fredag 29. februar 2008

It's been a week since my last confession


Sist helg vart eg avslørt. Først var vi ute på tur (med kamera), så vaska vi huset, la på nystrokne dukar, tende lys og laga grønsaker med dip, og når eg då leita fram kameraet, kom det frå eldstejenta: "mamma, dette gjer du berre for å få fine bilete å legge ut på bloggen din." Orda traff merkeleg hardt. Har det blitt slik at eg bruker bloggen til å framstille meg sjølv og familien som sunne, blide og kulturelle friluftsmenneske? Har det rett og slett både bikka og klikka? Skulle eg kanskje ha lagt ut eit bilete av meg sjølv sovande framfor TV'en for å oppnå meir realisme? Og kanskje eitt av ungane framfor play station'en - gjerne medan dei slåst om kva spel dei skal halde på med? Eller det beste motivet av alle: mor som smug-åt sjokolade etter at ungane var lagde fordi ho var kvalm av for mykje stangselleri?

fredag 22. februar 2008

Nevø 2 18 år!



Gratulerer så mykje til nevø nummer 2 på Hareid, som er 18 år i dag! Det er ein av dei store merkedagane i livet, og vi håpar han har ein fin dag. Eg hugsar godt den dagen han vart fødd, for svigers kom til Kristiansand og fortalde oss det då dei kom inn på flyplassen. Eg var snar å finne ein telefonkiosk og ringde Ørsta. Nokre dagar etter kom det bilete av vedunderet i posten. Faktisk fekk eg ikkje sett den nye nevøen før han var seks veker, og det var eit stort sakn.

torsdag 21. februar 2008

Ut på tur - aldri sur?


Somme dagar hadde det vore mest freistande å trekke pleddet over seg, fyre i omnen og ikkje gå ut meir enn høgst nødvendig. Finst det noko meir utidig enn å bli skjortevåt på veg frå bilen og inn på jobb, bli våt att på veg frå det eine bygget til det andre på jobb, bli våt att på veg ut i bilen, inn i barnehagen, inn i huset, ut av huset på veg til ferja att med ballettbarn og så på veg inn i huset att? Eg fyrer med ved og irriterer meg over forstyrra TV-signal i stormen. Og slik kunne eg ha halde fram resten av kvelden, hadde det ikkje vore for to par auge som ser bedande på matmora (eg reknar i alle fall med at dei gjer det bak all pelsen). Det er berre å leite fram stillongs, overtrekksbukse, strikkakufte, regnjakke, hanskar, lue, refleksvest og hovudlykt og la det stå til. Eg vurderer svømmebriller òg, forresten.

onsdag 20. februar 2008

Eg bur oppunder fjell


Frionsdag igjen, og nokolunde fint å vere ute. Sola har kika fram, men vi har den ikkje meir enn halvannan time enno. Fjella er fine dei, men dei har den ulempa at dei skuggar for sola. Dei tre yngste og eg har hatt ein relativt roleg dag med klesvask, husrydding og skogstur. Ein merkar at våren snart kjem når ungane begynner å finne på morosame leikar ute og klesvasken når nye høgder. Middagen stod klar på bordet då eldstejenta kom heim frå skulen, og ein time seinare kjørte eg henne til ferja, slik at ho skulle kome seg på fotballtrening i Volda. Det er første treninga hennar der, og vi er spente på om det blir vellukka. Eldsteguten skal òg på fotballtrening, så det går slag i slag. Som vanleg.

mandag 18. februar 2008

"Drageløperen" av Khaled Hosseini


Bok nummer fem i år var eigentleg ei julegåve frå meg - til meg (saman med "Mengele Zoo"). Denne etter kvart svært godt kjende afghansk-amerikanske romanen er lettlesen og til dels melodramatisk, etter mitt syn. Ein let seg rive med i den dramatiske handlinga, men ein kan òg gisse mesteparten av det som vil skje. Uansett: som eg har nemnt før, så synest eg det er spennande å lese om andre kulturar, og som ei innføring i afghansk kultur var dette ei fin bok. Kanskje er problemet mitt at forventningane var så skyhøge etter all positiv omtale romanen har fått?

søndag 17. februar 2008

På havets bunn - og under




















I dag var det open dag i den nye Eiksundtunnelen, og på mange måtar ein historisk dag for oss som bur på Søre Sunnmøre. No har vi Systa med familie på Hareid og nære band til Ulsteinvik, der vi budde i sju år, så vi set pris på å kunne reise kjappare og enklare utover - og det same gjeld vel besøk uta øyane. Nede i tunnelen var det liv og røre, og ungane fekk seg brannhjelmar, hovudlykter, refleksvestar, brus og - ikkje minst - gratis SVELER. Etter å ha gått over 9 km samanlagt (over 14000 skritt :) ) var vi hos Besta og fekk ekstra velsmakande middag. Ungane var temmeleg pudding etter den lange søndagsturen, men av same grunn kjem vi til å hugse denne historiske dagen - særleg når vi susar under havet på veg utover.

