torsdag 28. februar 2019

Mimrekveld og Mary Kay

Onsdag kveld (i går) var eg invitert til ei som gjekk i klassen min i ni år i grunnskulen, og i tillegg eit par år på vidaregåande. Ho hadde òg invitert dei av dei tretten jentene som bur i Ørsta/Volda-området, og me var i alt seks av tretten samla. Berre ei melde avbod, så seks av dei opprinneleg 13 klassevenninnene var samla. Berre det i seg sjølv var fantastisk hyggeleg, og praten sat laust når me skulle oppdatere kvarandre. Me har ulike yrke, mellom anna ei flyvertinne og ein frisør, men me har òg mykje felles. Me har alle fylt femti, så det vart ein del prat om til dømes syn og brillebruk. Eg har hatt/har born av tre av dei andre som elevar, me kjenner til foreldra og søskena til kvarandre og har mange felles kjende elles òg.

Påskotet for å samle oss var å halde Mary Kay-party, då vertinna er seljar av dette hudpleie- og kosmetikkmerket. Me fekk prøve mange slags produkt, mellom anna ulike ansiktsmasker, fekk på serum, skrubba hender og lepper og fekk prøve ulike typar foundationkremar med tilhøyrande rettleiing. Mat fekk me òg, og tid til å prate og le medan vertinna tok seg av kvar einskild og tok opp bestilling.

Det var utruleg hyggeleg alt saman, og eg kom heim med nokre produkt som skal gjere kvardagen min litt betre. Mellom anna kjøpte eg ein augegelé, noko eg har tenkt på lenge at eg burde ha. Eg sit så mykje og stirrar inn i dataskjermen, noko som i tillegg til alder og denslags gjer at augene kjennest hovne og trøytte innimellom. Geléen sette eg i kjøleskapet for å få ein ekstra god effekt.

Då eg stod opp i dag tidleg stelte eg huda etter alle kunstens reglar, om enn med ein del produkt eg hadde frå før, og så hadde eg på augegeléen. Etterpå bestilte eg synstest, for no må eg skaffe meg nye briller. Det kan gjere underverk for auga det òg.

søndag 24. februar 2019

Riddari

I går fekk eg overrekt den nye strikkagenseren min, og då måtte eg forevigast. Veslejenta meinte eg burde ta bilete i dagslys, så me venta til i dag. Før me kom så langt hadde eg køyrt Storegut på ferja, og så hadde me hine gått ein tur med Charlie innover forbi Kile. Det er nydeleg og mildt ute, så ein får kjensle av vår.
Riddari

lørdag 23. februar 2019

På besøk til Mormora

Sidan det var siste dagen Storegut er heime denne gongen, tok vi oss i dag ein tur for å besøke Mormora. Eg fekk òg prøve den nye genseren min, og den var passeleg både til Minstemann og meg. Det blir derfor lettare å strikke ein passeleg til han.

Vi fekk middag og dessert i Ørsta, deretter handla vi litt, og Storegut fekk helst på Farmora og Faren før vi for heim. No blir det grøssarkomedie og digg resten av kvelden. Ferie er fantastisk, spesielt når den nettopp har starta.

Bok 6 2019: "Vårofferet" av Lars Mytting

Ein befal i militæret kjem til ein militærleir med eit oppdrag. Etter kvart møter han ei forsømd og kontakthungrig  jente, og han dreg på leiting etter forklaringa på jenta sin miserable situasjon. Vi får innblikk i mange sider ved livet på bygda, og med kva det inneber å ha vore soldat på krigsteneste i eit anna land. Eg likte godt "Hestekrefter" og "Svøm med dem som drukner" av same forfattar, og eg har planar om å lese fleire av bøkene hans. Dei har så fine undertonar av vemod og sakn, og det grip ein.

onsdag 20. februar 2019

Back to the future - for the world's sake

Eitt av årets høgdepunkt er sjølvsagt musikalen på vidaregåande. Veslejenta går tredje året der, og i år fekk ho fleire oppdrag som solist, i songgrupper og som dansar. Det vart derfor ekstra kjekt for familien å sjå, og både søsken, Tante, Mor og Mormor sat i salen i dag. Eg var mektig imponert over årets produksjon, der mediaklassen hadde sett sitt tydelege preg med filmar og kulissar.



Blant publikum i dag var denne kjekke gjengen

tirsdag 19. februar 2019

Tur på tysdag

Medan eg var på jobb, tikka det inn ei melding frå Eldstejenta. Ho var på tur i Lisjedalen med Charlie. Eg vart litt misunneleg, men samtidig var det godt å vite at dei hadde ein fin dag saman. Då eg kom heim, var eg rimeleg trøytt, så då passa det veldig fint at Eldstejenta og Minstemann hadde laga lasagne og salat  til middag.

