Den lokale festivalen "Nåva" samla også i år mange lokale musikarar med spelekompisar frå andre stader. I år skulle ikkje Storegut spele, men han og kjærasten deltok i festivalen. Minstemann deltok med eitt av banda sine, Elmers, og dei var imponerande flinke. Veslejenta og eg stilte som sjåførar, i tillegg til å få med oss noko av konsertane. Det vart òg ope hus for musikarar som hadde behov for husly. Det vart ei kjekk helg!
søndag 3. august 2025
mandag 21. april 2025
Påska 2025
I år var det sein påske, og vi har hatt nydeleg vårvêr det aller meste av påskeferien. Allereie fredag kveld før påske kom dei første gjestane, nemleg Eldstejenta, Storegut og sambuaren hans. Dei to yngste ungane var komne før eg kom frå jobb, og vi hadde ein roleg ettermiddag/kveld medan vi venta på innrykk. Neste dag var det jubileumsmarkering for det lokale korpset, der dei tre eldste har spelt tidlegare. Korpset er no relativt lite aktivt, med ad hoc-framføringar til 17. mai og julegrantenning, så dei to yngste har spelt i eit anna lokalt korps i fleire år. Minstemann har no slutta, men det er ikkje lenge sidan han steppa inn for ein sjuk trommeslagar. Jubileumsmarkeringa var veldig vellukka, med fullt grendahus og flott musikk. Også kjærasten til Veslejenta kom for å feire, så vi var mange samla og vart dermed også foreviga av ei nabodame/vinklubbvenninne. Eg er heldig som får omgi meg med så mange kjekke, unge menneske både på jobb og privat.
Laurdag kveld køyrde vi til Eid etter jubileet var overstått, og deråt vi pizza på kafeen Cats. Søndag, derimot, laga vi pinnekjøtmiddag, så då vart det meir stil over sakene. Måndag køyrde Storegut og Sambuaren til Eid for å handle, for vi supplerte pinnekjøtrestane med salat og knekte poteter med ost og kryddersmør. Eg har sett oppskrift på slike poteter før, men aldri laga det. Det viste seg å vere ein lett og god måte å bruke potetrestar på.
Tysdagen hadde Storegut bursdag og vart heile 28 år. Han ville lage bursdagsmiddag sjølv, og det vart ein aldeles nydeleg lasagne - mykje meir forseggjord enn den eg plar lage. Sambuaren laga gulrotkake, og Eldstejenta og eg laga smashkake etter ei oppskrift vi ikkje hadde prøvd før. Det var eigentleg ei enkel kake å lage, med marengs med Ritzkjeks, sjokoladekrem, vaniljekrem, krem og smash. Eg sa vi kunne eksperimentere med ei ny oppskrift sidan vi hadde ei anna kake i bakhand.
Påskedagane gjekk mykje med til matlaging og rydding av kjøken, men det vart òg tid til prat, quiz og litt tv-serie og film. Onsdagen vart det restemiddag og kaker til frukost/lunsj, og så reiste ungane til faren. Dermed fekk eg eit par rolege dagar før vi alle reiste til Hareid i familieselskap. Systera mi hadde invitert heile hurven til dei i og med at både juristsonen var der, i tillegg til Niesa med sin vesle familie. Vi trefte dei på ferja onsdag, så vi hadde allereie sett det nye vedunderet i familien. Mamma er no oldemor til to skjønne gutar, og det var sjølvsagt dei som fekk mest merksemd i selskapet.
Laurdag kveld skulle Storegut og Sambuaren på quizkveld på Bjørkedalen, så då kom dei hit og overnatta, før dei reiste heim til Trondheim på søndag. Det vart stille i huset då, og eg tok med meg hundane og gjekk ein lang tur i Fladalen (frå Tua og innover). Det fanst ikkje eit snøfnugg i skiløypa, som er grusveg i sommarhalvåret. Eg likar det best slik, og det var ein nydeleg ettermiddag/kveld.
På denne turen møtte eg eit eldre ektepar som eg kom i snakk med. Mannen fortalde at han hadde vore med på å setje stikker og bygge vegen på midten av 1960-talet. Dei skulle gå tur til Asbjørnstova, og mannen fortalde at denne varmehytta har namn etter den første satanisten på Hjelle skule. Asbjørn var ein medelev av mannen, og dei hadde kristendomsundervisning. Asbjørn vart spurd om han kunne seie det fjerde bodet. Svaret laud: "Du skal ære djevelen og alle hans gjerningar".
