søndag 31. januar 2010

Vintersøndag med sol og snø


I dag kjørte eg Nummer 2 og 3 på ferja. Faren venta på hi sida for å ta dei med på Reset, det lokale skisenteret. Eldstejenta og eg gjekk tur med hundane medan Minstemann var i selskap med naboguten, og etterpå tok han og eg med oss den eine hunden på sparktur.

Legg merke til stilen på det nedste biletet: Gamla for fremst på sparkstøtting, hunden drog Minstemann etter seg for å ta meg att. 

lørdag 30. januar 2010

Familiedag på Hareid

I dag pakka vi bilen full av skiutstyr, uteklede, kake og ungar og kjørte til Hareid på blindeføre. Det gjekk ikkje fort, for å seie det mildt, men vi kom trygt både fram og heimatt.

Vi vaksne har ein tendens til å sige ned i stolar og sofa i god prat og med fantastisk mat. Ungeflokken tok seg derimot ein tur ut og basa i snøen med og utan ski.

fredag 29. januar 2010

Byrgskap og fordom

Stussar du på overskrifta? Ja, men utdraget i norskboka er henta frå ein roman med den tittelen. På engelsk er tittelen "Pride and Prejudice", og forfattaren er sjølvsagt Jane Austen. I eine norskklassen "min" har vi dei siste to dagane sett filmen frå 2005, og utgangspunktet skulle vere ei drøfting av kva romantiske og realistiske element ein finn. Deretter skal vi lese eit tekstutdrag ut feministisk og forfattarorientert lesemåte.

Mange nemner Austens forfattarskap med eit overberande smil, og meiner at dette er romantiske dameromanar/filmar utan særleg verdi. Vi andre ser at Austen kritiserer kvinnerolla i samtida si, set spørjeteikn ved til dømes arvelovgjevinga og problematiserer arrangerte fornuftsekteskap. I tillegg gir ho oss sjølvsagt ein stor dose romantisk kjærleik, men den er gjerne basert på gjensidig respekt, og hevar seg over konvensjonane i samfunnet.

Filmen frå 2005 manglar etter mitt syn berre ein ting som TV-serien frå 1995 hadde: Colin Firth. Men den har Keira Knightley, Judy Dench og Donald Sutherland, berre for å nemne nokre av dei strålande skodespelarane.

Eg har verdas beste jobb!

Bienes hemmelige liv - filmen, denne gong

Då eg las romanen "Bienes hemmelige liv" av Sue Monk Kidd, vart eg både rørt og imponert. Historia er god, og der er mykje å gripe fatt i og reflektere over. Filmatiseringa ligg tett opp mot romanen, og den er absolutt verd å sjå, anten ein har lese boka eller ikkje. Tema i boka/filmen er saknet etter mor, ønsket om å bli elska og tilgitt av far, kjærleik, samhald og det sterke bandet mellom kvinnene. På mange måtar fremjar boka/filmen feministiske haldningar, og den idealiserer i alle fall feminine verdiar, medan spesielt faren i filmen vert framstilt som valdeleg og kjenslemessig dysfunksjonell.

Som de kanskje hugsar, var eg ikkje særleg imponert over "Granateplene" (av same forfattar og dottera hennar, Ann Kidd Taylor), men det eg likte i den boka, var det som handla om forfattarens tankar omkring bie-romanen. Det var derfor artig å sjå filmen etter å ha lese den boka òg.

Sherlock Holmes - sånn som ungdomen likar...

Eg kan ikkje skryte på meg å ha lese alle historiene om Sherlock Holmes, men eg har sett ein del filmar og TV-seriar opp gjennom tidene, så eg har ein viss kjennskap til den opprinnelege karakteren.

I går var eg på kino og såg den nye Sherlock Holmes-filmen, med Robert Downey Jr i hovudrolla. Heldigvis var eg noko budd på førehand, så eg visste at eg måtte fristille meg ein del frå forventningar eg måtte ha til innhaldet, og heller nyte filmen som eit sjølvstendig verk.