Møte på måndag

Siste veka før vinterferien blir ofte ekstra innhaldsrik. I år begynte veka med ein normalt hektisk måndag på jobb. Deretter køyrde eg til flyplassen, der eg henta Eldstejenta, som kom heim på musikal-miniferie. Me tok deretter turen til Mormora i Ørsta, sidan me var like i nærleiken. Eg skulle på styremøte i lokalpartiet klokka 18, så då vart det ein tur til Volda att. Medan eg var på møte, handla Eldstejenta litt mat og besøkte Veslejenta og Farmora. Eg gjekk frå møtet tidsnok til at me nådde 19.30-ferja heim, der Minstemann venta.
Biletet vart teke av leiaren etter eg hadde gått

Ho fine her <3 td="">

På møtet diskuterte me noko av det me hadde diskutert i eit delvis anna forum i førre veke. Det går mot val og valkamp, og det er viktig å ha bestilt effektar og lagt nokre overordna planar i god tid før valet.


søndag 17. februar 2019

Bok 5 2019: "Aldri kome tilbake" av Øystein Orten

Som i den førre romanen til Øystein er eg-forteljaren også i denne ein eldre mann som fortel om livet sitt i brevform. Denne gongen er mottakaren eit barnebarn, og gradvis får vi avslørt bakgrunnen for eg-personens leiting etter forklaring på ei hending i eige liv, hans eige ekteskap og forholdet til sonen. Det er ei gripande bok, men det vert aldri sentimentalt eller melodramatisk. Mykje av dette kjem av språket, som oftast består av korte setningar og enkle framstillingar der alt er teke vekk som ikkje er meiningsberande.

Fordi forfattaren er familie, ser eg sjølvsagt bitar av hans eige og slekta mi sitt liv som er brukte som element i romanen.

Det er vanskeleg å vere objektiv, sjølvsagt, så eg får berre legge til at eg likte boka svært godt. Eg likar den ordknappe framstillingsmåten som både denne og fleire nynorskforfattarar bruker. Det er noko med at den store dramatikken får eit meir grunnleggande alvor når han blir skildra med eit enkelt språk.

Gratulerer med ny roman, Øystein!

fredag 15. februar 2019

Ei veke med mykje politikk

Denne veka har eg vore på møte måndag og tysdag kveld, og i tillegg det meste av torsdagen. Til saman har eg sete 12,5 timar i møte, i tillegg til at eg sjølvsagt har vore på jobb og hatt nokre møte der òg. Fredagen har eg hatt fri, og det har vore ekstra kjærkome. Det går sakte framover med oppgåveskrivinga når eg må ta lange opphald, men eg har no om lag 24000 ord. Kravet er 32000, så eg er på god veg til å ha eit utkast som eg kan arbeide vidare med.

På det 7,5 timar lange kommunestyremøtet torsdag vart mange interessante og viktige saker debatterte, mellom anna skulestruktur, kulturhus og idrettshall. I tillegg fekk vi høyre ein to timar lang presentasjon av resultata av forsking på psykisk helse blant barnehageborn i kommunen.

Politikk er ikkje for utolmodige, det er heilt klart, men no ser det ut til at det private initiativet kan få til rask oppstart av byggeprosessen når det gjeld idrettshall. Etter kvart skal vi få til fleire praktbygg, og det vart kasta fram gode idéar til løysingar som kan bli svært gode for bygda.


søndag 10. februar 2019

Morsdag

Her i heimen tek me det meste roleg når me kan for tida, for programmet er fullt både for den eine og den andre. Morsdagen vart derfor markert med ein tur etter vegane med Charlie og dei to yngste borna. Elles går det mest i saksdokument og skulearbeid, så vidare festivitast får me kome attende til, til dømes når det blir musikal og besøk av storesøskena. Me har mykje kjekt å sjå fram til denne våren/sommaren!

lørdag 9. februar 2019

Morsdagsfeiring i Ørsta

Eg har tigga meg til at Mamma skal strikke ein genser til meg av islandsgarn. Me har sett på diverse mønster og fargekombinasjonar, og i dag var eg innom strikkebutikken for å ta ut nokre fargar. Fargane kunne ha vore sprekare, men dei var veldig "meg" dei eg valde. Mønsteret heiter Riddari, og systera mi hadde ei bok der mønsteret stod.

Draumen er å sitje på ein islandshest på Island iført ein genser av islandsk ull!

Litt av ei morsdagsgåve å få...

