Viser innlegg med etiketten hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hage. Vis alle innlegg

onsdag 23. juli 2025

22. juli

Så er det den datoen igjen. Tankane går attende til det som skjedde  22. juli 2011, som eg har lese så mykje om, sett dokumentarar, serie og filmar og som eg underviser om på ulikt vis kvart år i ein eller annan samanheng. Tankane går også til notida, til dei som overlevde og dei som miste nokon. I år las eg ein god artikkel om dei overlevande som no sit i regjering. Det er alltid ein fare for at nokon synest fokuset er usmakeleg i valår, men som ein sa det: det er val annankvart år, og 22. juli kjem kvart år. Det er viktig å minnast, og eg synest det er flott med dei regjeringsmedlammane som fortel si historie. Det gir håp om at ein kan leve med trauma sine.

Min eigen 22-juli- tradisjon er å plane ei rose i hagen min. I år vart det ei raud av typen "Minha". Ein får håpe den overlever i varmen og kan kome att neste år. Livet er skjørt og dyrebart.


fredag 21. mars 2025

Oppkøyrsla før og no

Det har vore periodar med svært mykje regn siste månadane, og i ein slik periode vart oppkøyrsla vår totalt øydelagd. Det viste seg at eit dreneringsrøyr hadde tetta seg med stein og mold, men i tillegg var det opp i 80 mm nedbør på eit døgn, så det vart for mykje overflatevatn å handskast med. Eg gjorde mitt beste med å opne opp grøft og rør for å få unna det vatnet som kom sigande, og så ordna Bladfyken med to lastebillass med sand og ein mann med traktor, slik at alt vart fiksa medan eg var på jobb. Det var ei ufatteleg lette.

torsdag 27. juli 2023

22. juli 2023

Også i år planta eg ei raud rose på 22. juli. Tankane vandrar slike dagar til alt som skjedde attende i 2011, i tillegg til alt eg har lese og høyrt i ettertid. Mange unge liv gjekk tapt, og mange fleire har bore på sorg og traume i ettertid. 


torsdag 16. juli 2020

Ferie i Casa Margarita

Feriedagane går utan at altfor mykje skjer. Det vert ein del hagearbeid, ein del husarbeid og ein heil del matlaging. Maskinparken sørgjer for at vi har reine kjøreld og klede til ei kvar tid, og Gamla har meir enn nok med å halde maskinene med arbeid og å setje inn og ta ut av dei same maskinene. Det er stor stas å lage skikkeleg middag som står klar når dei to mellomste kjem heim frå jobb, og denne veka har vi hatt pannekaker, kjøtkaker og laks. I tillegg har eg fått dilla på brødbaking, og i bloggande stund har eg vekas fjerde brødbakst på gang. Eg har berre to fungerande brødformer, men vi har likevel eit par brød i frysaren. Kanskje tek eg dei opp når Eldstejenta og venninnene kjem - vi får sjå.

Livet som hotelldirektør kjennest ikkje akkurat som ferie, men vêret innbyr meir til arbeid enn til verandakos. No er hagen finare enn på lenge, og nokre skap og skuffer ser òg betre ut enn på veldig lenge. Huset har bore preg av dei to sommarane med masterskriving, og eg kunne fått det skikkeleg shina før skulestart, men no håpar eg på nokre kjekke feriedagar med opplevingar også utanfor tomta.

