lørdag 30. april 2011

Foreningen tre foreldre

I dag skulle alle fire ungane av garde på diverse. Jentene skulle danse, til ulike tidspunkt og delvis ulik stad, Storegut skulle i konfirmasjon og Minstemann skulle i selskap. Mykje av dagen gjekk dermed med til kjøring, og eg plar tøve med at ein burde starte "foreininga tre foreldre" for å ha fleire bilar tilgjengeleg.Med litt hjelp frå besteforeldra gjekk det heile nokså glatt.

Elles bakte og leverte eg eit par kaker til to av morgondagens konfirmasjonsfestar, sola meg, gjekk tur og las. Eg veit eg har to stilbunkar liggande, men dei får vente til vêret skiftar. Eg nektar å sitje inne og rette før det anten ikkje er freistande å vere ute eller til eg kan rette i bikini.

No skal eg leite fram flagget - det er mange gode grunnar til å flagge på 1. mai i år.

Bok 29 2011: "Bumerang" av Tatiana de Rosnay

Det er vanskeleg å skrive om handlinga i denne romanen utan å røpe mykje av innhaldet, så eg nøyar meg med å seie at den handlar om eit søskenpar i 40-årsalderen som finn ut noko som har vore halde hemmeleg for dei. Boka er spennande og velkomponert i byrjinga på grunn av ei veksling i synsvinkel der vi inne i historia får lese gamle brev frå ein ukjend person. Etter kvart bryt forfattaren dette mønsteret, og romanen taper seg fort. Mykje av innhaldet er klisjéprega, og den mannlege hovudpersonen er noko irriterande oppteken av kvinnekroppar. Fokuset skiftar stadig, personar betyr mykje ei stund men blir deretter gløymde. Det verkar faktisk som om forfattaren har skrive litt etter innfallsmetoden.

Eit stort pluss for franskuttalen til Ola G Furuseth, som høyrest fin og naturleg ut i mine amatørøyre.

fredag 29. april 2011

Bok 28 2011: "Faust 1" av Johann Wolfgang von Goethe

I serien "Verdensbiblioteket" har eg no lese "Faust 1" i norsk gjendikting av André Bjerke. Den tyske versjonen ville truleg ikkje ha gjeve meg like mykje når det gjeld innhaldet, men handlinga var til dels godt kjend på førehand. Eg las til dømes Christopher Marlowes "Doctor Faustus" då eg studerte engelsk renessanselitteratur, og det stykket er basert på den same segna om mannen som selde sjela si til djevelen for å få suksess.

Trass i at eg er nynorsktilhengar, må eg seie at riksmålet til André Bjerke har stil og eleganse.

torsdag 28. april 2011

Working nine to four

Sidan eg berre hadde ein undervisningstime i dag, grunna bytting av timar, tenkte eg at eg skulle ha rikeleg med tid til både det eine og det andre. I morgon skal to av klassene mine ha norsktentamen, og oppgåvene skulle skrivast ut og ordnast i fine bunkar med vedlegg og nok informasjon. I tillegg skulle eg skrive ut og ordne oppgåver til eventuell munnleg eksamen i norsk og engelsk. Dei oppgåvene skreiv eg palmehelga, men no skulle dei ordnast, pyntast på og leggast i konvoluttar. Midt i det heile oppdaga eg at eg hadde skrive overskriftene "Munleg eksamen i norsk 2011" og "Munnleg eksamen i internasjonal engelsk 2010", så stressnivået var (som vanleg) høgt. Midt på dag hadde vi, paradoksalt nok, møte om bedriftshelsetenestetilbodet vårt. Hadde han målt blodtrykk og kjent etter på nakkemuskulaturen, så hadde eg sikkert fått ein diagnose.

Litt før 16.00 var eg faktisk ferdig med alle dei tinga eg skulle utrette, så eg stakk og handla, gjekk på biblioteket og henta ei ballerina som skulle vidare på fotballtrening.

