tirsdag 31. desember 2013

Bok 79 2013: "Tomt rede" av Alicia Gimènez-Bartlett

Årets siste avslutta bok var ein lettlesen krimroman frå Barcelona. Igjen er kriminalgåta langt mindre underhaldande og interessant enn livet på politistasjonen, ikkje minst fordi eg-personen Petra har så mange morosame kommentarar.

Eit lite illustrasjonssitat, der Petra og Fermín har snakka om rumenske kvinner som vert utnytta, og Fermín kommenterer at slik er Vårherres vingard:

-Faen, Vårherre burde ha anlagt en vingård med flere druer og færre grener.
- Hadde du sittet  ved siden av ham, ville han ha gjort det, overbetjent. For å slippe å høre på skravlingen din, ville han ha utformet hele skaperverket slik du ønsker deg det.

lørdag 28. desember 2013

Fjerde juledag: når "alle andre" fer på fest...

Ein særs roleg dag med sein frukost og ein rusletur i regnvêret er i ferd med å gå over i historia. Den kjennest som om "alle andre" skal på fest, men eg blir heime og kosar meg med dei to yngste. Eldstejenta skal ut, og Storegut besøker kompisar. Eg har nesten ei heil veke til med ferie framfor meg, og livet er ikkje så verst.

Vi har teke i bruk den mest julete julegåva, og eg ser allereie fram til å ta den fram att i åra som kjem.



Bok 78 2013: "Uvennskap, vennskap, forelskelse, forlovelse, ekteskap" av Alice Munro

Dette er den siste Munro-boka eg hadde liggande, etter å ha sikra meg ein bunke rett etter at det vart kjent at ho skulle få Nobelprisen i litteratur. Litt irriterande er det at eg likte denne mykje betre enn dei førre, men at eg no ikkje veit om det er fordi eg har vant meg til skrivestilen hennar, eller om det faktisk er tilfelle at novellene traff meg betre med omsyn til innhaldet. Heilt sikkert er det at tittelnovella var blant favorittane mine, og i tillegg "Queenie", som er den nest siste. Årsakene til at desse var favorittane, er at dei har det eg vil kalle ein underfundig undertone. Den første handlar om to unge jenter som begynner å skrive fiktive kjærleiksbrev berre på moro, medan "Queenie" handlar om ei ung jente som rømer frå familien sin for å gifte seg med naboen. I utgangspunktet blir ein nysgjerrige på korleis det kjem til å gå, og så endrar teksten seg til å bli noko meir enn berre ei forteljing, men blir noko ein tenkjer på etter at teksten er ferdig lesen.

Viss du berre skal lese ei novellesamling av Alice Munro, er dette den du bør velje blant dei eg har lese.


fredag 27. desember 2013

Tredje juledag: taco, takk

Ein merkar at ungane har begynt å bli store når ein får fred til å lese i ei god bok eit par, tre timar før ungane står opp om morgonen. I dag måtte eg til slutt vekkje nokre av dei for å få dei med på handlerunde. Utruleg nok hadde vi begynt å gå tome for diverse, og eg hadde med vilje utsett innkjøp av middag til vi kunne kjenne etter kva vi hadde lyst på. Og det var faktisk taco.

torsdag 26. desember 2013

Andre juledag: familieselskap

I familien har vi som tradisjon å møtast i barndomsheimen andre juledag, og i år møtte alle i familiane til oss systrene. Broren vår med familie er heime på Kongsberg heile jula i år. Det er faktisk godt gjort å samle alle dei halv- og heilvaksne søskenbarna her oppe òg, men vi greidde det. Dagen brukte vi til å ete mykje god mat, prate, farge augnebryn og spele brettspel, mellom anna. Eit spesielt kjekt spel var "Bokstavelig talt"...

Gjensynsglede

Bok 77 2013: "Hakawati - historiefortelleren" av Rabih Alameddine

Faren til Osama ligg for døden i Beirut, og Osama vender attende til Libanon frå USA. Her vert han medviten om si eiga fortid gjennom samtalar ved sjukesenga. Saman med denne enkle forteljinga kjem eit samansurium av gamle historier og legender som er interessante og spennande, men som vert noko forvirrande og langtekkelege i mine øyre. Spesielt i starten fekk eg assosiasjonar til "Tusen og en natt", og eg likte idéen bak boka, men det er mon i mindre etter min smak. 

onsdag 25. desember 2013

Bok 76 2013: "High Fidelity" av Nick Hornby

Nick Hornby er ein av forfattarane eg les med stor glede kvart år, når vi les utdrag frå romanen "About a Boy" og ser filmen.