Tysdag rydda eg matskuffer, baka og laga heimelaga kjøtkaker

Det gigantiske bedet før arbeidsdagen tok til

Same bed tre timar seinare, etter luking, klipping og seks sekkar med mold/gjødsel















søndag 12. juli 2020

Prosjekt oppkøyrsle 3

Dagens program var blant anna å fylle opp bilen til Storegut med søppel som han kan levere på miljøstasjonen i morgon. Bilane har stått nede ved hovudvegen etter at gruslasset kom, så for å få flytta bilen nærare huset vart det naudsynt å flytte noko av grusen frå dungen i svingen. Gutane tok seg av dette medan eg leita fram diverse skrot, baka brød og laga middag. Fargeskilnaden er ganske stor, og viss det ikkje jamnar seg ut, må vi til med meir grus eller rake saman dei to sortane viss det skal sjå bra ut. Det viktigaste er at grusen vert liggande.


fredag 10. juli 2020

Prosjekt oppkøyrsle 2

Eg hadde ikkje høyrt meir frå mannen med gruslassa, så planen var å ta ein roleg dag og kvile armar og ryggar i dag, fredag. Stor var derfor forundringa då eg vakna av at ein lastebil køyrde i oppkøyrsla vår, og hunden gøydde som ein gal nede i buret sitt. Det viste seg at mannen med grusen hadde oppfatta siste samtale som ei bestilling, så han strødde utover ei stripe med knust asfalt. Begge bilane stod parkerte, så han fekk ikkje lagt grus der eg eigentleg hadde tenkt, men han sleppte derimot frå seg ein stor dunge i svingen då han heldt på å køyre utfor vegen. Dungen sperra for bilane, men Storegut greidde å svinge utanfor då han like etter måtte køyre på jobb. Deretter gjekk dei to resterande ungane og eg til angrep i eit kvarter kvar, såpass eg kom meg forbi då eg skulle køyre Veslejenta på kaia. Etter det att skrapa Minstemann og eg vekk grus i ein halvtime kvar, før vi tok oss ein tur. Sveitten rann, og sportsklokka mi varsla om at "målet mitt var nådd" - ikkje dårleg før klokka 12 på føremiddagen.
Onsdag morgon såg svingen slik ut

Torsdag ettermiddag hadde vi reinska vekk ein del gras

Fredag morgon såg det plutseleg slik ut

Turen i dag gjekk til tettbygde strok, der vi hadde diverse ærend. Minstemann skulle møte nokre kompisar etterpå, og då tok eg meg ein tur på kaffibesøk til mamma.

Eitt av handleærenda mine var å kjøpe nye inneskor. Det var på høg tid å skifte ut dei gamle.

onsdag 8. juli 2020

Prosjekt oppkøyrsle

I eit par, tre år har det blitt stadig mindre sand på vegen opp til huset. Eg har prøvd å få kontakt med eit Voldafirma tidlegare, utan hell, men i dag fekk eg telefon frå eit firma på Eid. Dei sende tilbod på frakting av ulike typar sand, så no er det berre å hive seg rundt for å gjere klart. Der er mellom anna nokre grastorver som må vekk, greiner som må kuttast og diverse anna. Minstemann kverna opp dei buskene vi saga ned tidlegare i sommar, og eg har brukt ein del av dagen til å hakke, kutte og sage. Minstemann klatra til og med opp i eit tre for å få vekk ei gjenstridig grein. Jobben er langt frå fullført, men vi er i gang.

Det største dramaet opplevde eg då eg vart angripen av hissige maur, noko som gjorde at eg måtte skifte klede og dusje midt i arbeidsøkta.

tirsdag 7. juli 2020

Hageliv 2

Sidan det var nokolunde opplett i dag, tok eg meg ei økt i hagen, etter å ha vore ein tur på Eid for å handle. I dag var det på tide å begynne på det enorme staudebedet, der det grør att med mose og gras, og der det var mykje daudt og visna som skulle takast vekk. Etter eit par timar gav eg meg, og resultatet var bra, om ikkje akkurat imponerande. Det begynte å regne, og då forsvann entusiasmen fort.

Bileta er tekne frå verandaen, og derifrå ser ikkje bedet så stort ut. Det nedste biletet viser resultatet etter eit par timars arbeid med klipping, kutting og luking. Eg har dessverre ikkje fiksa det øydelagde trappetrinnet, men trappa viser, om ikkje anna.



