På jobb i dag vart det litt julefilm, litt Ku Klux Klan, litt romanlesing og litt australsk kultur. Etter jobb skulle eg eit raskt ærend før eg tok ferja, men så møtte eg Veslejenta, som skulle bli henta av Eldstejenta, som hadde kome heim på juleferie i dag. Det vart dermed familiegjenforening mellom hyllene på vinmonopolet, av alle stader.
Heime blir lite og inkje gjort, anna enn litt småplukking, rydding, klesvask og liknande. Eg fann fram jubileumssendinga til dagsrevyen som vart send på tv sist laurdag, og det var høveleg måndagsunderhaldning etter ein dag med altfor mykje skjerm.
Storegut fortalde med ein viss iver om korleis dei hadde fått sett eit klipp frå Blackadder på ei forelesning, og då vart Gamla så nostalgisk at ho bestilte samle-DVD-boksen på CDON. Eg har eigd ein slik for mange år sidan, men den har gått tapt på vegen. Eit par dagar etter låg det pakke i posten, og no har gutane og eg mykje god underhaldning i heimen. Heldigvis synest dei det er morosamt òg.
I dag gjorde vi det vi eigentleg skulle gjere i går: for på kino i Ørsta og såg den nye filmen om Hakkebakkeskogen (og drog dermed opp gjennomsnittsalderen). Filmen var svært nær opp til teksten, og vi var positivt overraska (dei av oss som innrømte å ha likt å gå på barnekino).
Etter filmen for vi på kaffibesøk til besteforeldra, før vi handla litt og henta med oss Lasso heim.
I dag tok eg med meg dei tre yngste på kino. Filmen har fått mange gode kritikkar, og det er ein god film, trass i ein del svake punkt. Nokre personar er noko fritt framstilte etter historia, og nokre forteljingar er lagt inn i filmen av ulike årsaker, som den vesle historia om den unge soldaten. Det var kanskje unødvendig å legge inn samtalen mellom konge og kronprins om kor dårleg hustru og mor dronning Maud hadde vore, sjølv om poenget var å få fram at Haakon var svært aleine i kongerolla. Vi likte filmen godt, uansett, og etterpå møtte vi Eldstejenta og Venninna på Marias, der dei laga nydeleg laurdagspizza til oss.
I dag for Veslejenta og eg på kino i Ørsta, som to av om lag ti i salen. Eg var spent på filmatiseringa av den fine boka av erik Fosnes Hansen, og eg må seie eg ikkje vart skuffa. Det er vanskeleg å framstille nokon med pels utan at det verkar rart, men det gjekk overraskande bra. Ei scene frå København hadde noko kunstige kulissar, men elles var filmen velkomponert og ikkje minst godt spelt. Mest overtydande var faren til Eva, spelt av Rolf Lassgård, ein av favorittskodespelarane mine.
I dag var det så fin skaresnø at vi enda opp med å gå i Mjeltvika, deretter stien innover mot Kile. Heimover gjekk vi på hovudvegen, for å få litt variasjon.
Vel heime retta eg nokre stilar, medan ungane rydda romma sine. Deretter køyrde vi til Ørsta for å sjå filmen "Birkebeinerne" på kino. Den har fått lunka kritikkar, men for oss var det passeleg actionfylt underhaldning på ein laurdag ettermiddag.
Etter filmen hadde vi avtala å møte besteforedra på Rosabella, ein pizzarestaurant som ligg like ved kinoen. Dermed vart det litt morsdagsfeiring òg, kvelden før dagen.
Vel heime var eg så nøgd med dagen at eg initierte ei kakebaking som i bloggande stund er i avslutningsfasen. Ein kan like godt feire frå seg når ein har hatt ein så finfin dag.
I dag fekk eg overtala ungane til å bli med meg på kino. Vi likte godt den første Doktor Proktor-filmen, og eg hadde derfor lyst til å få med meg oppfølgjaren òg. Trass i at eg sakna Kristoffer Joner, var dette òg ein godt laga og morosam norsk film.
I dag tok eg med kidsa og for på kino i Volda. Dermed steig gjennomsnittsalderen i salen tydeleg, for her var det dei heilt unge som skulle sjå film. Vi hadde lese lydbøkene på ein ferietur for nokre år sidan, og vi såg derfor fram til å sjå filmen basert på ei av barnebøkene til Jo Nesbø.