Hovudpersonen i "High Fidelity" minner ein del om hovudpersonen i "About a Boy". Rob er ein 35 år gamal mann som ikkje vil bli vaksen, noko som ikkje er ei uvanleg problemstilling, og både kjærleikslivet og karrieren hans lid under dette. I byrjinga av boka har dama hans akkurat gjort det slutt med han, og han reflekterer over kva årsakene kan vere til at jenter/kvinner har gjort det slutt med han tidlegare. Han går så langt at han oppsøkjer dei for å finne det ut. Elles handlar boka mykje om musikk, i og med at han driv ein lite inntektsbringande butikk der han sel brukte plater.

Hornby skriv lett og humoristisk, men ein anar ein viss ironisk undertone i det heile.

Første juledag: ein stille dag

I dag har vi berre slappa av. I mitt tilfelle betyr det at eg har rydda opp etter jula, i tillegg til å gå ein lang tur. Jentene har vore på photoshoot nede i fjøra, og gutane har vore inne og styrt med julegåvene sine. I bloggande stund lagar eg middag - årets beste restemåltid!


tirsdag 24. desember 2013

Julaftan 2013

Vi har feira på tradisjonelt vis med faste tv-program, solid frukost, gudsteneste, pinnekjøtmiddag og pakkar. Alt har gått etter håp og planar, og alle er svært nøgde med og takksame for det dei har fått av gåver. I kveldinga kosar vi oss med brettspel, blant anna, og så tek det sikkert litt tid før alle har fått oppdatert profilbilete og oppdatert seg på sosiale media.

Framleis god jul til alle der ute!
Mine fantastiske fire

Jentene mine

Gutta

Mor og son

Pauseinnslag medan potetene kokte

Tradisjonell middag
Twister!

mandag 23. desember 2013

Veslejulaftan 2013

Tradisjonar varierer frå heim til heim. Hos oss et vi risgraut med mandel i på veslejulaftan, og så pyntar vi juletreet etterpå. Det er lite stress, og eg har til og med gått meg ein tur for å få frisk luft og opparbeide appetitt.
Eldstejenta fekk mandelen i år
God jul!

søndag 22. desember 2013

Home for Christmas

Så er heile familien samla, og vi er spenna klare for å kose oss både før og etter julekvelden!

fredag 20. desember 2013

Rolle i gåve

Storegut har vore halv- og heilsjuk siste tida, og han gjekk dermed glipp av ein viktig audition til årets musikal på musikklinja. Stor var derfor overraskinga og gleda då han likevel var tiltenkt ei rolle! Musikalen skal vere basert på "Moulin Rouge", og poden skal ha rolla som han der kortvokste... Songen han skal vere solist på er "Children of the Revolution", og den trur eg han vil passe ekstremt godt til å synge.

Juleavslutning

I dag starta jobbdagen med den siste delen av "Love, actually", som må vere den beste julefilmen som finst. Etterpå gjekk elevar og lærarar til Voldahallen, der vi høyrde helsing frå rektor og gjekk rundt juletreet. Vidare gjekk mange av oss på julegudsteneste, der musikklinjekoret song. Til slutt hadde dei tilsette og pensjonerte tilsette ei tradisjonell avslutning med mat og litt program. Nokre av oss heldt fram praten på ein café i bygda.

Eg fekk handla inn dei siste julegåvene, og så reiste eg til Ørsta for å utveksle gåver med foreldra mine. Eg fekk mat og kaffi der òg, så no burde eg klare å halde meg vaken ei stund!

onsdag 18. desember 2013

Vardefest 2013

I år var det Storegut sin første Vardefest, som er namnet på skuleballet på jobben min. Han har ikkje vore så frisk i det siste, men stilte likevel opp på 4 - 5 programinnslag, og "stagediva" til og med. Mora trekte seg tidleg tilbake, men guten vart att. Seinare på kvelden vart han kåra til "Årets førsteklassing".


