mandag 29. juni 2015

Bok 53 2015: "1957" av Jon Ewo

I denne boka tenkjer forfattaren seg at Noreg vart ein del av det stortyske riket på 1940-talet, og at Heinrich Himmler er Riksprotektor i Noreg og arbeider for å skape ein stor og rein germansk rase. Foreldrelause Monika skal giftast bort til ein SS-soldat, men problemet er berre at ho har forelska seg i ein annan...

Boka er spennande, og ikkje så lite sær. Eg likar best realistiske romanar, og er over middels interessert i krigshistorie, så det blir litt pussig å sjå føre seg eit nazifisert Noreg. Som tankeeksperiment kan det likevel vere meir interessant enn sjølve historia i boka. Den er noko syltynn.

Nettshopping

Ein burde ikkje handle på nett, men heller støtte opp om lokale butikkar. Heilt klart.

Men så var det argumenta FOR nettshopping, då. Ein gong kosta det meg 500 kroner ekstra å kjøpe ein kjole på butikk enn viss eg hadde kjøpt den same kjolen på nett. Dessutan kostar det å reise til tettbygde strok med fire passasjerar og bil på ferja. For ikkje å snakke om at det tek tid. Når nettbutikkane i tillegg freistar med gratis frakt dersom ein handlar for over kroner 1000, er saka klar.

Denne gongen var det skor det gjaldt, og butikken eg handla på var sportsbutikken XXL. Tre av borna mangla turskor, og eg fekk tak i tre par heilt ok joggeskor til turbruk for til saman 1200 kroner. I kveld har to av ungane prøvegått sine skor, og dei er svært nøgde, sjølv om Minstemann ikkje ser problemet med å gå tur iført Converse-skor.

Veslejentas skor
Eldstejentas skor

søndag 28. juni 2015

Bok 52 2015: "Men livet lever" av Knut Hamsun

I denne tredje boka i trilogien om August dukkar han opp i Segelfoss by, som er eit oppdikta samfunn frå ein annan serie. Vi får høyre meir om dei menneska vi har blitt kjende med i tidlegare bøker, men det dukkar òg opp nye. Boka er ein slags kollektivroman som fortel om mangt og mykje i småbysamfunnet, og det er vanskeleg å seie kva den eigentleg handlar om. I våre dagar vil boka verke temmeleg triviell, men ein kan sjå føre seg at bøkene har vore meir nyskapande i den tida dei kom ut.

August er eit absolutt lyspunkt i ei elles noko langdryg leseoppleving (22 timar på lydbok). Det blir ei stund til eg les Hamsun att.

Årets flottaste bursdagsgåve del 2

Tanta hadde strikka ein nydeleg genser til Veslejenta som ho både likar og kler veldig godt!

Årets flottaste bursdagsgåve

Systa tok nesten pusten frå meg med denne fantastiske bursdagsgåva. No er eg klar for valkamp!

Hageselskap og rockefestival

I ettermiddag/kveld var eg invitert i hageselskap med program og servering hos Systa og Svoger på Hareid. Samkoma er ei årleg hending med tittelen "Under linda", sidan dei har ei lind i hagen akkurat der scenen er tillaga. Det vart både song og opplesing,  og etterpå fekk vi nydelege kaker og kaffi i eit strålande sommarvêr. Eg møtte mange gamle kjende, og det var på alle måtar ein hyggeleg seanse.
Bilete knabba frå bloggen til Svoger

Tre av ungane hadde i mellomtida reist til Fosnavåg for å vere på festivalen der ein dag til. Eg nådde fram dit akkurat i tide til å få høyre Morten Abel. Det var òg ei stor oppleving.


Etter konserten reiste vi heim, etter først å ha teke turen til Ørsta for å hente Charlie. Han har hatt eit par kjekke dagar i Ørsta, og det verka ikkje som om han hadde sakna oss noko særleg heller.

lørdag 27. juni 2015

Bok 51 2015: "1920" av Jon Ewo

Denne boka handlar om noko som kunne ha skjedd, dersom svenskane hadde oppdaga olje i Nordsjøen og dermed ikkje ville sleppe Noreg ut av unionen i 1905.

