Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg

søndag 18. januar 2026

Genser nummer 86: "Riddari" i léttlopi


Etter at Bladfyken vart sjuk og fekk medisin, har han blitt mykje kaldare. Han har blitt ivrig turgåar medan han er sjukmeld, og med den sprengkulden vi har hatt treng han gode klede. Eg såg bilete av ein ny Riddarivariant som eg syntest var utruleg fin, og det var han samd i. Då eg hadde strikka den ferdig, såg den litt liten ut, men heldigvis passa den perfekt. Viss han går ned enda meir i vekt, blir den litt romslegare, men han forsikra meg om at han kunne bevege seg fritt i den, og det er avgjerande. Fargane er nydelege, med kvitt, koksgrått, oransje og raudt, og eg hadde gløymt kor kjekt dette mønsteret er å strikke. Eg har ein del restar av léttlopigarn, så det kan godt hende eg strikkar fleire. For sju år sidan strikka mamma Riddarigenserar til meg og dei to yngste då vi skulle til Island, og for snart fem år sidan begynte eg å strikke min første genser sidan tidleg 80-tal, også det ein Riddarigenser. Etterpå vart det ein til Eldstejenta og ein til Storegut, så no har snart heile slekta eit eksemplar.

tirsdag 30. desember 2025

Genser nummer 85: "Etterår" i Viking Eco Highland Wool

Til mamma strikka eg ein rosa "Etterår" genser. Det er sjette genseren eg strikkar med dette flettemønsteret, men denne gongen knota eg ein del. Å strikke slike mønster krev at ein fører nøye opp kva omgang ein er på, og der er to ulike mønsterrapportar ein skalføre opp. Ikkje så godt eigna som tv-strikk, i alle fall ikkje viss ein ikkje er aleine. Genseren vart heldigvis passeleg, og mottakaren rapporterer om at den er god og varm. Garnet er utruleg mjukt, og eg har liggande nokre nøste som eg skal bruke til eit liknande prosjekt seinare. 


Genser nummer 84: Setesdalsgenser med raglanfelling


Den eine julegåva eg strikka i år, var ein brun og naturkvit setesdalsgenser med raglanfelling, strikka i Rauma tretrådsgarn. Denne skulle Svigerson få.

søndag 21. september 2025

Genser nummer 83: "Etterår" i Viking Eco Highland wool


I denne femte utgåva mi av denne genseren, bytta eg til ein storleik mindre på pinnane. Dette gav ein litt fastare struktur enn på dei tidlegare genserane. Dette er favorittfargen min, så eg reknar med genseren blir mykje brukt. Genseren ligg ikkje så pent på biletet, men eg kan forsikre om at den er normalt pent strikka.

fredag 5. september 2025

Genser nummer 82: Tusseladd


Før vi reiste til Stockholm i sommar, kjøpte eg inn garn til genseren "Tusseladd". Den vanlegaste versjonen av dette mønsteret er strikka i turkis, brunt og kvitt, men eg ville ha ein heilt annleis farge og enda opp med grønt Tinde pelsullgarn med mønster i gult og burgunder Sol lamullgarn (begge frå Hillesvåg). Vi var fleire involverte i fargevalet då eg handla på den lokale garnbutikken, og etter mykje vurdering overlet eg til ein annan kunde å seie si meining. Resultatet er noko spesielt, men veldig sprekt. Mønsteret var kjekt å strikke, og det meste av det einsfarga på bolen vart strikka på toget til og frå Stockholm, noko eg kjem til å assosiere genseren med. På biletet ser genseren grå ut, men den er altså grønmelert. Garnet Tinde er litt hardt, men eg trur kanskje det endrar seg når eg vaskar genseren før bruk.

Genser nummer 81: Delaware (blå variant)


 Ein gong Delawaregenseren var på tilbod som strikkepakke, greidde eg ikkje å velje mellom den raude og den blå varianten, så eg kjøpte begge. Den raude har eg laga ferdig for lenge sidan, og den vart både fin og passeleg tynn. Eg har brukt den mykje. No har eg strikka ferdig den blå varianten òg. Den er meir tradisjonell i fargane, og eg likar den ikkje så godt som den raude, men eg kjem nok til å bruke den òg mykje.

Om desse strikkepakkane vil eg seie at oppskriftene er heilt ok, men garnet er frykteleg tynt. Pinnane er 2,5 og 3, og eg burde sikkert ha bytta til eit nummer mindre for å få genseren fastare i fisken. Eg trivst best med pinnar 3,5-4,5, for dette tok tid! Eg trur ikkje garnet hadde så god kvalitet heller. Men billeg var det.