I og med at eg hadde gått lang tur i går og stressa rundt i dag, var målet om 10 000 skritt nådd med god margin. Eg tenkte derfor eg skulle droppe å gå tur i kveld og heller gjere litt ekstra husarbeid. 

Viss det er jobb å vere på jobb og høyre på ei kopimaskin som kopierer, må det vere husarbeid å vere i huset og høyre på oppvaskmaskina og vaskemaskina. Då kan ein dessutan gå tur samtidig.

onsdag 27. april 2011

Når vårsol i bakkane blenkjer



I dag skein sola frå ein himmel som vart klårare for kvar time som gjekk. Eg starta derfor dagens dont med eit par timar lesing av bøker, deretter ei god stund med prat med nabodama. Så var det tid for middagslaging - det var eigentleg grandiosavêr, men eg hadde lova gjengen pannekaker. Dermed vart det litt inneliv likevel, men eg var snar utatt då middagen var overstått. Eldstejenta fekk høyre om pannekakene og vart med dei andre heim, og ho og eg gjekk oss ein koseleg tur på Gamlegjerdet medan dei hine for på fotballkamp/trening.

Det er fantastisk flott på Nordvestlandet på slike dagar. Denne årstida er den absolutt vakraste, og kveldane er lyse og lange. Energinivået vekslar fælt, men gå tur kunne eg ha gjort heile dagane. Det er verre å motivere seg for innearbeid.

Bok 27 2011: "Sjabervik" av Øystein Orten

Svogeren min har gjeve ut ei ny bok, denne gongen er det novellesjangeren han held seg innanfor. Eg var spent på denne, og hadde bestemt meg for å lese ei novelle for dag, men så såg eg at dei hadde ein slags samanheng i og med at miljøet var likt, så det vart meir enn ei somme dagar.

No er eg sjølvsagt litt inhabil, men eg må seie at eg likte novellene svært godt. Nokre betre enn dei andre, og her er fleire favorittar. Novellene omhandlar dei store temaa i livet; liv, kjærleik og død - ofte i kombinasjon. Miljøet er ei bygd nær Ålesund, og det er lett å kjenne stemninga. Språket er usentimentalt og enkelt, samtidig som det er noko gamalmodig. Dette har eg meint om tidlegare bøker av forfattaren òg, og det passar spesielt godt til dei tekstane som har handling lagt til ei tid langt attende.

I neste veke skal eg på "releaseparty" på Kaffikari i Ulsteinvik, onsdag 4. mai klokka 19.

tirsdag 26. april 2011

Bok 26 2011: "Det lovede landet" av Toril Brekke

Den siste boka i trilogien om norske innvandrarar i USA er laga etter same mal som dei to første, men her er mange nye namn og berre nokre få av dei gamle kjenningane. Ein festar seg lett ved dei nye personane, og forteljinga driv lesaren med seg. Språkleg sett har boka mange svakheiter; ikkje minst fordi forfattaren vekslar mellom norsk og engelsk for delvis å gjere replikkane meir realistiske. Eg seier delvis fordi ein i dei engelske replikkane som regel går over til norsk etter ei lita stund. Kanskje vert effekten av denne språklege forvirringa forsterka ved at opplesaren har ein overdriven amerikansk aksent som berre delvis er gjennomført den òg. Stadnamn og andre relativt vanlege ord blir faktisk uttala feil, og slikt irriterer ein engelsklærar.

mandag 25. april 2011

Gratulerer med dagen, hund og Svigerinne!


Svigerinna mi på Kongsberg fyller 45 i dag, og hunden Bianca blir 6. Det var kjekt at Bror min og familie var i Ørsta i påska, og eg håpar og trur vi møtest att om ikkje så altfor lenge. Vinterhalvåret blir det lite kontakt med slekta, men vi tek det som regel att i løpet av sommaren. Det hjelper på at Svigerinna og Bror min er sentralt plasserte på Austlandet, og at dei er over gjennomsnittet gjestfrie.

søndag 24. april 2011

Søndagsrundtur til Refviksanden



I dag var vi i utfartsstemning, så vi sette oss i bilen og kjørte av garde først rundt Dalsfjorden (det kalla eg rekognisering, sidan eg har tenkt å sykle rundt fjorden snart) og deretter gjennom Vanylven mot Måløy. Første stopp var Fiskå, der vi såg på den gigantiske solsikka.

