søndag 29. november 2015

Første søndag i advent 2015

Denne veka har eg vore på fleire politiske møte, mista fridagen på grunn av jobb og politikk og hatt meir enn nok med å henge med i kvardagen. Laurdag tok småungane og eg oss derfor ein roleg dag med huslege syslar og tur med hunden medan Storegut var på jobb. Vindauga vart pussa, gardinene strokne og julepynten leita fram. dessverre hadde eg ikkje kjøpt juleblomar og røykelse, men vi er trass alt i november enno. Om kvelden såg vi film og kosa oss alle fire.

Søndag morgon var det deilig å vakne opp til delvis julepynta hus. Eg har ein del arbeid på vent, og no får eksamensinnleveringa ha førsteprioritet. Det er berre finpussen som står att, noko eg har sagt lenge, men ein må no berre setje strek for seg sjølv. Fristen er eigentleg fredag, men min personlege frist er onsdag. Då skal eg begynne på rettebunkane.

tirsdag 24. november 2015

Minstemann 12 år

I dag vart husets store filosof og trommis 12 år.

Minstemann vart fødd natt til måndag, og eg hugsar at eg hadde ete pinnekjøt til søndagsmiddag. Eg var ti dagar på overtid, og svangerskapet hadde vore tungt og slitsamt. Babyen var middels stor og heilt frisk, men dei neste månadene skreik han og måtte byssast om nettene. Eg tilbragte nettene sitjande i ein stressless i stova den vinteren, for at han ikkje skulle vekkje resten av huslyden.

All skrikinga og søvnmangelen gjorde at oppdragelsen vart noko annleis enn for søskena. Minstemann fekk det omtrent som han ville både med søvn og mat, også etter at han vart større. Ingen andre i heimen har ete så usunt, til dømes.

Dei tre eldste har spelt fotball og dansa, men Minstemann har ikkje hatt interesse for slikt. Han har hatt ein lidenskap om gongen, som til dømes då han gjekk i cowboyhatt i to år og seinare lærte seg 25 ulike slipsknutar. 1 1/2 år gamal kunne han dei fleste traktormerka, og året etter kunne han bilmerke. For eit par år sidan bygde han seg eit trommesett av diverse emballasje og gaffatape, og for 1 1/2 år sidan kjøpte han seg slagverk, som det meste har dreia seg om seinare.

Minstemann er musikalsk, skuleflink og veslevaksen på mange vis, og han og eg kan ha djupe filosofiske samtalar når vi går tur. Eg er uendeleg glad i guten min, som eg sjølvsagt er i alle fire ungane, og det er ei enorm glede å følgje dei på vegen mot vaksenlivet.

Gratulerer med dagen!

søndag 22. november 2015

Vakker vinterdag

Det har blitt mykje innejobbing i det siste. Oppgåva til studiet mitt har vore "nesten ferdig" veldig lenge no, og eg er ajour med vurderingsarbeidet på jobb før vi no til veka begynner med heildagsprøver. I tillegg har det vore kurs denne veka òg, no for Utdanningsforbundet, og eg har politiske saker eg må setje meg inn i og tenkje over. Det er mange ballar i lufta, og juleførebuingane står òg på lista over ting som skal gjerast.

Ekstra viktig blir då dei gode pausane i livet, som då eg i dag kunne gå ein lang tur med Charlie og glede meg over hans elleville leik i snøen. Eg fekk gleda av litt sol, og då eg kom heim, stakk ei rose fram frå snøen som ei påminning om at det kjem nye somrar, og at sola snart snur att.


lørdag 21. november 2015

Bok 100 2015: "Et minutts stillhet" av Siegfried Lenz

Atten år gamle Christian forelskar seg i engelsklæraren Stella, og dei innleier eit forhold. Denne boka begynner med gravferda hennar, og resten kjem som tilbakeskodande refleksjonar frå Christians synsvinkel.

Eg fann boka relativt uinteressant, og den var heldigvis svært kort (3 CD-ar).

Sesongens første snø

Gamla er ikkje overbegeistra for snø, sjølv om det vart veldig lyst og fint ute. Charlie hund, derimot, kosar seg med å springe tulling rundt i hagen medan Gamla har sete inne og lytta til elevopptak frå språklaben. 30 elevar fekk 20 minutt kvar, så det vart nokre timars arbeid. I det eg vart ferdig, var det eigentleg begynt å mørkne ute, og det snør tett. Charlie får nøye seg med å springe i hagen i dag, så får vi heller gå ein lang tur i morgon.

fredag 20. november 2015

Bok 99 2015: "Politi" av Jo Nesbø

Harry Hole er denne gongen på jakt etter ein mordar som drep politifolk på bestialske måtar.

Denne kriminalromanen vart svært populær då den kom. Eg syntest den var heilt ok, men ikkje særleg meir. Som så mange gongar før vart den altfor langdryg etter min smak, for eg likar betre kortare og meir intense krimbøker.

Innlesinga er god.

søndag 15. november 2015

Fin novembersøndag

Laurdag høljeregna det heile dagen, men i dag skein sola litt og det vart ein nydeleg dag. Dessverre blir dagane kortare og kortare, så det gjeld å nyte det ein kan av dagslys. Vi gjekk tur i Mjeltvika som vanleg.


lørdag 14. november 2015

Novemberselskap: Pappa 79, Minstemann snart 12

Dagens jubilantar



Mine to yngste pynta kaka
I dag har vi feira novemberjubilantane i familien på tradisjonell måte med julemiddag, og kakebord som dessert. Fem av dei 11 barnebarna til hovudjubilanten var til stades etter kvart, og døtrene. Resten av slekta er på Austlandet.

