onsdag 28. februar 2018

Bok 17 2018: "En moderne familie" av Helga Flatland

Ein søskenflokk på tre opplever at foreldra deira, som er i 70-årsalderen, vel å skilje seg. Boka viser familielivet frå desse tre søskena sine ståstadar, og saman gir desse forteljingane ei god skildring av vår tid, der ein prøver å kjempe mot alder og biologi og slit med i-landsproblem som at partnaren ikkje ser ein nok. Dei vaksne borna synest foreldra bør ha nok med born og borneborn, medan foreldra klagar over at dei "ikkje får meir ut av" forholdet. Faren held fram med å jogge trass i kneproblema sine fordi han nektar å akseptere alderen sin, og ei av systrene slit med å bli gravid når ho nærmar seg 40. Dette er kanskje ikkje den beste boka eg har lese av forfattaren, men ho viser fram nokre menneske som er truverdige i all si enkelheit.

søndag 25. februar 2018

Bok 16 2018: "Selfies" av Jussi Adler-Olsen

I denne romanen møter vi att Avdeling Q, i tillegg til eit fargerikt persongalleri som mellom anna inkluderer trygdemisbrukarar og ein kreftsjuk sosialarbeidar som er lei av dei jålete unge kvinnene som ikkje gidd å arbeide. Sosialarbeidaren vel å ta lova i eigne hender, medan dei trygdemisbrukande kvinnene slår seg saman for å skape eit betre tilvere for seg sjølve. Lydboka er glimrande innlesen, og eg må seie det forundrar meg at eg likar så godt bøkene om Avdeling Q, når dei andre bøkene av same forfattar er så kompliserte og nesten keisame i forhold.

Bok 15 2018: "Fri vilje" av Helga Hjorth

Vigdis Hjorth skreiv for ei tid attende ein roman som var basert på hennar eige liv, der ho mellom anna avslørte familiekrangel og overgrep. Systera Helga kjende seg ikkje att i denne romanen, og ho gjekk til det steget å skrive ein roman ho òg, som tilsvar. Heile situasjonen er temmeleg spesiell, for den kastar lys på fenomenet "faksjon", der ein skriv fiksjon om verkelege hendingar. Kva følgjer kan slik litteratur få for dei som vert omtala i romanform? Og kva er sant og ikkje? Eg har lese den første boka og likt den godt, sjølv om eg ikkje visste den var sjølvbiografisk. No har eg lese tilsvaret, og den gav meg mykje å tenkje på. Det finst ofte ulike opplevingar av kva som er sanning, og det er ganske spesielt å utlevere familien i bøker. Dette gjeld begge bøkene, og eg er glad eg slepp å ta stilling til kven som er mest sannferdig av dei to systrene.

Ahead of the curve

Laurdag kveld spelte Storegut saman med bandet Ahead of the Curve på ein restaurant i Volda. Eldstejenta og eg tok turen, og Gamla drog opp gjennomsnittsalderen ein heil del. Det var svært godt og rocka musikk, og vi hadde ei kjekk musikkoppleving saman med ein flokk ungdomar. Nokre av dei tidlegare musikklinjekompisane til Storegut hadde òg møtt fram.

lørdag 24. februar 2018

Photoshoot

I dag hadde vi eit oppdrag som måtte utførast: vi skulle få tatt eit bilete av heile familien. Sidan naboguten går medialinja, spurte vi han om han kunne knipse. Vi gjekk ned i fjøra, der det var iskald vind, og han knipsa tre bilete. Det første var finast, slik eg har erfart at det ofte er, og vi syntest sjølve det var eit naturleg og avslappa bilete som viser oss slik vi vanlegvis ser ut. Vi brydde oss heller ikkje med å redigere det på nokon måte, sjølv om det sikkert hadde betra det noko. Biletet skal brukast i ei bygdebok.

torsdag 22. februar 2018

Handlerunde

I dag skulle vi bunkre inn litt mat, og eg hadde eit lite ærend på ein klesbutikk. Når vi likevel skulle inn på den butikken, kunne vi sjå litt på konfirmasjonsdress til Minstemann. Vi kom då i prat med tredje generasjons dressforhandlar, og han og eg mimra litt om gamle dagar i Ørsta, då faren min jobba som tilskjerar på klesfabrikken som bestefaren hans starta. Eg hugsar godt både faren, tanta og to av onklane hans frå fabrikktida. Han viste meg bilete frå første tida med fabrikkdrift, og seinare fekk vi fortalt pappa om dette treffet då vi besøkte han på Ørstaheimen.

