søndag 30. august 2020

Laurdag i Norangsdalen

Laurdag var vi på jakt etter nye turmål, og turen gjekk til Norangsdalen, der vi gjekk ein runde på rås på den andre sida av elvane/vatna i høve til hovudvegen, før vi gjekk attende på hovudvegen. Det var ein del skyer, så ein såg ikkje så mykje anna enn ur, skog og fjellsider, så det var omtrent som heime. Innimellom skimta ein dei majestetiske fjelltoppane.

Frå utsiktsplassen ovanfor Urasetra

torsdag 27. august 2020

Bok 61 2020: "Wonderboy" av Henrik H Langeland

Eg hugsar godt då denne boka kom ut og vart mykje omtala, men då var eg ikkje så interessert i denslags bøker. Når forfattaren no har skrive eit par bøker til om hovudpersonen, vart boka såpass interessant at eg lasta den ned.

Handlinga går føre seg i Oslo rundt millenniumsskiftet, og hovudpersonen er ein 34 år gamal, relativt kynisk og suksessfull forretningsmann. Han reiser til Paris, New York og Afrika, og det skjer mykje som skal vise ei skuggeside ved miljøet han jobbar i. Mannen er svært oppteken av klokker, blant anna, og forbruket er enormt. Sjansespel pregar livet både jobbmessig og privat, noko som får alvorlege følgjer.

Eg likte boka forbausande godt, med tanke på at det var lite eg kunne relatere meg til.

søndag 23. august 2020

Endeleg helg

Første veke med elevane er alltid full av spenning, og i år vart det spesielt spennande, på grunn av koronapandemien. Veka har handla mykje om smittevern, isolasjon og karantene. I tillegg var eg i gravferd tysdag og til frisør etter jobb fredag, så veka har vore i overkant travel. Eldstejenta kom tysdag og reiste att torsdag kveld, minstemann kom tysdag og har vore her sidan. I tillegg fekk han besøk fredag, så vi vart tre i huset i helga òg. Heldigvis, får ein seie, for det vart brått tomt her.

Det har regna nesten utan avbrot sidan fredag kveld, så det var lite freistande å gjere noko ute. Vi har derfor vore inne det meste av helga, bortsett frå nokre turar med Charlie og ein handletur til Eid. Eg trur eg snart må kjøpe meg nokre mindre gryter, for eg lagar altfor mykje mat. No når kvardagen normaliserer seg, må eg ta meg saman og lage passelege porsjonar, så vi slepp å ete det same fleire dagar på rad.
Koronatiltak

lørdag 22. august 2020

Bok 60 2020: "Aldri aldri aldri" av Linn Strømsborg

Ei kvinne vil ikkje ha born. Kvifor ikkje? Og korleis reagerer omgjevnadene på dette? Kva tenkjer ho om venninner som får born? Kva konsekvensar får denne avgjerdsla i livet hennar? Trass i at eg ikkje skjønar korleis nokon kan ha ei slik meining, syntest eg det var interessant å lese denne boka. Eg kjende meg att i mange av tankane undervegs. men då helst dei andre sine tankar, ikkje hovudpersonen.

torsdag 20. august 2020

Bok 59 2020: "Aurelia" av Gabi Gleichmann

Vanlegvis synest eg det er spennande å lese om jødiske lagnader under andre verdskrig, og eg trudde dette var ei bok som omhandla det i større grad enn den gjorde. Boka handlar om eit manuskript som vert funne i eit dødsbu, og som handlar om ei kvinne som kom seg unna Slovakia før utryddingane starta. Kvinna er forteljaren si ukjende bestemor, og etter kvart tek ho over forteljinga.