Bok 75 2013: "Forunderlig er kjærligheten" av Alice Munro

Nok ei novellesamling av nobelprisvinnaren er konsumert, og eg gjentek truleg meg sjølv når eg seier at novellene er underfundige, og at det spesielt er persongalleriet som gjer dei gode. Personleg er eg mest glad i noveller med ei god historie som sluttar litt overraskande, men berre få av Munro sine tekstar er av det slaget. Det er meir situasjonsskildringar, gjerne i form av tilbakeblikk på noko som har hendt før, som kanskje har ført til eit vanskeleg forhold mellom menneska i notid. Tittelen er dekkjande for temaa i samlinga.

søndag 15. desember 2013

Tredje søndag i advent

Endeleg ein heil dag i heimen,og den har vi brukt til  rydde og vaske i kjellaren, der dei tre heimebuande borna har romma sine. Gamla har rydda vaskerommet, for i morgon kjem endeleg reparatøren som skal finne ut kva som feilar tørketrommelen. Husarbeidet vart akkompagnert av julemusikk på høgt volum.

Storegut tende dei tre lysa i kveld. Neste gong vi tenner lys i adventstaken er det Eldstejenta sin tur, og då er vi samla heile familien for å feire og feriere!

lørdag 14. desember 2013

14. desember: ballettshow med samtidsdans og klassisk

I dag heldt Veslejenta på med ballett frå klokka 10.00 til 18.30. Mora måtte også til pers; først kledde eg på ein flokk små ballerinaer, deretter var eg gestapistisk garderobevakt for dei store ballerinaene. På show nummer to hadde eg fri, og eg fekk dermed med meg gutane og foreldra mine som publikum.

Ei venninne av Veslejenta dansa rolla som Nøtteknekkaren og imponerte stort!


fredag 13. desember 2013

Ferdig med julestresset?

Seint torsdag kveld, etter at festen var slutt, sette eg meg til og retta dei siste tentamenane. Fredagen vart derfor temmeleg "chill" på jobb, og etterpå vart det cafébesøk og julegåvehandel. Ungane ville ha vårrullar til middag, så det vart enkel servering og middagskvil etterpå. Ungane rydda romma sine, og så pakka vi inn nokre av julegåvene før vi kosa oss med film og snacks til kvelds. Det er så herleg å vere ferdig med det verste julestresset, og så er det berre ei veke att til vi kan ta to veker rettfri ferie!

torsdag 12. desember 2013

Julefest på skulen

I kveld følgde eg dei to yngste på julefest på skulen. Det var eit kjekt og vellukka program, og i år deltok Minstemann med pianospel og Veslejenta song solo. Mormora og morfaren tok turen i år òg, og det var ekstra stas. Dei andre besteforeldra var publikum i kyrkja i Volda, der musikklinja hadde konsert. Eg skulle sjølvsagt gjerne ha vore der òg.

onsdag 11. desember 2013

"Mat på fat"

I dag ergrar eg meg over fenomenet "mat på fat". Arrangørane burde forstå at det kan vere nok i seg sjølv å stille på eit arrangement klokka 18.00, om ein ikkje skal bruke den timen ein har heime frå ein kjem heim til ein må fare att til å smørje skiver eller dandere kaker. Festen varer eit par, tre timar, og då er dei fleste godt nøgde og vil heim att, ikkje henge att ein ekstra halvtime for å ete. Kveldsmaten tek vi fint heime!

Viss ein absolutt skal servere noko på skulefestar av den sorten eg omtalar her, er ferdigkjøpte peparkaker eit fullgodt alternativ. Det blir nok sukker i kvardagen, og meir enn nok stress. La meg få mindre å tenkje på og meir tid til å reise heim og få i meg sjølv og avleggjarane eit skikkeleg måltid til kvelds!

