onsdag 31. desember 2008

Nyttårsfeiring

Etter ein solid innspurt i stilrettinga, som tok mesteparten av dagen i går, er eg no snart klar for å feire slutten på 2008. I og med at eg begynte å blogge tidleg i januar, har eg no eit eineståande høve til å oppsummere kva som har skjedd i løpet av året. Det som er blitt blogga om, i alle fall. For familien her har 2008 vore eit spesielt innhaldsrikt år, med barnedåp, konfirmasjon, championat og turar hit og dit. Eg vil takke alle blogglesarar for følgjet så langt og ønskje dykk ei triveleg nyttårsfeiring. Vår feiring får de lese om på bloggen i morgon!

mandag 29. desember 2008

To gode gutar



I dag var eg på visitt hos kollegavenninna som fekk baby 21. desember, og så kom ei anna kollegavenninne også dit med sin baby på nesten to månader. Det var forresten vi tre som var i London sist vinterferie, men det var ikkje tema for dagen i dag. Babyar er som regel skjønne, men desse to gutane er to uvanleg vellukka eksemplar! Eit kjempekoseleg treff - håper det blir mange fleire framover!

søndag 28. desember 2008

Juletrefest og 80-årsfeiring






Etter ein nydeleg, klar dag var det tid for den årlege juletrefesten på Straumshamn. Som vanleg deltok dei tre eldste ungane aktivt i programmet med dans og spel, og unge Indiana var flink til å takke nissen høgt og tydeleg. Jentene stilte også i år med ein julerelatert og sjølvkoreografert dans. På heimveg stoppa vi hos naboen og var på etterpåselskap der (ho feira 80-årsdag i går, men då var Gubben vekkreist). Som ein kuriositet kan eg nemne at vi drakk kaffi frå kaffiservise som jubilanten og mannen fekk av besteforeldra til Gubben til bryllaupsdagen sin i 1954. Serviset var fint det, og alle delane var intakte enno!

Bok 47: "Kunstgleder"

Denne vesle boka fekk eg til jul, og no har eg kosa meg med den i stille stunder. (Tusen takk til Hareidsgjengen!) På omslaget står det "Camilla Collett dikt & Harriet Backer bilde", men det er ikkje berre poesi Collett har å by på. Personleg er eg glad i den gryande feminismen som ho byr på innimellom, og i Backers bilete kan ein òg finne interessante kvinneportrett. Noko som irriterer meg, derimot, er at Backer ikkje rydda av bordet før ho måla stilleben...

Bok 46: "Vente, blinke" av Gunnhild Øyehaug


Forfattaren av denne boka er dotter av to tidlegare kollegaer, og faren er dessutan ein av dei tidlegare norsklærarane mine. Gunnhild har eg derimot aldri møtt, og eg har knapt nok lese noko av henne heller. Denne boka har fått gode kritikkar, og det var med stor glede og forventning at eg kasta meg over den då den kom i postkassa mi ein dag. Og for ein gongs skuld innfridde boka dei forventningane eg hadde på førehand - mykje fordi eg har ei svakheit for bøker og filmar med parallelle historier som delvis vert fletta inn i kvarandre. Kan anbefalast på det varmaste!

fredag 26. desember 2008

Favorittsongen min for tida

Boxing day





Det har vore ein tradisjon for familien min å samlast hos Besta og Besten i Ørsta på andre juledag, og slik vart det også i år for dei fleste av oss. Serveringa var koldtbord, og det passa godt etter to dagar med pinnekjøt.

Bok 45: "D is for Deadbeat" av Sue Grafton


Kva kan ein seie om denne? Minst 100 sider for lang, lite engasjerande krimgåte og ein temmeleg enkel slutt? Eg er på veg til å droppe resten av alfabetet, trur eg.

torsdag 25. desember 2008

Innføring i skikk og bruk


Ved frokostbordet kommenterte Nummer 2 at det jammen var lenge sidan han hadde leika med kompisen i nabohuset. Gubben og Gamla forklarte då at ein ikkje besøker vener på første juledag - det er ein gammal tradisjon. Nummer 2 tenkte seg litt om, og så spurte han: "kanskje de e på tide å innføre noken nye tradisjona?"

