Viser innlegg med etiketten skor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skor. Vis alle innlegg

fredag 10. juli 2020

Prosjekt oppkøyrsle 2

Eg hadde ikkje høyrt meir frå mannen med gruslassa, så planen var å ta ein roleg dag og kvile armar og ryggar i dag, fredag. Stor var derfor forundringa då eg vakna av at ein lastebil køyrde i oppkøyrsla vår, og hunden gøydde som ein gal nede i buret sitt. Det viste seg at mannen med grusen hadde oppfatta siste samtale som ei bestilling, så han strødde utover ei stripe med knust asfalt. Begge bilane stod parkerte, så han fekk ikkje lagt grus der eg eigentleg hadde tenkt, men han sleppte derimot frå seg ein stor dunge i svingen då han heldt på å køyre utfor vegen. Dungen sperra for bilane, men Storegut greidde å svinge utanfor då han like etter måtte køyre på jobb. Deretter gjekk dei to resterande ungane og eg til angrep i eit kvarter kvar, såpass eg kom meg forbi då eg skulle køyre Veslejenta på kaia. Etter det att skrapa Minstemann og eg vekk grus i ein halvtime kvar, før vi tok oss ein tur. Sveitten rann, og sportsklokka mi varsla om at "målet mitt var nådd" - ikkje dårleg før klokka 12 på føremiddagen.
Onsdag morgon såg svingen slik ut

Torsdag ettermiddag hadde vi reinska vekk ein del gras

Fredag morgon såg det plutseleg slik ut

Turen i dag gjekk til tettbygde strok, der vi hadde diverse ærend. Minstemann skulle møte nokre kompisar etterpå, og då tok eg meg ein tur på kaffibesøk til mamma.

Eitt av handleærenda mine var å kjøpe nye inneskor. Det var på høg tid å skifte ut dei gamle.

torsdag 25. april 2019

Dagens utskeiing

Eg har som mål å gå til jobb og møte så ofte som mogleg no når det ikkje er vinter lenger, både med tanke på kondisjon og økonomi. Når eg begynner til første time, orkar eg ikkje spurte opp bakkane, men både tysdag og i dag begynte eg undervisninga seinare. men så var skorne mine litt vonde, og eg såg at det var på høg tid å legge om til sommarskor. Etter dagens møte i Utdanningsforbundet fekk eg litt fritid før ferja skulle gå, så då stakk eg innom skobutikken og kjøpte meg nokre ecco-skor eg har sett reklame for på nett. Kjøpet var gjort på om lag to minutt, og butikkdama såg litt sjokkert ut då eg berre tok ein sko, prøvde den på eine foten og tok den med til kassa. Ho kjenner meg ikkje så godt, og veit ikkje at eg er blant dei meir målretta (ho visste ikkje at eg har gode røynsler med merket, og at eg har vore på internett og sett ulike modellar på førehand).

Skorne er utruleg lette, har god demping og er gore-tex-behandla. Eg ser fram til å gå med raske, lette steg oppover Storgata, noko eg må gjere ein del for å spare inn att kjøpesummen.

tirsdag 14. november 2017

Pappa/Morfar 81

80-årsdagen i fjor vart ein vond dag som enda med sjukehusinnlegging, og det var derfor ekstra kjekt å kunne feire 81-årsdagen til Pappa på ein langt lystigare måte. Minstemann kom over med ferja etter skulen, så kjøpte vi nye vinterskor til han og for deretter til Ørsta for å besøke besteforeldra. Mormora hadde baka tre kaker, så vi slapp å svelte, og bursdagsbarnet sjølv var i ganske fin form - etter forholda.
Novemberjubilantane

Nye vinterskor

lørdag 14. mai 2016

Innspurt

Langfri betyr for meg rettemaraton. Engelskelevane mine hadde tentamen sist måndag, og eg fekk inn 51 svar. Eigentleg hadde eg tenkt å la dei ligge til etter min eigen eksamen, men karakteroppgjeret skal vere like over helga etter eksamen, så eg begynte allereie måndag kveld. Fri-onsdagen sat eg først inne og retta, deretter låg eg ute i sola og las pensum. Etter solnedgang retta eg fleire elevsvar. Då fredagen kom, hadde eg retta 28 stk, og så vart 36 av elevane mine trekte ut til skriftleg eksamen i engelsk. Mange av dei hadde eg ikkje retta svara til enno, så no begynte det å haste. Eksamenen deira skal nemleg vere allereie den 20. mai, og dei vil gjerne ha vurdert tentamenen sin før eksamen - det er halve vitsen med tentamen at ein skal øve på eksamen.

I bloggande stund er eg i sluttfasen av gigantbunken, som i alt kjem til å ta om lag 25 timar å ferdigstille. Når det er gjort, har eg 11 dagar på meg til å hamre inn pensumet mitt til eksamen. 