Eitt av ærenda på Eid var å kjøpe ingrediensar til å bake, for no tenkjer eg å begynne å bake brød att. Eg leita etter brødformer òg, sidan eg ikkje har så mange, men dei hadde ingen under 300 kroner på butikken, og det syntest eg var i overkant. Ettermiddagen brukte eg til å bake brød og lage pannekaker, så i dag sankar eg mammapoeng.

lørdag 4. juli 2020

Hageliv

Å kome heim frå ferie kan vere litt stressande. Vi haddestelt hagen ein heil del før vi reiste, men kom heim til noko som minte om ein jungel. Det regna dessutan fredag, og eg hadde meir enn nok å gjere med klesvask og rydding inne.

Sidan Storegut mangla annan bil både fredag og laurdag, har han brukt min bil til å køyre seg og systra på jobb. Eg har derfor vore heime aleine både fredag og laurdag, utan høve til å fare nokon stad anna enn til fots.

I dag var det fint vêr, og eg begynte derfor å rydde i hagen. Eg luka eitt av beda, klipte ned ein rododendron og klipte plen, i tillegg til å gå til angrep på bregner og visna stauder med saks. Resultatet var ikkje revolusjonerande, men langt betre enn utgangspunktet.
Før

Etter

Då Storegut kom heim frå jobb, laga han nydeleg middag til oss (han måtte også handle, sidan han hadde bilen). Det gledar meg å sjå at han har fått bruk for wok-panna eg gav han til jul!

onsdag 17. juni 2020

Sånn går no dagane

Det går mot skuleslutt, og vi har hatt mange fantastiske dagar med nydeleg vêr. I førre veke hadde eg ein del heimetid, og eg fekk måla og beisa såpass mykje at eg pakka vekk utstyret ei stund. Planen er eit par strøk til, men det hastar ikkje. I tillegg retta eg ferdig dei siste elevarbeida og førte alle karakterane ferdig onsdag kveld.

Torsdag kveld skulle eg på avslutning for Utdanningsforbundet (styret med varamedlemmer), og det vart ei triveleg stund på Sæbø, med nydeleg tapas og volleyballkamp (som eg berre var tilskodar til). Då eg kom heim, hadde husstanden stige ein del, og ut på natta vart vi enda fleire, då Storegut kom heim frå Trondheim. Han hadde nokre dagar att før han skulle levere bacheloroppgåva si, og då passa det fint å kome heim til si pedagogiske norsklærarmor...

Oppgåveskrivinga prega det meste av helga, i tillegg til hagearbeid. Laurdag saga vi ned den store syrinbuska, sidan fleire greiner var daude og dei hine skugga for blomsterbedet og halve plenen. Det enda med at gutane saga ned den buska som stod bak òg, slik at vi fekk frigjort noko plass rundt den store steinen. Planen er å få laga til plenen eit stykke oppover i hagen, for det er lettare å klippe med plenklippar enn med kantklippar. I første omgang skal vi klippe med kantklippar, men då må det bli litt kaldare i vêret. Søndag var det overskya, og då bar vi vekk resten av det som hadde vore saga ned og raka plenen.

Denne veka har eg vore mykje oppteken med møteverksemd på dag- og kveldstid, men måndag fekk eg med meg ein minifestivar for musikklinja, der Minstemann og dei hine tre gutane i klassen vart kåra til "Årets pusekattar", etter å ha dansa til "Cats" før jul. Tysdag føremiddag gjekk vi på Dinglavatnet saman med elevar. Storegut fekk dessutan levert oppgåva si innan fristen, og det var stor stas for både mor og son.