Julaftan vel overstått

Jul er nesten synonymt med tradisjonar. Heime hos oss er det blitt tradisjon å gå i kyrkja på julaftan - det fell seg naturleg i og med at tre i familien spelar i korpset. Etter kyrkje er det middag (pinnekjøt av sau), nissevisitt og pakkeopning. Vi har vore heldige når det gjeld helsa i år, og gullungane vart nøgde med det dei fekk av gåver. Enno har vi dei blant oss som ikkje har avslørt nissen, og som møtte han med skrekkblanda fryd. Andre var mindre skeptiske.




tirsdag 23. desember 2008

...og vi har pynta tre....

v




Hos oss er det tradisjon å pynte juletreet om kvelden vesle julaftan. Slik vart det også i år. Det er gullungane som står for det meste av arbeidet, i år iført nissehuer - men unge Indiana var snar å bytte ut hua med sitt vanlege hovudplagg. No er vi klar for å "puste på ei stund"... God jul til alle blogglesarar der ute!

Familietreff på Hareid











I dag samlast vi alle frå Hareid, Ørsta, Kongsberg og Bjørnaset hos Tante og Onkel på Hareid. Det er ikkje så ofte vi er samla alle, men i dag var vi altså 18 stk til bords og fekk servert nydeleg suppe, karamellpudding og diverse andre godsaker. Eg legg ved nokre bilete av familien T, alle søskenbarna og dagens underhaldning (vitselesing). Takk for ein koseleg dag!

Favorittjulesongen min

mandag 22. desember 2008

"mens vi venter..."


Nokon som hugsar reklamen "Skal vi itte heller ta en slik der Grandiosa"? Vi tok ein vri i dag, med tanke på all den gode og feite maten vi kjem til å stappe i oss dei følgjande dagane: pitabrød med "gresk" salat... Det smakte himmelsk og gjorde godt, sjølv om julestemninga uteblei.

I ein samtale på jobb for noko sidan, kom vi inn på dette med å glede seg til jul. Har ein nokolunde økonomi, kan ein ete pinnekjøt og syltaflesk året rundt, og småkaker har vi nesten ikkje lyst på eingong. Skiljet mellom jul og kvardag er såleis lite materielt sett, og det blir desto viktigare at vi fyller høgtida med noko anna. Etter ein travel haust er det til dømes fint å kunne tilbringe tid saman og slappe av med gode bøker og filmar, og kan hende ta ein skitur dersom vêret blir nokolunde i romjula. Kanskje blir det tid til nokre gode samtalar undervegs? Viss det blir keisamt, kan eg heller drage fram den siste stilbunken...

søndag 21. desember 2008

Fjerde søndag i advent



Under mottoet "betre seint enn aldri" laga eg i dag julemanndeig. Gubben og tre barn stod for kjevling og utstikking av tradisjonelle "mann- og konekaker", men i tillegg også kattar, englar, ender, hestar og bearded colliar. I mellomtida laga eg deig til kokosmakronar, så ut på natta ein gong får vi fullført årets julebakst! Nummer 2 deltok ikkje i bakinga på grunn av sjukdom, og nokre av dykk er kanskje skarpsynte nok til å skimte han på sofaen i stova. Han var den einaste som ikkje vart sjuk av å opne julekalendar, så det er kanskje same sykja som slo til litt forseinka. No håpar vi berre på at vi - og alle andre - får vere friske i jula.

lørdag 20. desember 2008

Juleferie!


Fordi Gubben plutseleg skulle ha jobbehelg (laurdag ettermiddag/kveld og dagvakt søndag) måtte vi ta oss ein kjapp handlerunde i dag òg. Indiana vart med, og løn for strevet var ny leikekasse til å ha lego i. Den kassa han ville ha, var ei i eit sett på tre kasser, så då fekk ein av dei tallause hundebamsane til Nummer 3 ei kasse å ligge i. Nummer tre såg ein viss nytteverdi i det nye golvteppet på stova. Nummer to er delvis sjuk, og det er mange born på skulen som har vore elendige den siste tida. Vi kryssar fingrane og håper vi slepp unna sykje no når vi endeleg har fri.

fredag 19. desember 2008

Det går mot jul i heimen


Då eg kom heim etter ein lang dag med flyttesjau og shopping, hadde resten av familien vaska hus og sett utover nissar og julekrybbe. Vår utgåve av den heilage familien har sjølvsagt ein bearded collie, som dei mest skarpsynte blant dykk kanskje får auge på.