I dag bestod mosjonsturen min av ein relativt fuktig sykkeltur, og vi er snart i elendig form både hunden og eg. På meg hadde eg dei nyinnkjøpte joggeskorne mine, som eg ser fram til å slite ut. Eg trur på eit liv etter eksamen.

mandag 29. juni 2015

Nettshopping

Ein burde ikkje handle på nett, men heller støtte opp om lokale butikkar. Heilt klart.

Men så var det argumenta FOR nettshopping, då. Ein gong kosta det meg 500 kroner ekstra å kjøpe ein kjole på butikk enn viss eg hadde kjøpt den same kjolen på nett. Dessutan kostar det å reise til tettbygde strok med fire passasjerar og bil på ferja. For ikkje å snakke om at det tek tid. Når nettbutikkane i tillegg freistar med gratis frakt dersom ein handlar for over kroner 1000, er saka klar.

Denne gongen var det skor det gjaldt, og butikken eg handla på var sportsbutikken XXL. Tre av borna mangla turskor, og eg fekk tak i tre par heilt ok joggeskor til turbruk for til saman 1200 kroner. I kveld har to av ungane prøvegått sine skor, og dei er svært nøgde, sjølv om Minstemann ikkje ser problemet med å gå tur iført Converse-skor.

Veslejentas skor
Eldstejentas skor

mandag 18. august 2014

Skodd og kledd for haust

Goretex-skorne mine dreg til seg vatn som svampar. Det same kan ein seie om softshelljakka, som eg har hatt i mange år. For nokre veker sidan sette eg meg derfor til med nettshopping, og bestilte ei fleecefôra regnjakke, eit par goretex-skor og ei regnbukse. Skal ein ha hund, må ein kunne tole alle typar vêr. Eg satsar på gilde fargar, sidan eg skal gå ein del i trafikken. Det er forresten ganske praktisk ute i naturen òg, spesielt i jaktsesongen.

onsdag 5. mars 2014

Minstemann mot Mamma: 1 - 0

Fordi eg er tillitsvald må eg nokre onsdagar ofre litt av fridagen for å fare på drøftingsmøte på jobb. Vanlegvis er ikkje dette eit problem, sidan Minstemann set pris på ein bytur og like godt kan sitje ved pulten min og spele data som nokon annan stad.

Etter møtet tok vi oss ein snartur på biblioteket, og så vart det til at vi stakk innom ein skobutikk. Eg treng sårt nye skor, men enda opp med å kjøpe to par til Minstemann i staden. Først fann vi eit par joggeskor på sal, til bruk i gymtimane og eventuelt inne på skulen. Så skulle han få nokre skor til meir allmenn bruk. Det viste seg at alle joggeskorne var for breie, for trange, for lange og i det heile heilt uaktuelle, heilt til mamma-telepatien slo inn og vi leita fram eit par converseskor. Eg mislikar sterkt desse flate tøyskorne som ungdomen likar, men aksepterer det som eit mildt ungdomsopprør at dei går i ufornuftige skor. At Minstemann på 10 er i ferd med å bli stor og motebevisst gut, er verre å akseptere.


tirsdag 23. november 2010

Kunsten å få Askepott til å føle seg som ei prinsesse

På privaten daffar eg gjerne rundt i felleskjøpdress str 14 år. Med ullhue og hanskar, skjerf og fjellskor som accessoir, og i tillegg ei rumpetaske med discman i, eit headset på øyrene og ei hovudlykt. Og refleksvest. Ungane er ikkje akkurat stolte av mor si når ho legg ut på vandring i denne habitten.

Så snart eg skal ut blant folk i meir urbane strok, synest eg det er kjekt å sjå litt betre ut. Problemet mitt siste tida er at eg frys, og at eg kasta den gamle vinterkåpa i vår for å unngå at eg brukte den nok ein sesong. Prosjektet har vore å finne ei ny, varm ytterjakke - som i tillegg kunne sjå litt bra ut. Det har seg nemleg slik at eg ikkje tek meg så godt ut i tjukke dunkåper, til dømes, fordi eg rett og slett forsvinn inne i jakka. I side kåper ser eg ut som teskeikjerringa. Sjølvtilliten er ikkje på topp når eg kjøper klede elles heller, men ytterjakker er verst av alt. Å drukne i str 36 er nemleg ikkje det spor hyggeleg, sjølv om eg no har gått opp fleire kilo og ikkje lenger er, for å sitere Storegut, "pittelita og drittynn".

I dag entra eg nok ein butikk, og så tok eg mot til meg og forklarte ærendet mitt. Og der kom dei med den: Kåpa. Dei hadde hatt mange innom som hadde villa prøve den, men ingen så "nett i figuren" (sitat ekspeditrisa) som meg. Eg var altså utvald. Og den sat som støypt på, var perfekt i fargen (ville unngå svart og blått), perfekt lang og perfekt varm. Heile to ekspeditriser måtte beundre meg høglydt og fortelje meg kor fin eg var, der eg kroa meg framfor spegelen. Litt karikert affektert sa eg at "det er liksom noko som manglar - eit nytt sjal", og dei lo og henta fram det eine skjerfet etter det andre, samtidig som dei la ut om kor godt eg kledde kåpa. Eg fall for eit superfeminint blondetøystykke som dei "akkurat hadde fått inn", for blonder er no "heilt meg" - eller? "Nei, no vart du berre utruleg fin", sa ekspeditrise nummer 1, medan nummer 2 sa seg heilt einig, vel vitande om at dei har fått ein ny stamkunde.