Filmen syner ulukkelege born med uengasjerte foreldre, men desse problema vert drukna i rikeleg med humor av den aller enklaste sorten. Kristoffer Joner spelar Doktor Proktor på ein glitrande måte som gir karakteren ei viss djupn. Atle Antonsen er skurken i filmen, og han er som alltid svært morosam. Vi likte filmen veldig godt, og det var artig å sitje i ein sal full av lattermilde born og sjå den.
Etter kinobesøket gjekk vi på Maria's og åt nydeleg pizza, så då slapp eg å lage middag òg. Eg har i bloggande stund nett kome att frå ein rusletur i regnvêr, og i kveld skal vi berre roe ned og kose oss med tv, snacks og godteri.
I faget Internasjonal engelsk plar eg syne filmen "Kite Runner" under kapittelet om det multikulturelle samfunnet. Sidan eg har ein utovervend afghansk elev i gruppa, bad eg han for ei tid sidan om å seie nokre ord om Afghanistans historie før vi begynte å sjå filmen. Han hadde gjort seg flid og snakka mykje om historia til heimlandet, kulturen og folkegruppene, og vi fekk såleis ei mykje betre innleiing til innhaldet i filmen enn eg nokon gong har hatt før.
Filmen omhandlar fleire ulike tema i tillegg til afghansk historie, som venskap, kulturskilnader, innvandring og forhold mellom far og son. Eg likar filmen svært godt, og toler godt å sjå den minst ein gong i året.
I dag stakk vi innom McDonald's og kjøpte donuts og smoothies før vi gjekk på kino og såg "Gåten Ragnarok". Det er ein av dei dårlegaste filmane eg har sett på lenge, i alle fall når det gjeld historia, som var føreseieleg og syltynn. Artig og underhaldande var det, men nesten parodisk til tider.
Etter filmen gjekk vi på Egon og åt kyllingkebab. Det er eit mål for meg å få i jentene mykje mat, la dei få bli kjende i byen og kose seg maksimalt.
Det er snart 25 år sidan eg las boka "The Great Gatsby" for første gong. Vi la den opp som pensum på engelsk grunnfag, og eg las den fleire gonger for verkeleg å kunne forstå og analysere den. Eg har dessutan sett den mest kjende filmatiseringa til no, med Robert Redford i tittelrolla.
I kveld såg eg den nye filmversjonen, i 3D, med Leonardo DiCaprio i den same tittelrolla. Det er ein spektakulær og imponerande produksjon, og eg syntest husa og festane var i overkant storslått framstilde. At musikken var så moderne, var òg forstyrrande for illusjonen min. Ikkje skjønar eg poenget med 3D heller, for å vere ærleg. Når alt dette er sagt: dette er ei av dei vakraste forteljingane i litteraturhistoria, og filmen formidlar den heilt framifrå. Språket i romanen er ofte teke vare på i voiceover, og skodespelarane passar svært godt til rollene sine. Hovudpersonen Nick er dessverre unntaket, for der har ein endra karakteren for mykje i høve til Nick i boka. For dei som ikkje har lese boka først, kan dette vere mindre forstyrrande.
Meryl Streep var favorittskodespelaren til systera mi då vi vaks opp, og eg var ikkje heilt overtydd. I mine auge var Streep noko fargelaus og tragisk. Etter mellom anna "Hunndjevelen" og "Mama Mia" har skodespelaren synt at ho har eit komisk talent i tillegg til det tragiske.
Då "Sophie's Choice" kom på kino, var eg for ung til å sjå den. Eg trur eg må ha sett den rundt 1990 ein gong, anten på tv eller video, og eg hugsar at den gjorde inntrykk. No har eg sett den på nytt, og eg synest framleis det er ein fantastisk film. Ikkje berre på grunn av Meryl Streeps karakter, men òg på grunn av dramaturgien, og på grunn av Kevin Kline. Sørstatsguten som møter det merkelege paret i Brooklyn er ein klassikar, og eg vurderer å vise filmen i undervisninga ein gong. Først må eg berre øve meg på ikkje å hulke høgt.
Den vesle romanen til Hamsun har gjort inntrykk på mange, og den nye filmatiseringa vert truleg ein filmklassikar som vi vil glede elevane med i mange år framover. Filmen har nydelege bilete og dyktige skodespelarar, og den er rørande på ein akkurat passeleg sentimental måte etter min smak. Ein treng ikkje å ha lese boka eller kjenne særleg til Hamsun for å ha glede av filmen, men det skadar heller ikkje. Denne bør de få med dykk!