Historia er temmeleg tynn og lett å gisse seg fram til, men filmen inneheld mykje humor, spektakulære actionscener og artige effektar. Robert Downey spelar ein utypisk, men morosam Sherlock som er ulik "originalen", men som sikkert appellerer til dagens kinopublikum i langt større grad.

onsdag 27. januar 2010

Lærar med fridag

Etter frokost i dag hadde eg tenkt meg ut på tur, men ungane sa noko om at dei nekta å gå ut i d...vêret. For ein gongs skuld gadd eg rett og slett ikkje å trumfe gjennom noko som helst, men tenkte vi kunne ta oss ein roleg innedag med klesvask, husvask og skulearbeid.

Men så slo lærargenet inn. Alle tre ungane (les: elevane) måtte leite fram ransel og lekseplan. Deretter vart det leksehøyring - spesielt i norsk og engelsk, sjølvsagt. Minstemann hadde i lekse å lese gåter, og det var underhaldande for heile familien. Nummer 3 las eit morosamt dikt i engelsklekse, og Gamla fekk si fulle hyre med å lære dottera uttale av preteritumsendingar. Nummer 2 las om joiking, av alle ting, i engelskleksa si, og her vart utfordringa å legge trykket på rett stad i lange ord. Etterpå vart det høgtlesing.

Av og til lurer eg på om eg burde vurdere full stilling.

PS: Nummer 2 og 3 får no ein dose fysisk fostring på fotballtrening, medan eg i ekte lærarstil tek kaffipause og er på facebook...

tirsdag 26. januar 2010

Tysdagsvisitt


I dag var ungane og eg på middagsbesøk hos Mormor (blogge-"Besta")og Morfar då Nummer 3 skulle på ballett. Det var ei stund sidan sist, men no blir det berre nokre dagar til vi møtest att. Tidlegare på dag hadde dei to yngste vore til tannlegen, med "null hull" - noko som overraska mora deira ein smule, sidan dei har vore harde på Nugattien i det siste, drikk juice fleire gonger for dag og av og til skulkar tannpussen. 

"About a Boy"

I tekstboka til faget Internasjonal Engelsk finn vi eit utdrag frå romanen "About a Boy" av Nick Hornby. Akkurat det utdraget er ikkje med i filmatiseringa, men vi tok oss likevel tid til å sjå filmen, som har den norske tittelen "Gutter er gutter". Den er berre utruleg søt, og inneheld mykje lettfatteleg livsvisdom. Hugh Grant spelar hovudpersonen Will, som er ein singel livsnytar med god økonomi og et kynisk syn på kvinner. Favorittreplikken min er kommentaren til sitatet "no man is an island" (som han trur er skrive av Jon Bon Jovi): "I am an island. I am Ibiza."

Undervegs møter Will 12 år gamle Marcus, som er prega av ein oppvekst saman med ei depressiv hippie-mamma. Filmen handlar om møtet mellom desse, og korleis dette pregar Will.

Kanskje er det heile enkelt og banalt, men det fungerer fint som ei påminning om kva som er viktig i livet. Dessutan er det glitrande skodespelarprestasjonar, nokre uventa løysingar og mykje humor i denne filmen. Med engelsk teksting og oppgåveark til blir det undervisning av det òg.

mandag 25. januar 2010

Bok 3 2010: "Granateplene" av Sue Monk Kidd og Ann Kidd Taylor


Boka har undertittelen "en mor-datter-historie," noko som seier ein del om kva den handlar om. Sue og Ann skreiv boka i samarbeid, og dei skiftar på å vere forteljarstemme. Mora er i overgangsalderen, medan dottera er tidleg i 20-åra, og boka handlar om reiser til Hellas og Frankrike, samtidig som det er ein reiseroman i vid tyding. Dei indre reisene er langt meir interessante enn turskildringane, som verkar nesten trivielle. Mest interessant synest eg var dei kapitla som handla om "Bienes hemmelige liv", ein roman eg sette stor pris på. Minst interessant var kapitla som handla om bryllaupsførebuing, eit tema som ikkje kunne ha interessert meg mindre.

Eg likte godt byrjinga av boka, men det heile vart så langdrygt og utan retning etter kvart at eg gjekk grundig lei både mora og dottera.

søndag 24. januar 2010

Game over

Finst det eit vakrare syn enn sovande ungar, når ein har prøvd å avslutte dagen med kveldsmat, lesing og tannpuss i om lag to timar?