Mjeltevika

I dag var vêret skiftande, og då vi gjekk tur, var det relativt surt ute. Elles tok vi det ganske roleg resten av dagen, med spel, film, bøker og kraftig middag. Vi får òg snakka ganske mykje saman, sjølvsagt, spesielt når vi er ute og går tur. Vi har fine dagar.

onsdag 21. februar 2018

Bok 14 2018: "Winter i verdens rikeste land" av Janne S. Drangsholt

I denne boka møter vi att Ingrid Winter, som no slit med eit altfor dyrt hus som bør pussast litt opp, innvendingar mot førelesningane hennar og ein frykteleg irriterande positiv nabo. I tillegg befaler mora frå Spania at Ingrid må ta seg meir av morfaren, og skule og barnehage krev meir oppfølging enn godt kan vere. Ei fantastisk underhaldande bok som fortel mykje om tida vi lever i.

tirsdag 20. februar 2018

Kilskrossen revisited

I dag rusla vi frå heimen inn til rasteplassen mellom Kile og Bjørkedalen, og deretter gjekk vi til Kilskrossen og gjennom Kilebygda før vi gjekk heim. Det er ikkje nokon imponerande tur, men det vart over 15000 skritt. Dermed kan vi snart ete ball til middag med godt samvet. Livet er herleg med huset fullt!

mandag 19. februar 2018

Fastelavn

Sidan alle avleggarane i dag vart samla i heimen, kunne vi endeleg arrangere fastelavn, med krembollar og fastelavnsris. Det er fantastisk å ha søskenflokken samla att, sjølv om det medfører mykje lyd og rot. Bollane var uvanleg gode i dag, truleg mest fordi eg tok meg god tid til å la dei heve og etterheve medan eg vaska huset. Det har blitt ein del husarbeid i helga, men det er feriesyssel for ein som til dagleg styrer med langt mindre praktiske ting.

En mann ved navn Ove

I dag gjekk turen til Eid, der Riksteateret hadde framsyninga "En mann ved navn Ove" - basert på boka som eg har lese for lenge sidan. Eg likte filmen godt òg, men det er noko eige med levande teater. Historia om grinebitaren som mjuknar opp er så utruleg vemodig og rørande, samtidig som den er morosam. Vi hadde dessutan svært gode plassar, midt på rad 4 i operahuset.

lørdag 17. februar 2018

Bok 13 2018: "Ingrid Winters makeløse mismot" av Janne S. Drangsholt


Ingrid Winters makeløse mismotDå eg nyleg var innom biblioteket for å hamstre inn lektyre til feieveka, sa eg at eg var ute etter noko lett og underhaldande. Bibliotekaren foreslo då den nyaste boka til Janne S. Drangsholt, men så måtte eg få med meg den første boka om Ingrid Winter også, som eg no har lese ut.


Ingrid Winter er litt forvirra, veldig pratete og ganske så impulsiv. Ho arbeider på ein høgskule der arbeidspresset er stort, ho har tre små born, mann og hus, og dette medfører mykje arbeid, organisering og situasjonskomikk.

Boka kan klassifiserast som ei chick lit-bok frå eit akademisk miljø, og den er verkeleg underhaldande. No ser eg med glede fram til oppfølgjaren, som er neste bok i bunken.