Sidan Veslejenta skulle til frisør i dag, vart det til at vi tok oss ein runde og handla inn ingrediensar til risbollar. Det blir mat-på-fat god nok i morgon. Håper vi får tid til å ete noko middagsliknande etter skuletid.
Nyklipt til jul
Dagens maske, inspirert av legane i mellomalderen

Bok 74 2013: "Dette er mine gamle dager" av Tore Renberg

I dei tidlegare bøkene om Jarle Klepp har vi fått lære ein del om korleis det var for han å vekse opp med ein alkoholisert far. I denne boka har Jarle blitt 38 år, lærar og tobarnsfar, og han opplever noko som gjer at han begynner å tenkje mykje på sin eigen oppvekst. Det er mykje vondt og bittert i desse minna, og det står i skarp kontrast til det gode livet Jarle Klepp no lever. Boka vert derfor utruleg rørande og vakker, midt i alt elendet.

Eg lytta til lydboka, der forfattaren sjølv les på Stavangerdialekt. Det gav leseopplevinga eit ekstra autentisk preg. Heile serien er vel verd å lese.

tirsdag 10. desember 2013

Adventskonsertar


Måndag fekk eg snike meg til å vere publikum då Storegut og kompisane hadde musikktentamen. I dag var det Minstemann som skulle til pers, denne gongen på kulturskulekonsert på Spinneriet. Slike konsertopplevingar er ein viktig del av adventstida for meg.

søndag 8. desember 2013

Andre søndag i advent

Etter ei hektisk helg med julegåvehandel og heildagsprøveretting var det godt å setje seg ned med gløgg og nysteikt julebrød med brunost. Eg oppdaga igjen at det fine Flora-serviset som eg er så glad i, ikkje passar til juledukane. Elles var julestemninga på topp, og huset luktar av røykelse, grønsåpe og gjærbakst. Det er mogleg å få gjort litt anna medan ein rettar, og husarbeid er pausar det er lett å rettferdiggjere. Eg er no om lag ein halv heildagsprøvebunke frå å kunne ta retteferie, men no skjer det så mykje på kveldstid framover at det blir vanskeleg å få tid til slikt.

torsdag 5. desember 2013

Tid for film

Sidan eg var på kurs eit par dagar, laga eg vikaropplegg der elevane skulle få sjå film. I dag såg vi sluttane på desse filmane, og eg må seie det er to flotte filmar, på kvar sin måte og i kvar sin sjanger. Faga var norsk vg3 og internasjonal engelsk.

onsdag 4. desember 2013

Bok 73 2013: "En god kvinnes kjærlighet" av Alice Munro

Eg har begynt å venje meg til skrivestilen til nobelprisvinnaren no, og dermed set eg stadig meir pris på tekstane som vert rekna som banebrytande i novellekunsten. Akkurat det er eg ikkje sikker på om eg er einig i, men eg likar tematikken og karakterane i tekstane.

I denne samlinga vert mange tema tekne opp, men noko som går att er forholdet mellom foreldre og born. Dei to siste novellene i boka er ganske dramatiske, men elles handlar det oftast om "kvardagsmenneske" og deira problem med å fungere saman.

Eg likte betre den førre boka eg las av forfattaren, men denne var òg verd å lese.

Illustrasjonsbiletet er av den engelskspråklege utgåva av boka - eg las den på norsk, men kunne godt ha lese den på engelsk, trur eg.

tirsdag 3. desember 2013

Romsdalen Norges Tyrol

Det er ikkje så ofte eg er på Åndalsnes - eg tok toget dit på slutten av åttitalet, og så trur eg vi køyrde Romsdalen ein gong på 90-talet då vi skulle austover. Måndag og tysdag var eg der på oppdrag som tillitsvald i Utdanningsforbundet, og det var eit særs lærerikt og godt kurs. Saker som var oppe til informasjon og diskusjon var blant anna forhandlingane om arbeidstid, som eg er svært oppteken av. Med alt det rettingsarbeidet eg har, verkar det totalt sprøtt å ville innføre kontortid for lærarar!

Hotellet hadde namnet "Bellevue", og då måtte eg ta bilete av utsikta...

søndag 1. desember 2013

Første søndag i advent

Veslejenta skulle danse på ballettshow, men vi hine hadde ikkje fått tak i billettar. Stor var derfor gleda for at eg i det minste fekk kome inn og sjå hennar parti danse.

Etter showet skunda vi oss heim, bestilte pizza og tende adventslys før vi for på den tradisjonelle julegrantenninga.


lørdag 30. november 2013

Jul ute, jul inne...