Flyttesjau





Ved jobben min har vi hatt vår siste arbeidsdag før jul i dag, og det vart ei avslutning utanom det vanlege. Første to timane hadde vi avslutning med elevane, deretter gjekk vi i kyrkja. Til lunsj var alle tilsette og pensjonistane samla til smørbrød, kake og program. Så langt gjekk alt som normalt. Men så vart mange av oss att for å bere opp alt vi hadde på pultane nede til dei lekre, nye arbeidsromma oppe i den gamle naturfagavdelinga. Sjølv skal eg sitje på norskrommet, og pulten min er bakarst i ei krå der det er vindauge høgt oppe på veggen (nordvendt). Eg vart svært nøgd med den plasseringa, som vart bestemt på rettferdig vis med loddtrekking. I gangen utanfor får vi spreke møblar slik at vi kan "henge" litt utanom arbeidsøktene. Vi glæææær oss - men fryktar at vi kjem til å jobbe enda meir med så fine arbeidsplassar...

torsdag 18. desember 2008

Julepest

I dag var det julefest på skulen der dei tre eldste er elevar. Programmet var både godt og variert, sjølv om eg meinar å hugse at det var betre i fjor. Eldstejenta song og dansa, Nummer 2 spelte sau i stykket "wolf, wolf", som forresten var eitt av dei betre innslaga, song og dansa og Nummer 3 song og spelte kornett. Etter programmet var det kollekt til Kenya og mat på fat.

Mange synest det er mykje stress med avslutningar og julefestar i aust og vest, men personleg synest eg det er kjekt med fest og moro - spesielt etter at vi fann ut at det er vel så populært med smørbrød som "mat på fat" som med kake. Elles fekk eg "delt ut" ein "bunke" med engelsk heildagsprøver i dag (den noko overdrivne bruken av hermeteikn skuldast at prøvene framleis berre eksisterer på skjerm, og at elevane har fått dei returnert i mappene sine på data). Det går mot ferie, og den er svært velfortent i år - både for store og små. Sjå forresten http://www.youtube.com/watch?v=u2w16xjEJWw

onsdag 17. desember 2008

Regn og ruskevær både her og både der


Det blir få turbilete for tida; vi går rikeleg med tur, men då er det som regel klin mørkt. Søndag var Minstemann og eg i skogen, men då hadde kameraet flatt batteri. I dag var ikkje veret så fint for fotografering, men eg ville berre ha det dokumentert: ja, vi var i skogsvegen. Naboguten var med, og vi kosa oss med peparkaker (aldeles ikkje heimebaka) og drops (som Minstemann fekk i kalenderen i dag). Det regna noko så inn i granskauen, så derfor oppheldt vi oss der - i granskogen, altså.

"Jeg skal vise dere frykten" av Nikolaj Frobenius (bok nummer 44)


Somme bøker får ein lyst til å lese, og denne var ei slik. Den hamna i postkassa mi etter at eg i ein svak augneblink på nytt hadde meldt meg inn i Bokklubben Nye Bøker, noko som eigentleg er meiningslaust når ein har eige bibliotek på jobb, og eg gledde meg til å ta fatt. Frobenius skriv godt, og boka er spennande. Eg skulle berre ønske at eg hadde meir førekunnskap om Edgar Allan Poe - det hadde gjeve leseopplevinga ein annan dimensjon.

tirsdag 16. desember 2008

Party, party


Etter ein lang dag på jobb var det berre å reise heim, kle seg om og snu attende til Volda. Jobben min har lang tradisjon for noko vi kallar "Vardefest" - ein elevkveld som i mi tid var arrangert i februar, men som no fungerer som juleball. Nytt av året var at vi leigde utestaden "Rokken" til dette føremålet, og vi lærarane stilte som vakter. Sjølv melde eg meg raskt til å stå i garderoben, noko eg såg på som ei klart definert og avgrensa oppgåve. Dessutan fekk vi godt oversyn over dei nydeleg pynta elevane. Programmet bestod av mykje song og dans, og eg håpar at elevane hadde det kjekt. Sjå elles
http://www.volda.vgs.no/volda_vgs/nyheter/vardefesten_2008