I dag er det andre påskedag, og kvardagen sig innover meg. Eg bakar brød, festar trådar, vaskar klede - og det vert vel noko husvask etter kvart òg. Litt skulearbeid har eg òg fått unna, men eg har heldigvis ikkje hatt rettebunkar i påska. Komande fredag brakar det laust med dei første heildagsprøvene, og så går det slag i slag fram til sommarferien. Eg set pris på lyse kveldar som gjer dagane lengre og energien betre.
torsdag 18. juli 2024
Jallakoff 2024
Storegut deltok også i år på Jallakoff, den heilt lokale festivalen som vart starta opp i koronaperioden. Også i år samla det gamle bandet Lommerosk seg, noko som er naturleg i og med at fleire i bandet er med og arrangerer. Det er i år 10 år sidan dei kom til landsmønstringa i UKM i Trondheim, etter å ha kome vidare til fylkesmønstringane tre år på rad. Rart å tenkje på at to av dei no bur i Trondheim, og at fleire av dei framleis driv med musikk trass i andre yrke. Tre av dei er til dømes lærarar. Det var uansett kjekt å høyre både dei og dei yngre banda, med medlemer som no er eller skal bli elevar på musikklinja, der Lommerosk var legendariske. Det var tydeleg å sjå beundring blant dei yngste, og eg tenkte på kor viktig det er å ha gode førebilete - og å vere gode førebilete, for den saks skuld.
fredag 10. mai 2024
1, mai 2024
Volda har fått sin eigen "marching season". 8. mars var det kvinnedagstog, 1. mai var det arbeidardagstog, vi har bygdeprideparade og nasjonaldagstog. 1. maitog har det ikkje vore arrangert sidan 2007, og det var stor stas å få gå i gatene med parolar og hornmusikk. Etter toget var det tradisjonell markering på Rokken, der vi også feira 8. mars. Veslejenta og eg var aleine frå familien i år, og vi gjekk på tradisjonell middag på kinarestauranten etterpå.
fredag 26. april 2024
Tur i nærmiljøet
Søndag 21. april gjekk Veslejenta og eg ein lang tur i nærmiljøet. Vi møtte fleire kjende på vegen, blant andre våre tidlegare naboar. Kompisen til Veslejenta og kjærasten hans skal til å ta over garden til besteforeldra hans, som har innreidd eit uthus til å bli kårstove. Vi fekk sjå korleis dei har det der, og det såg rett så koseleg ut. Det er ingenting som er kjekkare enn at slekt følgjer slekters gang, og det kjem truleg nye hestar til gards ganske snart. Elles møtte vi fleire som ville helse på hundane, noko som sjølvsagt er triveleg det òg.
lørdag 25. november 2023
Gjengen samla til "Bygdles"
I 2019 var dei to yngste med i ei lokal musikkframsyning, og i år kom ein ny episode i serien om "Bygdles" - Folkestadbandet som kan minne til forveksling om eit anna band. Også denne gongen var Veslejenta med på song og Minstemann på trommer. Veslejenta hadde vore plaga med sjukdom i fleire dagar før framsyninga, men ho gjennomførte med glans, slik alle dei andre også gjorde.
Med meg blant publikum hadde eg Eldstejenta, som hadde teke turen eins ærend frå Oslo, Storegut og kjærasten som kom eins ærend frå Trondheim og Svigerdottera, som kom heilt frå Ørsta. Ho hadde i tillegg laga middag til alle tidlegare på ettermiddagen. Etter framsyninga for vi heim og kosa oss saman med ost, kjeks og diverse. Noko av det beste eg veit er å ha gjengen samla, og no var vi ganske mange. Det var mykje prat og latter før vi tok kveld.
søndag 30. oktober 2022
Korpsbasar
Minstemann og kjæresten pynta seg i 80-talsklede og for på basar. Korpset hadde øvd inn musikk frå 70-, 80- og 90-talet, og det var fullt hus og stor stemning i gymsalen/grendahuset. Dei spelte flott også, berre så det er sagt! Minstemann har begynt å spele saksofon i korpset i tillegg til å spele noko trommer. Der er to til som spelar slagverk, så no får dei spele meir sidan han sit i fremste rekke med saksofon. Han hadde eit par soloar der òg, i tillegg til den imponerande "fascinating drums".
Øyralangs 2022
Helga 22. og 23. oktober var det såkalla "Øyralangs" i Volda. Turstien langs Øyraelva vert pynta med ulike lysinstallasjonar, og i tillegg er det både dans og skodespel undervegs på turen. Bladfyken og eg tok turen etter å ha vore til Ørsta med ein tørketrommel til mamma. Vi nytta òg høvet til å gå på den lokale kinarestauranten, Landscape, der dei no har begynt å lage sushi.
