onsdag 30. juni 2010

Sunnmøre - ein landsdel for spesielt interesserte...

Skodde, regn og 10 - 15 grader. Ekte sunnmørssommar. Så snart det sluttar å regne, kjem knotten. Gamla har ikkje bil. Sukk...

Eldstejenta, Veslejenta og Nabojenta sykla til Folkestad for å gå på butikken. Storegut, Minstemann,  Naboguten og eg gjekk tur ned i fjøra og kasta steinar i vatnet. I mangel av noko betre å finne på.

Vidare gjekk Gamla seg ein tur etter vegen, Eldstejenta sykla til Folkestad og reiste vidare til Ørsta på kino og overnatting, Storegut sykla på overnattingsbesøk til ein kompis lenger inne i fjorden og Veslejenta vart med Nabojenta heim for å overnatte der.

I kveldinga sit Minstemann og eg og et is med sjokoladesaus og peanøtter medan vi fyrer litt i omnen for å halde varmen. I følgje Storm.no blir det forbigåande 20 grader og strålande sol i morgon. La oss håpe det!

tirsdag 29. juni 2010

Du skal ikkje tru det blir sommar...

Når ein ikkje har bil som virkar, vert det ein heil tur å stikke ein snartur på biblioteket. Minstemann fekk sitte i sykkeltilhengar, medan vi hine sykla til Folkestad. I Volda lånte vi oss bøker og filmar, handla mat og fekk Gubben til å hente posane våre så vi slapp å frakte dei heim sjølve. Sidan det er ferie, og fordi gradestokken for ein gongs skuld viste meir enn 20, kjøpte vi oss is og hadde med oss om bord på ferja.

Eg sette meg litt ut i sola medan nypotetene kokte. Innan vi var ferdige med middagen, hadde det skya over. Eit par timar seinare pøsregna det.

mandag 28. juni 2010

Sveledebut

Eg har aldri laga sveler før, og takka vere Systa og nokre andre bloggarar i slekta har eg tenkt mykje på sveler i det siste. Systa har lagt ut oppskrift på sin blogg, og i dag leita eg fram ingrediensane og sette i gang. Sjølvsagt har eg ikkje takke til å steike på, så det vart to steikepanner i staden. Det fungerte fint, men tok noko tid. Eg hadde feil sort surmjølk (skumma kultur) og  eg mangla hjortesalt, men svelene vart rett så gode likevel. I alt sju svoltne ungar (to puljer) var særs nøgde med kveldsmaten i dag, og eg har utvida repertoaret mitt ein heil del. Likevel må eg seie at det er meir lettvint med vaflar, så lenge ein ikkje har takke.

Storlida 28. juni

Nabo T ringde i dag tidleg og lurte på om vi ville vere med til hytta deira. Dei to store hadde andre avtalar, men dei to små og eg var lette å be. Vi fekk sitte på i bil nesten heilt fram, og ruta er å kjøre til Steinsvik, Åmelfot og deretter opp ein fjellveg forbi Åmela kraftverk. Området ligg dessverre utanfor det nye kartet mitt.

Dagen var ikkje heilt strålande, men det gjaldt berre vêret. Dagen elles var kjempefin, med hyggeleg selskap og kjensla av høgfjell.

søndag 27. juni 2010

Meals on wheels

Ved avlevering av born i dag hadde Gubben like godt med ei stor gryte med hjortekjøt, så då var det berre å dekke på i spisestua og ha ein skikkeleg gammaldags søndagsmiddag med rikeleg brun saus. Nydeleg mat, sjølvsagt, og rikeleg med restar til måndagsmiddag.

Desserten inntok to i den yngre garde medan dei såg fotballkamp. "Nær-tv" er eit omgrep som har ei spesiell tyding her i heimen. Akkurat no heiar dei veldig på England, og det gjer i grunnen eg òg, for husefreden si skuld.

lørdag 26. juni 2010

Det florerer med krus!

No har eg to krus i Floraserien. Nokon har hinta om at eg snart får fleire, og eg ser fram til å kunne servere gjester kaffi eller te i desse naturskjønne krusa.

Tusen takk til Nabo N for dette fine raudkløverkruset!

Lars Petter Sveen og Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva er årets festspeldiktar på dei nynorske festspela i Aasentunet, og eg hadde veldig lyst til å få høyre henne lese. Ho er ein dyktig forfattar som kombinerer melankoli med det makabre, og som bruker eit språk som er blotta for sentimentalitet og overflødige ord. Dette viser best att i lyrikken.

Rønnaug var kollega av mor mi då ho arbeidde som lærar, og eg hadde henne sjølv i musikk og gym i ein periode. Mi første lærargjerning var eit vikariat for henne; eg trur det var i desember 1989. Det er derfor ekstra spennande å oppleve henne "live" - ho er så vakker, og har ei så behageleg stemme, og det er nesten ufatteleg at den same kvinna kan skrive så groteske tekstar som ho til tider har gjort.