Stifunn


Laurdag skulle vi gjere nytte for oss. Det går ei rås ovanfor markane her i bygda, og den skal teoretisk sett føre til skogsvegen som går til dei gamle setrane i Brundalen. Vi har lenge hatt ein plan (dei fleste planane våre ER langsiktige) om å rydde råsa innover for småskog og velta tre, og laurdag tok vi oss ei tutle med motorsag og fem velvillige born på slep. Vi rydda eit godt stykke av råsa, men dessverre er det ein tett granskog over ein av gardane, og der er det umogleg å kome seg fram anna enn til fots. Planen var å kunne ri innover, men det blir visst eit anna år. Det òg.

fredag 15. februar 2008

Dagens anekdote


Familiens yngste har fantasi. Eg har aldri sett nokon leike så intenst med bilar, båtar og tog som han, og det er ikkje få gonger eg har sete fastklemd i ei eller anna stilling fordi eg skulle fungere som bilveg. I tillegg har han ein usynleg ven som han omtalar som "kona mi". Storebroren hadde ein usynleg ven som heitte Viggo då han var i same alder, men denne "kona", som heiter Per og bur i eit blått hus, er noko for seg sjølv. I går kveld kraup guten bak sofaen i stova og samtala med "kona". Viss vi nemner noko for han og viser interesse for ekteskapet hans, blir han fornærma. Ein gong påstod han at kona var død og huset hadde brunne opp. Vel, vel, vi får håpe han veks det av seg. I dag henta eg han i barnehagen og vi var begge stille i bilen heim - mot normalt; vi plar ha ein samtale der eg må vere bilen - som altså fortel om korleis det er å stå på parkeringsplassen heile dagen. I dag sat vi altså stille, og så begynte guten plutseleg å le. Voldsomt. Lenge. Eg måtte le med, for det var ein herleg latter, og så spurde eg kva det var som var så morosamt. "Det var kona mi," sa nummer 4. "Han fortalde at det var to tomatar som gjekk over ein veg!"

Finaste dagen


Fredag vart den finaste dagen i heile ferien, og då passa det bra at Gubben tok fri. Han leverte minsten i barnehagen og tok med seg dei tre eldste på Harpefossen, medan eg vart heime med hundane og rettebunkane mine. I Nordfjord hadde dei ikkje ferie enno, så det var få andre i bakken. Dette gjorde at ungane fekk god trening, og særleg nummer tre (på biletet) hadde stor framgang og tok trekket heilt fint aleine. Hundane og eg gjekk skogsvegen til endes her heime, og så fekk vi nyte sola i om lag ein og ein halv time i hagen. Det går mot lysare tider!

Valentine's Day


Morsdag og Valentinsdag - er det berre eit triks frå handelsstanden for å flå oss for meir pengar til unyttige gåver og blomar? For 20 år sidan hadde eg sikkert hevda det høglydt, men eg må innrømme at vakre roser og god sjokolade er hyggeleg uansett kva kapitalistiske sleipingar som har gjeve Gubben idéen. I forseinka morsdagsgåve kom han med eit par nye fjellskor, noko eg verkeleg trengde (dei gamle gjekk i oppløysing like etter jul) men som eg ikkje hadde teke meg råd til no (eg har trass alt brukt ein del pengar på meg sjølv siste tida). Skorne var akkurat passelege, høge og stive over ankelen slik eg likar og gir ingen gnagsår nokon stad. Siste par åra har det hagla med gåver som skritt-teljar, overtrekksbukse, superundertøy, magebelte til lufting av hund m.m. Eg har mobba han ein del for desse tydelege hinta om kva han synest eg bør gjere meir av, men denne gongen vart eg faktisk glad. Særleg når skorne kom i tillegg til roser og sjokolade.