Eg vegra meg mot å ta av den nye kåpa og få på den gamle softshell-filla mi - den verka så ussel i forhold - men det var med uvanleg lette steg eg sveva ut av butikken og inn i den neste, der eg kjøpte meg støvlettar i ein mindre feminin og meir praktisk stil. Dei passa kanskje ikkje heilt til kåpa, men dei var på tilbod. Ein må no vere litt fornuftig òg, innimellom.

torsdag 8. juli 2010

Sjukehus og shopping

Då vi hadde eit ærend på sjukehuset i dag tidleg, tok like godt ungane og eg oss ein tur på Moa etterpå. Vi handla ein heil del spel, dvd'ar, litt lego, badebukse til Minstemann og nye sommarskor til tre av borna. Det er ikkje mogleg å reise på camping utan crocs, og legokjøpet til Minstemann viser òg at vi er i campingmodus for tida.

Då vi sat på venteromet på sjukehuset, kom plutseleg Minstemann med blodig munn og bad om papir. Den eine framtanna hans har vore laus ei tid, og ventetida vart nytta til å rigle den heilt ut. No heng den andre på skeiva, så han vert truleg temmeleg tannlaus om ikkje så lenge.

Bilen fungerer flott, og det er fantastisk å vere fri til å kjøre dit ein vil. Og vi ville til Hareid på heimveg. Dessverre hadde eg ikkje kamera med på turen.

tirsdag 5. januar 2010

Speedshopping - ei sportsgrein?


I dag tok eg med heile ungeflokken på Amfi, der vi kjøpte oss middag før vi tok oss eit raid. Det er meldt sprengkulde, og eg tek ingen sjansar. Gutane hadde ikkje gode nok vinterskor, blant anna. Og så var det sal både her og der. Gamla unte seg sjølv litt forskjelleg òg - ti minutts shopping på den rette butikken gav ei viss fornying.

I løpet av tre timar var vi på biblioteket, gjekk på café, shoppa, kjørte Nummer 3 på ballett, shoppa meir, henta Nummer 3, handla mat og kjørte Eldstejenta heim på hybelen.

Det vart nokre tusen skritt; ikkje minst då eg skulle bere på plass alle varene i heimen. Eg trur det blir TV-kveld på Gamla i kveld...

lørdag 3. oktober 2009

Walking on sunshine


"Å hallo! Dette er som å trakke ned i smør!" Dette var min spontane kommentar då eg steig ned i eit par skor på Amfi i dag. Sjølvsagt kjøpte eg dei, sjølv om det sikkert ikkje er så smart å kjøpe nye skor til ein skal på tur. Og så kjøpte eg med ein pakke gnagsårplaster for sikkerheits skuld.

Eldstejenta og eg tok oss eit raid i dag, og vi besøkte også Besta/Besten, som sende med oss krabbe, hummar og plommesylte heim. Her blir det fest!

onsdag 1. april 2009

12 år og tennisskor?


Nummer 2 har snart bursdag, og sidan det i går var min tur å kjøre Gutta på hiphop, passa det fint å kjøpe bursdagsgåve. Guten har eit djupt og inderleg ønske om å kjøpe klede på Blend, men han er for liten. "Då må du drikke mykje melk", seier Gamla, og håper at det skal kome noko positivt ut av problemet. Om det er mogleg å drikke seg opp tre skonummer? Ikkje veit eg, men det er i alle fall verd eit forsøk. I mellomtida kan dei nye Converse-skorne gjere nytta.

mandag 30. mars 2009

Monopol på kule skor?



Etter vel ei veke dukka skorne våre opp - mine diskrete svart-og-kvitstripete og Eldstejentas ikkje fullt så diskrete gule og blå. Reebok har ein heil serie med skor dekorerte med ulike motiv frå brettspelet Monopol, og eg skulle gjerne hatt nokre eg òg. Men så syntest eg at yrke og alder tilsa at eg skulle ha noko mindre iaugefallande.

Når dei fleste kollegaene og nokre av elevane møtte meg med replikken: "Hei, M, nye skor?" forstod eg at vi har ulik oppfatting av omgrepet "diskret".

mandag 9. mars 2009

Ungdomens vår?

I London forelska Eldstejenta og eg oss i desse skorne. No er dei komne til Volda òg, og eg har for lengst lova avkomet eit par etter fritt val. Det store spørsmålet no er: kan Gamla også kjøpe slike? Viss ho vel eitt av dei minst glorete para, kanskje? Ein har ikkje lyst å gå rundt som ei vandrande førtiårskrise, men dei er utruleg søte og vårlege, då...