I dag las ho tekstar om døden og livet, og nokre av dei greip meg skikkeleg. Eg synest dessutan eg høyrer eit ekko av Olav H Hauge når ho skriv "nullpunktet er ein stad å vere". Med seg hadde ho perkusjonisten Terje Viken på diverse instrument og lydeffektar.

Lars Petter Sveen las innleiingsvis tittelnovella frå samlinga "Køyre frå Fræna". Han var på skulen vår ein gong og snakka til elevar, og eg hadde verkeleg sans for nokre av novellene hans.

Nynorske festspel 2010

Dei to yngste, Gubben og eg tok oss ein tur til Aasentunet i dag. Der var det ei mini-teaterframsyning med tunkatten Lurivar, og så hadde arrangørane laga til orienteringsløp og teikneaktivitetar som ungane kosa seg med medan Gamla gjekk på føredrag.

Før vi reiste til Aasentunet, sa vi ikkje til ungane kvar vi skulle. Det skulle vere ei overrasking, sa vi. Då vi kjørte forbi kaia, kom det kontant frå Minstemann: "ej håpe me skal heim!".

Kunsten å gjere tannlegetimen til eit lite høgdepunkt i kvardagen

Torsdag tok eg turen til tettbygde strok for å gå til tannlegen. Og når eg skal til tannlegen, har eg ein tradisjon: eg tek ut 2000 kroner i kontantar. Tannlegen reagerer på at eg betaler kontant, men forklaringa er enkel. Eg "løyver" pengar som eg kan shoppe uhemma for. Det kostar aldri meir enn 700 kroner med tannlegen, for eg er ein av hans dårlegaste kundar, og då blir det ein festdag etterpå. Kollegavenninne K, vesle P og eg var innom opptil fleire caféar, og skravla gjekk utan stans. Og så kjøpte eg nye lys og ein Ekelund-løpar som skulle matche den fine keramikkskåla eg fekk til bursdagen.

torsdag 24. juni 2010

Gratulerer, Nevø 1!

I 1987 kom min første "tanteunge" til verda, og i dag fyller han 23 og er ein vaksen mann med utdanning og jobb. Gratulerer så mykje med dagen!

PS: eg fann det biletet på Facebook, og anar ikkje kva det er han demonstrerer. Eg trur det må vere at han er fornuftig kledd etter vêrtilhøva. Årsaka til at eg knabba akkurat det biletet, er at det viser Nevøen i ein samanheng han trivst godt i.

...no var eg innom bloggen til "Besta" og fann eit koseleg bilete av Nevø 1 og meg sjølv, så eg knabba like godt det òg. Det må vere frå vinteren 1989, trur eg.

Enda meir begava

Eg har lenge likt Flora-serviset basert på bileta til naturfotografen Jon Ørsteng Hov. I dag kom ei venninne med ei bursdagsgåve til meg, og det var eit Flora-krus med margerittar på. Gjett om eg vart glad!

Trur du på Mannfeen?

Dei to yngste og eg tok med oss hundane på tur i skogsvegen etter at jonsokfeiringa var slutt. Veslejenta fekk ei innføring i den gamle tradisjonen med å plukke sju sortar markblomar og legge under hovudputa for så å drøyme om sin framtidige ektemann. Det var ikkje så vanskeleg å finne sju slag, men etter ei stund kasta Veslejenta blomane sine:

"Ej trur ikkje på sånt kliss"

onsdag 23. juni 2010

Jonsok på Straumshamn

Ein nydeleg, mild sommarkveld med tradisjonell feiring på Botnasanden. Vi hadde ete rømmegraut heime før på dag, og alle hadde med eigen grill og grillmat til feiringa. Det vart som vanleg kåring av beste kostyme, som i år vart ein sjarmerande liten boksar.

Bok 28 2010: "Noen vet" av Trude Teige

Forventningane mine var langt frå høge då eg begynte på denne krimromanen, men eg vart positivt overraska! Løysinga var lett å tenkje seg, men det var ei spennande historie likevel. Hovudpersonen og privatlivet hennar kan verke klisjéprega, med journalistjobb, ekteskapsproblem og tidsklemme som minner om Annika, hovudpersonen til den svenske krimforfattaren Liza Marklund.

Handlinga dreiar seg om at ein journalist snublar over ei historie om barneheimsborn som er blitt misbrukte og mishandla. Romanen kan såleis seiast å vere ein mellomting av krim og dokumentarliknande drama, og absolutt verd å lese!

Gratulerer, Svoger!


22. juni fylte Svogeren min år, og dagen feira han med sensur i norsk hovudmål. Det høyrest sikkert litt stusseleg ut, men det vart nokre fritimar i løpet av opphaldet, og Bergen viste seg frå si finaste side. Eg gratulerer med overstått både bursdag og sensur - no skal alle lærarar og sensorar ta ein høgst velfortent, og lang, ferie.

mandag 21. juni 2010

Eg ve te Bergen med det samme....

