søndag 28. januar 2018

Bok 8 2018: "Hviskeren" av Karin Fossum

Karin Fossum skriv oftast kriminallitteratur med ein sosial undertone, der ho skildrar menneske som lever litt på sida av samfunnet. Denne boka er eit glitrande døme på ei slik bok, samtidig som den byggjer opp spenning på ein heilt spesiell og verknadsfull måte.

Ei kvinne sit i samtale med Konrad Sejer, men vi får berre gradvis vite kva saka gjeld. Parallelt får vi tilbakeblikk i korleis kvinna har levd den siste tida, med eit einsamt liv og eit trugsmål om død hengande over seg.

Eg likte denne boka svært godt, frå start til slutt, men eg les i ei facebookgruppe at nokre har meint den var keisam og langdryg. Det meiner altså ikkje eg, men ein må vere innstilt på at det er ein litt annleis kriminalroman.

Lydboka er imponerande godt lese av Kim Haugen.

Når vårsol i bakkane blenkjer

Det er svært varierande vintervêr for tida. Etter ein periode med blankis, kom ein periode med styrtregn. Fredag kveld begynte det å snø, og laurdag var det fint med sol og klarvêr. Søndag regna det att, og ein lyt berre vere takksam for at nedbøren ikkje kjem som snø. Uansett blir det stadig meir dagslys, noko eg set pris på. Det er litt lettare å kome seg over dørstokken når det er lyst ute.
Utsikt frå kjøkenet laurdag

lørdag 27. januar 2018

Vinklubb i januar

Fredag var det ny vinklubb. Det heldt på å skjere seg då vertinna fekk sjukt barn i heimen, men ei venninne stilte sporty opp og tok over lokaliseringa. Det vart litt lengre å gå for min del, men det var i grunnen berre deilig med ein spasertur til og frå.

Som vanleg vart det servert deilig mat og vin, og praten gjekk som vanleg lett og omhandla mange tema. Vi tok i bruk nokre spelkort med spørsmål på der vi svara på spørsmål om vennskap. Det vart ein god samtale om den tida vi har hatt saman så langt (17 1/2 år) og kor viktige vi er for kvarandre. Flokken er ganske variert, og det gir oss eit unikt mangfald som utvidar horisonten til kvar einskild.

Biletet syner vinane, som i likheit med festdeltakarane var ulike, men gode på kvar sin måte. Eg held ein knapp på den vesle, fine flaska til venstre, med flaska til høgre som ein god nummer to.

Og slik såg eg ut før eg for heimanfrå

Livets friminutt

Det verkar som om det er ein trend i tida å ha det travelt, eller i alle fall å utrette og oppleve mykje. Eg var i mange år ei travel småbarnsmor, men dagane og vekene har blitt langt rolegare og med færre gjeremål etter kvart som borna vaks til og flytta ut. Etter kvart har eg derfor kunna fylt fritida med politikk, studium og andre syslar som tek mykje tid og gir mykje glede.

Denne veka har Minstemann hatt ei uvanleg travel veke. Vanlegvis har han to organiserte fritidsaktivitetar, korps og musikkskule, men denne veka har vi vore på informasjonsmøte for konfirmasjon, og han har vore på bandcamp, bandøving og konfirmasjonsførebuing. Alle desse aktivitetane innebar køyring og henting, så det vart uvanleg travelt for Gamla òg. I tillegg var eg på kommunestyremøte og partimøte torsdag.

Det blir mykje køyring, og ofte venting på kaia eller venting før møte. Mykje av denne ventetida bruker eg til å høyre radio i bilen, og eg har som regel med ein roman eller anna lesestoff som eg kosar meg med mellom slaga.

Torsdag mellom dei to møta sette eg meg inn på det lokale biblioteket, der eg skulle hente ei bok eg har venta på. Det nesten nyoppussa folkebiblioteket er lekkert og innbydande innreidd, og dei som jobbar der er uvanleg hyggelege og hjelpsame. Det hender til dømes at dei sender sms om at dei har fått inn nye bøker, slik at eg får sjanse til å lese dei først. Eg er innom folkebiblioteket om lag ein gong i veka, og på jobb er eg innom skulebiblioteket fleire gonger i veka. Denne veka har eg òg vore innom høgskulebiblioteket, og tanken slår meg at vi er utruleg privilegerte her i kommunen. Alle dei tre biblioteka i sentrum er innbydande lokale med flinke tilsette.

Torsdag sette eg meg i barneavdelinga, fordi eg fann ein god og fin stol. Eg såg så mange fine bøker utstilt der som eg godt kunne ha tenkt meg å lese høgt for nokon. Det er nokre aktivitetar frå tidlegare tider som eg saknar.


lørdag 20. januar 2018

Ørstatur

I dag tok eg turen til Ørsta, der eg handla saman med mamma. I tillegg fekk vi tid til å svippe innom ei kunstutstilling, og så gjekk vi på café før vi besøkte pappa på Ørstaheimen. Kunstutstillinga var ei samling bilete av fuglar og kyr, og kunstnaren heitte Gunilla Holm Platou.