Vi pyntar til advent. Ute. Det må fire personar og mange leidningar til for å få det slik vi vil ha det, med juletrelys i to tre, "granbar" med lys på verandarekkverket og litt anna pjask. Nytt av året er mangefarga, blinkande lys i "Harry Potter"-bjørka vår, og då er Eldstemann god å ha. Spesielt stilfullt blir det ikkje, men her i huset er det lov å ha glorete smak - i alle fall i jula.

fredag 29. november 2013

Bok 72 2013: "Verdensmestrene" av Henrik Langeland

Denne boka er ein slags kollektivroman, der handlinga er lagt til ulike bydelar og sosiale lag i Oslo i 1982. Tanken bak er truleg å teikne eit bilete av korleis byen var då, og korleis den vart endra. Samanhengen med VM i 1982 er ikkje tilfeldig. Vi møter overklasseguten og arbeidarguten, jenta frå den radikale familien og innvandrarguten - politisk korrekt og representativt for byens mangfald, med andre ord.

Nokre av episodane i boka er interessante og gripande, men i heilskap syntest eg romanen var altfor oppstykka, og at den mangla ei forteljing som batt den saman. Romanen minte litt om Saabye Christensens "Beatles", men i samanlikning blir Langeland ein lettvektar. etter mitt syn.


torsdag 28. november 2013

Årets julebakst

Då eg fann restar frå julebaksten i fjor, bestemte eg meg for å halde årets bakst på eit enda lågare nivå. Det er berre å erkjenne det: vi et ikkje noko særleg med julekaker her i huset. Eg spurde derfor ungane kva sortar julekaker dei ville ha, og dei svara risbollar og serinakaker (sistnemnde på grunn av at dei er kjekke å bake).

Dermed fekk vi unna det meste av julebaksten på eit par timar. Og i kveld smakar dei godt, så vi har ingen restriksjonar.

onsdag 27. november 2013

På tokt med Minstemann

Fri-onsdagen gjekk mykje med til diverse ærend i Volda i dag. Eg var dobbel-booka med vikartimar og drøftingsmøte, og Minstemann fekk æra av å passe på elevane medan eg var borte. Etter dei knallharde lønsforhandlingane i etterkant forstår eg at det er han som bør vere ATV, ikkje eg.

Etterpå handla han for nokre av bursdagspengane, tok hol i det eine øyret og sette ein liten formue inn på konto. I banken fekk han forresten ei ny lommebok som gåve, og då sparte han utgifter til denslags. Nokre i slekta har måtta låne pengar til å kjøpe seg lommebok for, ein gong på 70-talet. Vi handla dessutan store mengder mat, meir utelys til jul og ein adventskalender.

Vel heime har vi hatt eit svare strev med å pakke ut alt vi har kjøpt. Utelysa ligg på vent, sidan vinden er noko heftig ute, og det store spørsmålet er no om ein skal begynne på julebaksten, rette stilar, pusse vindauge eller noko heilt anna. 



tirsdag 26. november 2013

Dagens outfit

Minstemann har fått seg ein ny hobby. Det vil seie: han har vidareutvikla ein tidlegare hobby, der han teikna masker og klipte ut. No lagar han seg full mundur med rustning, hjelm og gassmaske av kartong og gaffatape. Det vert klipt, målt og prøvd, og i bloggande stund har han teke til med å lage våpen.

Mora hadde vaska huset og hadde tenkt å ordne litt til jul, men her står kreativiteten i høgsetet. Dette medfører papp-bitar over halve stova, tapebitar og limtuber og gudane veit kva. Guten er totalt oppslukt og bruker time etter time på arbeidet, og mora er frykteleg stolt og glad over den kreative poden.

Baking, vinduspuss og nedvask er strengt tatt ikkje så viktig sett i høve til det å kunne finne på noko nytt og altoppslukande heilt på eiga hand.

søndag 24. november 2013

Minstemann 10 år

Dagen begynte sørgjeleg, med dødsfallet til Madelen kanin. Vi er einige om at vi ikkje skal skaffe oss fleire kaninar, men legg planar for kjøp av hund til sommaren.