Det er tid for sensur, og eg får meg ein liten svipptur til Bergen. Med seg på reisa har eg blant anna ei bursdagsgåve frå mann og barn; ny toalettveske og sminkepung (som matchar lommeboka mi, må vite). Ferien begynner offisielt tysdag ettermiddag, noko eg ser umåteleg fram til.

Begavelse

Av og til er det ekstra morosamt med presangar. I år hadde mamma ("Besta") gjort seg skikkeleg flid, dikta dikt og kjøpt presangar som passa til teksten. Vi har allereie ein etablert lyrikar i familien, men kanskje verda går glipp av eit anna stort lyrisk talent? Presangane var veldig fine og nyttige, og Gamla må sporenstreks setje seg inn i gamle kunstar med kompass-lesing, viss det nokon gong har vore ein kunst eg har kjent til...

søndag 20. juni 2010

Min årlege 29-årsdag - denne gongen på Helgehornet

Med det utrivelege haustvêret vi har hatt siste tida, med vedfyring og kakao om kveldane, var det usannsynleg deilig med ein utedag med litt sol. Mitt store ønske for bursdagen var å gå på Helgehornet med familien, og deretter grille pølser ved Hovdevatnet. For å toppe det heile vart vi inviterte på kaffi og kaker i Ørsta etterpå. Ein super dag, der eg i tillegg feira at eg har fått unnagjort sensuren for i år!

Utfordrande bursdag

Eg er blitt utfordra av Karoline: 

"Skriv seks fine ting om deg selv, og post et bilde av deg selv som du er fornøyd med. Når det er gjort skal du utfordre seks andre til å gjøre det samme."

No hadde det vore lettare å finne seksti negative ting å seie om seg sjølv, og eg ser klart at dei positive sidene mine fort bikkar over og blir negative dei òg. Dei første positive tinga eg fann på å seie om meg sjølv var forresten ulike variantar av ordet "arbeidssam"... Sidan eg har bursdag i dag, lagar eg meg ei liste som i tillegg kan fungere som bursdagstale til meg sjølv. Det blir sikkert den einaste eg får, så det er berre å "køle på". Biletet er frå bursdagen i fjor.

Gamla er:
Arbeidsvilleg
Sprek
Energisk
Humoristisk
Engasjert
Omsorgsfull

Og eg utfordrar slekta:
Besta
Solveig
Hildegard
Lappetausa
Strikkemor(o)
LilleMø

onsdag 16. juni 2010

Gamlegjerde

I går sat den gode naboen min og eg og drakk kaffi i solveggen, og så spurte ho om eg ville kome bort på fridagen òg. Eg sa eg hadde planlagt å ta med ungane på Gamlegjerde, og det vart til at vi gjekk dit ilag, vi damene og fem av ungane. Ein fin måte å feire fridagen på, og forfriskande når ein skal bruke kvelden til sensur.

mandag 14. juni 2010

Vel blåst

Munnleg eksamen er overstått for i år - i alle fall for min del. Sju av elevane mine i internasjonal engelsk var oppe i dag, og resultatet var bra samla sett, sjølv om eg må innrømme at eg hadde håpa på eit par betre prestasjonar. Nokre glimta til og gjorde det betre enn frykta og forventa. Karakteren etter 25 minutt med munnleg eksamen er noko anna enn standpunktkarakteren, som måler kompetansen ein har vist gjennom eit heilt år. Det er derfor mogleg både å få total panikk og framstå som totalt kunnskapslaus og å sjarmere i senk sensor. Det førstnemnde hende heldigvis ikkje i år, men det er noko eg fryktar kvar gong.

Eg er alt i alt nøgd, og håpar elevane òg sit med ei god kjensle no, og kan gå til ferie med skuldrane nede. 

Bok 27 2010: "Solstorm" av Åsa Larsson

Ein pastor blir funnen død og maltraktert, og systera hans blir mistenkt. Ho tilkallar ei gammal venninne, og vi får høyre mykje om livet i frimenigheita i Kiruna. Klisjéane står i kø, løysinga er ikkje så overraskande at det gjer noko og skepsisen retta mot menigheita er relativt tydeleg. Heilt ok krim, men ikkje så spennande som vaskelappen legg opp til.

søndag 13. juni 2010

Søndag i Trollskogen

I går var det så mykje regn då vi lufta hundar at eg ikkje tok sjansen på å ta med kamera. Då det var opphald i dag, tok vi med oss kamera, og Minstemann ville ta bilete (sjå det fine sjølvportrettet!). Vi leika "gøyme-og-leite" i "Trollskogen" både i går og i dag, og leiken var òg innom slåsting, krigføring og flukt frå skumle (og usynlege) monster. Han er prega både av tv, data og ikkje minst den skumle boka om drakar og monster som eg les til han for tida.

Elles har dagen gått mykje med til eksamensførebuing og dataspel. Det er snart ferie.