Håkon Lie er ein ung gut som boksar som hobby, men òg for å tene pengar til familien sin. Han hamnar i eit kriminelt miljø, og snart vert han send på straffearbeid i Nordsjøen.

Boka er sær, og eg slit litt med å skjøne om noko er verkeleg eller ikkje - spesielt fordi namna Håkon Lie og Rudolf Nilsen vert brukte. Som spenningsroman fungerer boka godt, og eg vil tru den kan fenge ein del unge lesarar. Det er òg viktig å finne ungdomsbøker som passar best for gutar, og dette er kanskje ei slik.

Fosnavåg Rock 2015

Lommerosk skulle spele på festival, og mor og søsken drog dermed på festival. Ja, der var fleire som spelte òg, og eitt av dei andre høgdepunkta var Dum Dum Boys. Ein nydeleg kveld ute i havgapet, og vi fekk sjå solnedgangen frå kaia. Eg kan elles legge til at Eldstejenta fekk lærekøyre til og frå. Vi håpar på at ho skal klare å gjere seg ferdig med sertifikatet i løpet av sommaren.









fredag 26. juni 2015

Bok 50 2015: "Respekt" av Jon Ewo

I starten mislikte eg denne boka sterkt, då den verka som ei slik typisk ungdomsbok som bruker mange slang-uttrykk og banning og har handling lagt til eit kriminelt bymiljø. Boka er alt dette, men den har meir òg. Blant anna er den første forteljarstemma sterkt prega av rap-musikken han høyrer på, slik at boka delvis er skriven som ein rappe-tekst. Av ein eller annan grunn har forfattaren lagt inn ei stemme til som manglar denne stiltonen, mot slutten av teksten. Etter mitt hovud hadde den første delen stått svært godt aleine.

Den første forteljaren er Kim, ein kriminell unggut som har hatt ein vond oppvekst og som har oppnådd makt og kontroll i gatemiljøet. Reglane i dette miljøet er harde, men tydelege. Mot slutten kjem altså den andre forteljaren inn, utan at eg synest dette tilførte boka noko viktig. Eg trur boka kan passe for nokon, spesielt den første delen, men her på bygda kan ein ha problem med å identifisere seg med gatemiljøet og språket dei kanskje nyttar der.

Eit lite utdrag frå boka:

"Far var ørefiker,
en jævla sviker, 
en dust med høye viker
og ei vom så diger
at selv ikke diker
kunne holde den på plass."

torsdag 25. juni 2015

Bok 49 2015: "An Abundance of Katherines" av John Green

Det er ein del år sidan eg studerte engelsk, og i tillegg var mykje av pensumlitteraturen då frå renessansen og 1800-talet. Det er derfor ei viktig "fagleg oppdatering" både litterært og språkleg for meg å lese noko nyare, engelskspråkleg litteratur. I tillegg kan det vere svært givande, som til dømes denne boka av John Green - ein forfattar som har slått godt an blant ungdom.

I boka møter vi vedunderbarnet Colin, som saman med sin einaste ven Hassan legg ut på ein roadtrip for at Colin skal kome over at Katherine har slått opp med han. No er ho ikkje den første som har utsett han for dette: Colin har nemleg hatt 19 kjærastar, og alle har heitt Katherine. Ei etter ei har slått opp med han, og Colin prøver no å utarbeide matematiske kurver og grafar som skal kunne føreseie kor vidt eit forhold vil vare, kor lenge, og kven som kjem til å slå opp.

Dette var ei fin bok som seier mykje om korleis det kan vere å kjenne seg annleis, om korleis det kan opplevast å vere sårbar og om vennskap og forhold mellom menneske. Eigentleg kunne eg ha tenkt meg å skaffa eit klassesett av boka til bruk i engelskklassane mine til hausten, for det var verkeleg ei bok eg trur kunne ha slått godt an.

onsdag 24. juni 2015

Sommarsveisen 2015

Vi er fleire i familien som treng ein hårklipp, men i dag fekk vi i alle fall Minstemann ferdig klipt til sommaren tek av for alvor! ærende i tettbygde strok var å kjøpe meir sen til kantklipparen og å hente eit par bøker til på biblioteket. Ettermiddagen har gått med til kantslått og luking, og dei to yngste har vore hagehjelparar. Veslejenta har slått kantane langs heile oppkjørsla, og det er ikkje lite! Ho kjem nok til å kjenne det i armane når det lid på.