Søndagstur i skogsvegen


Dei tre yngste, hundane, Gubben og Gamla gjekk på tur i skogsvegen i dag. På vegen er det lite snø, men nok til at vi kunne bruke akebrett og snøracer på turen. Og så vart det snøballkrig mellom dei to mellomste, medan Minstemann var Iron Man (no også med rosa vantar).

Det er frykteleg moro å la hundane drage akebrettet ein sit på, men i dag måtte Gamla hjelpe til med å drage. Eller jobbe i førevegen. Ikkje rart ho er litt sliten, og lurer på om eine armen er nokre cm lengre enn før...

Våg å stå som Daniel


Nummer 3 og eg tok oss ein tur i kyrkja i dag, sidan ho ville ha Bibel ho òg, når klassekompisane skulle få. Gudstenesta var både variert og underhaldande, med barnekor og barnedåp i tillegg til at fjerdeklassingane altså skulle få kvar sin Bibel.

Dagens tekst handla om Daniel i løvehola, ei historie eg hugsar svært godt frå min eigen oppvekst. Svein Prest er fantastisk flink til å fortelje, og han er eigentleg underhaldning nok i seg sjølv. Han snakkar eit stivt høg-nynorsk, og i dag snakka han til og med på rim, innimellom. Eitt av høgdepunkta var då han sa fram dei første setningane i Bibelen på hebraisk, og deretter snudde seg mot den yngre garde i kyrkjelyden og sa "var ikkje det kuuult?"

Nummer 3 erklærte etterpå at det er godt å vere i kyrkja av og til, for då kan ein tenke over ting. Om Daniel i løvehola kan ein reflektere mykje - det viktigaste er å kunne stå for det ein trur på, uansett. Bodskapen om at det då ikkje vil skje noko vondt, er verre å tru på. Personleg såg eg straks ein parallell i gasskammera - gudstrua hjalp ikkje dei som enda der til å overleve, men var kanskje til trøyst i den siste, vonde stunda i livet.

lørdag 23. januar 2010

Pizzagjengen




Eldstejenta diska opp med verdas beste pizza i kveld, og med grov deig og kyllingkjøtdeig vart den både sunnare og magrare enn den pizzaen vi vanlegvis et. Med sukkerfri brus og eplejuice til drikke og diverse grønsaker til snacks vart det eit relativt sunt måltid. Ok, vi skeia ut med ost, kjeks og druer etterpå, men potetgull, popcorn og søtsaker fekk ligge i skapet til ein annan gong.

Our hearts are yours, Didrik!

Laurdag på Reset


I dag tok Gubben med seg dei tre yngste borna til Reset. Gamla kom etter og gjekk seg ein tur på sine flunkande nye smørefrie turski (som var ufatteleg glatte). Eg er ikkje bygd for verken fart eller motoriske utfordringar, men eg likar å gå på skitur. Helst utan nedoverbakkar. Ungane har heldigvis ikkje arva pingle-genet mitt, så dei har mykje moro i bakkane.

fredag 22. januar 2010

Snipp, snapp, snute, så var koreventyret ute...

Eg veit at dei som har vore med har hatt det hektisk, men spennande, og eg synest Team Simone har gjort ein kjempeprestasjon. Stemt har eg gjort òg, berre så det er sagt.

Var det nokon som la merke til 80-talsbiletet av Simone?
Og er det nokon som lurer på kven fotografen var?
Gjett tre gongar, då!

torsdag 21. januar 2010

Lang dag og langrenn

Dagen i dag har vore i overkant lang og travel, men også givande på mange måtar. I tillegg til den daglege dont har eg vore på ski-shopping og kjøpt nye skøyteski til Nummer 2 og nye turski til meg sjølv. Det blir kjekt å prøve dei ut - eg håpar det blir høve til det allereie på laurdag. Etterpå tok eg med Eldstejenta, Nummer 2 og Kompisen på Viva Volda, der vi igjen prøvde ut "Roma utan sjampinjong" (vår favorittpizza med biff og bernaisesaus). Så var det å kjøre gutta på hip-hop, kjøre Eldstejenta til hybelen og fylle opp koppen min på Statoil før nye tre timar på jobb venta.