Bok 12 2018: "Hun takket gudene" av Jussi Adler-Olsen

Nicky Landsaat skal opp og fram og ut av slummen i Amsterdam, koste hva det koste vil. Jobben som trainee i firmaet Christies viser seg å by på langt mer enn Excel-ark, noe som passer Nicky perfekt. 
Jussi Adler-Olsen viste seg å inneha profetiske evner da han skrev Washington-dekretet, om hvor galt det kan gå hvis den amerikanske presidenten ikke er riktig vel bevart. Noen måneder før angrepet på World Trade Center i 2001 skrev han ferdig Hun takket gudene, som på et overordnet plan handler om nye former for terror. Det er forunderlig hvor godt Jussi Adler-Olsen ser og beskriver ulike muligheter for grusomme handlinger - og, heldigvis for oss, blir de til glitrende fortellinger. 
Fortellingen om Peter de Boer og Nicky Landsaat er lagt til Amsterdam på begynnelsen av 1990-tallet. Forretningsmannen Peter de Boer er født i Indonesia, men oppvokst i Holland, i skyggen av en despotisk far. Han starter sin egen virksomhet og lærer seg å ta makten over andre. Firmaet hans lever av å ta betalt fra andre firmaer for å knuse deres konkurrenter. Det er en svært lukrativ geskjeft, om enn en smule uetisk. 
Nicky Landsaat bor i en helt annen del av Amsterdam enn Peter de Boer og omgås et såpass rufsete klientell at hun like gjerne kunne vært fra en annen planet. Hun bor i gettoen, med en voldelig, alkoholisert far og en mor som opprinnelig er fra Indonesia. Men Nicky har ingen planer om å forbli i fattigdom og elendighet - hun setter seg høye mål og lar ingenting komme i veien for dem. Tross de forferdelige familieforholdene går Nicky ut av studiene med toppkarakterer. Hun kommer seg inn som trainee i Peter de Boers firma, særlig fordi Peter liker det han ser, og hun viser seg å ha helt spesielle talenter. 
Hvis man skal spille høyt spill om store penger, bør man ikke ha hemmeligheter som ikke tåler dagens lys. Dessverre har Peter de Boer opptil flere skjeletter i skapet, og da den irakiske etterretningstjenesten forlanger at Peter knuser et stort, vestlig oljeselskap, havner han i en skikkelig skvis. Han føler seg truet med avsløring av sin egen gåtefulle fortid og blir tvunget til å ta oppdraget. Plutselig er han og Nicky virvlet inn i et spill på liv og død om en hittil ukjent form for terrorisme.
Leseren får full uttelling. Jussi Adler-Olsen gir full gass fra første side og slipper ikke trykket før siste side er lest. Ja visst kan man si at Hun takket gudene handler om internasjonal finans og terror, men drivkraften i boka er definitivt den iherdige, sjarmerende og uslåelige Nicky og det forholdet som etter hvert utvikler seg mellom henne og Peter de Boer. Beskrivelsene av det på alle måter fargerike nabolaget hennes er ubetalelig. Her er narkomane og prostituerte og små og store skurker som kjemper om hegemoniet. Ifølge Jussi Adler-Olsen selv er Nicky en foregangsfigur for Rose fra Avdeling Q. Det er altså bare å glede seg! (saksa frå Bokkilden)

Mi personlege meining er at boka nok bør lesast i eit kortare tidsrom enn eg har hatt tid til. Eg synest det vart mykje å halde greie på, og sjølve kriminalhistoria vart for komplisert i forhold til dei meir personlege delane. Det var veldig interessant å lese ei bok med handling frå Nederland, eit land eg har lyst til å sjå meir av (eg har berre mellomlanda på ein flyplass der). Eg har liggande ei Adler-Olsen-bok til, og den handlar heldigvis om Avdeling Q.

Siste studiesamling

Torsdag og fredag var eg på mi siste studiesamling. Det var både vemodig og skummelt, skal eg innrømme. Samtidig ser eg litt lyst på arbeidet med oppgåva, for eg har fått mange gode råd med på vegen framover. Mange eg snakka med vert svært oppglødde og interesserte når eg seier kva eg skal skrive om, og eg sjølv er sjølvsagt veldig interessert.

Den vemodige biten gjeld både det faglege påfyllet, som har vore utruleg kjekt å få med seg, men aller mest at eg kanskje mister kontakten med fleire av dei kjekke medstudentane. Nokre av oss gjekk ut og åt middag saman torsdag etter samlinga, og det var veldig hyggeleg. Eg håper nokre av dei andre skal på rettleiing i Volda av og til, og at eg då kan møte dei til lunsj i kantina.Vi har hatt mange gode samtalar undervegs, og det vert litt trist viss vi kuttar all kontakt.