Elles har vi besøk av hunden Lucas, og vi har litt stille og roleg feiring av Minstemann. Den kjekke vesleguten min er no heile 10 år!

Han hadde fått ein del bursdagspengar, noko vi har diskutert korleis vi skal handtere.
Mor: Skal du setje pengane i banken, kanskje?
Son: Nei, ej trukje det, ej HE jo penga i banken allereide...




Bok 71 2013: "Tiggerpiken" av Alice Munro

Denne boka er omtala som ei novellesamling, men alle novellene handlar om Rose og hennar næraste vener og familie. Stemora Flo er mest sentral av desse, og forholdet mellom dei to kvinnene er både interessant og gripande. Handlinga er lagt til ein småby i Canada, og karakterane er svært levande skildra.

Dette er den andre boka eg les av nobelprisvinnaren, og eg likte den svært mykje betre enn den førre eg las.

lørdag 23. november 2013

The most wonderful time of the year...?

Første bunke i advent er samla inn og printa ut. Her er mykje interessant å lese, heldigvis, men det er eit blodslit no i nokre veker før jul. Håpet er at eg skal sleppe å rette for mykje i jula, men då kan det ikkje utsetjast for lenge. Heldigvis har eg på heimlån ein hund som treng mykje mosjon, eg har tørr ved og ikkje minst mykje sjokolade...

torsdag 21. november 2013

Bok 70 2013: "Sjur Gabriel" av Amalie Skram

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har lese denne boka, og eg trur eg las den første gong då eg gjekk på vidaregåande. Elles veit eg heilt sikkert at eg skreiv eksamensoppgåve om den i 1991, då eg studerte nordisk grunnfag. 24 handskrivne sider om naturalistiske trekk i romanen, og eg kunne godt ha skrive meir. Seinare har eg lese boka saman med elevar nokre gonger, men det var no ein del år sidan sist.

bokhylla.no er ein nettstad der ein kan lese heile verk gratis på skjerm, og det har elevane mine no gjort saman med meg. I tillegg høyrde vi på lydboka, som er ei fantastisk god innlesing frå 1967. Eg trur elevane ville hatt problem med å lese ei heil bok på skjerm utan lydbok, sjølv om denne er relativt kort. Faktisk er den på under 70 sider, så her er dramatikken temmeleg komprimert!

"Sjur Gabriel" er noko av det mest dystre og tragiske ein kan lese, og den burde derfor vere interessant også for dagens ungdom. Etterarbeidet skal innebere arbeidsoppgåver og klassediskusjon, der vi mellom anna skal drøfte kor vidt vi synest dette er eit godt utgangspunkt for ein musikal.

Boknatt i Ivar Aasen-tunet

Onsdag kveld var eg av garde på eit arrangement i Ivar Aasen-tunet. I tillegg til folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg, som fortalde, spelte fele og song, fekk vi høyre tre forfattarar lese frå dei nyaste bøkene sine og bli intervjua av Geir Hjorthol. Først ut var Øystein Orten. Eg likte godt boka hans "Rasmus Rebellen" då eg las den for litt sidan, og intervjuet var òg svært interessant. Han snakka ein del om metodane han hadde brukt i skriveprosessen, og om utfordringar ved å skrive historiske romanar. Neste forfattar var Agnes Ravatn, som hittil har vore eit ukjent namn for meg. Ho snakka om boka "Fugletribunalet", og eg fekk svært lyst til å lese både den og fleire bøker av forfattaren. Sist ut var Ragnar Hovland, og opplesinga hans var først og fremst svært morosam. Den nyaste boka hans er rett og slett ei samling e-postar han sende til kollegaene sine medan han arbeidde i Samlaget. Intervjuet etter opplesinga tok føre seg essay som Hovland har skrive tidlegare, mellom anna om ironi. I tillegg snakka han ein del om boka, og om kvifor den kom ut.

Det vart ein svært variert og interessant kveld på Aasen-tunet, og salen var nesten fullsett.

søndag 17. november 2013

Lommerosk på Battle of the bands

Kva høver vel betre enn å spele songen "Keep Battling" ved eit slikt høve? Det er ein av dei nyskrivne songane deira, og dei framførte i tillegg "Clarify" og "Hope". Innsatsen stod til siger!