lørdag 30. mai 2009

Bok 33 2009: "Havfruen" av Camilla Läckberg


Innimellom lesing av eksamenssvar må eg ta nokre pausar for å lufte hundane og hovudet. Då passar det godt med kriminalromanar som denne, og det er nesten slik at eg ser på turane som "løn for strevet". I motsetnad til eksaminandane greier denne forfattaren å halde spenninga oppe, sjølv om eg gissa løysinga på eit ganske tidleg tidspunkt. Vekslinga mellom fortid og notid, og mellom dei ulike personane, fungerte fint også på lydbok. Historia var fengande, og personane vart såpass etablerte at ein ikkje hadde problem med å skilje dei frå kvarandre. Eg må lese fleire bøker av denne forfattaren, det er i alle fall sikkert!

God pinse til alle der ute - sjølv om eg er "stuck" med sensur, er alt så mykje kjekkare når ein kan sitje ute i bikini og gjere mykje av arbeidet. Nokre forsøk på å skrive kommentarar ute var derimot temmeleg dramatiske, for vinden var sterk her i dag. Ikkje noko problem når det er 25 grader, men eit visst problem når ein sit med ein bunke papir. Eg tok det som ekstra mosjon...

fredag 29. mai 2009

Gratulerer med dagen!


Nummer 3 fyller år i dag, og har feira dagen på skule og speletime før vi har grilla og ete is i heimen for å markere dagen.

torsdag 28. mai 2009

onsdag 27. mai 2009

Mimring om Nummer 3



































































Nummer 3 kom til verda i eit dramatisk år i familien vår. Gubben sitt store prosjekt den våren ho vart fødd, var å få huset såpass ferdig at vi kunne flytte inn, medan eg hadde meir enn nok med å bere fram baby, ha 100 % jobb og vere aleine med to ungar dei fleste helgane, medan Gubben altså bygde hus. 12 dagar på overtid vart vi sende med ekstra nattferje frå Eiksund, men fødselen var langt frå dramatisk, og veslejenta kom til verda i 13-tida neste dag. Ho likna ein eskimo med dei raude kinna, den gyldne huda og det svarte håret, og vi syntest ho passa godt til å bli kalla opp etter mi mørke, runde mormor.

5 veker gammal flytta ho saman med resten av gjengen inn i eit halvferdig hus som var ein byggeplass heile første halvåret. Det var nok å gjere, for å seie det mildt, men for sikkerheits skuld skaffa vi oss ein hundekvelp (Ariel, fødd 1. juni 2000) og to kattungar.

Veslejenta var ein roleg baby, fødd med ei rynke i panna og eit skeptisk blikk. Framleis er ho den mest observante i familien, og den einaste av borna som kan minibankkoda mi. Ho lærte seg sjølv å lese, og har drive undervisning av veslebroren slik at han òg kan lese flytande. Ho har irettesett den jamgamle naboguten for feil bruk av doring, og ho har smurt han med solkrem for å unngå at han blir solbrend.

Som lita var ho tung i "sessen", og ho sat for det meste på golvet og heldt i ei leike til ho lærte seg å gå 17 mnd gammal. No er ho aktiv i ballett, og ho er både sprek og sterk. Ho har dessutan eit visst musikalsk talent.

Vi kalla henne ofte "godtegris", og det hende at ho stal snop som søskena hadde gøymt på romma sine. Framleis er ho den som likar best å hjelpe til på kjøkenet, og ho lagar vaffelrøre heilt sjølv no.

Det er vemodig å sjå dei gamle bileta - det har vore så mange turar, feriar, selskap og andre hendingar som ein minnest med stor glede. Desse bileta er frå perioden 2000 - 2005, og det kjennest som om det er uhorveleg lenge sidan.

Søskena har blitt ein samansveisa flokk, og Nummer 2, som brukte å sitje og slå veslesystera i hovudet medan eg amma, er kanskje den som har vore nærast Nummer 3. I selskapet sitt inviterte ho klassekompisane hans - det seier sitt. Ho har vakse opp saman med gutar, for det meste, og har berre ei klassevenninne. Dette har gjort sitt til at leiareigenskapane hennar har fått utfalde seg fritt, og ho føyar seg såleis inn i ein tradisjon på morssida. I det heile er ho den av ungane som minner mest om meg - på godt og vondt.