Foreldremøte er alltid spennande, og til vanleg også svært givande. Det er spennande å høyre foreldra sin versjon og deira bekymringar, og å kome fram til moglege løysingar og satsingsområde i samarbeid med dei. I hovudet surrar ei linje av Bjørn Eidsvåg: "eg kan leva med deg". Til sjuande og sist er det ungdomane sjølve som må gjere jobben, men vi vaksne kan saman hjelpe dei ved å vere trygge vaksne som legg tilhøva til rette for at dei skal vere glade og samtidig lære.

Eg har verdas beste jobb.

onsdag 20. januar 2010

Ny vri, god glid


I dag fann Minstemann og eg på noko nytt då vi skulle lufte hundane; vi festa dei i rattet på akebrettet så dei skulle drage han bortover. Hundar kan drage si eiga vekt utan at det er skadeleg, og saman veg desse hundane 45 - 50 kilo, så Minstemann og akebrettet hans var trygt innanfor grensa i år òg. Det var veldig gøy ei stund, men så bråka det så fælt på isføret at Bianca vart redd og la på sprang. Då vart Minstemann redd, så vi parkerte akebrettet og gjekk vidare til fots.

Av andre spenningsmoment kan eg nemne ei isgrotte som ein kunne gå inn i - i reinaste Vesaas-stil.





















Dei som kjenner Minstemann, og elles dei som har lese om han på bloggen før, veit at han lever i si eiga verkelegheit, og at han ikkje på nokon måte manglar fantasi. Den raude vinterdressen er holete og gammal, men iført den er han Ironman, så han må få lov å ha den på når det ikkje er altfor kaldt eller vått.

tirsdag 19. januar 2010

Skøyte-shopping

Dagens cafédate var på Landscape, men Gamla hadde lagt att minnebrikka i bilen, så det vart ingen bilete frå måltidet. I staden legg eg inn eit bilete av innkjøpa eg gjorde etterpå, medan Nummer 3 dansa. Nummer 2 fekk nye skøyter, så no kan vi ønske oss mykje kulde framover. Og så har vi ny kjøpt ny kjøkkenduk, så den raude hjarteduken kan leggast vekk (synd, eigentleg, for den var fin den òg).

Eigentleg hadde eg tenkt å kjøpe nye skøyteski til Nummer 2, men det var dei lens for på butikken. Det betyr meir shopping ein annan dag. Huff, så leit...

Mitt nye barn: bokogfilm.blogg.no

Ja, eg sa det i går, at det føltest nesten som å føde då vi oppretta ein ny blogg. Dette er mitt nye pedagogiske stunt, og eg håpar verkeleg det blir ein suksess. Mediaklassen startar stafetten med å blogge om filmar dei ser og bøker dei les. Dei skal mellom anna lese kvar si bok på engelsk og skrive eit blogginnlegg om den.

Som med andre born veit ein lite om korleis framtida blir, men tanken er at bloggen kan leve eit eige liv med fleire lærarar og elevar involverte etter kvart. Med ei viss ærefrykt har eg i alle fall gitt liv til barnet, og så får vi sjå.

mandag 18. januar 2010

Nevø 3 16 år


Gratulerer til han på Hareid som fyller år i dag!

søndag 17. januar 2010

Knus eit hus


Tradisjonen tilseier at ein skal knuse paparkakehuset like etter nyttår, men vi venta til vi var samla alle saman i heimen - og så dengde ungane huset såpass det vart høvelege bitar attåt kaffien...

Søndag på skøyteisen


Det lokale 4H-laget arrangerte skøyte-søndag på Bjørkedalen i dag, og då måtte vi ta oss ein tur. Skøyter er langt meir sosialt enn ski, då det er mogleg å ha ein fast bålplass som ein kan kome attende til ved behov. Det var berre Nummer 2 som ville ha på seg skøytene - han kallar det forresten skeiser, som den einaste i familien - men alle dei tre yngste spelte ishockey. Eit triveleg tiltak - og no ser det ut som om nokre av borna skal begynne på 4H òg.

lørdag 16. januar 2010

Team Simone : vidare igjen!

Ski eller café? Eller begge delar?