Sjal nummer tre: sjølvkomponert mønster basert på "Swallowtail"





I restelageret mitt fann eg beige, brunt og brent oransje, fargar eg veit ei kollegavenninne både likar og kler. På kontoret vårt er det noko skiftande temperatur, noko som har ført til ein årelang bruk av cardiganjakker for nokre av oss. Denne kollegavenninna har aversjon mot cardiganjakker, så det passa fint å strikke eit sjal til henne i dei før nemnde fargane. Garnet eg brukte var av to ulike merke, men det gjekk fint å setje dei saman. Mønsteret var inspirert av "Swallowtail", og eg strikka så lenge eg hadde garn i kvar farge. Sidan garnet er i 100% ull, reknar eg med at det vil varme godt. Kollegavenninna mi hadde bursdag i går, og då fekk ho overlevert gåva. Kommentaren var: "No gler eg meg til å fryse""


tirsdag 12. august 2025

Genser nummer 80: "The Basic" til Veslejenta


Veslejenta hadde bestilt ein strikkepakke på nett, men fekk kalde føter og ville ikkje strikke den sjølv. Då passar det godt å ha ei mor med litt strikkedilla, for dette arbeidet har teke meg ei vekes tid, knapt. Mønsteret er rimeleg enkelt, men det er ikkje så ofte eg strikkar erme og halskant ved å plukke opp masker. Eg trudde det var vanskelegare å få pent, men garnet var litt ujamnt i strukturen i og med at det er to ulike garn (Drops Melody og Merinor Soft Merino). Eg strikka den heilt etter oppskrift, men det ferdige produktet ser litt lite ut, med erme som kanskje er for korte, samanlikna med biletet på nett. Eg har sagt til den komande eigaren at ho får prøve den, og så får vi vaske og strekke den viss det trengst. Når eg strikkar med loddent garn i ein så lys farge, tenkjer eg i utgangspunktet at eg ikkje treng å vaske plagget før bruk, men ein kan forme ein våt genser viss den ikkje passar. 

mandag 4. august 2025

Genser nummer 79: Eftirvænting

I fjor fekk eg ein pose med garn som er laga av restar frå garnproduksjon. Garnet har ein nokså nøytral farge, og eg fann fram restar av léttkopi til mønsteret. Eg vart svært nøgd med fargevalet, og genseren vart ein ny variant av det mønsteret eg har strikka to gonger før. I pøsregn er det fint å sitje inne og feste trådar, men noko vemodig å vite at det snart vert strikkagensersesong att.


søndag 3. august 2025

Genser nummer 78: "Etterår" med liten vri

Etter å ha strikka tre variantar av "Etterår", skulle eg strikke ein annan genser til Minstemann. Så skjøna eg ikkje mønsteret, og dermed laga eg ein hybridgenser som kombinerte bolen frå Etterår med ermane frå den andre. Eg har hatt litt dilla på flettemønster, men det er vanskeleg å finne fine og ikkje for kompliserte mønster med raglanfelling. Garnet heiter Viking Eco Highland Wool, og det er veldig mjukt og godt å jobbe med.


søndag 22. juni 2025

Genser nummer 77: "Anny" av Dorthe Skappel

Eldstejenta ville gjene ha ein slik genser, men dei var lenge utselde på nett. Då den kom attende for sal, bestilte og strikka eg den - men trådane har eg ikkje festa før i dag. Det er den keisame delen av strikkearbeidet. I strikkepakken var der like mengder gult og turkis garn, så eg løyvde meir enn to nøster turkis. Det er irriterande, for tråd er dyrt for tida. Likevel hadde det vore verre dersom det hadde vore for lite garn, så eg trøystar meg sjølv med at eg sikkert finn noko å bruke restegarnet til. Genseren var kjekk å strikke, etter kvart som mønsteret vart "logisk".




mandag 21. april 2025

Genser nummer 76: "Efterår" til meg sjølv


Før påske strikka eg ferdig min tredje genser i flettemønsteret "Efterår" i Eco Highland Wool. Eg fall pladask for fargen "Lys jeansblå" (kode 222), for den er i ein gråblå nyanse som er litt mørkare enn yndlingsfargen min. Både denne gongen og førre gong eg strikka etter dette mønsteret har eg måtta rekke opp om lag 15 cm undervegs fordi eg har gløymt eit flettemønster, for mønsterstrikk krev konsentrasjon og nøyaktigheit. Eg fører nøye teljing på eit papir når eg strikkar, slik at eg kan telje kvar eg er i rapportane (der er tre ulike, men dei to på sidene er den same men speglvend). Eg likar godt garnet, og i påska fall eg for freistinga og bestilte meir. Det første eg skal strikke er ein herregenser som ikkje er same mønster, for den ville Minstemann ha. Først skal eg fullføre eit par andre påbegynte prosjekt - eller i alle fall eitt av dei. 