Det er ti dagar att til Minstemanns bursdag, men eg hadde fødselstermin 14. november 2003.

Det var ein regntung dag som var dyster på grunn av fæle hendingar i Paris, men det var ein fin dag å tilbringe saman med familie med god mat og prat.

fredag 13. november 2015

Bok 98 2015: "Hvordan elske en far og overleve" av Vetle Lid Larssen

I denne boka fortel Vetle Lid Larssen om forholdet til faren - enklare kan det ikkje seiast. At faren var ein kjend skodespelar og fekk Alzheimers visste eg frå før, men det er først og fremst refleksjonen om temaet som er interessant. Larssen skriv godt, og han les òg lydboka slik at boka får ein ekstra dimensjon.

torsdag 12. november 2015

Bok 97 2015: "Kunsten å elske et barn" av Kjell Erik Ullmann Øie

Forfattaren er mest kjend som politikar, og dette er debutromanen hans. Eg har lese den ut på to kveldar, noko som i seg sjølv seier noko om kvalitet.

Sebastian har hamna på skråplanet med narkotika og prostitusjon, og ein dag vert han teken på fersken i å stele smykke frå bestemora. Ho har hatt slag, og alle trur ho har mista taleevnen og ikkje skjønar kva dei seier, men ho har valt å bli stum, heilt til ho altså snakkar til barnebarnet som stel frå henne. Dei to begynner å snakke saman, og løyndomar i slekta vert oppklara gradvis.

Det er først og fremst forfriskande å lese ei bok som ikkje er føreseieleg, sjølv om ein kanskje kan gisse seg til nokre element. Karakterane er spesielle, og eg vart i alle fall interessert i å finne ut korleis dei var blitt som dei var. Eg likte boka godt, men veit ikkje om den har den heilt store litterære verdien. For meg var det mest interessant å sjå om karakterane kunne "slutte fred med sine indre demoner".

søndag 8. november 2015

Minstemann og Charlie


Vinklubb november

Fredag var det vinklubb att, denne gongen på Folkestad. Vi fekk servert nydeleg italiensk vin og pastasalat, og kvelden vart så lystig at eg vakna med gangsperre av all latteren.
Kveldens beste

lørdag 7. november 2015

Bok 96 2015: "Hvitt hav" av Roy Jacobsen

Ulikt mange andre var eg ikkje udelt begeistra for den første boka i serien, "De usynlige". Så vidt eg hugsar kommenterte eg på bloggen min at Wassmo skriv betre om kvinnelagnader på kysten av Nord-Noreg. I denne andre boka tek Jacobsen litt av, og på ein måte blir han meir Wassmo enn Wassmo sjølv er. Ingrid bur aleine på ei øy under andre verdskrig, finn ein nesten død russar som ho bergar attende til livet, og vips så er ho gravid. Det er ingen grenser for kva Ingrid klarer og har greie på, kva relasjonar ho oppnår og kor sterk ho er. Berre den opne slutten hindrar boka i å vere eit gedigent melodrama, men den tyder vel berre på at det kjem meir? Og ja, eg kjem til å lese den neste òg viss den kjem, for uansett melodrama og manglande realisme så har eg sansen for bøker om sterke kystkvinner som ordnar opp og jobbar hardt. Eg er dessutan svak for bøker med trivielle problem som korleis skal ein skaffe mat, korleis skal ein få i ein døyande mann føde og korleis skal ein få varme i huset. For ikkje å snakke om andre verdskrig - det er eitt av mine yndlingstema. Boka har med andre ord mange positive sider ved seg, men det nyttar lite å få til miljøskildringa viss ein ikkje har ei god og truverdig historie å fortelje.

tirsdag 3. november 2015

Bok 95 2015: "Mormor danset i regnet" av Trude Teige

Vi møter tre generasjonar med kvinner i denne boka, gjennom at den yngste finn ut sanninga om fortida til mora og mormora. Det meste på det planet av romanen er føreseieleg og klisjéfylt. Det som likevel gjer romanen verd å lese, er at den tek føre seg ein del av etterkrigshistoria som ikkje er så kjent, nemleg korleis det var i Tyskland like etter krigen og korleis russarane oppførte seg mot tyskarar i 1945.

Trude Teige baserer boka på faktiske hendingar, og eg trur eg ville sett større pris på ei dokumentarbok. Dette er ein lettvektar av ein roman, men den kan kanskje når ut til eit større publikum enn ei dokumentarbok ville ha gjort.

mandag 2. november 2015

Bok 94 2015: "Go set a Watchman" av Harper Lee

Harper Lee hadde fått mykje ros og heider for romanen "To Kill a Mockingbird", men skreiv aldri fleire romanar, før ho brått fann fram eit gamalt manuskript som vart publisert tidlegare i år som romanen "Go set a Watchman". Mange vart svært skuffa over innhaldet, men mange har òg sett pris på å møte att gutejenta "Scout". Ho var ein herleg karakter i den første boka, og har no blitt ei ung kvinne på tjueseks år som kjem heim til Alabama på ferie. Nokre år i New York har gjeve henne noko avstand til dei heimlege forholda, og forholdet mellom svarte og kvite har dessutan hardna til i og med at kampen for borgarrettane til dei svarte er i frammarsj.

Vil Scout tilpasse seg miljøet i Alabama og gifte seg med barndomsvenen? Og vil ho akseptere at faren, som ho beundrar meir enn nokon andre, har andre haldningar enn ho forventar? Eg skal ikkje svare på det her, berre seie at eg likte boka godt, spesielt når det kom fram fleire barndomshistorier om Scout og kompisane hennar. Det seier vel litt om at den første boka er best, men eg meiner denne òg har god kvalitet.