Mykje er interessant og spennande, som til dømes korleis eit liv kan bli prega av utnytting og forakt, men noko er òg overdrive, som då ho vert elskerinna til fysikaren Albert. Det vert òg noko sentimentalt til tider. Alt i alt vart det ei ok bok som begynte bra men fall noko saman etter kvart.

søndag 16. august 2020

Bok 58 2020: "Fie faller" av Therese Aasvik

Fie er ei mor på beste vestkant i Oslo. Ho prøver å leve opp til rolla som ballettmamma og "frue", men brått slår lynet ned i livet hennar då mannen har funne seg ei anna kvinne. Boka handlar om identitet, klasse og samlivsbrot, og relasjonane mellom mødrer og døtrer står sentralt. Sentralt står òg refleksjon over kva som er dei viktigaste verdiane i livet. Det er mykje å kjenne seg att i i denne romanen, samtidig som livet der utsjånaden på nista til borna er temmeleg fjern frå det livet eg sjølv kjenner til.

lørdag 15. august 2020

Bok 57 2020: "Ut av det blå" av Kristin Valla

Elin er heilt utan familie og kjem til heimbygda for å tømme huset og gjere det klart for sal. Vi får høyre om korleis brørne og faren vart tekne av eit ras, om bygdeguten Elin har hatt eit forhold til og meir om fortida. Etter kvart kjem det fram nye fakta om fortida, og Elin finn ut at ho ikkje har kjent sine næraste så godt som ho trudde.

Forteljinga er fengande, men det er òg interessant å lese om skilnadene mellom arbeidarar og bedriftsleiarar i industribygda. 

tirsdag 11. august 2020

Fred over minnet

Måndag 10. august somna mi tidlegare svigermor inn etter eit kort sjukeleie. Ungane miste dermed nok ein besteforelder, den tredje på fire år. Farmora deira kom inn i livet mitt hausten 1986, då ho var 45 år. Ho og Farfaren var eit stilig og ungdommeleg par, som likte å gå på ski og danse, mellom anna. Sidan dei berre fekk eitt barn, vart mine fire ungar dei einaste barnebarna. Når dei har gått på vidaregåande skule, har ungane etter tur fått bu i hybelleilegheit i den same leilegheita som Barnefaren og eg budde i i halvanna år. Det har vore tette band og mykje omsorg og kjærleik mellom farmora og barnebarna, så saknet blir stort.
Farmora på 50-årsdagen

Bok 56 2020: "Henrik Wergeland. En biografi 2" av Yngvar Ustvedt

I denne boka fortel forfattaren om slutten av livet til Wergeland, då han gifta seg, vart sjuk og skreiv mengder av tekstar før han til slutt døydde. Bøkene har vore svært interessante å lese, og eg er imponert både over Wergeland og Ustvedt som forfattarar.

torsdag 6. august 2020

Bok 55 2020: "Henrik Wergeland. En biografi 1" av Yngvar Ustvedt

Som fagleg fornying tenkte eg at eg kunne lese meg opp på nokre emne eg veit eg skal undervise om komande skuleår, og eg valde denne biografien fordi eg tidlegare i sommar har hatt stor glede av bøker av same forfattar. I denne del 1 følgjer vi Henrik Wergeland frå fødsel og fram til ei stor rettssak. Vi får òg høyre meir om byen Kristiansand, som vart totalt endra av brann seinare, om faren Nicolai og om systera Camilla, som skreiv dagbok som ofte blir sitert. Mykje av stoffet er kjent frå før, men her er òg nokre nye fakta som kan krydre undervisninga mi framover. I mitt stille sinn tenkjer eg at viss Henrik Wergeland hadde blitt fødd i vår tid, ville han ha fått ein diagnose. Slik ville han ha fått eit rolegare liv, og sinn, men vi hadde òg gått glipp av ein stor forfattar.