Medan Eldstejenta og eg kosa oss på hybelen hennar, tok Gubben med seg dei tre hine + eit par andre ungar og drog på skitrekket. Etter ei stund vart Minstemann sliten, så då henta Eldstejenta og eg han og for på café. Det var ein nydeleg dag i skibakken, med mildare vêr enn på lenge, og eg håpar på å kunne kome meg ut litt sjølv i løpet av helga. Då satsar eg på å stille utan handveske.

Fredag og førtiårsfeiring

Fredag kveld var eg med og feira ei av Superdamene på jobb, som vart førti tidlegare i veka. Jubilanten er ei fantastisk dame som det er verd å feire, og med trivelege gjester og god mat vart det ein strålande kveld med mykje latter og god prat. Å seie at "life begins at forty" er å overdrive, men slike runde dagar gir rom for ettertanke om kva som er viktig i livet. Venskap er lett å nedprioritere i ein hekstisk kvardag med familie og jobb som krev og gir ein mykje, men slike kveldar minner ein om kor viktig det trass alt er å ha eit liv utanom også. Det kan bli mykje jobbprat når mange er kollegaer, men det er også godt å ha venninner som har ein del av dei same utfordringane som ein sjølv står i på jobben.

Eg takkar M igjen for å ha arrangert ein kjempekoseleg kveld, og dei andre takkar eg for triveleg lag!

torsdag 14. januar 2010

Klar for korhelg?



Song om månadene

Det er kaldt i januar
snø og is i februar
mars er heller ikkje mild
men det lysnar i april
mai er tida då vi sår
juni alle blomar står
i juli får vi høyet inn
i august vi kornet bind
i september bær på busk
i oktober regn og rusk
i november snøvar det
i desember juletre

onsdag 13. januar 2010

Tjuandedags-Knut og ein lang tur ut




Fridagen har gått med til ein del rydding i heimen, der vi blant anna tok vekk julepynten (eg plar følgje gammal skikk med utjaging av jula 13. januar). Deretter tok vi oss ein sparktur med hundane innover Geislida. Sparkføret er framleis fantastisk, og det er ikkje mykje sand på vegane. Etterpå vart det aking saman med naboungane, og no i kveldinga skal to av ungane på fotballtrening. Skritt-teljaren min nådde målet på 10000 lenge før middag, og eg lurer på kva den ville ha vist dersom ein av ungane hadde den på...

tirsdag 12. januar 2010

Bok 2 2010: "Blodåkeren" av Denise Mina

Hovudpersonen i denne første boka i ein serie krimbøker frå Glasgow er Paddy Meehan, ei ung katolsk kvinne som ønskjer å bli journalist. Sjølve kriminalhistoria begynner spennande, med to tolv år gamle gutar som er skulda for å ha drepe ein tre år gammal gut, men det flatar veldig ut mot slutten. Eg har leita etter fleire Mina-bøker på biblioteket i dag, men eg fann ingen lydbøker, i alle fall. Trass i den utflatande krimhistoria vart eg fascinert av miljøskildringa og av livet til hovudpersonen. Dette er ein tendens i tida, verkar det som; at privatlivet til etterforskaren vert meir spennande enn sjølve etterforskinga. Paddy slit med dårleg sjølvtillit på grunn av overvekt, ho vegrar seg mot å gifte seg og bli ei ordinær katolsk husmor og mor. Ho er dessutan usikker på kjenslene sine for eit par menn. Interessant som underhaldning, men ikkje særleg originalt.

Noko som irriterte meg med lydboka, var engelskuttalen til Gisken Armand. Eg er kanskje sær, men synest at det må vere mogleg å uttale til dømes stadnamn som "Isle of Wight" på ein nokolunde akseptabel måte når ein skal lese inn ei lydbok.

søndag 10. januar 2010

Søndag og vinteraktivitetar


I går var dei to mellomste med Gubben på Reset (skitrekk) der han er vakt, og i dag er dei to eldste med. Dei to yngste og eg tok med hundane på sparktur. Oppskrifta er at Gamla joggar framfor sparken, slik at hundane dreg med seg spark og ungar for å nå henne att. God mosjon for nokre av oss, mykje moro for dei andre. Og rikeleg med frisk og kald vinterluft for heile familien.