Denne likte vi spesielt godt

onsdag 17. januar 2018

Bok 7 2018: "Naboparet" av Shari Lapena

Eit par går i middagsselskap til naboen, sjølv om det betyr at babyen deira ligg att heime aleine. Då dei kjem heim, er babyen borte. Kven har teke babyen, og med kva føremål?

Romanen avslører kunnskap om kvar einskild av dei involverte, så boka har stadig nye twistar til siste kapittel. God underhaldning for oss som likar krim, med andre ord.

tirsdag 16. januar 2018

Bok 6 2018: "Når ukultur får råde" av Heidi Sporstøl

Kva gjer ein når ein har opplevd å bli utfrosen og mobba, i tillegg til å ha kome på kant med bygdefolk og familie, fordi ein varsla om det ein tenkte var mistenkjelege tilhøve i bedrifta ein arbeider i? Roger kjende eit behov for å kome med si side av ei historie han meinte det fanst for mange feilaktige versjonar av, og han engasjerte frilansjournalisten Heidi Sporstøl for å samanfatte informasjon om mailar, rekneskap, eigarskap og dotterselskap i bokform, på eige forlag. Sporstøl har gjort ein utruleg omfattande jobb med å sette seg inn i sakene og deretter formidle det for dei som ikkje er fullt så godt inne i sakene som Roger sjølv. Resultatet er ei bok som er komplisert for oss utan fagkunnskap, men som på ein oversiktleg måte viser dei mange "uglene i mosen". Ein får innsyn i internasjonale forhold, avlytting, hacking av mail og hyppige namneskifte på firma, noko som ein kan lure på om det er Rogers paranoia eller om det verkeleg har funne stad. Slik blir boka ein thriller frå verkelegheita, der ein får servert Rogers side av saka. Firmaet Jets sin respons på boka er å avvise alt som feilaktig eller forelda. 

Lesaren får tenkje sitt.

søndag 14. januar 2018

Ut med jula!

Denne veka har vi rydda ut jula. Siste post på det programmet var å skifte ut gardinene, og det gjorde vi i dag, etter å ha gått oss ein tur i sur vind på glatte vegar. Blomane får stå til dei sjølvdaudar.

Elles har veka vore prega av studiet mitt, i og med at eg var på første samling torsdag og fredag. Eg har no tenkt ut emne og ei førebels problemstilling, så no er eg klar til å begynne å lese meg opp på teori før forskingsplanen skal leverast om fire veker. Kvardagen er definitivt attende!

lørdag 13. januar 2018

Rundt Rotevatnet

Laurdag skulle vi til tettbygde strok i nokre ærend, og vi enda med å gå tur rundt Rotevatnet før vi besøkte besteforeldra. Turen er på nesten 10 000 skritt, men det er relativt flatt og passande for oss som likar å prate på tur.

Det vi ikkje hadde rekna med, var at det ikkje var sol på det tidspunktet vi var der, og at et var ekstra kaldt så nær vatnet. 7 kuldegrader kjendest, for å seie det slik.

Bok 5 2018: "Skada gods" av Tore Renberg

I denne boka møter vi att Hillavåggjengen, som vi før har møtt i bøkene "Vi ses i morgen" og "Angrep fra alle kanter". Desse bøkene vert no kalla "Teksas-serien", og eg vil spå at det kjem fleire. For dei som ikkje har lese dei, kan eg røpe at Hillavåggjengen er ein gjeng kriminelle, der Jan-Inge, systera Cecilie og kjærasten hennar Rudi er dei mest sentrale. Jan-Inge og Cecilie har vakse opp nesten utan omsorg frå foreldre, og dei har klart seg sjølve og bygd opp eit nettverk rundt kriminelle gjerningar og eit relativt lovlydig flyttebyrå.

Romanen er ganske grov både i språk og innhald, men den er òg ganske underhaldande. Sentralt står Jan-Inge sitt ønske om å begynne eit betre liv, og han har diverse religiøse bekymringar.

Eg har valt å lese bøkene på lydbok, då det vert ekstra autentisk å høyre dei lesne på dialekt av forfattaren. Denne var såpass grov at eg ikkje høyrde på den utan at eg var aleine i rommet.

søndag 7. januar 2018

Den første veka i det nye året

Eit vakkert nærmiljø har eg i alle fall

Svaner ved Kile

Heimekontoret
Nyttår betyr gjerne tankar om eit nytt og betre liv. Denne første veka i året har eg prøvd å mosjonere meir enn eg har gjort i det siste, men turane har stort sett gått i nærmiljøet, på flate vegar. Spesielt no når det kom så mykje snø. Eg har dessutan prøvd å ete litt sunnare, men så var det det med halv pris på julegodt og restar i kjøleskapet. Det har vore tungt å begynne på att med kvardag etter nyttår, og eg har kome svært skeivt ut med søvn. Eg har vore slapp og uopplagd, og eg har lurt på om eg var i ferd med å bli utbrend. I helga måtte eg derfor ta att ein del søvn, ein del arbeid og dessutan husvasken. Eg har latt julepynten vere framme ei veke til, viss vi då ikkje set vekk litt etter litt i komande veke. Det tek ein del tid å rydde vekk dersom ein skal gjere seg flid med det, og då vert det langt trivelegare å ta det fram att.