tirsdag 4. august 2020

Bok 54 2020: "Gaute & Veronika" av Kristian S. Hæggernes

Forteljaren i denne romanen er ei godt vaksen kvinne, som er sambuar med ein mann. Begge har eitt vakse barn, og begge bur i huset saman med dei. Dottera til sambuaren er 40 år og har flytta heim for å døy, då ho er råka av alvorleg sjukdom. Boka er trist, ikkje berre fordi Veronika skal døy, men òg fordi ein får innblikk i fleire liv der mykje har gått gale. Det er mykje einsemd og utanforskap som blir tematisert. Eg likte boka godt, sjølv om den altså er trist. Den gir ettertanke.

søndag 2. august 2020

Prosjekt badekar 2: nedvask

Etter å ha fått stengt av slik at det ikkje lenger rann vatn ut av hola i veggen, fekk eg sjølvsagt nytte av vatn elles i huset. Dette gjorde òg at eg fekk vaska ned "oppebadet" - det vil seie tak, vegger og golv. Det var sjølvsagt skitnast i kråa bak dampdusjen, men det var relativt fort gjort å vaske resten òg. Golvet vart skrubba etter alle kunstens reglar, og alt står no klart til montering av badekar. Det vert ein del rot elles i huset òg medan eg held på, men det er greitt å gjere skikkeleg det ein gjer.

Bok 53 2020: "Snorri Sturluson" av Ivar Eskeland

Som ein del av den faglege oppdateringa mi har eg no lese denne biografien, skriven av den kjende kåsøren Ivar Eskeland. Boka handlar om livet til Snorre, samstundes som den òg tek føre seg historia til Island og ein del om bokproduksjon, bøker som har blitt borte og diverse avskrifter. Det er forfattaren sjølv som les, og han har lagt inn nokre element frå sogestilen i boka.

lørdag 1. august 2020

Endeleg sushi

Sidan Veslejenta snart reiser til studiebyen, ville ho "henge" litt med mora si ein siste gong før ho for. Ho ville dessutan besøke Mormora òg, så då vart det freistande å slå saman nokre treff. Før vi henta Mormora, fekk vi handla nokre småting til hybellivet, i tillegg til at eg kjøpte meg ei tang. Kvar sine interesser. Storegut fekk nyss om at vi hadde tenkt å ete sushi med Mormora, og då ville han òg vere med på treff. Vi vart derfor fire rundt bordet på "My Kitchen", så eg bestilte det same som sist eg var der saman med tre andre, for 11 dagar sidan.

Mormora hadde ikkje smakt sushi før, men likte det heldigvis godt. Forventningane har blitt skrudde kraftig opp i løpet av dei siste vekene. Sjølv er eg svært glad i sushi, og på denne restauranten er dei flinke til å lage sushi med mykje og spennande fyll. Når ein bestiller familiemiks, får ein litt av fleire sortar, og vi bestilte berre "50 bitar" og fekk fleire gode sortar.

Etter maten handla Mormora og eg, før eg skunda meg heim med tanga mi. Det gjekk heilt fint å skru av dei gamle slangane med den, og med litt hjelp av Storegut til å teite, fekk eg endeleg tetta for vassuttaket. Dermed kunne eg skru på att vatnet, etter eit døgn med unntakstilstand.

Veslejenta og Storegut pakka med seg klede og ting frå romma sine og ei av bodene, så no har eg eit slags håp om å få meir orden i heimen. Klessorteringa skal i alle fall gå som ein leik, no når vi berre blir to i huset! Sommaren har gått veldig fort, slik alle feriar gjer, og det blir rart her utan Veslejenta når kvardagen tek til. Vi har hatt eit hyggeleg år med henne i heimen, men eg unner henne sjølvsagt å reise litt ut i verda og sjå noko anna enn heimbygda. Det blir spennande å høyre om hennar nye liv både på privaten og i lærarstudiet, og det er greitt å tenkje på at ho skal bu saman med to venninner og i same by som storebroren. Han skal jobbe ei veke til før han reiser oppover og begynner på mastergradsstudiet i musikkvitskap. Dei er to kjekke ungdomar, og eg sakna dei med det same dei gjekk ut døra.