Viser innlegg med etiketten vinklubb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vinklubb. Vis alle innlegg

lørdag 19. september 2020

Vinsmaking

 


Onsdag hadde eg meldt meg på vinsmaking på ein café i Volda, så då var vi fem som reiste over med 17.40-ferja for å smake vin - noko som i seg sjølv kjendest merkeleg midt i arbeidsveka. Vi fekk prøve i alt åtte vinar frå Piemonte; ein kvit, ein Prosecco og seks raudvinar. Foredragshaldaren lærte oss litt om korleis vi skulle handsame vinen, noko vi kanskje visste frå før, men så lærte vi òg om kva vi skulle lukte etter, på ein måte. Vi lærte òg om vinproduksjon og denslags - i alt vart det passeleg mykje både lærdom og vin. Det einaste eg syntest var litt synd, var at dei serverte litt tapas etter kvitvinane, og deretter ingen mat. Dei tyngste vinane til slutt vart noko heftige utan mat til, og det vart nesten absurd då foredragshaldaren sa "denne passar perfekt saman med ein bit parmesan", utan å ha teke med nettopp det, slik at vi kunne ha fått prøve det sjølve. 


søndag 8. mars 2020

Vinklubb februar 2020

Fredag 21. februar var det tid for vinklubb hod nabodama. Det var veldig kjekt, og vi fekk servert nydeleg pastasalat og vin.

søndag 2. februar 2020

Vinklubb januar 2020

Fredag var det min tur til å arrangere vinklubb. På menyen stod indisk mat, inspirert av yogatimane vi har hatt siste månaden. Eg laga tikka masala, mangochutney og raita, og kokte i tillegg ris og varma (litt for mykje) nanbrød. Maten smakte godt, trur eg. Vinane eg hadde fått anbefalt var ein kvit og to raude, alle produserte i California. Dei passa godt til maten, og vi hadde ein særs triveleg kveld. Vi var ti til bords, og eg løyvde om lag halvparten av maten, men lite av vinen.


lørdag 7. desember 2019

6. desember: vinklubb

Ei av vindamene kalla inn til vinklubb denne første fredagen i desember, og kveldens tema var avslapping. Det passa godt på mange måtar, og vi fekk ein særs triveleg kveld, ikkje minst fordi vi hadde eit nytt medlem i klubben, ei tjekkisk dame som nyleg har flytta til bygda. Ho har vore danselærar for fleire av jentene i bygda, så mange av oss har kjent henne i fleire år.

søndag 22. september 2019

Vinklubb september

Slik såg eg ut rett før eg gjekk til vinklubb
Temaet for haustens første ordinære vinklubb var haustens nye vinar, og vi fekk servert både amerikansk, italiensk og fransk vin som alle smakte godt - spesielt saman med maten. Denne gongen fekk vi servert eit gourmetmåltid beståande av reinsdyrkjøt i litt utradisjonelle samanhengar, mellom anna wraps med moltesalsa og tyttebærrømme. Fantastisk godt var alt saman, og vi var åtte damer med mykje på hjartet denne kvelden. Mellom anna diskuterte vi jubileumsturen vi planlegg til neste år.

Det var ein mild og fin kveld/natt, så det gjorde godt å rusle til og frå vinklubb etter mykje stillesitting siste veka.

mandag 12. august 2019

Låvefest for vinklubben

Laurdag 10. august var det tid for den årlege låvefesten hos ei av vindamene. Ho serverte, tradisjonen tru, nydeleg fiskesuppe, og elles hadde vi med vin og denslags sjølv. Vi hadde ein svært triveleg kveld, og Gamla gløymde å ta bilete. Irriterande, men sant.

lørdag 27. april 2019

Vinklubb i april

På fredagens vinklubb gløymde eg heilt å ta bilete, så eg får heller berre summere opp: 11 damer, festpynta bord, tre kvitvinar, reker og salat. Mat og drikke smakte nydeleg, og vi hadde veldig kjekt - som vanleg. Eg stal dette biletet frå facebookgruppa vår. Alle vinane var veldig gode, men den til venstre var aller best før maten. Då endra den karakter og vart noko "parfymert" i smaken.

søndag 17. mars 2019

Vinklubb mars 2019

Fredag var det duka for ny vinklubb - eg hadde gått glipp av den førre, så det var lenge sidan sist for min del. Vi var ni damer samla til festleg lag, med god mat og italienske vinar. Sidan vi har 20-årsjubileum neste år, planlegg vi å reise på tur til det store utland. Samtalane rundt bordet dreia seg derfor ein del om dette, men som vanleg var vi innom det meste av tema i løpet av kvelden.

søndag 13. januar 2019

Vinklubb januar 2019

Fredag samla vi oss att, eit utval bygdedamer med sans for mat, vin og gode samtalar. Som vanleg fekk vi servert nydeleg mat og vin, og så heldt vi kvarandre i tale utover kvelden. Vi har alltid mykje å snakke om, og det er alltid veldig kjekt å møtast.

Denne gongen var temaet fransk mat og vin, for vertinna skal snart reise til Frankrike for å heie på nevøen sin, som skal konkurrere i kokkekunst.

lørdag 24. november 2018

Vinklubb november 2018

Fredag kveld var vi ein liten flokk som samla oss på vinklubb. Vi fekk nydeleg mat og vin, og praten gjekk som vanleg livleg til langt på natt.

lørdag 27. oktober 2018

Vinklubb 26. oktober

Fredag var vi ti vindamer som sat samla rundt bordet hos vertinna, som serverte ost og vin. Praten gjekk som vanleg livleg rundt bordet, og eitt av dei store temaa denne kvelden vart dei komande feiringane og storhendingane som skal vere i bygda. Vi har mykje å sjå fram til!

lørdag 15. september 2018

Vinklubb i september

Fredagen kom denne veka òg, og det merkast at vi avsluttar halvannan time tidlegare på fredagane i år samanlikna med i fjor. Eg tok meg god tid til å kvile på mine laurbær på sofaen då eg kom heim etter endt arbeidsdag, så då det nærma seg vinklubbtid var eg relativt optimistisk. Dørstokkmila er fæl på grunn av høljregn for tida, men eg kom meg av garde.