Teppe til Albert


Etter å ha sett litt på bloggen ser det ut til at eg ikkje har lagt ut bilete av eit babyteppe eg gav sonen til niesa mi i haust, og eg finn ikkje bilete av det på telefonen heller. Eg har uansett strikka eit tredje teppe - denne gongen til hunden Albert. Han har lite underull og tynn pels, så han er ofte frostig og vil gjerne ligge på fanget mitt når eg strikkar. Eg har derfor brukt noko restegarn til å strikke eit teppe til han, og det skal lukte "bestemor" så han slepp å sakne meg når han er andre stader. 

tirsdag 15. april 2025

Genser nummer 75: "Luna" til Eldstejenta

Eg skulle eigentleg strikke ein "oversized" genser til Eldstejenta og sende den i posten til bursdagen hennar, men så vart genseren berre vanleg passeleg, så eg let den ligge til ho kom heim til påske. Tråden er "Alpaca bris", og den lysaste rosafargen er den same eg har strikka til henne i før. Ho vart svært glad for genseren, men eg har bestilt ein Skappel-genser som eg skal prøve å få større.


fredag 21. mars 2025

Genser nummer 74: "Blanca-genser" i Alpaca Dream

Då det var Black Friday sal, låg det ute fleire strikkepakkar med genserar i svart og kvitt. Eg bestilte denne i raudt og kvitt i staden, og eg strikka den i medium storleik, slik eg plar når eg strikkar til meg sjølv. På biletet såg den ganske stor og romsleg ut, men den ferdigstrikka genseren såg ut som ein barnegenser. Eg vaska den, strekte den i erme og bol før eg hengde den opp på ein kleshengar, noko ein vanlegvis unngår. Resultatet vart at genseren er stor nok, men litt tilsitjande. Eg trur det vil kome seg når eg bruker den meir. Eg vart litt sur av heile prosjektet, for eg likte mønsteret ganske godt.


Genser nummer 73: "Etterår" til Veslejenta

 Etter å ha strikka ein genser til meg sjølv i dette mønsteret, strikka eg ein til Veslejenta òg, i same garn (Eco Highland Wool) men i ein flaskegrøn farge som ho kler veldig godt. Eg gjorde nokre justeringar på ermane, som var litt korte og trange på min eigen. På St Patrick's Day lånte eg den attende for å ha på meg noko grønt.


søndag 12. januar 2025

Genser nummer 72: Fanagenser til meg sjølv

I ungdomen hadde eg ein kvit og grå fanagenser som eg brukte mykje. Eg vart faktisk avbilda i lokalavisa iført same genseren med to års mellomrom, så det seier vel sitt. No har eg strikka meg ein kvit og grå fanagenser - mjukare enn den gamle, men ikkje fullt så fin. Rundfelling er kjekt å strikke, men isette erme er penare, i alle fall på Fanagenser.

1985 - eit møte om gjenopning av kommunal fristidsklubb


1983, i samband med ungdomsspalte i avisa

søndag 5. januar 2025

Genser nummer 71: "Efterår" i Viking Eco Highland wool


Etter å ha strikka ein genser i dette garnet til Svigerson, ville eg strikke ein til meg sjølv frå same oppskriftsheftet. Flettemønster krev konsentrasjon, maskemerkarar og notatar, så ein kan ikkje prate for mykje medan ein arbeider. Eg er nøgd med resultatet og har planar om fleire av same sort (og garn på lager).

Genser nummer 70: "Eftirvænting" i léttlopi


Etter eit vulkanutbrot på Island i fjor fekk eg ein idé om å strikke ein vulkaninspirert genser i léttlopi. Eg brukte mønsteret til ein av favorittgenserane mine, som er strikka i lyseblått med mønster i beige og brunt, så denne vart svært ulik. Eg hadde gløymt at mønsteret stort sett er strikka med tre fargar om gongen, men det gjekk no bra til slutt. Eg hadde restar av mørleraudt frå før, men supplerte med gult, orange og lys oskegrå, og bolen er i mørk oskegrå - det syntest eg ville passe. 

Genser nummer 69: "Delaware"

 


Denne genseren fall eg pladask for, trass i at den kracde tynne pinnar og dermed mykje arbeid. Den finst som strikkepakke både i burgunder og blått, og eg kjøpte begge. Garnet er Gann tynn merinoull, og fargane på denne er bordeaux, mørk bringebær og natur. Eg er ikkje veldig begeistra for kvaliteten på garnet, men genseren er fin. Eg fekk den ferdig til budsjettmøtet i midten av desember.