tirsdag 23. juni 2020

Bok 41 2020: "Beneath the Bleeding" av Val McDermid

Ein kjend fotballspelar er svært sjuk, og det viser seg at døden er uunngåeleg. mannen er blitt forgifta, og snart døyr fleire med same symptom. Parallelt følgjer vi ein ung muslim som planlegg ein bombeaksjon.

Eg kosar meg framleis med denne bokserien, sjølv om denne boka var svakare enn dei tidlegare, etter min smak.

mandag 22. juni 2020

Bok 40 2020: "The Torment of Others" av Val McDermid

I denne boka er våre heltar på jakt etter ein seriemordar som er ute etter å drepe prostituerte. Samtidig prøver Tony å snakke med ein mann som har drepe born, og etter det han sjølv seier er blitt kommandert til det av ei stemme. Denne mannen vert meir interessant då to gutar forsvinn etter same mønster. Kan desse sakene ha noko til felles?

Innhaldet er kanskje ikkje heilt realistisk, men det er spennande å høyre på krim. Eg har begynt å legge merke til ord og vendingar som går att i bøkene, men lærer òg ein del nye uttrykk langsmed.

onsdag 17. juni 2020

Bok 39 2020: "The Last Temptation" av Val McDermid

Carol blir sett til ein risikofylt under cover-jobb fordi ho er nesten nøyaktig lik den døde kjærasten til ein storskurk. Ein mann drep psykologar fordi bestefaren hans har blitt utsett for nazi-forsøk som barn. Denne gongen er kriminalgåtene noko urealistiske, men det er interessant å høyre det som kjem fram om forsking og eksperiment i nazitida.

Sånn går no dagane

Det går mot skuleslutt, og vi har hatt mange fantastiske dagar med nydeleg vêr. I førre veke hadde eg ein del heimetid, og eg fekk måla og beisa såpass mykje at eg pakka vekk utstyret ei stund. Planen er eit par strøk til, men det hastar ikkje. I tillegg retta eg ferdig dei siste elevarbeida og førte alle karakterane ferdig onsdag kveld.

Torsdag kveld skulle eg på avslutning for Utdanningsforbundet (styret med varamedlemmer), og det vart ei triveleg stund på Sæbø, med nydeleg tapas og volleyballkamp (som eg berre var tilskodar til). Då eg kom heim, hadde husstanden stige ein del, og ut på natta vart vi enda fleire, då Storegut kom heim frå Trondheim. Han hadde nokre dagar att før han skulle levere bacheloroppgåva si, og då passa det fint å kome heim til si pedagogiske norsklærarmor...

Oppgåveskrivinga prega det meste av helga, i tillegg til hagearbeid. Laurdag saga vi ned den store syrinbuska, sidan fleire greiner var daude og dei hine skugga for blomsterbedet og halve plenen. Det enda med at gutane saga ned den buska som stod bak òg, slik at vi fekk frigjort noko plass rundt den store steinen. Planen er å få laga til plenen eit stykke oppover i hagen, for det er lettare å klippe med plenklippar enn med kantklippar. I første omgang skal vi klippe med kantklippar, men då må det bli litt kaldare i vêret. Søndag var det overskya, og då bar vi vekk resten av det som hadde vore saga ned og raka plenen.

Denne veka har eg vore mykje oppteken med møteverksemd på dag- og kveldstid, men måndag fekk eg med meg ein minifestivar for musikklinja, der Minstemann og dei hine tre gutane i klassen vart kåra til "Årets pusekattar", etter å ha dansa til "Cats" før jul. Tysdag føremiddag gjekk vi på Dinglavatnet saman med elevar. Storegut fekk dessutan levert oppgåva si innan fristen, og det var stor stas for både mor og son.

I morgon, torsdag, er det kommunestyremøte att, i tillegg til formannskapsmøte, som eg òg er kalla inn til. Dette inneber at eg går glipp av noko av planleggingsdagen. Det skal eg nok overleve, men det blir ein brå slutt på dette merkelege skuleåret. Sist det var kommunestyremøte, heldt vi på til klokka 21.30, så denne gongen har eg alliert meg med Minstemann, som skal vere heime og passe hunden. Det er meldt 25 grader og strålande sol, så det blir nok ganske så høg temperatur - også med tanke på sakene som skal opp.
Endeleg fekk eg klipt av koronasveisen

To strøk

Ny sveis på Minstemann òg

Tapas

Etter hogst
Under raking


Tre av årets pusekattar

Livet

torsdag 11. juni 2020

Bok 38 2020: "The Wire in the Blood" av Val McDermid

Ein einarma mediapersonlegdom vert mistenkt for seriemord av ein urøynd politietterforskar som bestemmer seg for å etterforske på eiga hand, etter å ha blitt latterleggjort av kollegaene. Dette får katastrofale følgjer, og snart begynner andre å nøste opp i den etterforskinga ho har gjort.