I morgon, torsdag, er det kommunestyremøte att, i tillegg til formannskapsmøte, som eg òg er kalla inn til. Dette inneber at eg går glipp av noko av planleggingsdagen. Det skal eg nok overleve, men det blir ein brå slutt på dette merkelege skuleåret. Sist det var kommunestyremøte, heldt vi på til klokka 21.30, så denne gongen har eg alliert meg med Minstemann, som skal vere heime og passe hunden. Det er meldt 25 grader og strålande sol, så det blir nok ganske så høg temperatur - også med tanke på sakene som skal opp.
Endeleg fekk eg klipt av koronasveisen

To strøk

Ny sveis på Minstemann òg

Tapas

Etter hogst
Under raking


Tre av årets pusekattar

Livet

tirsdag 28. april 2020

Sjuande koronaveke, dag 2

Hunden Charlie fyller seks år i dag, og det måtte han sjølvsagt feire!

Minstemann og eg hadde skule 8.15 - 15.00 i dag, men Veslejenta sette i gang med å skrape maling av gripelista på verandaen og spyle verandagolva. Håpet er at vi dei komande dagane skal få male og beise, og at verandaen skal vere fin til sommaren kjem for alvor.
Før-bilete

Før-bilete


Etter skuletid raka og klipte Minstemann plenane. Der låg diverse smårusk att etter materialdungen eg har bore vekk, og engkarsen stod klar til å sprette ut, så det var godt å få klipt graset no. Vi kjøpte gjødsel i går, og i morgon skal det regne, så det er gode sjansar for at plenen skal bli finare i år enn i fjor.
Etter raking og klipping, der materialen før låg. Mest mose.

Sjølv gjorde eg litt av kvart, som å klippe ned buskar, luke ugras og rake vekk småkvist, og etter kvart sykla eg ein tur med bursdagshunden før eg laga middag. Eg er godt nøgd med innsatsen vår i dag!

torsdag 9. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 4

Etter å ha starta dagen med å lese ut den spennande boka eg har vore oppslukt av i dei siste dagane, erstatta eg turen i skogen med ein tur i hagen. Det var surt og kaldt med snøbyger, og eg tenkjer at eg heller vil gå fine turar og jobbe i hagen når det ikkje er så fint.
Før

Etter. Framleis nok å gjere.

Dagens prosjekt var først å flytte vekk noko av materialen frå leikarhytta Minstemann reiv for eit par veker sidan. Den har blitt liggande under snø og var blitt veldig sleip og våt, men eg fekk vekk det grøvste. Kanskje ber eg vekk resten i morgon, og i tillegg haugane med greiner og småtre som eg har klipt og saga vekk i det siste.

Eit mindre krevjande prosjekt reint fysisk var å rydde nokre grøfter slik at vatnet renn der eg vil ha det til å renne, røske vekk nokre visne planterestar frå i fjor og legge nye planar for årets hagesesong. Får eg vere frisk, får eg rikeleg med tid og mulegheiter til å styre i hagen i vår. Eg berre håper det skal kjennast trygt å handle på plantesenter etter kvart, for eg kjem til å trenge diverse utstyr, mold, plengjødsel og kanskje noko utstyr til å så urter. Hagearbeid er noko av det kjekkaste eg veit, sjølv om hagen min ikkje ser slik ut.

Ettermiddagen brukte eg til å høyre/sjå på presentasjonar som elevane mine leverte inn før påske. Eit par dagar før skulen vart stengd, sette eg i gang eit gruppearbeid der elevane skulle lage presentasjonar om ulike tema som hadde med Australia å gjere. Målet var et dei skulle halde desse presentasjonane for kvarandre, men no vart det altså innlevering av filmar til meg ("Screencast-o-matic"). Når opptaka er på 10-15 minutt, og der er 27 elevar i klassen, seier det seg sjølv at det tek tid å høyre gjennom alle, men eg greidde 23. Eg trur eg lærte ein heil del om Australia òg.