Vinterferien vart avslutta med eit kinobesøk. Det kjem mange flotte filmar i vår, og "Anna Karenina" var absolutt verd å få med seg. Den er fantasifullt regissert med kulissar og sceneskift som bryt illusjonar om realisme, og handlinga er så dramatisk og engasjerande at ein blir riven med frå byrjing til slutt. Karakterane er dessutan så spennande og samansette at ein ikkje veit heilt kven ein har sympati og antipati for.
Anna Karenina er gift med ein god og snill mann som framfor alt manglar pasjon. Ho blir dermed eit lett bytte då ho møter ein mann som kan tilby henne den lidenskapen ho manglar i livet. Å leve ut kjærleiken inneber å miste kontakten med sonen, men òg tap av sosial status i den russiske sosieteten.
I dag kom ein liten pakke frå CDON att - denne gongen var det berre to filmar, men dei ser eg fram til å sjå saman med ungane. Vi har lese bøkene tidlegare, men det er koseleg med film òg. Kanskje bruker eg ein av dei i undervisninga, for Roald Dahl går aldri av moten.
I dag fekk vi pakke i posten. Blant godbitane i øskja var fire musikalfilmar, bestilt i begeistringa over "Les Misérables". Vi damene i familien kosar oss no med "Cats", og Gamla lagar vaflar til alle som vil ha.
Eg er inne i ein periode med romanlesing i faget internasjonal engelsk, og eg har derfor lese romanen "Slumdog Millionaire" for fjerde gong. Eg får meg ikkje til å ta den med i bokteljinga mi, for i år skumles eg den nesten. Til i morgon skal elevane ha lese ut boka, og undervegs har dei svara på spørsmål som dei skal levere inn skriftleg neste tysdag. Komande fredag begynner vi å sjå filmen.
Det er eit godt opplegg og ei fengande bok, og no er det tredje gong eg går gjennom boka saman med elevar. Kanskje bør eg fornye meg snart, for min eigen del.
Etter ein sein frukost, ein tur i ruskevêret og ein kjapp middag var det tid for jentene og meg å hive oss rundt og fare til Ørsta. Der plukka vi opp "Besta", og så var det klart for kinodate igjen. Sjølv hadde eg sett filmen i førre veke, men dei hine hadde ikkje sett den før. Eg tolte godt å sjå den igjen, og er framleis imponert av den spektakulære produksjonen. Vi kjem truleg til å kjøpe dvd-en, og kanskje eit nytt eksemplar av cd-en òg. Det er mange storfilmar som har première framover, og eg kjem til å prøve å få med meg dei fleste på kino.
Fredag kveld var vi ein gjeng damer frå jobb som gjekk på kino saman. Filmen var "Les Misérables", som eg har sett som musikal i London to gonger og høyrt filmmusikken til svært mange gonger.
Filmen er spektakulær. Den held seg nær opp til musikalen i bruk av sungne replikkar, men kulissane kan ikkje samanliknast. I byrjinga ergra det meg litt at skodespelarane spelte for mykje skodespel medan dei song, slik at dei fantastiske songane kom i bakgrunnen, men film er trass alt eit anna medium som nyttar andre verkemiddel.
Eg vart mest imponert over rollefigurane Fantine, Eponine og Javert, medan Cosette og Marius var litt "bleike". Jean Valjean sjølv var ein betre skodespelar enn songar, i mine øyre. Ei flott filmoppleving uansett, og koseleg mat og prat etterpå.
Vi har som tradisjon å gå på kino heile familien og sjå ein julefilm i førjulstida. I år var det "Reisen til julestjernen" som peika seg ut som eit naturleg val. Eg har aldri sett den eigentlege "Reisen til julestjernen" frå ende til annan, men noko har eg plukka opp. Derfor var det interessant å sjå om det var noko poeng i å lage ein ny versjon.
Dommen i bilen heim var einstemmig. Historia er noko tynn, og der er nokre logiske brestar. Korleis greier til dømes Sonja å halde gullmedaljongen hemmeleg for røvarane i ti år? Kostyma og landskapsbileta var derimot imponerande og stemningsfulle. Vi trur ikkje det blir ein ny klassikar, men vi hadde absolutt ei hyggeleg oppleving.