No skal vi på eiga hand forske vidare på kvar våre prosjekt, og eg sjølv sit med eksamensoppgåvene eg skal analysere og haugevis med teoristoff som skal lesast. Innan midten av mai skal det leverast 7000 ord, hovudsakleg med teoristoff, og så kan eg for alvor begynne å kategorisere og analysere stoffet. Det blir hardt arbeid, men kanskje litt kjekt òg.

Nedlegging og oppstart av det lokale partilaget

Om eit par år skal to kommunar, Volda og Hornindal, vere samanslegne. Dette betyr i praksis at ein heil del organisasjonar må slåast saman. I desse dagar held derfor politiske parti og andre kommunale organisasjonar årsmøte der ein legg ned kommuneorganisasjonane og gjenoppstår som ein samanslått organisasjon. Torsdag kveld var eg i Hornindal, der vil slo saman partigruppene og valde eit nytt, felles styre. Fylkesleiaren og den lokale stortingsrepresentanten var òg til stades og kasta glans over arrangementet. Det var god stemning på møtet, og det lovar godt for framtidig samarbeid.

søndag 11. februar 2018

Bok 11 2018: "Gå aldri fra meg" av Kazuo Ishiguro


Gå aldri fra megForfattaren var ukjend for meg, men fekk Nobelprisen i litteratur i 2017. Eg ville derfor sette meg litt inn i korleis han skriv ved å lese denne romanen, som eg hadde lese mykje både negativt og positivt om.
Kathy ser attende på livet på ein kostskule. I starten verkar dette normalt nok, men etter kvart legg ein merke til at ingen av borna der har foreldre, og at ein nyttar ord som "donor" og "omsorgsperson" som om dette er noko sjølvsagt og naturleg.


Romanen fortel om konsekvensar av forsking ute av etisk kontroll, og det er ei god bok, sjølv om denne sorten litteratur gjer meg litt nedstemt.

Nok ein grå vinterdag

I dag sov Minstemann lenge, medan Gamla las og kosa seg med ein stille morsdagsmorgon. Deretter gjekk vi ein lang tur innover bygda. Det er hyggeleg med slike rusleturar, og samtalane blir mange og gode. Sidan det er både morsdag og fastelavn i dag, slulle ein tru det vart litt meir action, men dei feiringane har vi utsett til familien ganske snart er samla att. Det ser vi sjølvsagt fram til, og no er det berre ei arbeidsveke att før det er ferie.

lørdag 10. februar 2018

Feiring av mor/mormorsdag

Sidan Veslejenta var på øving, var det berre Minstemann og eg som var heime i dag, laurdag. Vi har utsett både fastelavn og morsdag til vinterferien, men i dag tok vi med oss mormora på cafédate i høve morsdagen i morgon. Vi rakk òg ei lita butikkrunde før ho skulle til Ørstaheimen. Morfaren var ikkje heilt i strøk i dag, så vi vart ikkje med inn.

Menyen i dag var kebabrull med kylling, og det var både rikeleg nok og veldig godt.
Mor og mormor på Café Napoli i Ørsta

torsdag 8. februar 2018

Bok 10 2018: "The Hate You Give" av Angie Thomas



Forlaget skriv:

Starr Carter er 16 år og beveger seg hver dag mellom to verdener: det fattige svarte lokalmiljøet, der hun bor, og den finere privatskolen i forstaden, som hun går på. Det er en ustabil balanse som går i stykker den kvelden Starr blir vitne til at barndomsvennen, Khalil, blir skutt og drept av en hvit politimann. Khalil var ubevæpnet.
Da Khalils død blir forsidestoff over hele landet, og nabolaget bryter ut i voldsomme demonstrasjoner, blir Starr nødt til å ta et valg, spesielt siden noen av vennene hennes på skolen antyder at Khalil kanskje fortjente det. Alle vil vite hva som skjedde, men det Starr velger å si – eller ikke si – kan ødelegge lokalsamfunnet, vennskap og sette hennes eget liv i fare.
Angie Thomas’ sterke debut om en helt vanlig jente, som havner i en uvanlig situasjon, tar for seg temaer som rasisme og politivold med intelligens, hjerte og urokkelig ærlighet.
Inspirasjonen til The Hate U Give kommer fra bevegelsen Black Lives Matter. BLM er en internasjonal bevegelse som forsøker å bekjempe vold og systematisk rasisme av svarte. Men Angie Thomas er også inspirert av rapperen Tupac og hans uttrykk THUG LIFE – akronym for ‘The Hate U Give Little Infants Fucks Everyone’.