I kveldinga kosar eg meg med den australske (!) serien eg ser for tida, "Et sted å høre til". Den ligg på Nrk og er slett ikkje verst.

fredag 27. mars 2020

Andre koronaveke, dag 4

Minstemann filmar til eit fagprosjekt han held på med

Vårteikn i vegkanten

Vårteikn i hagen
I dag skulle eg ikkje ha undervisning, og eg var ferdig med rettearbeidet. Eg tenkte derfor å bruke dagen til andre syslar, men medan eg tenkte på kva, tikka det inn ein sms. Eg vart kalla inn til formannskapsmøte i dag. Då eg sjekka innkalling og sakliste, stod det at møtet skulle vere i Volda, noko eg grua meg litt for. Ei dame frå rådhuset ringde og lurte på om eg hadde fått meldinga, og då fekk eg vite at møtet skulle skje på nett. Dermed slapp eg å forlate bygda i dag òg. Sidan møtet skulle begynne klokka 13, vart det ikkje til at eg starta noko storprosjekt verken før eller etterpå, men då Minstemann var ferdig på skulen, gjekk vi ein tur med hunden. Det var litt sol i dag, og nokre vårblomar har tort seg opp av jorda. Våren er ei fin årstid, når sommaren enno er i vente.

Middagen i dag vart restar frå i går og i forgårs. Eg nekta å lage ny mat før vi hadde ete opp meir av den vi allereie hadde, og det var greitt for ungdomane.

Minstemann gjekk ned på grendahuset for å styre med prosjekta sine etter middag, medan Veslejenta og eg har kosa oss med å sjå ferdig "Vikingane". Vi såg om att dei to første sesongane før vi såg den nyaste, og det er ein morosam serie. Litt tid til lesing og prat vart det i dag òg, sjølvsagt, men eg har styrt unna mange nyheitssendingar.

fredag 20. mars 2020

Første koronaveke, dag 5

Dagen i dag vart nytta til litt spabehandling, i tillegg til heimekontor. Det er jammen bra elevane ikkje ser læraren sin når ho har på ansiktsmaske og hårkur og er iført pysj og morgonkåpe. Vi slit framleis litt med dei digitale plattformane, og nokre av elevane har ustadig nett, men eg synest vi har kome godt ut av den første veka med heimeskule. Neste veke blir kanskje meir krevjande, for no har elevane kome inn i ein tralt og begynt å kjede seg og bli rastlause. Kunsten er å gi dei passeleg mange og passeleg krevjande oppgåver.

Heile familien (alle tre, altså) tok ein tur på butikken etter skuletid. Vi handla handlekorga full, så no har vi i alle fall støtta den lokale butikken i rikt monn. Det var truleg tryggast å handle der, for der er ikkje så mange menneske innom. Det kjennest uverkeleg, det heile.

Veslejenta henta ein pakke på butikken, og ho hadde kjøpt seg eit skateboard. Det var ein del arbeid med å montere det, og etterpå for ho ut for å prøve det. Ho ville vere aleine.


Minstemann hadde òg eit prosjekt, for i hagen står ei leikarhytte som har fått taket delvis knust i ein vinterstorm. Prosjektet no er å rive denne hytta, så får vi laga til området der med meir plen etter kvart. Det var mykje hardt arbeid med å slå sund hytta, og i kveldinga låg det heile i ein stor dunge. I morgon skal han rydde vekk fjølene.

Sidan begge ungane hadde prosjekt, sette eg meg ned med ei god bok utover ettermiddagen. Minstejenta og eg laga dessutan ein gedigen porsjon pastasalat med pesto og bacon, og seinare såg vi "Ut og stjæle hester" på tv, medan Minstemann møtte kompisar på nett.