I Måløy stogga vi og åt middag på ein "italiensk" restaurant av den tyrkiske typen, eg trur namnet var Mama Rosa. Alle fekk ete mat etter eige val, og Minstemann var langt blidare enn biletet tyder på då han konstaterte at spagetti med kjøtsaus smakte akkurat likt barnemenyen på Viva Volda.


















Då vi kom til Kvalheim, heldt eg eit lite føredrag om murveggane på den sida på husa som vender opp mot dalen, og om den sterke vinden som kan vere der. Ikkje eit menneske var å sjå, og vi forstod kvifor då vi kom ned på stranda. Vinden var heilt utruleg sterk, og ein måtte halde på briller og klede for ikkje å miste det på sjøen.

Heimvegen var strake råsa til Eid, der vi kjøpte årets første softis, og så vart Storegut akkurat tidsnok på bandøving på Bjørkedalen.

Påskehare i Nautvika?

Om kvelden påskeaftan fekk ungane påskeegga som tanta hadde gjeve dei på tysdag. Eg berre la dei fram og sa at påskeharen ikkje gadd å gøyme dei. Ungane lo av dette og kosa seg med snop og innesyslar, medan eg kosa meg med stilbunken min. Plutseleg ringde telefonen. Naboen hadde sett ein nydeleg hare som gjekk rundt ute på plenen, men etter noko diskusjon hadde dei funne ut at dei skulle sjekke med oss om kaninen vår hadde stukke av. Det hadde ho.

lørdag 23. april 2011

Bok 25 2011: "Gullrush" av Toril Brekke

Denne romanen er eit framhald av "Drømmen om Amerika", som eg nyleg blogga om. Ein får følgje dei same personane, og borna deira, vidare utover i den amerikanske historia. Som tittelen tilseier, er leitinga etter gull sentral i romanen, men ein får òg høyre ein del om den amerikanske borgarkrigen.

På mange måtar likte eg denne betre enn den første romanen i trilogien, men spesielt omtalen om borgarkrigen blir noko overflatisk. Det verkar som om forfattaren er svært oppteken av å få fakta korrekt, og då vert forteljinga svakare. Nokre av lagnadene lever ein seg inn i, medan andre er relativt lite interessante. Eg synest uansett det er kjekt med slektsforteljingar og ser fram til den tredje boka.

Påskeaftan i Brundalen








Når temperaturen brått bikkar tjue varmegrader, må ein til å revurdere skiplanane. Turen gjekk i dag til setra i Brundalen, der isen smelta på vatnet utover dagen, og der sola skein som på ein vakker sommardag. Med eingongsgrill og pølser i sekken vart det middag ute i dag igjen, og til dessert vart det kvikk lunsj. Det einaste som minte oss på at det er påskeferie, ikkje sommarferie.

fredag 22. april 2011

Langfredag i Ørsta






Som siste bloggar ut skal eg no fortelje at vi samla størstedelen av slekta i Ørsta i dag. Nokre inviterte seg sjølve, men det førte berre til litt mindre matrestar. Sidan det var ein nydeleg dag, vart det litt meir uteliv enn det plar bli, og åtte av søskenbarna + søskena mine og eg gjekk tur til ein skule like ved, der det er ein spennande uteplass der ungane kan boltre seg i klatre- og balansestativ av ymse slag.

Tusen takk til Pappa som la om dekk og vaska bilen min (sin)!

torsdag 21. april 2011

Fiskebollar og vaffelhjarte

Skjærtorsdag er Barnefarens utekveld, då bandet han spelte i på tidleg 80-tal har reunionskonsert i Ørsta. Dei hadde reunionskonsert i Volda i jula, og det var ein stor suksess. Det fyl mykje øving og arbeid med slike prosjekt, og denne gongen ville han ha med Storegut på rigginga. Det vart derfor ein tidleg og tradisjonell middag i dag - etter fleire dagar med julemiddag, svinesteik og kinamat var det fiskebollar vi hadde mest lyst på. Med rikeleg steikt bacon til er fiskebollar blant familiens yndlingsrettar.