Min kommentar: eg syntest boka vart litt stilleståande og langdryg, men tematikken er sjølvsagt viktig. Eg skulle ønske eg hadde lese boka på engelsk, for omsetting av sjargongen verkar berre kunstig på meg.

onsdag 7. februar 2018

Digitalisering i Hornindal

I dag var det nytt treff i folkevaltnettverket for Sunnmøre. Denne gongen møttest vi i Sogn og Fjordane, i det som snart er del av Nye Volda. Vi fekk høyre provoserande, engasjerande og underhaldande innlegg, ha gruppearbeid og diskusjonar i plenum og prate med kvarandre om andre saker. På agendaen stod digitalisering, og vi reiste derifrå med nye og kreative tankar om kva som kan og (ikkje) bør digitaliserast av kommunale tenester.

tirsdag 6. februar 2018

Elvadalen

Medan Minstemann var på konfirmasjonsførebuing i kveld, gjekk eg tur med mann og hund i Elvadalen i Volda, frå sentrum til Årneset. Eg har faktisk ikkje gått turen før, men høyrde om prosjektet med å lage turveg langs Elvadalen allereie då eg gjekk på PPU i 1994/1995. Eine læraren i didaktikk var primus motor for prosjektet, og han brukte det som utgangspunkt då han underviste om forteljing som metode.

Eg må attende ein gong det er lyst, for det er truleg mykje interessant å sjå der.

søndag 4. februar 2018

Bok 9 2018: "Mor om natten" av Niels Fredrik Dahl

Etter å ha høyrt ein omtale av denne romanen på radio, var eg snar å låne den på biblioteket. Det har teke litt tid å lese den, men ikkje fordi den er tung eller keisam, berre litt dyster.

Ein forfattar får ei dagbok av mor si, med beskjed om å gjere med den kva han vil. Han legg den vekk, og ikkje før det har gått fleire år tek han den fram att. Mora si dagbok, eller nattbok, fortel om angst og problem, og romanen til Dahl handlar mykje om denne nattboka og mora, men aller mest om forfattaren sjølv og hans opplevingar av rus, skrivesperre og kjærleiksforhold, blant anna. 

Radioomtalen var svært positiv, og eg hadde vel trudd og håpa at boka skulle handle meir om mora. Når det er sagt, er dette ei svært god bok, men altså noko dyster.

fredag 2. februar 2018

Ferdigstilt forskingsplan på fri-fredag

Seks dagar før fristen leverte eg i dag inn førsteutkastet til forskingsplan. Omfanget var berre 2000 ord, men det var ikkje lett å finne dei rette orda, basert på dei beste artiklane og bøkene. Eit førsteutkast må uansett kunne betrast til endeleg levering, så eg tok sjansen.

Etter eg hadde levert, gjekk eg tur med Charlie til Mjeltvika i nydeleg vintervêr, og då eg kom heim låg ein tjukk konvolutt og venta på meg i postkassa. Ein som arbeider i UDIR har tidlegare sendt eksamensoppgåver frå år 2000 digitalt, og i dag fekk eg tilsendt i papirform eksamensoppgåvene frå og med 1989 med tilhøyrande ressurshefte. I tillegg hadde han lagt ved sensorrettleiingar til nokre av eksamenssetta. Eg er himmelfallen over slik sørvis, for dette gjer arbeidet mitt framover utruleg mykje lettare. Eg skal prøve å finne oppgåvene frå 1988, og i tillegg eit ressurshefte som mangla i samlinga, og så har eg forskingsmaterialet mitt komplett, noko eg trudde eg skulle bruke mykje tid på i vår.
Så vakkert er det her

Dagens gåve

Av dette lærer eg at ein kan vere hjelpsam, og at ein av og til kan yte meir sørvis enn det som er etterspurt.