Eigentleg likar eg hagearbeid svært godt, sidan det gir så synlege resultat, men det er godt å ha gode hjelparar så ein slepp å gjere alt som må gjerast sjølv.

tirsdag 23. juni 2015

Jonsok 2015


I dag hang skodda tungt, slik det plar gjere på Sunnmøre om sommaren, så det var lite poeng i å fare på turar til spektakulære stader. Vi gjekk i staden ein lang tur, hovudsakleg rundt vatnet på Folkestadsetra.


Jonsokfeiringa i år var eit felles arrangement med Folkestad, og det var derfor rekordframmøte på Grendahuset. 3/4 av flokken min enda opp i ballbingen ganske kjapt etter grauten, så dei heldt varmen trass i det kalde vêret. 

mandag 22. juni 2015

Feriestemning i Casa Margarita

Eigentleg var det første feriedagen i dag, sidan helga ville ha vore fri uansett. Eldstejenta skulle på jobb, og eg hadde store planar om hagearbeid for resten av flokken. Storegut og eg tok oss ei handlerunde og kjøpte fleire utemøblar, og då vi kom heim, sette Gamla gjengen i arbeid med å klippe plen, klippe greiner og klippe kantar. Etter ei lita stund var det slutt på sen i kantklipparen, så då gjekk nokre av oss i gang med luking i staden. Planen var å legge ut før og etter-bilete i kveld, men resultatet er ikkje heilt topp enno.

I kveldinga har vi grilla på verandaen for første gong denne sesongen. Livet er herleg!

Bok 48 2015: "Bebe 4, Alt kjekt kan skje" av Bente Bratlund

Dette er den fjerde og siste boka om Bebe, etter det eg har lese på nett. Denne gongen møter vi henne på Sydentur saman med venninna Sara, som prøver å kome over noko fælt ho har opplevd. Dei slappar av og møter gutar, og det skjer i det heile svært lite revolusjonerande i boka anna enn at dei roar seg ned og styrkjer vennskapen sin.

No er ikkje eg i primærmålgruppa for denne typen bøker, men eg trur serien kan fungere godt for å skape leseglede hos unge og urøynde lesarar. Språket er relativt enkelt og nøytralt i stilen, setningane middels lange og sjølve bøkene ganske korte. Her er heller ikkje banning, slik ein ofte finn i ungdomsbøker som på den måten skal verke "autentiske". Mange unge lesarar reagerer negativt på slik språkbruk. Miljøet er ganske vanleg; Bebe bur saman med mora og søskena i eit rekkehus, medan venninna har gifte foreldre som har råd til å reise til Syden. Læraren er litt utidig i eit par av bøkene, men ikkje overdrive heller. Elles er dei fleste problema i livet til Bebe vanlege ungjenteproblem som dei fleste kan identifisere seg med.

Eg skulle ønske mange bokmålselevar i ungdomsskulen kunne lese desse bøkene som ein del av sidemålsundervisninga, for dette er god nynorsk som dei kunne ha identifisert seg med gjennom handlinga i bøkene.

Bok 47 2015: "Bebe 3, Den einaste som veit" av Bente Bratlund

I bok 2 fekk Bebe vite ein frykteleg løyndom av venninna Sara, og i denne boka lurer dei to jentene på korleis dei skal takle situasjonen. Parallelt med dette opplever Bebe å vere forelska og å bli kyssa for første gong. Konflikten i boka er mest at ho har skamkjensle fordi ho er lukkeleg når andre har det vondt.

Løysinga ligg kanskje i eit nytt gullkorn frå nabodama:

"Vi får sørgja når vi må, og gleda oss når vi kan. Vi treng gledene. Kanskje særleg på dei vonde dagane."