Eg finst ikkje rastlaus enno, berre engsteleg og bekymra.

fredag 2. august 2019

Kvardagar i ferien

Så fekk vi nokre nydelege, varme dagar der det skjedde lite og inkje. Eldstejenta reiste søndag, dei to mellomste jobba og Minstemann og eg slappa meir eller mindre av, gjorde nokre ærend og liknande og vatna mykje i hagen. Onsdag regna det, så då vart det handel og ærend.
Hundedagar

Ny leike

Den rosa buskmuren blømer no

Torsdag hadde eg planlagt hagearbeid, men så kom gutane dragande med 11 flyttekasser frå faren. 9 av dei inneheldt bøker og album, så dei var både tunge og vanskelege å flytte på plass. Dermed for dei og henta dei hyllene som vi hadde avtala at eg skulle få med på kjøpet (dei var "arv" frå foreldra mine uansett). Då torsdagen (i dag) kom, monterte Minstemann først opp hyllene, og så sorterte vi og sette på plass alle album og bøker i kassene. Nokre bøker vart kasserte, andre vart eit kjært gjensyn. Det vart òg ein del støvtørking, og så nytta eg høvet til å rydde og sortere ein del i papir eg hadde liggande. Brettspel og viktige papir har fått plass i den nye kommoden som enno står på stova, og nokre papir vert samla i kasser og sett til side. Eigentleg burde eg ha venta til masteren er levert med slike storprosjekt, men dei 11 kassene hadde ikkje fått plass i nokon av bodene uansett. No er 9 tømde,  og dei to siste får stå i ei bod inntil vidare.
Puslespel av hyller (BBB-reol)

Ferdig montert

Ferdig sortert og plassert


tirsdag 23. juli 2019

Nye møblar til verandaen

I dag var det varmt, men ikkje direkte sol. Eg tenkte at høgtrykksspyling var ein fin aktivitet, så Minstemann vart sett i arbeid med å kople opp maskina. Så viste det seg at der mangla ein del, så vi enda opp med å rydde vekk gamle møblar og liknande som stod på verandaen, han klipte litt plen og eg planta resten av staudene eg kjøpte i går og luka litt i bed. Eldstejenta hadde lånt bilen og reist på besøk, så ho vart beden om å kjøpe med den manglande delen heim. Dermed vart det spyling av veranda klokka 20.00 og utover, deretter montering av bordet som Storegut hadde henta med heim. Resultatet vart flott, så no satsar vi på passande temperatur og vêr til å ete ute. Det var berre fire stolar i settet, men vi har ein stabel med ekstra stolar å ta av når vi er fleire.

Måndag 22. juli 2019

Vi har som tradisjon å markere 22. juli med å plante roser i hagen. Eldstejenta og eg skulle derfor ta oss ein handlerunde måndag, samtidig som vi køyrde Veslejenta på jobb klokka 16. Vi tenkte vi kunne bruke tida fram til ho var ferdig på jobb klokka 19 til å utføre diverse ærend.

På Plantasjen kjøpte vi to rosebusker (30% rabatt), nokre små, lave stauder som skal fylle ut bedet mellom rosene og ei spisegruppe (nedsett den òg). Etterpå for vi til Ørsta og handla litt på Amfi, før vi besøkte mormora. Vi hadde med ei lita raud rose, det kan fort bli ein tradisjon det òg. Etter besøket handla vi inn middag til eit par, tre dagar før vi henta Veslejenta og reiste heim.

Vel heime laga Eldstejenta middag medan eg planta rosebusker i regnvêr. Knotten var nesten uuthaldeleg, men eg fekk dei i jorda på rette dagen. Hagearbeid og ettertanke er min favorittkombinasjon. 22. juli er ein viktig dag å minnast, og ei av dei store drivkreftene mine for å vere politisk engasjert.
Europeana
Bee friendly white


Regntung søndag


Når ein eigentleg burde sitje pal med siste hand på masterverket, vart det for freistande å bake. Ungane kom, etter å ha vore hos faren i to veker, og då var det kjekt å ta imot dei med nybakte solskinsbollar. Dermed fekk eg rota såpass mykje at eg var sysselsett med rydding og husvask mykje av dagen. Før dei kom plukka eg dessutan inn nokre roser frå hagen, sidan det vert lite hagevêr i høljeregn. Ingen la merke til det før dagen etter, men det er ei anna sak.