Som vanleg fekk vi servert nydeleg mat og vin, og vi hadde ein svært triveleg kveld. Eitt av høgdepunkta var at vi hadde fått eit nytt medlem. Det er ein familie som har flytta hit, og då var det naturleg å invitere dama i huset til å vere med i vinklubben. Vi vart ni til bords denne gongen, og det vart mykje latter og god prat rundt bordet.

lørdag 18. august 2018

Vinklubb august 2018

Dei siste åra har vinklubben hatt ein veldig kjekk tradisjon, nemleg å ha låvefest for vindamene med gubbar. Også i år hadde ei av damene laga nydeleg fiskesuppe som vart servert i løda, og vi hadde bål, kaker og noko gitarspel i tillegg til ulikt utval av drykk. Det var, som vanleg, veldig kjekt, og nokre av oss avslutta kvelden med å rusle heim.

Dessverre gløymde eg heilt å ta bilete, så no satsar eg på at einkvan i facebookgruppa legg ut eit interiørbilete eg kan stele.

søndag 27. mai 2018

Vinklubb i mai

Fredag var det duka for ny vinklubb. Eg gjekk glipp av den førre vinklubben fordi det var like etter at Pappa døde, og det var veldig kjekt å vere saman med vinvenninnene igjen. Vi har halde på sidan 2000 dei fleste av oss, og vi har det alltid kjekt saman. Denne gongen vart lydnivået svært høgt, og vertinna tok fyr. Før det serverte ho nydeleg mat og vin, og det var i det heile ein svært vellukka kveld - utanom den vesle brannen som oppstod då vertinna bøygde seg bakover for å ta bilete og fekk håret opp i ein telysestake. Det gjekk relativt bra, men lukta ille.

søndag 18. mars 2018

Vinklubb mars 2018

Fredag kveld samla eg nokre damer i heimen og serverte dei sørafrikansk vin og ein delvis sjølvkomponert gryterett som skulle minne om mattradisjonar i sørafrika (mykje kjøt, søtpotet og mais). Eg har ein draum om å reise til Sør-Afrika ein gong, kanskje så snart som neste år, og det er sikkert lurt å begynne på akklimatiseringa.

Praten gjekk som vanleg godt rundt bordet, og vi var innom mange tema frå rikspolitikk til lokale fjellturar.

"Hver gang vi møtes har vi det bra!"

lørdag 27. januar 2018

Vinklubb i januar

Fredag var det ny vinklubb. Det heldt på å skjere seg då vertinna fekk sjukt barn i heimen, men ei venninne stilte sporty opp og tok over lokaliseringa. Det vart litt lengre å gå for min del, men det var i grunnen berre deilig med ein spasertur til og frå.

Som vanleg vart det servert deilig mat og vin, og praten gjekk som vanleg lett og omhandla mange tema. Vi tok i bruk nokre spelkort med spørsmål på der vi svara på spørsmål om vennskap. Det vart ein god samtale om den tida vi har hatt saman så langt (17 1/2 år) og kor viktige vi er for kvarandre. Flokken er ganske variert, og det gir oss eit unikt mangfald som utvidar horisonten til kvar einskild.

Biletet syner vinane, som i likheit med festdeltakarane var ulike, men gode på kvar sin måte. Eg held ein knapp på den vesle, fine flaska til venstre, med flaska til høgre som ein god nummer to.

Og slik såg eg ut før eg for heimanfrå

lørdag 21. oktober 2017

Vinklubb oktober

Fredag kveld samla vi oss igjen, nokre av vindamene i bygda (eg trur vi var ni til bords), heime hos min tidlegare nabo. Vi fekk servert viltgryte av årets hjort, i tillegg til tre nydelege vinar. Det vart ein svært triveleg kveld med mykje prat og latter - som vanleg. Takk til ei strålande vertinne og ein kjekk gjeng!

lørdag 16. september 2017

Vinklubb

Fredag kveld var det ny vinklubb, denne gongen på Folkestad. Ein sambygding med 8-setar var grei og køyrde ut ein heil gjeng, men heim for vi i fleire puljar. Vi fekk servert nydeleg mat og vin, og praten gjekk særs høglydt om alt frå politikk og religion til den lokale 17. mai-feiringa. Ein særs triveleg kveld!
Veslejenta tok bilete av meg før eg for

søndag 20. august 2017

Låvefest for vinklubben

Laurdag kveld hadde vi for tredje år på rad låvefest hos ei av vindamene som har låve. Denne vinklubbkvelden er den einaste der menn har adgang, så fleire av oss hadde med mannen i sitt liv. Vertinna serverte fiskesuppe, elles hadde vi med drikke sjølve og ein del snacks og kaker. Det vart ein artig  kveld med mykje song og prat, bålbrenning og latter.

I bloggande stund har eg ikkje bilete frå seansen, men viss det dukkar opp noko anstendig eller utan folk på i sosiale media, skal eg oppdatere.

lørdag 3. juni 2017

Vinklubb juni 2017

Så var det duka for nok ein vinklubb. Denne kvelden vart vi åtte til bords, og vi fekk servert nydeleg lasagne og tre ulike vinar. Samtalane var mange og interessante, og det vart ein særs hyggeleg og vellukka kveld. Favoritten min blant vinane var kvitvinen, men dei var gode alle tre.