Sjokolade ved reisens slutt


Siste kommentar frå dameturen til London er henta frå kjellaren på Harrods. I fjor haust var det ti år sidan den stygge ulukka i Paris der prinsesse Diana og hennar Dodi omkom. På Harrods blir det stadig tent lys for desse to, og ein kan sjå utstilt glasa dei drakk av siste kvelden og ein ring som Dodi hadde kjøpt i gåve til Diana. Som så mange andre ulukker vil også denne truleg alltid bli myteomspunnen, og Diana er for lengst blitt kanonisert i det kollektive minnet. Neddynga i melankoli vandra vi vidare på pilgrimsreisa vår - mot ein hall der dei berre sel sjokolade... Det tristaste minnet frå denne dagen vart at ei av damene la att Harrods-brownien sin på ein restaurant.

Marble Arch i solnedgang


Shoppingtips: ta undergrunnen til "Marble Arch" og gå bortover Oxford street så langt du kjem. Der er fleire undergrunnsstasjonar på denne gata, så du treng ikkje gå attende same vegen - viss du då ikkje har lyst til å sjå innom ein butikk du ikkje vart heilt ferdig i...

"Today's pie" and mash

Sentralt plassert pub




Londonturen var i høg grad ei kulinarisk reise. Ofte enda vi med italiensk, men eg hadde òg som mål å prøve den engelske spesialiteten "pie and mash". Servitøren såg litt rart på meg då eg bestilte "dagens pai" med potetmos og grønsaker - eg veit til dags dato ikkje kva "kjøt" som var inne i paien - men eg satsar på at smilet skuldast den enorme porsjonen. For ein gongs skuld greidde eg ikkje å ete opp heile porsjonen... Eg tok bilete både av maten og av pubskiltet i begge retningar slik at eg skal finne att pub'en neste gong eg er i London og får lyst på eit tradisjonelt måltid. Då skal eg passe på å vere skrubbsvolten.

tirsdag 12. februar 2008

National Gallery og National Portrait gallery


Tenk at vi greidde å gå gjennom begge desse fantastiske galleria på den same søndags føremiddagen! For min del er det både kjekt å gjere nye ting og gjere om att tidlegare ting, og desse galleria har eg vore innom eit par gonger før. Der er nokre favorittar blant kunstverka, og eitt av dei som vi MÅTTE sjå, var den vesle teikninga av Jane Austen som systera Cassandra har laga. Det vart nesten som ei pilgrimsreise - vi deltek alle tre meir eller mindre aktivt i "Jane Austen-klubben" på jobb, og ei av dei andre to held på med eit mellomfagsemne om Jane Austen litteratur og film. Ein av forelesarane der heldt eit foredrag på forskingsdagane i Volda i haust, og då var temaet adaptasjon av tekstane til Jane Austen. Vi fekk høyre døme på korleis Austen vart undervurdert som forfattar i samtida, og korleis bøkene er blitt oppfatta som romantiske og morosame, medan dei i samtida var nyskapande og til dels samfunnskritiske. På dametur i London passar det godt å minnast ei misforstått og undervurdert kvinne. Når Elizabeth 1 heng i fleire utgåver i naborommet på National Portrait Gallery, er lukka fullkomen.

China in London



Eg har vore mykje rundt Leicester Square og Piccadilly Circus på tidlegare Londonturar, men eg kan ikkje hugse å ha sett Chinatown. Det vart derfor prioritert denne gongen, så dermed fekk vi med oss nyttårsparade og konsertar i området rundt Chinatown og Trafalgar Square. Det var enda meir folk enn det vanlegvis er i området, og det verka som om etniske kinesarar hadde valfarta frå fleire stader for å feire det nye rotteåret.

Life is a Cabaret


No use in sitting alone in your room; come hear the music play.... Ja, vi tok dei på ordet, og stilte på Cabaret musikal laurdag kveld. Vi brukte litt tid på Leicester Square for å få tak i billettar, og plassane våre var ikkje spesielt gode, men det er så kjekt å gå på musikal at ein fort gløymer slike bagatellar. Tidlegare har eg sett "Les Misérables", "Oliver Twist" og "Phantom of the Opera" i London, og blant dei alle er "Les Misérables" favoritten. "Cabaret" er ikkje akkurat favorittmusikken min, men eg har alltid vore oppteken av jødar og nazisme - noko som saman med dekadansen i Berlin er viktige element i tematikken. Eg måtte felle ei tåre då skodespelarane liksom vart gassa i hel - noko som lovar bra med tanke på at eg skal følgje eldstejenta på aktiv fredsreise til hausten. Kontrasten mellom dei første dansescenene og avslutningsscena er utrulege, og vi var einige om at stykket tok seg opp når den politiske vinklinga fekk større fokus.