Bok 46 2015: "Bebe 2, ingen ting som før" av Bente Bratlund

Nummer to i bokserien om Bebe er ei svært kort bok som handlar om eit nyttårsball som Bebe og Sara har sett fram til og planlagt. Noko er annleis med Sara etter at ho kom heim frå juleferie, og no verkar ho heilt uinteressert i både kjole, hår og resten av nyttårsballet. Spørsmålet er om bebe finn ut kva som er gale, og korleis det vil gå med vennskapen deira.

Dette er som sagt ei svært kort bok, men den er skrive på god nynorsk utan å bli sentimental eller barnsleg i stilen. Så langt synest eg bøkene om Bebe vil høve best for jenter i ungdomsskulealder, og eg skal prøve å teste dei ut på min eigen 15-åring.

søndag 21. juni 2015

Bok 45 2015: "Bebe" av Bente Bratlund

Bebe er ei ung jente som slit med dårleg sjølvbilete. Ho er forelska, ho er misunneleg på venninna og ho må til tider velje mellom mora og sine eigne interesser. Dette er ikkje så uvanlege problem, og eg trur derfor ein del jenter kan leve seg inn i denne korte ungdomsboka, som er den første i ein serie.

Eit artig, lite innslag i boka er nabodama, som kjem med følgjande replikk:

"Snille jenter som ikkje ber om sjokolade, får ingen sjokolade"

Årets leseprosjekt i ferien

Når ein har avspasering og sommarferie er det viktig å sette av ein del tid til fagleg oppdatering. I år har eg, med ein heil del hjelp frå bibliotekaren på jobb, plukka med meg heile 19 boktitlar frå skulebiblioteket. Det meste er ungdomsbøker, men eg har òg funne nokre lettleste engelske bøker. Ungdomsbøkene skal eg lese mykje fordi det er ein sjanger eg les lite av, og det kan vere greitt å vite kva ein skal anbefale når ein skal oppmode ungdomar til å lese. Dei engelske bøkene skal eg lese for å friske opp språket litt.

Det finst mange gode grunnar til å lese, spesielt når ein underviser i engelsk og norsk. Her blir det mange hyggelege stunder!

Hornindal bru og Hornindal seter

I dag skulle vi eigentleg ein heilt annan stad, med Hornindal bru som eit lite stopp på vegen. Ved brua gjekk det ein veg fram til ei seter, og dermed vart vi nysgjerrige og køyrde dit. Derifrå gjekk det nemleg sti vidare mot Hornindalsrokken, det spisse fjellet ein ser fram mot frå brua. Vi hadde ikkje tenkt oss på fjelltur, men tenkte at det vatnet det òg var skilta mot var eit passeleg turmål. Kanskje fekk vi betre utsikt mot fjellet derifrå. Vi gjekk eit stykke langs det som kan kallast ein traktorveg, men etter kvart hadde delar av vegen blitt dekt av snøras og til og med rasa ut. "Nokon" vart dermed svært skeptisk, og vi snudde nedatt. Det var ein nydeleg, varm dag, og det var i grunnen greitt å tilbringe resten av ettermiddagen på verandaen.











Flofjellvegen

Laurdag hadde eg bursdag, og eg vakna til solskin og fuglesong. Slik fekk eg den beste bursdagsfeiring eg kunne tenkje meg: ein tur langs Flofjellvegen med mann og hundar. Flofjellvegen går mellom Flo og Hellesylt, for dei som ikkje kjenner til den.


















Vi køyrde til Flo, som ligg eit stykke forbi Stryn, og så gjekk vi derifrå og til "Nedstesætra" i Sunnylven. Deretter snudde vi og gjekk attende. Det er eit vakkert landskap langs vegen, og det mest spektakulære er den smale vegen på ei hylle som er sprengd inn i fjellet. Eg har eit lite snev av høgdeskrekk, som dei fleste veit, men eg kom meg heilskinna både fram og attende. Nokre vel å sykle denne turen, men eg syntest det var fint å gå. Neste gong skal vi gå andre vegen, opp frå Hellesylt.