Me kjøpte med diverse anna som ikkje var like egoistisk, og så møttest me i Starevegen, der også systera mi kom ein tur. Det vart ei triveleg stund saman, og Veslejenta fekk meir informasjon til oppgåva ho skriv om Mormor.

mandag 4. februar 2019

Dagens dont

I dag skulle eg starte opp eit nytt kapittel i internasjonal engelsk, og det første temaet var utdanning i utlandet. Eg hadde lagt nokre lause planar om korleis eg skulle skrive nokre stikkord på tavla om kva ein tenkjer over når ein vurderer å studere i utlandet, og rekna med at denne sekvensen ville ta fem minutt, før elevane skulle kaste seg over tekstar og oppgåver i boka. Det eg ikkje hadde rekna med, var at elevar med bakgrunn frå skulegang i andre land, som Italia, Tyskland og Eritrea, brått fekk lyst til å dele med klassen sine erfaringar med norsk skule samanlikna med det dei var vane til. Dette utvikla seg til ein sekvens som varte i tre kvarter, og dersom dei heilnorske elevane lytta, fekk dei ein del å tenkje på. Kort oppsummert:

  • Norsk skule er veldig avslappande, med få prøver og lite lekse
  • Reglane på skulen vår er ganske frie. Ein elev nemnde at på hennar skule i heimlandet var det ikkje lov å tygge tyggegummi eller gå med treningsklede
  • Elevane i andre land skriv meir på papir med penn i staden for å bruke PC
  • Forholdet mellom elevar og lærarar på skulen vår er uformelt, og elevane kallar lærarane med fornamn
  • Lærarane i Noreg vil hjelpe elevane og forklare dei det dei ikkje forstår, medan lærarar i andre land seier til elevane at dei må ta seg saman og studere hardare dersom dei gjer det dårleg på ei prøve
Og kva er så best? Sjølv om det kan vere mykje dei saknar frå heimlandet, som tryggleiken ved å bruke skuleuniform eller ha klare reglar og sterk disiplin, meinte eit par av dei nemnde elevane at dei vil få problem med å gå attende til reglane i heimlandet etter å ha gått på skulen vår.

Timen fekk ei anna og langt betre vending enn eg hadde tenkt på førehand, slik det ofte går i undervisningstimar. Ved å lytte til desse elevane kunne eg etterpå lett gjere eit poeng av at når norske ungdomar skal studere i utlandet, kan det by på problem for dei å tilpasse seg den nye kulturen. Samtidig lærte dei heilnorske elevane implisitt at det å gå på skule i eit anna land er lærerikt, og at ein i møte med ein ny kultur kan lære meir om seg sjølv og sin eigen kulturelle ståstad.

søndag 3. februar 2019

Rettebunkar og vintervêr

Denne veka har det vore mykje jobbing. Eg fekk inn prøvebunkar både måndag, onsdag og fredag, så det vart mykje retting på kvelds- og helgetid. Lukka er å vere ajour før måndag! Nåja, det var å overdrive, men det er greitt å få det unna og rydde tid til andre aktivitetar i veka som kjem.

I tillegg til jobb har eg denne veka møtt studentane eg skal ha framover, og dei verka veldig greie. Eg skal dele dei med ein medielærar, så dei blir mest opptekne med musikalproduksjonen no før vinterferien.

Det blir ikkje tid til alt ein har lyst til, men nokre turar i nærmiljøet ryddar eg tid til. Laurdag gjekk Charlie og eg til Mjeltvika i strålande sol, og det gjorde ekstra godt. Eg likar at det kjem meir dagslys og sol, men snøen og isen kunne eg godt ha vore forutan. Det er kuldegrader kvar dag, og straumprisane er rekordhøge, så det har kome godt med at Minstemann vann den store sekken med ved i haust. Eg er ein skikkeleg frostpist, spesielt når eg sit stille og jobbar. Den beste kuren mot frysing er likevel aktivitet, og eg synest det er veldig greitt å jobbe heime og ta seg ein runde med støvsugar, gå seg ein tur eller sette på ein klesvask som pauseaktivitet. Då får ein fart i blodomløpet, og held seg både varm og klårtenkt.

Masteroppgåva mi har eg ikkje tenkt på på ei stund, men mot slutten av komande veke vert det kanskje høve til å kose seg litt med den. Først skal alle bunkar delast ut, elevar skal snakkast med og timar skal haldast. Jauda, eg likar jobben min.


fredag 1. februar 2019

Bok 4 2019: "Menn i min situasjon" av Per Petterson

I denne romanen møter vi Arvid, ein mann rundt førti år, som har mist foreldra og to av brørne sine i ei brannulukke. I tillegg har kona gått frå han, og han slit med å finne ein måte å leve og sørgje på. Forfattaren les sjølv, og det gjer han aldeles glimrande. Per Petterson er ein av dei norske forfattarane som skriv best om korleis det er å vere mann, synest eg.