Planen for veke 2 er å prøve å ta meg saman og bli meir effektiv. Vi får sjå kor lenge det held.

lørdag 6. januar 2018

Bok 4 2018: "Sveiseblink" av Helene Guåker

Forfattaren er mest kjend for ungdomsboka "Kjør", som skildrar rånemiljøet. I skrivinga av "Sveiseblink" har ho samarbeidd med to klasser på ein vidaregåande skule på Lena, i tillegg til at ho har samtala med andre ungdomar for å setje seg inn i kva dei tenkjer på og korleis dei tenkjer.

Hovudpersonen Kristoffer lever eit relativt vanleg råneliv, men så kjem det ei ny jente til bygda. Ei raudhåra saggebuksejente som er så pen at ho slår gneistrar så han nesten får sveiseblink. Ho verkar derimot svært lite interessert i han.

Det mest påfallande med romanen er språket, som er basert på ein Totendialekt. Det gjer romanen svært autentisk. Uansett er det eit artig prosjekt å bruke norskklassar til å jobbe fram ein roman.

fredag 5. januar 2018

Bok 3 2018: "Fanny og mysteriet i den sørgende skogen" av Rune Christiansen

Av og til er bøker så symbolske og mystiske at ein føler seg dum fordi ein ikkje skjønar dei. Dette er ei slik bok. Fanny lever aleine i eit hus på landet etter at foreldra har døydd i ei ulukke. Ho går på vidaregåande, og har i tillegg til skulegangen nok å gjere med å halde motet oppe og ugraset nede. Så langt er alt ok, men så skjer det ein del rare ting, eller så skjer dei berre i hovudet til Fanny. Boka inneheld òg referansar til andre litterære verk, som det blir vist til i notar etter at boka er slutt. Her er mykje å reflektere over når det gjeld livet og døden, men kva som eigentleg skjer i boka er eg usikker på. Kasnkje det er meininga.

tirsdag 2. januar 2018

Bok 2 2018: "Mellom oss sagt" av Marit Eikemo

Hovudpersonen i denne romanen er ei kvinne i alderen mellom "ung og lovande" og "for gammal". Ho har lagt bak seg ei innhaldsrik og spennande studietid, men har ikkje greidd å etablere seg skikkeleg. Jobben ho har er eit vikariat på Aetat, og ho går stadig på visningar i leiligheiter ho ikkje byr på. Ho har hatt kjærastar, men når vi møter henne, driv ho og rotar seg borti diverse gamle kompisar utan at det vert noko av det. Familien sin har ho eit anstrengt forhold til. Kort sagt har ho surra seg inn i eit tilvære som ho ikkje er særleg nøgd med, noko ein som lesar kjenner stor empati ved.

Eg likte boka svært godt. Tematikken kan minne om "chick lit"-bøker eg har lese før, men løysingane er ikkje fullt så enkle i denne boka, sjølv om det heller ikkje er eit svært høgt akademisk nivå på romanen. Den handlar kort fortalt om ei kvinne på leiting etter meininga med livet, og det er eit evig og uuttømmeleg tema som det oftast er interessant å lese om.

mandag 1. januar 2018

Bok 1 2018: "Blå" av Maja Lunde

Denne boka har fått ein del mediemerksemd, og forfattaren har blant anna vore gjest i "Lindmo". Det var derfor med stor interesse eg begynte på lydboka.

Her er to parallelle historier: historia om ei eldre kvinne som vil hemne seg i år 2017 og historia om ein mann og dottera hans som er på flukt på grunn av tørke i år 2041. Det er ei litt deprimerande bok, i og med at den tek føre seg negative konsekvensar av klimaendringar. Det har derfor vore tungt å lese den, sjølv om det elles er ei bok som er lett å lese og skjøne undervegs. Dei to parallelle historiene er lese av to personar av ulikt kjønn, noko som gjer det svært mykje enklare å følgje med. Eg hadde ikkje fått med meg at historiene gjekk føre seg i ulike tider før ei stund ut i lesinga, og det øydela litt for meg.

Forfattaren har skrive fleire bøker før, men har fått mest merksemd for boka "Bienes historie". Den har eg ikkje lese enno, men trur eg må skaffe meg den snart. Den har fått internasjonal merksemd òg, så det er tydeleg at forfattaren treff ein nerve i tida.