Utsikt utan innsikt


Det er berre å innrømme det: eg har høgdeskrekk. Derfor imponerte det både meg og reisevenninnene at eg gjekk like opp i Whispering Gallery laurdag - og vidare opp til Stone Gallery, som er det midterste, utvendige galleriet, 378 trappetrinn over bakken. Eg torde til og med å nyte utsikta over London derifrå. Vi var svært heldige med veret - på TV kalla dei det "unseasonable sunshine" - og utsikta vart dermed spektakulær. Dessverre hadde vi ikkje med oss kart opp, så vi er ikkje heilt sikre på kva vi har sett. Noko vi definitivt ikkje har sett, er brannen i Camden. DET ville vi nok ha hugsa. Faktisk høyrde vi ikkje noko om brann før nokon i Noreg sende ei tekstmelding søndag føremiddag.

fredag 8. februar 2008

Reiser til London i dag

Og eg gler meg....

torsdag 7. februar 2008

Madcon



Vi vart fan av Tchawe i "Skal vi danse"-sesongen, og no er han i Volda. Halvparten av bygdebarna her har tatt ferja over fjorden for å gå på Madcon-konsert; deriblant våre to eldste. Dessverre så trengde dei ikkje nokon vaksne til å følgje seg.

Badenymfe

.
Her er nummer fire, som er den lukkelege eigaren av diverse båtar. Dette har medført at han helst vil bade kvar dag. Nummer ein er flink til å hjelpe til med småsøskena, og ho greier fint å vaske hår og dusje minstemann. Og som de ser, så stiller ho gjerne som stylist. Og fotograf.

Helgavasken som gjekk i vasken


Sist laurdag såg ikkje huset ut. Klesvasken, som er mi store livsoppgåve, låg i dungar i kjellaren, og det var rot og støv over alt. Rettebunkane ropte etter merksemd. MEN: sola skein så fint ute, og det var snø... Det vart Stigedalen igjen, og sjølv om sola hadde forsvunne innan vi kom dit, hadde vi ein nydeleg tur.

onsdag 6. februar 2008

"To blå" av Eli Sol Vallersnes


Igjen er det ein elev som har inspirert meg til å lese ei vanskeleg bok. Eleven har særemne om svangerskap og fødslar i romanar, og det må eg seie denne boka tek føre seg. Ikkje alt i boka er lett å forstå, og noko av det verkar søkt, men her er to barselskvinner som ein både kan kjenne seg sjølv og andre att i. Noko av det mest irriterande med barselskvinner er at dei er så oppslukte av babyen at ein ikkje får augekontakt med dei, og i denne romanen er det ei slik. Ho snakkar til og med til andre gjennom babyen. Klisjéen i boka er at mannen reiser frå denne fjollete babymora - vanlegvis blir fedrene enda verre, er det ikkje slik? Uansett er det både vemodig og opprivande å lese om noko som definitivt er eit tilbakelagt stadium.

fredag 1. februar 2008

I am so tired


Unge nummer 1 har god musikksmak. For tida har ho fått sansen for Ozzy Osbourne, og det vekkjer gode minne for oss i den eldre generasjonen òg. Youtube er min favoritt - noko dei stakkars elevane mine har fått merke. Det er ingen grenser for kva ein kan karakterisere som "fagleg forsvarleg" - i alle fall ikkje i engelsk. På fredagane plar eg diske opp med eit nytt "funn" frå youtube, og i dag vart det altså Ozzy med "So tired" - ein sukkersøt ballade som ikkje heilt står i stil med imaget hans, og som er lagt inn med ein romantisk video som inneheld ein tjue år yngre Ozzy med blond hockeysveis, ballerinaer m.m. Tittelen på songen refererte til fredagsstemninga generelt, og til rettebunken min spesielt. Ikkje vits i å lure på kva ein skal finne på i helga, nei! Då får ein trøyste seg med at ungane sit på loftet og diggar Ozzy - ikkje akkurat den rollemodellen ein kunne drøyme om, men FOR ei stemme!