tikka inn. I kveldinga kjørte eg av stad for å hente Storegut på bandøving, og då fekk eg sjå resultatet "live". Rommet til Eldstejenta er no ferdig panelert, og i 22-tida var ein vegg + litt til i gangen også kledd med eggekvite plater. Hjelparen er iherdig og flink, så det går raskt og relativt problemfritt. Nokre problemområde må juksast litt på, det skal leggast lister både i tak og ved golvet og ein vinduskarm skal målast, så det blir noko flikking og slikt som tek tid og ikkje viser så godt att som denne prosessen, men det er likevel utruleg at vi starta prosessen for berre ei veke sidan. Eg synest det blir kjempefint, og det kjennest meir som heime for kvar gong eg kjem inn i huset. Det er eit godt teikn!

Resultatet av platelegginga så langt


Sidan ungane og eg returnerte til heimen før prosessen var over, har eg fått tilsendt bilete tekne med mobil av den gode hjelparen seint torsdag kveld. Tre av veggene på rommet til Eldstejenta er no ferdige.

torsdag 12. januar 2012

Ferdigmåla veggplater - like genialt og enkelt som det ser ut?




Eigentleg likar eg godt ein gamaldags stil i interiøret, så perlefasa panel er midt i blinken. For nokre år sidan kom det plater med ferdigmåla panel på i handelen, og no har eg kjøpt inn slike plater for å forvandle eit soverom og ein gang til lyse, einsfarga rom. Fargen er nesten kvit, sameleis som på stova/kjøkenet, men med smalare "fjøler". Golva på dei same roma skal leggast nytt laminatgolv på, og eg har teke ut eit som liknar på stovegolvet, men i ein varmare tone (eikefarga). Dagens bilete viser romma slik dei såg ut då listene, lysbrytarar o.l. var fjerna.

onsdag 11. januar 2012

Roleg fri-onsdag

Når planane er få, blir dagane ofte lange og innhaldsrike. I dag hadde eg ingen andre planar enn å hente ein kompis av Minstemann og å steike pannekaker til gjengen. Det fekk eg sjølvsagt gjort, og i tillegg fekk eg styra mykje i huset medan gutta kosa seg med "frileik". Ute regna det og bles, så det freista ikkje med uteliv.

I kveldinga sette eg meg til med skulearbeid. I dag ville det seie å lese tre kapittel i ein roman og å sjå gjennom ein film. Eg har både lese boka ("Slumdog Millionaire") og sett filmen ("Rabbit Proof Fence") eit par gonger tidlegare, men det er greitt å friske opp litt. Ikkje minst boka, som vi skal gå gjennom spørsmål til i morgon tidleg.

Av og til er grensa mellom jobb og fritid ganske så flytande, og eg føler meg privilegert som kan kose meg slik med jobbinga.

tirsdag 10. januar 2012

Bok 2 2012: "Hans voktende øye" av Jack Cavanaugh

Dette er den andre boka i serien "Sanger i natten", og eg er framleis skeptisk til sjangeren "kristen litteratur". Innhaldet i boka dreiar seg mykje om krigen sett frå ikkje-nazistiske tyskarar sin synsvinkel. Kva vil det seie å gjere det rette i den vanskelege situasjonen dei lever i? Er det alltid gale å ta liv? Skal ein setje eige og andre sine liv i fare for å gjere det moralsk rette? Spørsmåla er mange, og svara er slett ikkje overflatiske. Boka er god den, men mot slutten, dvs den siste cd-en, vert den kristne bodskapen etter mitt syn noko påtrengjande.

søndag 8. januar 2012

Mulligatawnysuppe på søndag

 I dag fekk Minstemann og eg nok ein roleg dag, sidan han framleis slit med det eine øyret. Han har greidd seg utan smertestillande, og han har ikkje sove i løpet av dagen, så i morgon skal han på skulen som normalt.

Eg er ikkje så glad i å vere inne, i alle fall ikkje i nydeleg vintervêr som det vi hadde i dag. Då var det ei viss trøyst i at resten av gjengen hadde ein strålande dag - dei to mellomste på Reset saman med Barnefaren, og Eldstejenta på TREN før ho vart med hit.

Dagens eksperiment var å lage Mulligatawnysuppe, etter oppskrifta på side 39 i "Smalhans". Eg triksa litt med ingrediensane; la til litt meir gulrot og tomat, droppa kvitlauk, brukte litt anna krydder og nytta kyllingkjøtdeig i staden for kyllingfilet. Det er langt billegare, faktisk veldig billeg, men vanlegvis synest eg den er så smaklaus at den ikkje kan brukast anna enn i svært krydra sausar o.l. I suppa gjekk det fint med kjøtdeig, men eg tok litt ekstra hønsebuljong for å få meir smak på krafta. Eg kokte ikkje ris attåt, men varma ein pose "boil-in-bag"-fullkornris og hadde den oppi suppa. Det gjekk heilt fint.

Suppa fall i smak, men gjengen var så svoltne at dei sikkert hadde ete kva som helst. Eldstejenta måtte få med seg ein supperest i eit tomt sylteglas heim til hybelen - eg håper ho ikkje sølte altfor mykje.

Etter middag rydda vi matbod (ok, vi fann noko snop vi hadde gløymt der) og spelte brettspel før eg kjørte Eldstejenta på kaia. Det var kjekt å spele brettspel utan at straumen var borte...

lørdag 7. januar 2012

Laurdagskveld på badet

Innsatsvilje og pågangsmot må til, men så blir det også eit resultat eg blir strålande nøgd med. Ikkje alt arbeid ein slit med er like synleg! Eg har nemleg tilbragt laurdagskvelden aleine på badet med ei spann måling i fargen "Skagen". Det er den same fargen som foreldra mine brukte i sokkelleilegheita då dei pussa opp, og som eg deretter valde til "nedebadet" i min tidlegare heim. Den kan skildrast som gråbeige. Eg likar både fargen og resultatet elles, men armar, nakke og hovud treng å halde kviledagen heilag i morgon.