Denne boka var ikkje så spennande som den første i serien, men eg kosar meg med å høyre engelsk krim på originalspråket, spesielt fordi det vert nytta ulike dialektar.

lørdag 6. juni 2020

Måling, beising, retting...

I
Midtvegs i prosessen
dag har eg arbeidd ganske hardt, etter ein sløv start på dagen. Planen var å måle eit strøk til på gripelista, men den var klissvåt av nattedogg. Det vart derfor ein handletur til Eid først, og då var det mogleg å måle då eg kom heim. Det kom nokre dropar i lufta, så eg skunda meg med å bli ferdig. Men det regna ikkje skikkeleg, så då leita eg fram terassebeiden og gav verandaen på nedsida eit første strøk. Eg hadde kjøpt ein mørk beis denne gongen, og eg trur det kan bli fint. Gripelista skal få eit strøk eller to til, og golvet skal få så mange strøk som eg har beis til, har eg tenkt.

Då eg var ferdig, sette eg meg til med årets siste rettebunke, og eg kom meg halvvegs i den før eg gav meg litt før 20. 30. Då kom eg på at eg ikkje hadde ete sidan frukost, så no er eg døden nær av svolt.

fredag 5. juni 2020

Bok 37 2020: "The Mermaids Singing" av Val McDermid

For ein del år sidan, så lenge sidan at eg høyrde lydbøker på kassett, prøvde eg å lytte til ei engelsk lydbok, utan at det gav meirsmak. Seinare har eg prøvd igjen, men det har ikkje vore vellukka då heller. For nokre dagar sidan las eg i ei facebookgruppe om kriminalromanane til Val McDermid, og nokon anbefalte dei som lybøker på engelsk. Der var nokre kommentarar om at opplesaren ikkje treff dialektane heilt, men eg tenkte eg kunne gjere eit nytt forsøk på å høyre lydbok på engelsk.

Forteljinga i denne kriminalromanen er nesten litt klisjéaktig. Ein kvinneleg politibetjent samarbeidar med ein psykolog om å finne ein seriemordar. Mellom skildringa av denne handlinga kjem utdrag frå ei "dagbok" som mordaren dikterer på lydfil, og det er her opplesaren bruker brei dialekt. Morda er grusomme, då mordaren er inspirert av torturinstrument og-metodar frå mellomalderen.

Som så ofte elles gissa eg mordaren då denne vart introdusert, men det var likevel ei spennande bok å lese. Det gjekk heilt fint å høyre den på engelsk, så eg skal prøve meg på dei andre bøkene i same serien. Dei ligg på Storytel både på norsk og engelsk, etter det eg har forstått.

tirsdag 2. juni 2020

Pinseprosjekt

I dag fekk eg endeleg måla første strøk med kvitt på gripelista på verandarekkverket. Det har vore ein lang prosess med førearbeid som spyling, skrubbing, skraping og grunning. Dei sistnemnde arbeidsprosessane var så stillegåande at eg kunne arbeide i helga utan å forstyrre helgedagsfreden, og i dag hadde eg ikkje undervisning. Det vart dermed mogleg å nytte dagslyset til måling utan forstyrringar av noko anna slag enn at eg måtte bli ferdig før eg skulle på møte.
Etter første strøk på gripelista


Dagens møte var på den lokale skulen, der eg har hatt born som elevar i 19 år. No sit eg i samarbeidsutvalet, og dagens møte var ei evaluering av nedstenginga og oppstarten av skulen i høve koronapandemien.

Vel heime tok dagens arbeidsøkt til for alvor, då eg såg og høyrde ein bunke presentasjonar som elevar har laga som avsluttande munnleg vurderingspunkt i norsk. Det var veldig interessant, og elevane har vore flinke, men det tek si tid å høyre gjennom 25 x 15 minutts opptak.