Med berre dei to yngste i hus vart det ein liten luftetur på vel ein time, før eg planta dei framfor PS3-en medan eg gjekk tur ein time til. Deretter ville dei ha meg med på ein runde med sitt nyerverva PS3-utstyr frå i går (noko sånn eye toy-liknande med kamera og eigen kontroll som ser ut som ein mikrofon), og så var vi svoltne att. Veslejenta og eg laga vaffelrøre, men steikinga måtte eg ta meg av aleine. Med lydbok på øyrene går slikt arbeid heilt flott, og så blir det ryddig og reint på kjøkkenet i tillegg.

Det er ei stund sidan sist eg laga vaflar, men eg kan kome med noko som liknar ei oppskrift på dagens røre:
6 egg
1/2 liter lettmjølk
1/2 liter skumma kulturmjølk
2 ts bakepulver
5 dl kveitemjøl
2 dl havregryn
50 g margarin (smelta)
2 matskeier sukker

Sidan eg hadde i havregryn, let eg røra stå i 45 minutt før eg begynte å steike vaflane. Eg plar lage tjukk røre både til pannekaker og vaflar, og så justerer eg med meir mjølk før eg begynner å steike. Til vaffelrøre kan ein godt tilsette ein skvett vatn i staden for mjølk for å få sprøare vaflar. Uansett er dei berre sprø heilt med det same.

Personleg likar eg godt rømme og jordbærsylte på, men plommesylte og brunost er ein annan favoritt.
Etter kaffi og vaflar sette eg meg i godstolen med ei bok og tenkte at livet er herleg. Så kom eg på at eg har ein stilbunke liggande til "ledige stunder", og at dette absolutt var ei slik ledig stund. Sidan eg ikkje kan fordra å ha arbeid liggande på vent, sette eg meg til å lese korrektur på nesten halve bunken, noko eg er svært nøgd med.

Ålreite dyr



Dagens regnfylte luftetur gjekk mellom anna til naboens villsauer, som fekk nokre tørre brødskiver. Vi har spurt sauebonden om dette er ok, og ho seier det er ein fordel om vi snakkar litt med dyra og gir dei mat når dei kjem bort til oss. Dei tammaste dyra åt villeg brød ut av hendene våre.

Byagåve

onsdag 20. april 2011

Shopping spree


Då Eldstejenta vart 18, skulle ho få ein tur til butikksenteret Moa Amfi i gåve. Sidan det snart er mai, med konfirmasjon og 17. mai, var det forskjellig som måtte handlast til søskena òg. I dag fylte vi derfor Barnefarens Opel Vivaro (ni-setar) med oss sjølve og to venninner av Eldstejenta. Vi fekk utretta mykje når det gjaldt handel, møtte kjentfolk og åt sushi og kinamat. Ein triveleg og vellukka dag, med andre ord. 

Akkurat det eg ønskte meg


Når ein tiggar, eller hintar veldig sterkt, kan det hende at nokon kastar seg over strikkepinnane. Systa er kunstnaren bak dei fine hundevottane som var gåver til Veslejenta og meg. Litt utanom sesong, men skikkelig fine!

tirsdag 19. april 2011

Slektstreff på Hareid





Broren min med familie er på Sunnmørstur i påska, og i dag samla vi oss til treff hos Systa på Hareid. Der var det pynta, kokt og steikt som vanleg, og på menyen stod svinesteik til middag og den obligatoriske karamellpuddingen til dessert. Kakebordet seinare var eit spleiselag, der eg bidrog med ei oreokake.



Søskena mine og eg hadde, for ein gongs skuld, heile familiane våre samla, og foreldra våre fekk oppleve å ha alle sine 11 barnebarn samla. Dessverre vart ikkje yngstemann med på samlebiletet fordi han sov akkurat då, men det er litt av ein flokk!