Øyralangs var flott, og det var svært mange ute og gjekk. Bladfyken skulle skrive artikkel om hendinga, men eg vandra berre utan mål og meining, for opplevinga si skuld. Volda er best når folk går mann av huse.
onsdag 1. juni 2022
17. mai 2022
Etter to år med relativt rolege 17. mai-feiringar var det i år mogleg å møtast som ein ville. Minstemann spelte i korpset både i Volda og på Folkestad, og eg gjekk i tog på Folkestad. Deretter reiste vi til Ørsta, der vi møtte Bladfyken, Mamma og to nevøar då vi sette oss føre i Laguneparken. Der var det folkefest i nydeleg vêr, og Minstemann og nokre kompisar spelte. Etter denne folkefesten var det rett heim for å rette vidare for min del - det er den tida på året.
fredag 28. mai 2021
Maidagar
Det har vore dårleg med blogging i mai, men det betyr ikkje at ikkje noko skjer. Eg har sete med dungevis av tentamenssvar, og dei fekk eg unna relativt raskt, takka vere raude dagar. Elles har vi feira 1. og 17. mai, mamma og eg har vore på Lopradag og elles har det blitt turgåing i lokalmiljøet og ein tur som skal få sitt eige blogginnlegg. Litt hagearbeid har det òg blitt, og for tida er det nydeleg vêr.
![]() |
| 1. mai i Volda |
![]() |
| Lisjedalen |
![]() |
| Korpsmusikantane på 17. mai |
![]() |
| Veslejenta og Charlie på tur på Sagesetra |
søndag 29. november 2020
Første søndag i advent 2020
Tradisjonen tru var det Minstemann som tende det første lyset i adventsstaken vår. Seinare på dag reiste vi til Folkestad, der korpset skulle spele til julegrantenning. Arrangementet fann stad på plassen nedanfor barnehagen og omsorgsbustadane, og bebuarane og arbeidarane der følgde med på korpsmusikk, song og leikande born på uteområdet til barnehagen. Veslejenta spelte saman med korpset, men Minstemann fekk ikkje delta, då dei ikkje skulle ha med trommer. Det var ekstra fint å vere samla i år, ikkje berre på grunn av korona, men òg fordi det har vore tale om å legge ned drifta i omsorgsbustadane.
søndag 1. november 2020
Folkemøte mot nedlegging
Torsdag var eg på folkemøte. Det var foreldre med born i barne- og ungdomsskulen i bygda som mobiliserte mot eit forslag om å flytte ungdomsskuleelevane til sentrum. Sjølv har eg hatt born i bygdeskulen i til saman 19 år, men denne gongen møtte eg fordi eg er kommunepolitikar og SU-medlem. Problemet er at talet på elevar kjem til å gå dramatisk ned om nokre år, og då vert det eit vanskeleg val om ein skal gå inn for å halde på ein ungdomsskule med 10-15 elevar på heile ungdomstrinnet, eller om ein skal forlenge pendletida til ungane.
Å sende borna mine til ein relativt liten skule, der dei yngste gjekk i til saman 10 år i same bygget, var ein viktig kvalitet ved det å bu på bygda. Eg ser òg at borna kjende ei tilknyting til bygda der dei gjekk på skule. Likevel ser eg at det vart litt spesielt med fem, seks elevar i klassa, slik tilfellet vart for Minstemann. Uansett meiner eg det bør vere foreldra som bestemmer at borna eventuelt bør gå på skule i sentrum, ikkje ein kommuneadministrasjon som skal spare pengar.
søndag 17. mai 2020
17. mai 2020 (niande koronaveke, dag 7)
søndag 12. januar 2020
Kommunesamanslåingsfest
Det vart ein flott og variert konsert, sjølv om ein nok må seie det vart meir fele enn rock, og at gjennomsnittsalderen på deltakarane var noko høg.
søndag 1. desember 2019
1. desember: Første søndag i advent
![]() |
| Minstemann tenner første lyset |
I løpet av dagen måtte eg òg køyre ungane til Folkestad, for korpset der skulle òg ha julegrantenning. Den begynte såpass seint at eg fekk med meg mykje av dette arrangementet òg.
I kveldinga vart det tid til litt stilretting - det er tida for denslags adventskos i lærarheimar.
![]() |
| Frå julemarknaden på Straumshamn |
![]() |
| Korpset på Folkestad |
lørdag 16. november 2019
Bygdles
Eg såg framsyninga fredag kveld og vart mektig imponert, underhalden og lattermild. Det var rett og slett fantastisk kjekt!
tirsdag 29. oktober 2019
Basarsøndag
lørdag 13. juli 2019
Dugnad
![]() |
| God trim! |




.jpeg)




.jpg)





































