tirsdag 26. september 2023

Helgatur til Dovrefjell

 For to år sidan oppdaga vi tilfeldig Kongsvold Fjeldstue, ein gamal skyss-stasjon like over grensa frå Dovre til Oppdal. Dette var om sommaren, og vi hadde lyst attende ei helg ein haust - noko som endeleg let seg gjere etter valet, når ikkje Gamla måtte på stand og ho endeleg fekk ein fri-fredag. Veret var svært bra, turterrenget lett og fargerikt, maten nydeleg og heile helga vart eit fint avbrekk i ein altfor travel kvardag. Vi nemnde ikkje jobbane våre før vi stod på kaia ein time før vi var heime.










mandag 25. september 2023

fredag 1. september 2023

Hundeliv



Eg har no jobba tre veker, to av dei med elevar. I fritida går det ein del i møteverksemd og valkamp. Veslejenta har begynt på skulen att, og ho har i tillegg ein jobb nokre kveldar i veka + nokre laurdagar. Det vert mindre tid til å ta seg av kvelpane, men Minstemann har steppa inn som hundevakt dei verste dagane, slik at hundane ikkje har vore så lenge aleine heime. Når dei er det, går det ganske bra, og det er kanskje Charlie som er den mest hysteriske når vi kjem heim.

Dei to siste onsdagane har vi vore på kvelpekurs. Første kurskveld skulle vi lære sitt og innkalling, og våre kvelpar var blant dei flinkaste i klassen. Andre kurskveld skulle vi øve på å gå fint i band, og det gjekk ikkje fullt så bra. Heldigvis går dei nokolunde greitt i band når vi er ute på tur. Vi har trena dei litt i ballbingen, og så gjekk vi i Mjeltvika med dei i går. Dei blir stadig meir robuste, men har svært ulik personlegdom. Dei søv ikkje heile nettene enno, så eg har ei kjensle av varig forvirring på grunn av søvnmangel.

I dag var vi på veterinærkontroll og fekk siste dose med vaksine (dei er no 15 veker). Dei oppførte seg eksemplarisk slik dei også gjorde sist, og det var fleire som vart sjarmerte. Vekta viste no 3600 og 3700 gram, og Dennis var no tyngst. Då vi fekk dei 17. juli, var dei rundt 2000 gram. Dei skal enno vekse ganske mykje og ende opp på 10-12 kilo i vaksen alder. 

Det er kjekkast å vere fleire heime med hundane, for ansvaret kan vere overveldande når ein er aleine med alle tre. Det er ikkje så lett å kome seg ut på tur då, men det skal gå betre etter kvart. Dei er veldig tillitsfulle og uredde, og dei er lette å trene når dei vil det sjølve. Albert er rolegast og kan "sutre" ein del, medan Dennis er mest nysgjerrig og leiken, men kan òg bjeffe mykje. I går kveld bytta vi hund for å bli betre kjende med den andre, og det trur eg kan vere lurt. Det kan òg vere lurt å trene dei meir kvar for seg. 

Vedlagt ligg bilete av Dennis og Charlie på turen vi gjekk i går. Albert hoppa på sjøen og vart så redd at det var vanskeleg å fotografere han. Dennis hermar mykje etter Charlie i kvardagen, og no ser det ut til at han skal lære å bli like flink til å posere.